NOU 2001: 3

Velgere, valgordning, valgte

Til innholdsfortegnelse

9 Kva utset kandidatar til norske kommunestyreval seg for?

Ei undersøking av Kristiansand, Østre Toten, Narvik og Trondheim1 Dag Arne Christensen

9.1 Innleiing

Kva effekt har personvalet i norske lokalval for dei kandidatane som stiller seg til disposisjon på partia sine lister? Med bakgrunn i data frå fire kommunar i 1995 valet prøver denne rapporten å gi nokre svar. Eksisterande forsking på dette feltet har så langt konsentrert seg om effekten av listerettinga på kvinnerepresentasjonen (Hellevik og Bjørklund 1995, Bjørklund 1999, SOU 1993: 21, SOU: 1999: 92). Det er mindre kunnskap om korleis ulike eigenskapar ved valordninga påverkar kandidatane generelt, og andre kandidattypar spesielt. Er det t.d. slik at kandidatane blir meir kumulerte enn dei blir strokne? Eller, dominerer strykinga? Er personvalet kontroversielt, er det dei samme kandidatane som både blir strokne og kumulerte? Eller, kan vi skilje mellom kandidatar som anten konsekvent blir strokne eller kumulerte? Blir kandidatar langt nede på listene kumulerte, medan listetoppane blir strokne? Blir kvinner strokne meir enn menn? Eller, blir menn kumulerte meir enn kvinner? 1

Artikkelen har tre hovudoverskrifter: Først blir det gjort greie for kva moglegheiter veljarane har for å rette på listene ved lokalval, deretter blir det presentert eit oversyn over omfanget av retting på listene i norske kommunar generelt, og endeleg blir det studert korleis ulike måtar å rette på listene slår ut for dei 2050 kandidatar som er med i denne undersøkinga.

9.2 Valordninga: «Premiering» og «straff» av kandidatar

Samanlikna med andre former for personval er den ordninga som eksisterer ved norske kommunestyreval unik (Katz 1997). Det unike ligg i at kandidatar ikkje berre kan bli «premierte» gjennom å få tilleggstemmer, men dei kan også bli «straffa» ved å bli strokne på listene. Veljarane sitt handlingsrom med omsyn til både å «premiere» og å «straffe» kandidatar er stort.

«Premiering» av kandidatar skjer ved at veljarane kan gi dei kandidatane dei måtte ønske det tilleggsstemmer, dvs. å kumulere kandidatar. Tidlegare har kumulering gått føre seg på tre måtar: a) anten ved å setje eit kryss, b) skrive «kum» ved namnet til kandidaten, eller c) skrive namnet ein gong til. Ei lovendring våren 1999 gjer at det no berre er høve til å kumulere ved å setje eit kryss ved sida av namnet på kandidaten. Ein kandidat kan berre bli kumulert ein gong, dette gjeld og for dei kandidatane som partia har kumulert på førehand. Førehandskumulerte kandidatar kan dermed maksimalt få tre kandidatstemmer pr. stemmesetel. Det er inga avgrensing med omsyn til kor mange kandidatar veljarane kan kumulere.

«Premiering» av kandidatar kan og gå føre seg ved at veljarane kan overføre personar frå andre lister, dvs. gi såkalla «slenger- stemmer». Retten til å gi «slenger-stemmer» vart fjerna ved valet i 1975, men protestar førte til at ordninga blei innført på ny i 1979. Derimot vart det ikkje lenger høve til å føre opp namn som ikkje stod på nokon av dei andre godkjende listene (såkalla «ville kandidatar»).

Moglegheitene for å «straffe» kandidatar ligg i at veljarane kan stryke kandidatar på stemmesetelen. Kandidatane som blir strokne tapar kandidatstemmer tilsvarande talet på strykingar. Ei stryking skal gå føre seg ved at veljarane set ein strek over namnet på kandidaten.

Motvekta til dette sterke innslaget av personval ligg i partia sin rett til å «førehandskumulere» kandidatar. Dette markerer partia med å føre opp ein kandidat to gonger. Før valet i 1975 var det høve for partia å føre opp ein kandidat tre gonger, ordninga vart derimot i liten grad nytta.

Med omsyn til å velje ut dei kandidatane som står på partia sine lister har veljarane ingen innverknad. Retten til å nominere kandidatar ligg hos dei politiske partia. Gitt at partia veit at berre eit fåtal kandidatar blir valte tek partia omsyn til ei rekkje eigenskapar ved kandidatane i nominasjonsprosessen. Faktorar som kjønn, alder og territoriell tilhøyre er viktige faktorar i nominasjonsprosessen. Føremålet er å sikre eit sosialt representativt resultat (Valen 1988). Skare (1996) understrekar derimot at det å nominere kandidatar i høg grad også er ei politisk utveljing. Desse høgare ein kjem på listene dess meir lojale er kandidatane.

Kor stort er så omfanget av retting på listene i norske kommunestyreval?

9.3 Omfanget av listeretting: Kven og kvifor?

Omfanget av listeretting er rapportert i Statistisk Sentralbyrå sine publikasjonar. Konsekvensane er i alle hovudsak studert av Ottar Hellevik og Tor Bjørklund, som altså primært har konsentrert seg om kvinnerepresentasjonen (Hellevik og Bjørklund 1995, Bjørklund 1999). Deira analysar er baserte på data som ikkje skil mellom ulike typar retting, altså mellom omfanget av «premiering» og «straff». Så langt har ein dermed primært kunnskap om kor mange som rettar på listene, kven dei er, og kva konsekvensar dette har for kvinnerepresentasjonen.

