Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

9 Samarbeidet med andre organisasjonar

9.1 Samarbeidet med EU

Samarbeidet mellom NATO og EU fikk fornya merksemd i alliansen i 2009. Generalsekretæren i NATO peikte ved tiltredinga på dette som eit høgt prioritert område, og fleire allierte la fram forslag til måtar å utvikle samarbeidet på trass i at dei tradisjonelle hindringane for framskritt er dei same som før. Ønsket om å lette tredjelandsdeltaking i operasjonar og behovet for å samordne forsvarsplan- og kapasitetsutvikling låg bak fleire initiativ. Styrkt sivil-militært samarbeid innanfor krisehandtering var òg eit gjennomgangstema i denne samanhengen. Frå norsk side følgde vi opp det nordiske initiativet frå 2008 – i tett kontakt med den svenske EU-formannskapen og sentrale NATO-allierte utanfor EU.

Likevel lukkast det heller ikkje i 2009 å bringe samarbeidet mellom NATO og EU ut av dødvatnet. Ulike haldningar til Kypros-konflikten på tyrkisk, gresk og kypriotisk side var framleis ei vesentleg hindring. Forholdet mellom Tyrkia og EU endra seg ikkje på nokon avgjerande måte og skapte heller ikkje rørsle i situasjonen.

Institusjonelt fortsette samarbeidet difor å vere avgrensa til EUs stabiliseringsoperasjon i Bosnia-Hercegovina (EUFOR Althea) og til konsultasjonar om utvikling av militære kapasitetar. Althea er den einaste operasjonen under den såkalla Berlin Pluss-ordninga som opnar for støtte frå NATO til militære operasjonar som er leidde og planlagde av EU. Det finst ikkje noko tilsvarande rammeverk for samarbeidet mellom KFOR og EULEX i Kosovo eller ISAF og EUPOL i Afghanistan. Dette gjer det vanskeleg å få til eit godt strategisk samarbeid når det gjeld planlegging og gjennomføring av operasjonar. Til gjengjeld finst det mange eksempel på godt praktisk og uformelt samarbeid på operasjonsnivå. Særleg tydeleg er dette i Aden-bukta der enkle pragmatiske ordningar for samarbeid og koordinering mellom NATOs Operation Ocean Shield og EU-operasjonen Atalanta er til gjensidig og allmenn fordel.

Arbeidet for å få til betre samarbeidsordningar med EU vert framleis prioritert på norsk side.

9.2 Samarbeidet med FN

Etter underteikninga av felleserklæringa frå generalsekretærane i FN og NATO under FNs generalforsamling 23. september 2008 vart kontakten mellom NATO og FN styrkt gjennom 2009. Eit synleg teikn på dette var fleire høgnivåbesøk til NATO-hovudkvarteret frå representantar for særorganisasjonane i FN. Kontakten vart òg styrkt på andre måtar: Representantar for FN vart til dømes inviterte til planlegginga av NATOs sivil-militære øving. Utvald FN-personell fekk tilbod om enkelte NATO-kurs, og det vart halde diskusjonsmøte om tilnærminga til operasjonar i land som Afghanistan og Kosovo. Derimot var det liten framgang i det strukturerte samarbeidet mellom organisasjonane. Det lèt seg ikkje gjere å få på plass det planlagde sivile liaisonelementet frå NATO ved FN-hovudkvarteret, tilsynelatande av reint praktiske årsaker. Manglande kjennskap til verksemda til den andre parten er framleis ei utfordring på begge sider, og det har frå fleire hald vore uttrykt ønske om å styrkje koordineringa blant NATO-allierte i New York. Noreg la òg i 2009 stor vekt på at FN måtte styrkje nærværet og den koordinerande rolla i Afghanistan. I den samanhengen vart det peikt på at alle aktørar, mellom dei NATO og dei enkelte allierte, måtte vise vilje til å la seg samordne i praksis.

9.3 Samarbeidet med AU

Slutterklæringa frå NATO-toppmøtet i Strasbourg/Kehl i april 2009 tok til orde for ei vidareutvikling av samarbeidet med Den afrikanske unionen (AU). I 2008 vart det sett fram liknande ønske av den då nyvalde presidenten for AU-kommisjonen, Jean Ping.

Samarbeidet har dei seinare åra i stor grad dreidd seg om praktisk støtte knytt til AU-oppdraget i Somalia (AMISOM). I 2009 bidrog NATO mellom anna med lufttransport av fredsbevarande styrkar, eskorte av skip og noko ekspertbistand til forvaltning og strategisk planlegging. Dette skjedde i kvart tilfelle på førespurnad frå AU. Alliansen har tidlegare òg bidrege med rådgjeving i samband med oppbygginga av dei afrikanske beredskapsstyrkane (ASF).

Ingen nye samarbeidsområde kom til i 2009, men dialogen om utviklinga i samarbeidet fann stad utan avbrot. AU har ytra ønske om auka bistand til kapasitetsbygging, mellom anna for ASF. For NATO er det viktig at samarbeidet må vere forankra i ønska frå AU og godt koordinert med FN og andre aktørar. Budsjettomsyn var òg i 2009 ei utfordring for samarbeidet.

Den norske ambassaden i Addis Abeba fortsette i 2009 som NATO-liaisonambassade for AU og var med og la til rette for den regelmessige kontakten mellom NATO og AU. NATO var svært nøgd med støtterolla til ambassaden.

9.4 Samarbeidet med OSSE

Samarbeidet mellom NATO og OSSE dreier seg i første rekkje om det som skjer i tilknyting til NATO-operasjonar og nærvær i felten. Spesielt på Vest-Balkan, og særleg i Kosovo og Bosnia-Hercegovina, er det tett kontakt mellom NATO-hovudkvarteret i desse landa og det lokale OSSE-sendelaget. Det er i tillegg god kontakt med OSSE-sendelaga i Sentral-Asia, Sør-Kaukasus og Moldova, der begge organisasjonane har konkrete og ofte liknande prosjekt på område som reform av tryggingssektoren og bistand til destruksjon av overflødige våpen og ammunisjon. OSSE og NATO samarbeider òg om tryggingsdimensjonen ved ein del miljøpolitiske spørsmål gjennom miljø- og tryggingsinitiativet ENVSEC. I tråd med etablert praksis heldt den greske OSSE-formannskapen i 2009 ei orientering for det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) om viktige saker og prioriteringar i formannskapsperioden til Hellas. Det vert òg utveksla informasjon regelmessig i tilknyting til OSSE-sendelaga i felt, gjennom arbeidsgruppene og komiteane i NATO, først og fremst den politiske komiteen.

Til forsida