§§ 32-8 og 32-9 - Departementet svarer på spørsmål om ansvar etter plan- og bygningsloven § 32-8 og § 32-9

Vi viser til din førespurnad datert 3. april 2019, og til dei førebelse svara våre av 12. april, 28. juni og 18. september 2019. Vi ber om orsak for lang saksbehandlingstid.

I e-posten viser du til eit døme der eit firma som driv masseuttak, og som tek ut meir enn reguleringsplanen tillèt, går konkurs. Du spør om det er heimel i plan- og bygningsloven (pbl.) for å gi grunneigaren eit lovbrotsgebyr etter pbl. § 32-8 i eit slikt tilfelle. Vidare spør du om grunneigaren òg kan straffast etter pbl. § 32-9. Avsluttingsvis spør du om styremedlemer i det konkursramma selskapet kan gis lovbrotsgebyr eller straffast etter dei same heimlane.

Vi gjer merksam på at fråsegna blir gjeve på generelt grunnlag, og at vi med dette ikkje tek standpunkt til løysinga av noko konkret sak. Det er kommunen som har ansvaret for å følgje opp plan- og bygningsloven. Dette omfattar òg oppfølging av eventuelle ulovlege forhold.


Svaret til departementet
 

  1. Kan grunneigar gis lovbrotsgebyr etter pbl. § 32-8?

Etter pbl. § 32-8 fjerde ledd fyrste punktum kan ein gi lovbrotsgebyr til "den ansvarlige".  Ordlyden rettar seg fyrst og fremst mot personar, til dømes eigarar og leigarar, og føretak som kan vere ansvarlege. Eigar vil òg kunne omfatte grunneigar.

Pbl. § 32-8 må sjåast i samanheng med Byggesaksforskriften[1] (SAK10) § 16-1. Lovbrotsgebyr kan ikkje fastsetjast direkte med heimel i lova, men må gjevast med heimel i eitt eller fleire av alternativa i forskrifta.

Grunneigar si åtferd må rammast av handlingsskildringa i det aktuelle alternativet i SAK10 § 16-1, jf. pbl. § 32-8 for at ein skal kunne gi lovbrotsgebyr. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg. Grunneigar må i tillegg ha utvist skuld, det vil seie ha opptredd aktlaust eller forsetteleg. Lovbrotsgebyr er ein forvaltningssanksjon med karakter av straff.[2] Provkravet er derfor strengt.[3]

Avsluttingsvis minner vi om at fastsetjing av lovbrotsgebyr er overlate til kommunane sitt frie skjønn. Det inneber at plan- og bygningsmaktene har eit skjønnsmessig høve til å la vere å reagere med lovbrotsgebyr, sjølv om vilkåra for dette er til stades.[4] Vidare gjer vi merksam på at kommunen si plikt til å forfølgje lovbrot etter pbl. § 32-1 ikkje gjev private rettssubjekt rett til å krevje slik forfølging.[5]

  1. Kan grunneigar straffast etter pbl. § 32-9?

 Det følgjer av pbl. § 32-9 fyrste ledd fyrste punktum at "[d]en som forsettlig eller grovt uaktsomt opptrer som nevnt i § 32-8 første ledd, straffes med bøter eller fengsel inntil 1 år dersom overtredelsen er vesentlig". Handlingsnorma og ansvarssubjekta følgjer av paragrafen om lovbrotsgebyr, som er omtalt ovanfor. Skuldkravet er skjerpt til forsett eller grov aktløyse. Det går vidare fram av pbl. § 32-9 fyrste ledd tredje punktum at den også rammer brot på "bestemmelser gitt i medhold av loven når det i forskrift er fastsatt at overtredelse av den aktuelle bestemmelse er straffbar".