Det går fram av figur 7.1 at om lag 30 prosent av veljarane rettar på listene ved lokalval. Dette har halde seg relativt stabilt over tid. Vidare er det monaleg meir retting på listene i små kommunar enn i dei større (sjå undervedlegg tabell B). Likevel er det ein tendens over tid til at fleire rettar på listene også i større kommunar. Særleg markant har auken vore i Oslo, frå 8 prosent i 1979 til 22 prosent i 1999 (Bjørklund og Saglie 2000). Vidare rettar Senterpartiet og Venstre sine veljarar mest på listene, medan det er mindre retting på listene til Frp, Høgre, DNA og KrF (sjå undervedlegg tabell C). Det er ein klar tendens til at skiljet mellom dei politiske partia når det gjeld listeretting er redusert over tid.

Figur 9.1 Retting på listene i norske kommunestyreval (prosent)

Figur 9.1 Retting på listene i norske kommunestyreval (prosent)

Eit system basert på personval er gjerne avhengig av at mange nyttar retten til å gi personstemmer. Dess fleire som personstemmer dess meir sosialt representativt oppfattar ein sluttresultatet. Gitt at personvalet i det norske tilfellet er frivillig vil dilemmaet alltid være at eit lite mindretal potensielt sett kan bestemme kandidatvalet. Dette er eit argument for å gjere personvalet obligatorisk (som i Finland). Sett på bakgrunn av tverrnasjonale data er det få som rettar på listene i norske kommunestyreval. I nasjonale val i Belgia og Danmark rettar om lag halvparten av veljarane på listene, medan 30 prosent av veljarane retta på listene i det første valet med personinnslag i Sverige i 1998. I danske lokalval rettar så mykje som 75 prosent av veljarane på listene. Korleis forklarer ein så at oppslutnaden om personvalet ikkje er større i Noreg? Hellevik og Bjørklund (1995) meiner ein viktig grunn er at ordninga er for komplisert. Veljarane lar være å rette fordi dei er redde for å gjere feil og dermed få sin stemmesetel forkasta. Forklaringa er ikkje uproblematisk. Den kan til dømes ikkje forklare den sterke variasjonen i retting på listene vi ser på tvers av ulike kommunetypar. Eit anna poeng er at den norske ordninga ikkje er åleine om å vere komplisert, den danske ordninga, med sine mange listeformer, er vel så komplisert, omfanget av retting er likevel større. Ei anna forklaring kan være at dei politiske partia har ei tilbakehalden holdning til personvalet. Helge Seip argumenterer tildømes, som svar på ein interpellasjon om listeretting i Stortinget i 1968, med at: «jo flere det er som nytter denne adgang, jo vanskeligere vil det være å få gjennomført en organisert retteaksjon med noe hell … Partiene bør ikke, slik som det har forekommet, oppfordre sine velgere til ikke å rette stemmesedlene, eller som det da heter, ikke «klusse» med listene» (NOU 1973: 38) I tidlegare innstillingar om valordninga er det gjennomgåande at informasjon, og engasjement frå partia sine side er viktig for at eit system basert på personval skal fungere (Ibid, NOU 1982: 6).

Er det så eigentleg eit problem at såpass få personstemmer? Det er ei frykt for at eit frivillig personval resulterer i at eit lite mindretal bestemmer over det store fleirtalet som ikkje retter på listene. Argumentet baserer seg gjerne på ein påstand om at veljarar som ikkje retter på listene (dei fleste) har andre interesser enn dei som gjer dei (mindretalet). Påstanden er ikkje dokumentert, og det er langt frå sikkert at den er riktig. Tre argument taler for at ein ikkje bør ta nemneverdig omsyn til dei som ikkje retter på listene (Karvonen 1999): Først, det er ingenting som hindrar veljarane i å personstemme i tråd med eit parti si rangorden, altså å krysse for ein kandidat på valbar plass på lista – Deretter veit ein svært lite om korleis dei som avstår frå å personstemme har tenkt. Det treng ikkje være slik at dei med ei rein personstemme har meint at dei ynskjer dei representantane som står på toppen av lista. Det kan like gjerne være at dei vurderer personvalet som uvesentleg. I så tilfelle, er det inga motsetnad mellom dei som krysser for ein individuell kandidat, og dei som gir ei rein partistemme. – Endeleg er personvalet sin karakter av å være ein rett, viktig. Det er i strid med viktige demokratiske prinsipp å argumentere med at dei som nyttar seg av ein rett «krenkjer» dei som ikkje gjer det. Få vil, til dømes, krevje at ein bør jamstille dei veljarar som stemmer på valdagen med dei som held seg heime.

Når få rettar blir gjerne resultatet at listeretting framstår som ein lite representativ form for politisk aktivitet. Bjørklund (1997) viser også at listerettarane ikkje utgjer eit representativt utsnitt av veljarane. Listeretting er i stor grad ein tilleggsarena for den partipolitiske eliten. Om lag halvparten av dei med partimedlemskap retta i 1995 på listene (Ibid). Blant partimedlemmer med kommunale verv retta nærmare 2 av tre på listene.

Så til hovudtemaet, kva kandidatane blir utsette for?

9.4 Ei empirisk analyse av fire kommunar

Gitt at det her blir presentert data på kandidatnivå vil det strengt tatt ikkje være mogleg å trekke konklusjonar om korleis veljarane rettar på listene. Det sentrale er å dokumentere kva kandidatane blir utsette for, gitt ulike måtar å rette listene på. Eit sentralt spørsmålet blir å vise kva konsekvensar ulike former for listeretting har for ulike typar kandidatar. Gitt mangelen på empirisk forsking, blir det i utgangspunktet ikkje knytt spesielle teoretiske eller empiriske forventningar til resultatet. Det er dermed rom for å «spekulere» om eventuelle årsaker til variasjonar i korleis rettemønsteret fordeler seg på kandidatane.

