Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Budsjettet følgjer opp til Stavanger 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 143/06
Dato: 06.10.2006

Budsjettet følgjer opp til Stavanger 2008

Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Rogaland på 31,6 millionar kroner.

- Regjeringa har i budsjettframlegget lagt inn 40 millionar kroner til Stavanger 2008. Det er ein auke på 20 millionar kroner i høve til 2006. Løyvingane til Stavanger 2008 er i rute, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Etter framlegget vil Stavanger Symfoniorkester få ein auke på 3,46 millionar kroner. Orkesteret har ein avtale med Stavanger 2008 om å etablera kyrkjemusikkensemblet Sounds From The Cathedral.

I tillegg får Rogaland Teater ein auke på 1,8 millionar kroner og Haugesund Teater 0,7 millionar kroner.

Stavanger Museum får ein auke på 1,2 millionar kroner, 0,7 millionar kroner til Jærmuseet og 0,6 millionar kroner til Ryfylkemuseet.

Kapittelfestivalen i Stavanger vil etter budsjettforslaget få 0,5 millionar kroner i fast tilskot over statsbudsjettet.

Media:
I budsjettframlegget er foreslått eit tilskot til Filmfestivalen i Haugesund på totalt 0,5 millionar kroner. Av dette skal 0,1 millionar kroner nyttast til å utvida festivalen med ein marknad for samproduksjonar.

Til toppen