Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

11 NATO-reform

Eit viktig resultat av toppmøtet i Strasbourg/Kehl var semja om at det er viktig å reformere NATO og NATO-hovudkvarteret for å sikre ein moderne og framtidsretta organisasjon og skape ein meir kostnadseffektiv struktur. Sommaren 2009 vart det vedteke ei reformpakke med vekt på vedtaksprosedyrar, budsjettfullmakt for generalsekretæren, fordeling av stillingar i det internasjonale NATO-sekretariatet og betra samarbeid mellom politisk og militær side. Den nye generalsekretæren har arbeidd vidare på basis av dette initiativet.

Utfordringa med å balansere dei fellesfinansierte ressursane i NATO med ambisjonane og behova til alliansen har vore eit viktig spørsmål det siste året. Mot slutten av 2009 vart det klart at NATO og nasjonane sto overfor eit akutt ressursproblem som følgje av eit sterkt aukande behov for fellesfinansierte aktivitetar i Afghanistan og samtidig store tilbakebetalingar av utgifter til infrastrukturprosjekt som medlemar hadde forskotert. Dette gjorde det klart at det var nødvendig med ei reform av ressursprosessane, og for å få fart på dette arbeidet etablerte generalsekretæren ei arbeidsgruppe på høgt nivå med deltakarar frå allierte forsvarsdepartement. Frå norsk side har vi i denne prosessen understreka verdien av at allierte finansierer det ambisjonsnivået vi i fellesskap har vedteke for NATO, samtidig som vi sørgjer for at dei akutte finansproblema vert dekte inn.

Generalsekretæren har òg sett i gang eit arbeid med å gjere det internasjonale NATO-sekretariatet meir fleksibelt, m.a. med sikte på å kunne nytte personellressursar der dei til kvar tid trengst.

Vidare vert det arbeidd aktivt med å redusere talet på komitear og gjere komitéstrukturen meir heilskapleg. Dette arbeidet har hatt god progresjon og vil truleg langt på veg verte fullført i første halvår 2010.

Arbeidet med reform av NATO var òg eit sentralt tema på forsvarsministermøtet i Istanbul i februar. Etter sterkt, personleg påtrykk frå USAs forsvarsminister Gates fekk generalsekretæren i oppdrag å utarbeide forslag til gjennomgripande strukturelle og organisatoriske reformer, mellom anna i kommandostrukturen. Her er det store utfordringar, ikkje minst fordi mange allierte ønskjer å behalde element av NATO-kommandostrukturen på sitt territorium. Det er venta at forslaget vil bli lagt fram på forsvarsministermøtet i juni 2010.

Til forsida av dokumentet