Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

7 Forholdet til statane på Balkan, Ukraina og Georgia

7.1 Balkan

Kandidatlanda Albania og Kroatia vart tekne opp som medlemer av alliansen på toppmøtet i Stras­bourg/Kehl i april 2009. Dette var den tredje utvidingsrunda sidan Berlinmuren fall, og talet på medlemsland kom dermed opp i 28. Regjeringa meiner NATO-medlemskap for Albania og Kroatia er eit viktig bidrag til europeisk og regional stabilitet og ei naturleg følgje av den langvarige reformprosessen desse landa har gått gjennom. Dei har òg vist vilje og evne til å ta på seg dei forpliktingane ein NATO-medlemskap inneber, gjennom deltaking i operasjonane til alliansen og annan innsats.

7.1.1 Makedonia og Montenegro

Makedonia vart kandidatland i 1999 og har gjort ein omfattande innsats for å gjennomføre reformer som i sum har kvalifisert landet for NATO-medlemskap. Også i 2009 bidrog landet med verdifull støtte til NATO-operasjonane i Kosovo (KFOR) og Afghanistan (ISAF), mellom anna samdeployering med norske ISAF-styrkar på sanitetssida. Noreg har vedteke å donere eit feltsjukehus til Makedonia. Samarbeidet på sanitetssida har styrkt det bilaterale forholdet mellom Noreg og Makedonia og har gjeve Makedonia høve til å yte teljande bidrag til internasjonale NATO-operasjonar. Makedonia legg stor vekt på samvirke med NATO-styrkar og deltaking i øvingar. Landet har dei seinare åra auka talet på styrkar i beredskap for PfP-operasjonar kraftig. På grunn av den bilaterale konflikten med Hellas om namnespørsmålet lukkast det heller ikkje i 2009 alliansen å invitere Makedonia som medlem. Hellas aksepterer ikkje det konstitusjonelle namnet på landet, Republikken Makedonia. Noreg og andre allierte har oppfordra til arbeid for ei snarleg løysing på namnestriden gjennom forhandlingane som no finn stad i FN-regi. Det er i realiteten berre dette eine spørsmålet som står i vegen for medlemskap for Makedonia. Noreg ønskjer Makedonia velkomen som medlem av alliansen, og gjennom bistandsmidlar har Noreg støtta opp under reformarbeidet for NATO-tilpassing.

På det formelle utanriksministermøtet i Brussel i desember 2009 fekk Montenegro kandidatlandstatus (MAP). Landet vil venteleg kome i gang med det første årlege nasjonale programmet (ANP) medio 2010. Noreg støtta òg i 2009 aktivt opp om forsvarsreforma i Montenegro, mellom anna gjennom ein utsend ekspert frå Forsvarsdepartementet til det montenegrinske forsvarsdepartementet. Denne bistanden held fram i 2010 og 2011. Dette kjem i tillegg til konkret bistand på ei rekkje prosjekt knytte til forsvarsplanlegging og forvaltningsrutinar.

7.1.2 Partnarskapslanda på Vest-Balkan (Serbia og Bosnia-Hercegovina)

Bosnia-Hercegovina fekk i 2008 den første individuelle handlingsplanen (IPAP) for samarbeidet med NATO og søkte 2. oktober 2009 om kandidatlandstatus (MAP). Det lukkast ikkje alliansen å verte einig om å tildele Bosnia-Hercegovina MAP under det formelle utanriksministermøtet i Brussel i desember 2009. Alliansen var samla i synet på at det sto att viktige reformer før NATO-medlemskap kunne verte aktuelt, men delt i spørsmålet om insentivet til slike reformer ville vere størst med eller utan MAP. På det uformelle utanriksministermøtet i Tallinn i april 2010 vart det semje om å invitere Bosnia-Hercegovina til å slutte seg til MAP, men på det vilkåret at iverksetjinga vert utsett inntil forsvarseigedommane i landet vert registrerte som statseigedom.

Noreg støtta MAP-søknaden frå Bosnia-Hercegovina på begge møta og la særleg vekt på den breie oppslutninga ønsket om MAP-status har i dei ulike folkegruppene i landet. Eit positivt utfall vil ikkje berre vere ein styrke for det nasjonale samhaldet, men vil òg støtte opp om ansvarlege og reformorienterte krefter i Bosnia-Hercegovina.

Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina var likevel prega av stagnasjon, og det var i 2009 ikkje særlege framsteg med tanke på dei vanskelege spørsmåla som mellom anna knyter seg til maktfordelinga mellom entitetane og staten. USA og EU (representert ved den svenske EU-formannskapen) forsøkte hausten 2009 å bringe situasjonen ut av dødvatnet gjennom ein serie politiske samtalar i Butmir utanfor Sarajevo. Samtalane la opp til ei pakkeløysing der oppfylling av dei såkalla 5+2-krava 1 og gjennomføring av grunnlovsreform skulle bane vegen for å avvikle høgrepresentantens kontor (OHR) og gjere Bosnia-Hercegovina styringsdyktig. Auka tempo i NATO- og EU-integrasjonen vart presentert av EU og USA som viktige insentiv for å skape nødvendig reformvilje hos bosniske styresmakter. Dei manglande resultata av Butmir-prosessen medverka difor til at det ikkje var mogeleg å skape konsensus om å tildele MAP for Bosnia-Hercegovina under det uformelle utanriksministermøtet i Brussel i desember 2009.

