Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er 47 år og busett i Lærdal i Sogn og Fjordane. Navarsete er stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane sidan hausten 2005 og har frå 2001 vore nestleiar i Senterpartiet.

Ho er cand. mag. med utdanning blant anna innan økonomi, IKT og administrasjon.

Frå 1998 til 2004 var Liv Signe Navarsete fylkesleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Ho har frå 1995 vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane, der ho sidan 1999 har vore gruppeleiar for Senterpartiet. Frå 1999 til 2000 var ho politisk rådgjevar i Sosial- og helsedepartementet. Ho var første vararepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane på Stortinget i perioden 2001-2005. Navarsete var medlem i den regjeringsoppnemnde Distriktskommisjonen frå 2003 til 2005.

Liv Signe Navarsete har arbeidserfaring frå jordbruk, meierisamvirket og IT-forum i Sogn og Fjordane. Ho har i tillegg styreverv innanfor forsking og næringsliv.