Det er politiet og påtalemakta som avgjer om forholdet skal forfølgjast som straffesak. Plan- og bygningsmaktene si oppgåve er å melde ulovlege forhold der det er grunnlag for det. Òg privatpersonar kan melde eit brot til politiet. Etter politimeldinga er det påtalemakta som avgjer om saka skal takast under strafferettsleg handsaming, og som fastset kva etterforskingssteg som skal takast.[6]

  1. Kan styremedlemer i eit konkursramma selskap gis lovbrotsgebyr etter pbl. § 32-8?

 Styremedlemer i eit konkursramma selskap er ikkje direkte omfatta av ordlyden i pbl. § 32-8. Eit lovbrotsgebyr til desse personane må bygningsmaktene, etter ordlyden, eventuelt heimle i pbl. § 32-8 fyrste ledd bokstav a, jf. SAK10 § 16-1 fyrste ledd bokstav c om "(…) den som forsettlig eller uaktsomt (…) lar (…) utføre et tiltak i strid med bestemmelser gitt i eller i medhold av (…)" plan- og bygningsloven.

Som nemnt tidlegare kan ein gi lovbrotsgebyr til "den ansvarlige", som kan omfatte både personar og føretak. I forarbeida er det uttalt at at "Ved fastleggelsen av hvem som kan være ansvarssubjekt, vil bakgrunnsretten være relevant, for eksempel aksjeselskapsretten".[7] Om styremedlemer vil kunne omfattast, vil altså avhenge av ei vurdering av aksjeselskapsretten.

  1. Kan styremedlemer i eit konkursramma selskap straffast etter pbl. § 32-9?

 Departementet kjenner ikkje til rettspraksis om styremedlemer sitt straffansvar etter pbl. § 32-9. Vi har kjennskap til to lagmannsrettsavgjerder[8] der ein styreleiar fekk bøter etter tidlegare plan- og bygningslov 1985 § 110 fyrste ledd nr. 2.[9] I dei aktuelle sakene var styreleiar likevel òg tiltakshavar, og ein kan difor ikkje overføre resultata direkte til spørsmålet i denne saka.

Om det kan vere aktuelt med straffansvar etter pbl. § 32-9 for styremedlemer i eit konkursramma selskap, vil avhenge av ein konkret vurdering. Provkravet vil uansett vere svært strengt. På generelt grunnlag gjer vi merksam på at det på strafferetten sitt område er strenge krav til klar lovheimel.[10] Ei eventuell avklaring av spørsmålet vil måtte skje i domstolane, om påtalemakta vel å forfølgje eit meldt forhold.

 

 

 

[1] Sjå Byggesaksforskriften (SAK10) med rettleiing på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider: https://dibk.no/byggeregler/sak/1/1/innledning/

[2] Det går fram av Ot.prp.nr. 45 (2007-2008) s. 355 at "Med «overtredelsesgebyr» menes et pønalt motivert gebyr", men "Overtredelsesgebyr anses ikke som straff i Grunnlovens forstand". Lovbrotsgebyr er likevel å sjå på som straff etter Den europeiske menneskerettskonvensjon.

[3] Sjå til illustrasjon Borgarting lagmannsrett si avgjerd LB-2016-76112 kor lovbrotsgebyr som blei gjeve til mellom anna grunneigar blei opphevd fordi kravet til aktløyse ikkje var oppfylt.

[4] Jf. Ot.prp.nr.45 (2007-2008) s. 356

[5] Jf. Ot.prp.nr.45 (2007-2008) s. 352

[6] Sjå Rundskriv H-03/01 Reaksjoner mot ulovligheter etter plan- og bygningsloven med kommentarar om straffansvar etter tidlegare plan- og bygningsloven 1985. Rundskrivet er relevant òg etter gjeldande lov.

[7] Sjå Ot.prp.nr.45 (2007-2008) s. 355

[8] Referanse LG-2009-113849 og LF-2012-027032

[9] Svarar til gjeldande pbl. § 32-9 første ledd

[10] Sjå Grunnloven § 96 og Den europeiske menneskerettskonvensjon art. 7, og Rt. 2014 s. 238 (Hønsehauk) avsnitt 18 kor det mellom anna blir uttalt at det ikkje er avgjerande kva lovgivar måtte ha meint, når ein eventuell lovgivarintensjon ikkje har kome tydeleg til uttrykk i lova