Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

4 Sivilt-militært samarbeid – ei heilskapleg tilnærming

Utviklinga i Afghanistan og Kosovo viser tydeleg kvifor NATO må ha eit nært samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, frivillige organisasjonar og nasjonale og lokale aktørar i krisehandteringsoperasjonane. Det er brei semje i NATO om at ei samla og heilskapleg tilnærming til denne typen krevjande operasjonar er nødvendig. Militær innsats åleine er ikkje tilstrekkeleg. Denne innsatsen må sjåast i samanheng med sivil innsats både under planlegginga, gjennomføringa og oppfølginga av ein operasjon.

Dette prinsippet er solid forankra i norsk tenkemåte og er ein grunnleggjande føresetnad for den innsatsen Noreg no yter i Afghanistan. Sivil-militært samarbeid ser ut til å verte eit sentralt tema under arbeidet med det nye strategiske konseptet i NATO, slik erklæringa om tryggleiken i alliansen frå toppmøtet i Strasbourg/Kehl legg opp til.

Ei heilskapleg tilnærming inneber at alle organisasjonar arbeider i samsvar med sine eigne mandat, men samtidig samordnar innsatsen i alle fasar av prosessen. I Afghanistan inneber FN-mandatet at organisasjonen tek eit overordna ansvar for å samordne den internasjonale sivile innsatsen, frå politireform og betre styresett til sosial og økonomisk utvikling.

Taktskiftet for ISAF-operasjonen i 2009 gjer slik samordning enda meir nødvendig. For Noreg er det viktig å verne det humanitære rommet. Det tyder at humanitære oppgåver i minst mogeleg grad vert blanda inn i politiske og militære strategiar. Rollene til dei sivile og militære aktørane skal gjerast tydelege på kvar sine premiss, men innsatsen må koordinerast betre. Regjeringa vil halde fram med å arbeide for at den sivile og den militære innsatsen skal vere gjensidig forsterkande.

Arbeidet i NATO med å setje i verk strategien for ei heilskapleg tilnærming vart ført vidare i 2009. Det vert gjort framgang både på politisk og strategisk nivå og på det praktiske planet i felt. Frå norsk side har vi lagt vekt på at NATO i utviklinga av den heilskaplege strategiske politiske og militære planen for Afghanistan skal gje klare føringar for samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar, særleg FN og EU. Samarbeidet med begge desse organisasjonane har utvikla seg i riktig retning i 2009, både i Kosovo og Afghanistan.

I Kosovo er samarbeidet med den sivilrettslege EU-operasjonen EULEX ein viktig føresetnad for at dei lokale tryggingsstyrkane vert styrkte, og at NATO gradvis kan redusere nærværet sitt. På same måten søkjer NATO og EU i tråd med politiske føringar frå UNAMA å koordinere opplæring av afghanske tryggingsstyrkar på både praktisk og institusjonelt nivå. Som oppfølging av felleserklæringa av 2008 har NATO og FN vedteke å etablere ein sivil NATO-representasjon ved FN-hovudkvarteret som vil forsterke den militære representasjonen og liaisonen NATO allereie har på plass i New York.

På grunnlag av eit vedtak på toppmøtet i Bucuresti i april 2008 held NATO fram å følgje opp ein omfattande praktisk innretta handlingsplan for NATO-bidraget til ei heilskapleg tilnærming til stabilisering og gjenreising i operasjonar. Denne planen set opp eit vegkart for korleis NATO skal styrkje politiske og praktiske konsultasjonar med andre internasjonale organisasjonar i planlegging og gjennomføring av operasjonar. I den samanhengen vert det òg lagt vekt på å gjennomføre dei årlege krisehandteringsøvingane i NATO med deltaking av ulike delar av FN og Internasjonale Røde Kors.

Til forsida av dokumentet