Meld. St. 12 (2011–2012)

Stat og kommune – styring og samspel

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

Denne stortingsmeldinga handlar om styringsrelasjonen mellom staten og kommunesektoren og eigenkontrollen i kommunane og fylkeskommunane. Dei ulike framlegga i meldinga har samla sett små økonomiske og administrative konsekvensar og blir dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til departementa og kommunesektoren. Kommunal- og regionaldepartementet varslar kunnskapsinnhenting på fleire fagområde, mellom anna om individuelle planar. Kunnskapsinnhentinga blir dekt innanfor departementets budsjettramme.

Regjeringa legg til grunn at juridisk og økonomisk rammestyring skal vere hovudregelen for statleg styring av kommunesektoren. Rammestyring legg til rette for mest muleg effektiv og treffsikker bruk av offentlege ressursar.

Til forsida av dokumentet