Totalt omfattar datamaterialet 2050 kandidatar i lokalvalet i 1995. Kandidatane fordeler seg på følgjande fire kommunar: 525 kandidatar frå Kristiansand, 287 frå Østre Toten, 392 frå Narvik og endeleg 846 frå Trondheim. Datamaterialet dekker dermed til ein viss grad ulike kommunetypar, to store kommunar (Kristiansand og Trondheim), ein mellomstor (Narvik), og ein liten (Østre Toten).

Spørsmåla er fleire: Kva dominerer, «premiering» eller «straff»? Blir visse kandidattypar «premierte», medan andre blir «straffa»? Kva er samanhengen mellom ulike former for retting, til dømes mellom kumulering («premiering») og stryking («straff»)? I tillegg til å svare på desse spørsmåla vil analysen bli konsentrert rundt følgjande typar av kandidatar:

  1. kandidatane samla

  2. kandidatar som reint faktisk ender opp som representantar

  3. kandidatar som partia har kumulert på førehand

  4. kandidatane sitt kjønn, og endeleg

  5. kva parti kandidatane tilhøyrer. Utgangspunktet er altså heile utvalet av kandidatar.

9.4.1 Kandidatane totalt

Kva blir så desse 2050 kandidatane mest utsette for, kumulering («premiering») eller stryking («straff»)?

Tabell 7.1 gir eit eintydig svar: I snitt blir kandidatane mest utsette for stryking. Dette gjeld for kandidatane totalt sett, og det gjeld i alle dei fire kommunane. Tabellen er enkel og skal tolkast slik at i snitt blir kvar kandidat stroken 27 gonger medan han blir kumulert 17 gonger. For å samanlikne på tvers av dei fire kommunane er det nyttig å bruke det relative forholdet mellom kumulering og stryking (kum/stryk) som utgangspunkt. Analysen viser at det er svært små variasjonar mellom dei fire kommunane.

Forholdet mellom ulike måtar å «premiere» kandidatar på er også eintydig: kandidatane blir i snitt klart meir kumulerte enn dei får «slenger-stemmer». «Det er få «slenger stemmer» i snitt p.r. kandidat (snittet for kandidatane totalt er 4).

Tabell 9.1 Stryking, kumulering og «slenger-stemmer» per kandidat i Kristiansand, Østre Toten, Narvik og Trondheim (Gjennomsnitt)

  KumStrykSlengKum/strykN
Kristiansand243360,7525
Østre Toten81420,6287
Narvik81120,7392
Trondheim m /Wiseth193540,5846
Trondheim u /Wiseth173520,5845
Kandidatane totalt172740,62050

Forholdet mellom kumulering og stryking, altså mellom «premiering» og «straff» er interessant. Er det slik at visse kandidatar konsekvent blir «premierte», medan andre utelukkande blir «straffa»? Ein kan tenkje seg to moglege mønster:

  1. Ein variant er at det skal være mogleg å sile ut såkalla «eigna» og «ueigna» kandidatar. Er dette riktig vil visse kandidatar konsekvent bli kumulerte, og andre strokne. Resonnementet gir følgjande hypotese: H1 Kumulerte kandidatar blir i svært liten grad strokne . Spørsmålet er altså om vi kan forvente å finne eit skilje mellom konsekvent «premierte», og konsekvent «straffa» kandidatar. Samanhengen mellom kumulering og stryking vil i så fall være negativ .

  2. Ein anna variant er at personvalet er kontroversielt. Er dette riktig vil samanhengen mellom kumulering og stryking være positiv , og vi vil forvente å finne ei polarisering på kandidatnivå. Resonnementet gir følgjande hypotese: H2 Kandidatar som er kumulerte er også strokne . «Premiering» og «straff» går hand i hand.

Figur 9.2 Korrelasjonen mellom kumulering og stryking. 1995.

Figur 9.2 Korrelasjonen mellom kumulering og stryking. 1995.

Resultatet av analysen er eintydig: Det går fram av figur 7.2. at det snakk om sterke positive samanhengar. Personvalet er kontroversielt, kumulering og stryking går hand i hand. Korrelasjonen mellom kumulering og stryking, altså mellom «premiering» og «straff», er sterk. Det gjeld for dei 2050 kandidatane totalt, og det gjeld i dei fire kommunane. Altså jo meir ein kandidat er kumulert, jo meir er han stroken . Den første hypotesen (H1) blir klart avvist. Personvalet handlar om kontroversielle kandidatar, ein kandidat som blir løfta opp på listene blir også dytta nedover. Høgre sin førstekandidat i Trondheim kommune, Marvin Wiseth, er det einaste døme i datamateriale på det motsette. Wiseth blir konsekvent «premiert», (1939 tilleggstemmer og 1582 «slenger-stemmer), og i svært liten grad «straffa» (30 strykingar). Tek ein Høgre sin førstekandidat ut av datamaterialet aukar den totale korrelasjonen frå 0,36 til heile 0,63. Figur 2 viser klart at Wiseth er unnataket, det normale er jo meir kumulering, jo meir stryking.

Eit vanleg argument for å ta bort veljarane sin rett til å stryke kandidatar er at dette er ei stor påkjenning for dei kandidatane det går ut over. Slike kandidatar skal nærmast bli stempla som politisk ubrukelege (Kvinnepolitisk leiar i AP Karita Bekkemellem Orheim i Sunnmørsposten 9. februar 1999). Denne analysen støtter ikkje opp under ein slik konklusjon. «Stempelet som politisk ubrukeleg går snarare hand i hand med stempelet politisk brukande».

Argumentet mot å fjerne retten til å stryke har tradisjonelt tatt utgangspunkt i potensielle negative konsekvensar for det lokalpolitiske engasjementet. Tidlegare kommunalminister Helge Seip argumenterte t.d. i Stortinget i 1968 med at (NOU 1973: 38, s. 78):

«Jeg mener at det er en demokratisk rett velgerne har, og som i noen grad gir den menige velger mulighet til å virke som et korrektiv overfor partiapparatene, der det ofte er en forholdsvis begrenset krets som dominerer. Det vil også kunne føre til en svekkelse av velgernes interesse for valget, om adgangen til å virke inn på personvalget svekkes. Jeg tror med andre det er riktig å gi en vid adgang til å influere på personvalget når partienes interesser blir sikret gjennom kumuleringsretten på listeforslagene».

