Stoltenberg diskuterte utvikling med Putin
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 21.07.2011
Statsminister Jens Stoltenberg hadde 20. juli ein samtale med Russlands statsminister Vladimir Putin. Statsministrane diskuterte dei store moglegheitene for ytterlegare godt samarbeid og vekst i nordområda.
Statsminister Jens Stoltenberg hadde 20. juli ein samtale med Russlands statsminister Vladimir Putin.
Statsministrane diskuterte dei store moglegheitene for ytterlegare godt samarbeid og vekst på område som energi og næringsliv i nordområda etter at delelinjeavtalen tok til å gjelda. Stoltenberg nytta også høvet til igjen å kondolera det russiske folk etter den tragiske ulykka på elva Volga 10. juni.