Historisk arkiv

Vektlause planter i rommet styrt frå NTNU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Forskarar ved eit nytt kontrollsenter i Trondheim skal overvåka forsøk med vektlause planter på Den internasjonale romstasjonen. Senteret vart offisielt opna av nærings- og handelsminsteren fredag 31. mars.

Vektlause planter i rommet styrt frå NTNU

Alle planter treng stell for å trivast. Eit drivhus skal snart plasserast på Den internasjonale romstasjonen (ISS), og forskarar ved eit nytt kontrollsenter i Trondheim skal sørgja for at plantene får det dei treng av lys og vatn. Senteret vart offisielt opna av nærings- og handelsminster Odd Eriksen fredag 31. mars.

- Det har vore internasjonal konkurranse om å få plassera eit drivhus på Den internasjonale romstasjonen. Eg har merka meg at konkurrentane kjem frå land som USA, Russland, Japan, Canada og fleire europeiske land. NTNU har på nytt vist seg som internasjonalt konkurransedyktige, sa Eriksen då han opna senteret.

Professor Tor Henning Iversen har saman med medarbeidarane sine konstruert eit heilautomatisk drivhus som skal sendast opp til Den internasjonale romstasjonen. Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA har lagt kontrollsenteret for drivhuset til NTNU i Trondheim. Frå kontrollsenteret skal forskarane observera korleis planter tilpassar seg ekstreme forhold i vektlaus tilstand. Dei vil då få ny kunnskap om dei biologiske prosessane på jorda.

Forsøka med planter i vektlaus tilstand er også eit tidleg steg i førebuingane til langvarige bemanna romferder.

- Kanskje er dette starten på ein ny epoke i romfarten. Det er det grunn til å vera stolt av, sa Eriksen. - Romverksemda representerer på mange måtar det beste me har på områda forsking, teknologi og kompetanse.

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen i samtale med den spanske astronauten Pedro Duque
Nærings- og handelsminister Odd Eriksen i samtale med den spanske astronauten Pedro Duque

Les meir på nettsidene til Norsk Romsenter: http://www.romsenter.no/artikkel.cfm?objekt=0&aid=9&bid=10&oid=630


4. april 2006