Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

3 millionar til internasjonal Ibsen-pris og Ibsen-stipend

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I budsjettet for 2007 blir det gjort framlegg om ei avsetning på 3 millionar kroner til etablering av Den internasjonale Ibsen-prisen og Ibsen-stipend. Prisen skal delast ut årleg for å honorera ein enkeltperson, organisasjon eller institusjon innan kunst og kultur som har gjort ein ekstraordinær innsats i Ibsens ånd. (06.10.06)

Pressemelding

Nr.: 126/06
Dato: 06.10.2006

3 millionar til internasjonal Ibsen-pris og Ibsen-stipend

I budsjettet for 2007 blir det gjort framlegg om ei avsetning på 3 millionar kroner til etablering av Den internasjonale Ibsen-prisen og Ibsen-stipend. Prisen skal delast ut årleg for å honorera ein enkeltperson, organisasjon eller institusjon innan kunst og kultur som har gjort ein ekstraordinær innsats i Ibsens ånd.

– Dette er ei viktig hending. I tillegg til at prisen skal stimulera til kritisk debatt, håpar vi også at han får internasjonal merksemd og prestisje, at den aukar kontakten over landegrensene og at han gjer sitt til at Noreg får eit positivt omdømme, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Til toppen