Med bakgrunn i strykedebatten fekk to kommunar, Skjervøy og Kristiansand, høve til å gjennomføre eit forsøk i 1999 der veljarane ikkje fekk stryke kandidatar frå listene. Dette vart kompensert ved at veljarane kunne gi to tilleggsstemmer til kvar kandidat, også dei førehandskumulerte (sjå også kapittel 8). I Kristiansand argumenterte ein med at det å ta bort retten til å stryke vil kunne auke valdeltakinga. Argumentet var at det ville bli lettare for veljarane å få gitt uttrykk for sitt kandidatval når dei berre fekk kumulering å forhalde seg til (KRD 11. mai 1995). I lokalpressa dominerte derimot Seip sin argumentasjon, altså det å fjerne retten til å stryke ville resultere i det motsette, lågare oppslutnad om valet (t.d. Sunnmørsposten 05.02.99). I Magasinet for Fagorganiserte (nr. 3 Mars 1999) slo Odd Harald Røst fast at: «statsråd Ragnhild Queseth Haarstad har ved å gi dispensasjon fra valgloven blåst støvet av Lenins ord om folket som nyttige idioter for eliten». Det er tydeleg at framlegget mobiliserer, gjennomgangsmelodien mot å fjerne retten til å stryke var at dette vil føre til manglande interesse for lokalvala. Gitt at moglegheitene for både å «premiere», og å «straffe» kandidatar speler ei rolle for om veljarane deltar eller ikkje kan Seip ha rett. To argument peikar i ei slik retning:

  1. Valordninga gir rom for både negative og positive preferansar i personvalet. Dette er viktig gitt at personane blir sett på som viktigare i lokale val enn i nasjonale (Skare 1998).

  2. Den sterke, og positive, samanhengen mellom kumulering og stryking inneber at personvalet er kontroversielt, noko som i seg sjølv kan være ei spore til mobilisering.

Eit viktig funn i litteraturen om valdeltaking er nettopp at kontroversielle alternativ i seg sjølv verkar mobiliserande. Dette argumentet er i tråd med den diskusjonen som Christensen og Midtbø (sjå vedlegg 2) reiser om samanhengen mellom listeretting og valdeltaking. Valdeltakinga i dei fire kommunane som er med i denne analysen gir derimot ingen klare svar. Trass i at valet av kandidatar framstår som meir kontroversielt i Trondheim og Kristiansand er valdeltakinga ikkje større enn i Østre Toten og Narvik (i Trondheim 60,2 prosent, i Kristiansand 59,8 prosent, i Narvik 56,8 prosent, og i Østre Toten 62,6 prosent). Ser ein på den gjennomsnittleg valdeltakinga i dei fire fylka som er representerte, ligg dei fire kommunane rundt snittet eller like under. Påstanden om ein eventuell positiv, eller negativ, samanheng mellom personval og auka politisk engasjement er problematisk. Med bakgrunn i internasjonale data er lite som peiker i retning av at personval, eller ikkje, er viktig med omsyn til faktorar som politisk aktivitet og interesse.

Eit anna interessant forhold er korleis rettemønsteret for dei kandidatane som til slutt ender opp som representantar, skil seg frå dei som ikkje slår igjennom?

9.4.2 Representantar versus ikkje – representantar

Ei rimeleg hypotese er at kandidatar som blir valte inn i kommunestyra blir kumulerte («premierte») meir enn dei blir strokne («straffa»), samanlikna med dei som fell utanfor.

Resultatet av analysen går fram av tabell 7.2. To funn er spesielt interessante:

  • For det første er både omfanget av stryking og kumulering i snitt større for dei kandidatane som blir representantar, enn for dei som endar opp utanfor kommunestyresalen. Dette er i tråd med resultatet om at personvalet i høg grad er kontroversielt.

  • For det andre viser det relative forholdet mellom stryking og kumulering at det likevel er små variasjonar mellom dei to kandidattypane. Dei som fell utanfor kommunestyra blir ikkje meir strokne enn kumulerte samanlikna med dei som blir representantar. For kandidatane totalt er det, med omsyn til stryking og kumulering, ingen skilnad mellom dei to kandidattypane (0,6), medan det er små variasjonar på kommunenivå (tabell D i undervedlegg). Hypotesen om at representantane blir strokne mindre enn andre kandidatar slår altså ikkje til.

Tabell 9.2 Stryking, kumulering, og «slenger-stemmer» fordelt på representantar versus Ikkje-representantar (Gjennomsnitt

Kandidatane totaltRepresentantarIkkje-representantar
Kumuleringar6410
Strykingar10217
«Slenger-stemmer»162
Kum som del av stryk.0,60,6
N2351814

Samanhengen mellom stryking og kumulering fordelt på dei to kandidattypane går fram av tabell 7.3. Analysen gir følgjande resultat:

  • Samanhengen mellom kumulering og stryking er positiv, og sterk, for begge kandidattypane. Altså, at jo meir ein kandidat er kumulert, jo meir er han stroken gjeld for begge. Likevel er samanhengen litt sterkare for dei som fell utanfor kommunestyra. Dette kan dermed sjå ut som om personvalet er meir kontroversielt innanfor kategorien i Ikkje-representantar. Dette er i og for seg i tråd med det ein kan forvente. Derimot er det interessant at dei som endar opp som representantar også er kontroversielle kandidatar. På kommunenivå er det eit unnatak, i Østre Toten er korrelasjonen mellom stryking og kumulering negativ for kategorien representantar.