Bosnia-Hercegovina held fram med innsatsen for forsvarsreform med Noreg som ein viktig støttespelar. Noreg har et omfattande bilateralt samarbeid med Bosnia-Hercegovina og yter mellom anna praktisk bistand til partnarskapsprogrammet med NATO. Regjeringa ser dette som viktig for å kunne medverke til at landet vert best mogeleg integrert i partnarskapsmekanismane, slik at det vert sett i stand til å utnytte den hjelpa NATO tilbyr. Noreg har i 2009 fungert som kontaktpunktambassade for NATO i Bosnia-Hercegovina og har såleis spelt ei viktig rolle som bindeledd mellom bosniske styresmakter og NATO. I tillegg gjorde norsk personell teneste ved NATO-hovudkvarteret i Sarajevo.

EU vidareførte i 2009 det militære engasjementet i Bosnia-Hercegovina (EUFOR Althea) på eit redusert nivå.

Samarbeidet med Serbia har tradisjonelt vore avgrensa til enkelte PfP-aktivitetar, bistand til tryggingssektorreform og eit visst militærteknisk samarbeid knytt til NATOs fredsbevarande oppdrag i Kosovo (KFOR). I Serbia er NATO framleis dårleg likt som følgje av bombinga i 1999 og oppbygginga av ein ny tryggingsstruktur i Kosovo (KSF). Regjeringa ser på eit stabilt Serbia med sterkast mogeleg tilknyting til euroatlantiske og regionale strukturar som ein føresetnad for varig stabilitet på Balkan. For å støtte opp om forsvarsreformene i Serbia har Noreg sidan 2006 vore leiar for eit frivillig støttefond i PfP-regi som finansierer demobilisering og overgang til sivile yrke for serbisk forsvarspersonell. Dette initiativet er viktig for å kunne gjennomføre forsvarsreformer i Serbia utan samtidig å skape sosiale problem.

2009 vart eit viktig år for samarbeidet mellom Serbia og NATO. Landet fekk mellom anna på plass det første individuelle partnarskapsprogrammet (IPP), og ein eigen sendemann vart akkreditert til NATO. Samtidig varsla serbiske styresmakter at dei ønskjer å byggje opp ein fullverdig diplomatisk representasjon til NATO og på sikt også få i stand ein individuell handlingsplan (IPAP) for partnarskapen. Innanfor forsvaret fortsette reformarbeidet med vekt på modernisering og profesjonalisering. Ein ny nasjonal tryggingsstrategi og ein ny forsvarsstrategi vart vedtekne, og det vart gjennomført ein strategisk gjennomgang av strukturen i forsvaret (Strategic Defence review) med forslag til vidare reformer fram mot 2015. Serbia deltok elles aktivt i EAPC og uttrykte òg interesse for å betre evna deira eigne styrkar har til å samarbeide med NATO-styrkar.

7.2 Samarbeidet med Ukraina

Samarbeidet mellom NATO og Ukraina er formalisert gjennom NATO-Ukraina-kommisjonen (NUC). Intensivert dialog og praktisk samarbeid vart vidareført i 2009, både på politisk nivå og i ekspertgrupper. Ukraina deltek – som einaste partnarland – i alle internasjonale NATO-operasjonar og har òg sagt seg villig til å stille personell til disposisjon for NATOs utrykkingsstyrke (NRF).

Valet i Ukraina i januar 2010 skapte ein ny situasjon. Den nye regjeringa gjorde det klart at Ukraina ikkje har medlemskap i NATO på den politiske dagsordenen, men at samarbeidet med alliansen skal fortsetje som før og etter dei retningslinjene som ligg føre gjennom NUC.

Spørsmålet om å gje Ukraina status som kandidatland for medlemskap i NATO gjennom handlingsplanen for medlemskap (MAP) har dominert diskusjonane om forholdet mellom NATO og Ukraina dei siste åra. Dette var òg ei av dei sakene det sto størst strid om under NATO-toppmøtet i Bucuresti i 2008. Blant dei allierte er det framleis ulike syn på i kva grad Ukraina oppfyller krava for å oppnå MAP-status.

2009 blei eit rolegare år enn det føregåande for forholdet mellom NATO og Ukraina. Årsaka til dette var at stats- og regjeringssjefane under toppmøtet i Bucuresti utarbeidde eit kompromiss som vart ståande gjennom heile 2009. Ukraina og Georgia fekk løfte om at dei ein gong i framtida vil bli NATO-medlemer dersom dei ønskjer det. Likevel vart dei ikkje tildelte MAP-status. I staden vedtok NATO å bidra med meir rådgjeving, auka hjelp og støtte til dei pågåande reformprosessane og ei styrking av NATOs informasjons- og liaisonkontor i Kiev. Ei ny ordning med årlege nasjonale program for reformarbeidet og samarbeidet mellom NATO og Ukraina (ANP)kom i tillegg. Dette er bakgrunnen for at toppmøtet i Strasbourg/Kehl i april 2009 unngjekk nye hissige debattar om dette spørs­målet.

