Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

30,2 millionar meir til scenekunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Tilskota til teater og scenekunst vert auka med 30,2 millionar kroner i forslaget til kulturbudsjett for 2007.

Pressemelding

Nr.: 110/06
Dato: 06.10.2006

30,2 millionar meir til scenekunst

Tilskota til teater og scenekunst vert auka med 30,2 millionar kroner i forslaget til kulturbudsjett for 2007.

Tilskota fordeler seg slik:

17,5 millionar kroner til dei regionale teatra

7,9 millionar kroner til mindre teater og ulike tiltak på scenekunstområdet

4,8 millionar kroner i auke til Riksteatret

17,5 millionar meir til regionale teater

Regjeringa foreslår for 2007 ein samla auke på 17,5 millionar kroner til alle region- og landsdelsinstitusjonane.

  • Hålogaland Teater får 3,1 millionar kroner
  • Trøndelag Teater får 2,3 millionar kroner.
  • Agder Teater får 2 millionar kroner. Av dette skal 1 million gå til drift av utescena i Fjæreheia.
  • Rogaland Teater får 1,8 millionar kroner.
  • Nordland Teater 1,6 millionar kroner.
  • Carte Blanche 1,4 millionar kroner.
  • Teater Ibsen får 1,1 millionar kroner.
  • Teatret Vårt får 1 million kroner.
  • Sogn og Fjordane Teater får 0,9 millionar kroner.
  • Hordaland Teater får 0,8 millionar kroner.
  • Hedmark Teater får 0,8 millionar kroner.
  • Haugesund Teater får 0,7 millionar kroner.


7,9 millionar til mindre teatre og ulike tiltak på scenekunstområdet

Tilskotet til Nord-Trøndelag Teater er auka med 1,1 millionar kroner for å sikra vidare oppbygging mot status som region-/landsdelsinstitusjon. Det er lagt inn 1 million kroner i tilskotet til Norsk Skuespillersenter, som driv kompetanseutvikling og nettverksbygging for skodespelarar utan fast arbeidsgjevar.

Tilskotet til Akershus Teater er auka med 0,3 millionar kroner. BIT Teatergarasjen, Black Box Teater, Teaterhuset Avant Garden, Brageteatret og Norsk Scenekunstbruk er også styrkt i budsjettet. Frå 2007 er det også lagt inn tilskot til teatergruppa Stella Polaris og Den unge scenen.

Tilskotet til Norsk Teaterråd, paraplyorganisasjonen for amatørteater i Noreg, er auka. Vilkåret er at Hålogaland Amatørteaterselskap og Vestlandske Teatersenter får same tilskotet som før.

I tillegg er det sett av 7 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald av teaterbygningane og fornying av teknisk utstyr ved dei nasjonale teatra, jf pressemelding om tilskot til nasjonale kulturbygg.


4,8 millionar meir til Riksteatret

Løyvinga til Riksteatret er foreslått auka med 4,8 millionar kroner. 1,5 millionar kroner skal gå til utvikling av samarbeidet som Riksteatret har med andre teater og frie grupper. Teaterinstitusjonane må leggje til rette for at delar av oppsetningane skal kunna tilpassast eit turnéformat.

Til toppen