Tabell 9.3 Korrelasjon mellom kumulering og stryking fordelt på representantar versus Ikkje-representantar

  RepresentantarIkkje-representantar
Kristiansand0,370,67
Narvik0,090,51
Østre Toten-0,230,47
Trondheim0,71 (med Wiseth 0,11)0,65
Kandidatane totalt0,53*0,65

* Korrelasjonen er nede i 0,20 når ein tar Wiseth med i analysen.

Så til partia sine toppkandidatar. Korleis slår rettemønsteret ut for dei kandidatane som partia har førehandskumulert?

9.4.3 Førehandskumulerte versus ikkje – førehandskumulerte kandidatar.

At ein kandidat er førehandskumulert inneber at eit parti vil sikre seg at nettopp denne(desse) kandidaten(ane) blir valt. Spørsmålet er dermed om desse kandidatane skil seg frå andre kandidatar med omsyn til rettemønster. Igjen kan vi tenkje oss to moglege mønster:

  • Eit alternativ er at førehandskumulerte kandidatar i liten grad vil utsetjast for retting. Grunnen er enkel: Gitt at det skal svært mykje til for at desse kandidatane skal «rase» nedover på listene framstår det som «bortkasta» å stryke slike kandidatar. På samme måte har dei førehandskumulerte heller ikkje trong for å bli kumulerte, altså for å blir dytta oppover på listene. Dette er kandidatar som utelukkande kan ende opp utanfor kommunestyra anten som følgje av lista ikkje oppnår representasjon, eller som ein konsekvens av massive organiserte aksjonar frå veljarane si side. Hypotese 1 kan dermed formulerast slik: Førehandskumulerte kandidatar vil i svært liten grad være utsette for kumulering og stryking .

  • Det kan derimot også argumenterast for det motsette, at førehandskumulerte kandidatar vil vere spesielt utsette for retting. Skare (1996) har vist korleis partia sin nominasjonsprosess i høg grad handlar om politisk utveljing. Dess nærmare ein kjem toppen av listene dess meir lojale er kandidatane mot partilinja. Lenger nede på listene er denne lojaliteten ikkje like sterk. Sett i samanheng med Bjørklund (1998) sitt funn om at den kommunalpolitiske eliten rettar meir enn andre er dette interessant. Å stryke førehandskumulerte kandidatar kan dermed bli sett på som uttrykk for ein omkamp om nominasjonen. På samme måte kan det å kumulere bli sett på som ein måte å markere semje i måten eins eige parti har rangert kandidatane på. Hypotese 2 blir dermed: Førehandskumulerte kandidatar vil i større grad enn andre kandidatar vere utsette for listeretting .

Resultata på kandidatnivå er klare:

  1. For det første blir førehandskumulerte kandidatar i snitt både meir kumulerte og meir strokne enn dei som ikkje er det. «Sikker» plass på lista skånar altså ikkje ein kandidat korkje frå å bli «premiert» eller «straffa». I snitt blir toppkandidatane meir strokne, og meir kumulerte, enn kandidatar lenger nede på listene. Det er ikkje slik at kandidatar lenger nede på partia sine lister konsekvent blir kumulerte, medan toppkandidatane konsekvent blir strokne. Dette er i tråd med det vi fann innanfor kategorien representantar. Hypotese 2 blir klart stadfesta.

  2. For det andre, og meir interessant, kan det sjå ut som om førehandskumulerte kandidatar meir enn andre er utsette for stryking. Det relative forholdet mellom stryking og kumulering på tvers av dei to kandidattypane viser eit eintydig mønster. Igjen, det å stryke førehandskumulerte kandidatar kan være eit uttrykk for ein protest mot måten partia har rangert sine kandidatar på. Analysen kan tyde på at ein førehandskumulert kandidat totalt sett har 20 prosent større sjanse for å bli stroken enn ein som ikkje er det. Resultatet er gjennomgåande for alle dei fire kommunane (tabell E i undervedlegg). Paradoksalt nok kan det sjå ut som om valordninga medverker til å sikre at «upopulære» kandidatar blir valt (sett bort frå fleirtalet som ikkje stemmer på konkrete kandidatar). Ein slik konklusjon er derimot problematisk. Ein førehandskumulert kandidat er ført opp to gonger på lista, noko som gjer at han også kan strykast to gonger. Det er såleis ikkje overraskande at slike kandidatar i snitt er meir strokne enn andre kandidatar. Det samme gjeld i og for seg også frekvensen av stryking og kumulering totalt sett. Av dei 236 kommunestyrerepresentantane i dette materiale utgjer dei førehandskumulerte 64,5 prosent. Resultatet viser at retten til å stryke, og partia sin rett til å førehandskumulere kandidatar, må bli sett i samanheng. Valordninga har her ein innebygd konflikt mellom veljar og parti.

Tabell 9.4 Stryking, kumulering, og «sleng – stemmer» fordelt etter om kandidatane er førehands-kumulerte eller ikkje (Gjennomsnitt). Kandidatane totalt

Kandidatane totaltFørehandskumulerteIkkje-førehandskumulerte
Kumuleringar3912
Strykingar8718
«Slenger-stemmer»142
Kum som del av stryk0,450,65
N2691780

Samanhengen mellom kumulering og stryking med omsyn til desse to kandidattypane går fram av tabell 7.5.

