Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

2 Eit nytt strategisk konsept

Toppmøtet i Strasbourg/Kehl markerte i april 2009 60-årsjubileet til alliansen. Stats- og regjeringssjefane vedtok ei erklæring om tryggleiken i alliansen som grunnlag for arbeidet med NATOs nye strategiske konsept. Dokumentet skal etter planen underteiknast på toppmøtet i Lisboa i november 2010 og vil erstatte dagens strategiske konsept frå 1999.

Det nye strategiske konseptet skal peike framover og gje retninga for arbeidet i NATO. Parallelt går NATO gjennom ein reformprosess med sikte på å effektivisere både ressursbruken og arbeidsprosessane ved hovudkvarteret.

Erklæringa om tryggleiken i alliansen frå Strasbourg/Kehl slår fast kva som er kjerneverdiane, måla og pliktene til alliansen. Det kollektive forsvaret og den udelelege tryggleiken ligg fast, slik Atlanterhavspakta og FN-charteret etablerte desse prinsippa i 1949. NATO er det viktigaste transatlantiske forumet for tryggingspolitiske konsultasjonar.

Nye globale tryggingsutfordringar krev nye svar. Terrorangrepa mot USA, engasjementet i Afghanistan og auken i talet på medlemsland i alliansen frå 16 til 28 viser korleis NATO har endra seg dei siste ti åra.

Erklæringa om tryggleiken i alliansen peiker på at NATO må styrkje samarbeidet med andre internasjonale aktørar, særleg FN, EU, OSSE og AU. Forholdet til partnarlanda bør vidareutviklast med utgangspunkt i at dei færraste av dei noverande partnarlanda tek sikte på å søkje medlemskap i NATO.

Den nye generalsekretæren i NATO, Anders Fogh Rasmussen, tiltredde stillinga i august og hadde då allereie sett i gang arbeidet med å utvikle eit nytt strategisk konsept slik generalsekretæren fekk i oppdrag av toppmøtet i Strasbourg/Kehl. I løpet av sommaren oppnemnde generalsekretæren ei ekspertgruppe under leiing av den tidlegare utanriksministeren i USA, Madeleine Albright. Rapporten frå gruppa vil danne noko av grunnlagsmaterialet når medlemslanda utover hausten 2010 skal kome fram til ein tekst dei kan samlast om.

Det har difor vore viktig for Noreg at NATO-rådet skal konsulterast og haldast involvert gjennom heile prosessen. Det er vesentleg at heile alliansen står bak det nye strategiske konseptet. Det har vorte lagt vekt på ein open og transparent prosess.

Arbeidet er delt inn i tre fasar. Den første, refleksjonsfasen, omfatta ein serie seminar om tema som vert sentrale i det nye strategiske konseptet. Fase to var ein konsultasjonsfase der hovudstadene i NATO-landa fekk høve til å fremje nasjonale synspunkt overfor ekspertgruppa. I den tredje fasen, forhandlingsfasen, skal dei allierte forhandle seg fram til semje om teksten, med sikte på underteikning under toppmøtet i Lisboa. Det er eit mål at det nye strategiske konseptet skal vere kortfatta og lett forståeleg.

Noreg var vertskap for eitt av fire seminar i den første fasen. 14. januar 2010 møttest ekspertgruppa, høgtståande representantar frå alle NATO-land og partnarland i Oslo. Forskingsmiljø, tankesmier, frivillige organisasjonar og mediefolk deltok òg. Frå norsk side var både utanriksministeren og forsvarsministeren med. Diskusjonane omfatta framtidig NATO-utviding, dei ulike NATO-partnarskapa og forholdet til Russland.

Til forsida