Det nye samarbeidsinstrumentet, ANP, som vart teke i bruk for første gong i 2009, har vist seg nyttig ikkje minst for å strukturere reformarbeidet på ukrainsk side. I større grad enn tidlegare gjev det òg NATO eit verktøy for å måle framgang i reformprosessen i Ukraina. Sjølv om reformarbeidet gjekk framover i 2009, er det klart at ein uoversiktleg politisk situasjon og den økonomiske krisa som ramma Ukraina hardt, førte til mindre framgang enn ein kunne håpa på. For prosessen vidare vert det avgjerande i kva grad den nye presidenten i Ukraina vil følgje opp dei reformmåla som den førre administrasjonen har fastlagt.

Frå norsk side har vi lagt vekt på å vidareføre støtta til reformarbeidet i Ukraina, både bilateralt og gjennom NATO. Noreg støttar mellom anna oppbygginga av demokratiske leiingsstrukturar i forsvarssektoren. Regjeringa har dessutan vore oppteken av å bidra til konsensusavgjerder i NATO om den vidare utviklinga av NATO-Ukraina-forholdet. Noreg støtta såleis kompromissvedtaka frå 2008 og ser det som både nyttig og naturleg at NATO tek seg tid til å vurdere alle sider ved forholdet til Ukraina før det eventuelt vert gjort nye vedtak.

7.3 Samarbeidet med Georgia

Krigen mellom Georgia og Russland i august 2008 bidrog sterkt til å intensivere diskusjonane i NATO om det framtidige forholdet mellom Georgia og alliansen. Den vidare tilnærminga NATO skal ha til Georgia, vart i stor grad fastlagd gjennom siste del av 2008, og spørsmålet var difor inga hovudsak for alliansen i 2009.

Georgia fekk ikkje tildelt MAP-status i 2008, men fekk på same måte som Ukraina ein lovnad om at landet vil kunne bli medlem av NATO i framtida. Med utgangspunkt i vedtaket frå det ekstraordinære utanriksministermøtet i alliansen i august 2008 vart det oppretta ein NATO-Georgia-kommisjon (NGC) etter mønster frå samarbeidet med Ukraina. Også for Georgia vart det innført eit rullerande årleg nasjonalt program (ANP) for reformprosessen og samarbeidet med NATO. Den første ANP-syklusen vart gjennomført i 2009, og både Georgia og NATO vurderer dette som eit konkret uttrykk for intensivert samarbeid og som eit nyttig instrument i den vidare reformprosessen.

NATO vil halde fram med den praktiske assistansen til Georgia og samtidig oppfordre til vidare grunnleggjande reformer. NATO støttar òg opp om det arbeidet andre internasjonale organisasjonar, særleg OSSE, FN og EU, gjer innanfor konflikthandtering i Sør-Ossetia og Abkhasia. Alle NATO-landa har òg gjeve klar støtte til Georgias suverenitet og territoriale integritet, og dei har på det sterkaste fordømt den russiske godkjenninga av dei to georgiske regionane som uavhengige statar. Dermed er debatten frå tida rett etter krigen lagt på is, om ikkje tilbakelagt. Medlemslanda delte seg den gongen i to hovudgrupper: Nokre meinte at den russiske invasjonen hadde aktualisert det georgiske ønsket om og behovet for MAP, og at NATO måtte gjere meir for å støtte Georgia politisk. Andre meinte at Georgia hadde behov for omfattande politiske, demokratiske og militære reformer før MAP-status kunne bli aktuelt.

Frå norsk side har vi fortsett med å understreke at det trengst ytterlegare reformer i Georgia, ikkje minst når det gjeld utviklinga av demokratiske institusjonar og rettsstatsprinsipp. Gjennom NATO har Noreg òg ytt omfattande støtte til eit profesjonelt utviklingsprogram for sivilt tilsette i forsvarssektoren. I den overordna politiske diskusjonen om Georgia i NATO har Noreg vore aktiv i å utforme kompromiss mellom allierte, for å unngå at Georgia-krigen og dei påfølgjande diskusjonane om forholdet til Georgia og Russland skulle føre til nokon form for splitting i NATO. Noreg var mellom anna ein viktig premissleverandør for utforminga og konkretiseringa av samarbeidet i NGC.

Georgia varsla i 2009 store nye bidrag til den NATO-leidde ISAF-styrken i Afghanistan.

Fotnotar

1.

Fem målsetjingar: fordeling av statseigedom, fordeling av forsvarseigedommar, fiskal berekraft, endeleg status for Brcko-distriktet og etableringa av ein rettsstat med fokus på vedtak av justissektorreform og krigsforbrytarstrategiar. To krav: underteikning av SAA (gjennomførd i 2008) og «positiv vurdering av situasjonen i BiH».

Til forsida av dokumentet