Korrelasjonen for båe kandidattypane er sterk og positiv. For kandidatane totalt er resultatet identisk: Jo meir ein kandidat er stroken, jo meir er han kumulert. Det inneber igjen at førehandskumulerte kandidatar er like kontroversielle som dei som ikkje er det. Sjølv om korrelasjonen i alle dei fire kommunane er relativt sterk, er det interessante variasjonar. Det kan sjå ut som om samanhengen ikkje er like sterk i mindre kommunar. Både Narvik og Østre Toten skil seg litt ut (likevel er samanhengen klart positiv). Det kan vere to grunnar til dette: For det første er det mogleg at kunnskapen om valordninga er større i mindre kommunar gitt at fleire faktisk gir personstemmer. Forklaringa er tvilsam, i snitt blir førehandskumulerte kandidatane meir strokne og kumulerte enn andre, også i dei to kommunane det er snakk om her. For det andre, og meir sannsynleg, kan det vere at oversyn og nærleik ikkje berre gjer det lettare for veljarane å stemme på personar, men også gjer at dei politiske partia får ein lettare jobb med å sile ut eventuelt kontroversielle kandidatar i sjølve nominasjonsprosessen (alternativt finne populære kandidatar).

Tabell 9.5 Korrelasjon mellom kumulering og stryking fordelt etter om kandidatane er førehandskumulerte eller ikkje (Pearsons R)

  FørehandskumulerteIkkje-førehandskumulerte
Kristiansand0,610,65
Narvik0,320,52
Østre Toten0,270,46
Trondheim utan Wiseth0,77*0,68
Kandidatane totalt0,640,64

* Med Wiseth er korrelasjonen mellom kum og stryk 0,13.

Oppsummert viser analysen at det å være førehandskumulert ikkje er ein garanti mot å bli stroken på listene, snarare tvert om. Førehandskumulerte kandidatar blir utsette for meir stryking enn kandidatar som ikkje er det. Resultatet er ikkje overraskande gitt at førehandskumulerte kandidatane er dei einaste som kan strykast to gonger. Likevel, ei ordning med personval burde strengt tatt realisere at dei kandidatar som får flest tilleggsstemmer blir valt. Analysen viser vidare at argumentet om at retten til å stryke gir partia eit rekrutteringsproblem, er problematisk. Påstanden om at «ferske» kandidatar, langt nede på listene, skal være utsette for massiv stryking er ikkje riktig. I tillegg er korrelasjonen mellom kumulering og stryking sterk for begge kandidattypane. Det kan sjå ut som om denne samanhengen er sterkare i større kommunar enn i mindre. Det kan godt være at personvalet er meir kontroversielt i større enn i mindre kommunar.

I datamateriale er det totalt 84 kandidatar som blir valt inn trass i at dei ikkje er førehandskumulerte (det utgjer om lag 35 prosent av kommunestyrerepresentantane). I snitt blir kvar av desse kandidatane kumulerte 71 gonger og strokne 53 gonger. I tråd med det ein kan forvente blir altså desse kandidatane i snitt kumulerte meir enn dei blir strokne. Også desse kandidatane framstår, ikkje overraskande, som kontroversielle. Korrelasjonen mellom kumulering og stryking er svært positiv (0,57).

9.4.4 Kjønn

Listerettinga sine konsekvensar for kvinnerepresentasjonen har, som nemnt, vært gjenstand for mykje forsking. Konklusjonane er klare (Hellevik og Bjørklund 1995, Bjørklund 1998): Retting på listene medverker til å redusere andelen kvinner i norske kommunestyrer. Kva er så grunnen til dette? Er det fordi kvinner blir strokne oftare enn menn? Er det fordi mennene får fleire tilleggsstemmer enn kvinnene? Er det fordi mennene blir førehandskumulerte oftare enn kvinnene? Eller, er det kort og godt fordi det er fleire menn enn kvinner å ta av? Her er svara ikkje like klare.

Forholdet mellom kumulering og stryking etter kjønn går fram av tabell 7.6.

Variasjonen mellom kvinner og menn er små. I snitt blir kvinner og menn kumulerte om lag like mykje, medan menn blir strokne i litt større grad enn kvinner. På tvers av dei fire kommunane er det berre i Narvik av kvinnelege kandidatar blir strokne litt meir enn menn (tabell F i undervedlegg). Den faktiske kvinnerepresentasjonen i dei fire kommunane er 37,6 prosent i Trondheim, 28,9 i Østre Toten, 45,3 i Narvik og 32 prosent i Kristiansand. Altså, i Narvik der kvinnerepresentasjonen er størst blir kvinner relativt sett meir strokne enn kumulerte samanlikna med menn (likevel er det også her små variasjonar).

Tabell 9.6 Stryking, kumulering, «slenger-stemmer» fordelt etter kandidatane sitt kjønn (Gjennomsnitt)

Kandidatane totaltMennKvinner
Kumuleringar1615,5
Strykingar3023,5
«Slenger-stemmer»3,53
Kum som del av stryk0,530,65
N1245804

Tabell 9.7 Korrelasjon mellom kumulering og stryking fordelt etter kandidatane sitt kjønn (Pearsons R)

KommuneMennKvinner
Kristiansand0,600,75
Narvik0,440,53
Østre Toten0,270,44
Trondheim*0,730,81
Kandidatane totalt0,610,73

* Tek ein Wiseth med i analysen blir korrelasjonen 0,24.

Samanhengen mellom kumulering og stryking etter kjønn går fram av tabell 7.7. Det går fram at korrelasjonen er sterkare for kvinner enn for menn. Det gjeld både for kandidatane totalt (0,61 versus 0,73), og på tvers av dei fire kommunane (tabell G i undervedlegg). Det kan dermed sjå ut som om kvinnelege kandidatar blir oppfatta som meir kontroversielle enn mannlege kandidatar. Nyansen ligg derimot i at korrelasjonane også er sterke for menn, samstundes som variasjonen ikkje er spesielt stor.

