Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

10 Militær omforming

Arbeidet med å omforme dei militære strukturane og kapasitetane til alliansen og dei allierte er ein kontinuerleg prosess som skal setje NATO best mogeleg i stand til å løyse oppgåvene sine på ein effektiv måte. Arbeidet vert utført på brei front og har i 2009 vore retta inn både mot investeringar i og utvikling av nødvendige militære kapasitetar. Også kompetansebygging, trening, øving og reform av organisasjonen og arbeidsprosessane i NATO står sentralt. Frå norsk side har vi støtta aktivt opp om dette arbeidet, som òg må sjåast i nær samanheng med dei hovudprioriteringane i langtidsplanen for utviklinga av det norske forsvaret som Stortinget har slutta seg til.

Arbeidet med militær omforming i NATO har i dei seinare år gått føre seg samtidig som dei allierte er tungt engasjerte i pågåande operasjonar med eit stort tal personell. Operasjonane gjev ny erfaring som er direkte nyttig for transformasjonsarbeidet i alliansen. Betre samarbeid på område som helikopterkapasitet, medisinsk støtte og tiltak mot improviserte sprenglekamar er noko av det som har vore prioritert i 2009.

Samtidig er det vorte tydelegare for alliansen at det trengst ei strengare prioritering av tilgjengelege ressursar. Frå norsk side har vi lagt vekt på å arbeide for ei balansert tilnærming der både operasjonane, men òg den meir langsiktige satsinga på NATOs strategiske evne til å løyse dei kollektive kjerneoppgåvene, får nødvendig merksemd og ressursar.

Ei slik balansert tilnærming er i samsvar med prioriteringane innanfor det norske nærområdeinitiativet som vart lansert i 2008. Initiativet set søkjelyset på evna NATO har til å handtere tryggingsutfordringar i nærområda til medlemslanda og dermed sikre tillit og støtte i befolkninga. Alliansen har i 2009 arbeidd vidare med tiltak som kan bidra til å auke innsikta i regionale forhold, styrkje banda mellom nasjonale hovudkvarter og kommandostrukturen i NATO, gjere NATO meir involvert i opplærings- og øvingsverksemd og styrkje omdømmet til NATO i medlemslanda. Ein samla rapport vil bli lagd fram for forsvarsministrane i NATO i juni 2010. Desse problemstillingane vil òg stå sentralt i det vidare arbeidet med det nye strategiske konseptet til alliansen.

I 2009 har det òg vorte lagt ned eit omfattande arbeid for å følgje opp dei endringane som er vedtekne i forsvarsplanleggingsprosessen til NATO. Hovudmålsetjinga er å skape ein meir heilskapleg og integrert planprosess som involverer både dei ulike planmiljøa i alliansen og dei nasjonale miljøa, for å oppnå eit tettare samarbeid. Dette er eit langsiktig arbeid som det vil ta fleire år å fullføre. Norske erfaringar og synspunkt har heile tida vorte spelte inn i denne prosessen.

Arbeidet med eit endra konsept for den hurtige reaksjonsstyrken NRF er blitt vidareført i 2009. Omfanget og innrettinga til styrken er endra for å skape eit betre samsvar mellom ambisjonar og ressursar. Det er sett i verk tiltak som skal bidra til å sikre nødvendige styrkebidrag frå allierte og underbyggje rolla til NRF i tilknyting til dei kollektive forsvarsoppgåvene. Dette arbeidet er framleis i gang og vert støtta aktivt frå norsk side. NRF skal vere ein fleksibel og tilgjengeleg kapasitet for alliansen.

Det er gjort viktige framsteg i arbeidet med å styrkje NATOs strategiske transportflykapasitet. Ti allierte og to partnarnasjonar har kjøpt inn tre C-17 transportfly som vert drivne ut frå ein base i Ungarn. Flya har allereie hatt støttefunksjonar under operasjonar, og denne kapasiteten vil venteleg vere fullt operativ ved utgangen av 2010.

Til forsida