Analysen viser altså at kvinnelege kandidatar korkje blir «premiert» (kumulert) eller «straffa» (strokne) meir enn mannlege kandidatar. Det er små variasjonar, men ein svak tendens til at menn blir strokne meir enn kvinner. Samanhengen mellom kumulering og stryking er sterk for begge kjønn, men sterkare for kvinner. Det kan såleis argumenterast for at kvinnelege kandidatar framstår som meir kontroversielle enn mannlege. Det er, i tillegg, langt fleire menn enn kvinner å ta av, 60,5 prosent av kandidatane er menn (39,5 prosent kvinner). Vidare er mennene i klart fleirtal blant dei kandidatane som er førehandskumulerte (64,5 prosent menn mot 35,5 prosent kvinner). Legg også merkje til at det internasjonalt er døme på land med både eit sterkt innslag av personval og sterk kvinnerepresentasjon (t.d. Danmark).

Kva så med dei politiske partia, er det variasjonar å finne her?

9.4.5 Variasjonar etter parti

I utgangspunktet burde ein ikkje forvente store variasjonar på tvers av partia med omsyn til kva kandidatane blir utsette for. Det er likevel nokre variasjonar i materialet.

Det går fram av tabell 7.8 at for kandidatane totalt blir Arbeiderpartiet, Høgre og Framstegspartiet sine kandidatar meir strokne enn kumulerte, samanlikna med kandidatar frå andre parti. På kommunenivå kan det sjå ut som om dette særleg er tilfellet i Trondheim (tabell G i undervedlegg). I Trondheim blir DNA, FrP og H sine kandidatar strokne meir enn dobbelt så mykje som t.d. KrF sine kandidatar. Det er likevel eit viktig felles trekk for alle partia at deira kandidatar blir meir strokne enn dei blir kumulerte. Nokre få variasjonar finn ein derimot på kommunenivå: I Trondheim blir til dømes KrF, SV og RV sine kandidatar kumulerte meir enn dei blir strokne.

Tabell 9.8 Stryking, kumulering, «slenger-stemmer» fordelt etter kandidatane sitt parti (Gjennomsnitt)

Kandidatane totaltDNAHFrPKRFSPVSV
Kum2840,58,52210,5910
Struk6188162513,51111
Sleng44,523,5243
Kum/stryk0,450,450,530,880,750,80,9
N243221221221239251214

Samanhengen mellom kumulering og stryking på tvers av partia går fram av tabell 7.9. Igjen er det små variasjonar, samstundes som korrelasjonen gjennomgåande er sterk og positiv. Det kan sjå ut som om Venstre sine kandidatar er dei mest kontroversielle (Jo meir stroken ein kandidat frå Venstre er, jo meir er han kumulert), medan resultatet for dei andre partia er relativt identisk. På kommunenivå er det sjølvsagt variasjonar. Den einaste negative korrelasjonen finn ein for Arbeiderpartiet sine kandidatar i Østre Toten, der korrelasjonane generelt sett er svakare. Det samme gjeld delvis i Narvik, men her er Høgre unntaket. Ein forklaring på dette kan, som nemnt, være at parti i småkommunar, i større grad enn i større kommunar, klarer å sile ut dei kontroversielle kandidatane i nominasjonsprosessen.

Tabell 9.9 Korrelasjon mellom kumulering og stryking fordelt etter kandidatane sitt parti (Pearsons R)

  DNAH*FrPKrFSPVSVRV
Kristiansand0,420,670,560,500,740,640,470,91
Narvik0,250,610,730,320,520,430.67-
Østre Toten-,0120,220,390,390,390,320.36-
Trondheim0,830,660,770,380,610,810.520,52
Kandidatane totalt0,640,620,600,650,530,720.53

* Med Wiseth er det nesten inga korrelasjonen mellom kumulering og stryking. (0,08).

9.4.6 Oppsummering

Denne rapporten er basert på data om 2050 kandidatar fordelt på fire kommunar. Gitt mangelen på forsking på dette feltet kunne det, ideelt sett, vært nyttig å ha fleire kandidatar, og ikkje minst kommunar, å ta av. I dette første spadestikket framstår likevel fire resultat som spesielt interessante:

  • Totalt sett blir kandidatane i snitt meir strokne enn kumulerte. Resultatet er eintydig, og gjeld for kandidatane totalt, og i alle dei fire kommunane som er med i analysen.

  • Samanhengen mellom kumulering og stryking er sterk og positiv. Jo meir ein kandidat er stroken, jo meir er han kumulert. «Premiering» og «straff» går hand i hand. Personvalet er kontroversielt, blir ein kandidat mykje stroken, blir han mykje kumulert.

  • Førehandskumulerte kandidatar blir meir strokne enn kandidatar som ikkje er det. Dei blir såleis «straffa» meir enn dei blir «premierte». Dette er overraskande, i og med at dette er kandidatar som står på «sikker» plass på listene. Å stryke desse kandidatane kan dermed være eit uttrykk for ein generell protest mot partia, eller mot nominasjonsprosessen spesielt. Det bør derimot understrekast at det her er snakk kandidatane som kan strykast to gonger, og det er dermed ikkje overraskande at frekvensen av stryking dominerer. Av totalt 236 kommunestyrerepresentantar i dette datamaterialet er heile 64.5 prosent førehandskumulerte. Det er såleis ei viss myte at innslaget av personval er svært stort i norske kommunestyreval. Samstundes er dette eit sentralt argument for at veljarane sin rett til å stryke, bør vurderast i forhold til partia sin rett til å førehandskumulere kandidatar.

  • Det er ingen spesielle skilnader med omsyn til kjønn. Kvinner blir korkje kumulerte, eller strokne, meir enn menn. Det er heller ein svak tendens til at menn blir strokne meir enn kvinner. Det kan derimot sjå ut som om kvinnelege kandidatar framstår som meir kontroversielle enn mannlege kandidater. Korrelasjonen mellom «premiering» (kumulering) og «straff» (stryking) er sterkare for kvinner enn for menn. Samanhengen er derimot sterk også for menn. I tillegg er det fleire menn enn kvinner på listene, samstundes som fleire menn enn kvinner er førehandskumulert.

9A Tabeller

Tabell 9.10 Retting på listene etter storleik på kommunane. 1983–1995 (prosent av godkjende stemmer i alt)

Kommunestorleik1983198719911995
  – 1 99959595957.1
2 000 – 4 99944454645.9
5 000 – 9 99931333636.5
10 000 – 19 99920212426.1
20 000 – 49 99912161919
50 000 –8111416.7

Kilde: Noregs offisielle statistikk, SSB diverse utgåver.

Tabell 9.11 Retting på listene etter parti. 1983 – 1995 (prosent)

Parti1983198719911995
DNA18192623,7
DlF251922-
Frp11111914,2
H22242726,4
KrF28292929,8
Sp41423435,7
SV20211926,8
V33363635,2
RV20212222,7
FL*53344741,8
AL**60443429,5
Lokale lister5138,3

* FL = ikkje – sosialistiske lister. ** AL = Andre lister.

Kilde: Noregs offisielle statistikk, SSB 1983, 1987, 1991, og 1995.

Tabell 9.12 Korrelasjonen mellom kumulering og stryking i Kristiansand, Østre Toten, Narvik og Trondheim

Korrelasjonsmatrise – Kristiansand
  KumuleringStrykingSlengere
Kumulering-0,640,64
Slengere0,640,41-
Stryking0,64-0,41
Korrelasjonsmatrise – Østre Toten
  KumuleringStrykingSlengere
Kumulering-0,310,45
Slengere0,450,19-
Stryking0,31-0,19
Korrelasjonsmatrise – Narvik
  KumuleringStrykingSlengere
Kumulering-0,470,45
Slengere0,450,12-
Stryking0,47-0,12
Korrelasjonsmatrise – Trondheim med Wiseth
  KumuleringStrykingSlengere
Kumulering-0,290,93
Slengere0,930,03-
Stryking0,29-0,03
Korrelasjonsmatrise – Trondheim utan Wiseth
  KumuleringStrykingSlengere
Kumulering-0,720,52
Slengere0,520,27-
Stryking0,72-0,27

Tabell 9.17 Stryking, kumulering, og «slengere» fordelt på representantar versus Ikkje-representantar. Kommunenivå. (Gjennomsnitt)

Kristiansand
  RepresentantarIkkje-representantar
Kumulerte10515
Strokne11924
«Slengere»323
Stryk som del av kum.0,80,6
N53472
Narvik
  RepresentantarIkkje-representantar
Kumulerte314
Strokne406
«Slengere»121
Stryk som del av kum0,70,6
N53339
Østre Toten
  RepresentantarIkkje-representantar
Kumulerte235
Strokne3910
«Slengere»71
Stryk som del av kum0.80.5
N45242
Trondheim
  RepresentantarIkkje-representantar
Kumulerte10110
Strokne16420
«Slengere»321
Stryk som del av kum0.60.5
N85761

Tabell 9.21 Stryking, kumulering, og «slengere – » fordelt etter om kandidatane er førehandskumulerte eller ikkje. Kommunenivå (Gjennomsnitt)

Kristiansand
  FørehandskumulerteIkkje-førehandskumulerte
Kumulerte5120
Strokne9324
«Slengere»223
Stryk som del av kum0,550,8
N76424
Narvik
  FørehandskumulerteIkkje-førehandskumulerte
Kumulerte216
Strokne356
«Slengere»101
Stryk som del av kum0,61
N59333
Østre Toten
  FørehandskumulerteIkkje-førehandskumulerte
Kumulerte107
Strokne3110
«Slengere»51
Stryk som del av kum0,30,7
N63224
Trondheim utan Wiseth
  FørehandskumulerteIkkje-førehandskumulerte
Kumulerte6612
Strokne17322
«Slengere»151
Stryk som del av kum0,40,5
N71774

Tabell 9.25 Stryking, kumulering og «slenger-» fordelt etter kandidatane sitt kjønn. Kommunenivå (Gjennomsnitt)

Kristiansand
  MennKvinner
Kumulerte2423
Strokne3629
«Slenger-stemmer»66
Stryk som del av kum0.650.8
N335190
Narvik
  MennKvinner
Kumulerte97
Strokne1110
«Slenger-stemmer»32
Stryk som del av kum0.80.7
N229163
Østre Toten
  MennKvinner
Kumulerte88
Strokne1513
«Slenger-stemmer»22
Stryk som del av kum0,550,6
N182105
Trondheim utan Wiseth
  MennKvinner
Kumulerte1717
Strokne3929
«Slenger-stemmer»32
Stryk som del av kum0,40,6
N499346

Tabell 9.29 Stryking, kumulering, «slengere-» fordelt etter kandidatane sitt parti. Kommunenivå (Gjennomsnitt)

Kristiansand*
  DNAHFrPKrFSPVSVRV
Kum3258187051996
Stryk61852782817128
«Sleng»511393945
Stryk/kum0,50,70,70,850,61,10,750,75
N5356575045526448

* Miljøpartiet ikkje teke med.

Narvik
  DNAHFrPKrFSPVSVRV
Kum221225112,55-
Stryk3233582,97-
«Sleng»3220,51,71,822-
Stryk/kum0,680,550,6611,40,850,7-
N55444851535054-
Østre Toten
  DNAHFrPKrFSPVSVRV
Kum1951.551552,5-
Stryk381447197,55-
«Sleng»21,50,82,51,53,52-
Stryk/kum0,50,350,350,70,80,650,5-
N45432636554240-
Trondheim
  DNAH*FrPKrFSPVSVRV
Kum34,563,57,511,5108,520,59
Stryk90168,519,5101612,5177,5
«Sleng»42,521,52,5332
Stryk/kum0,380,370,381,10,60,681,21,2
N90789084861075687

* Wiseth er ikkje teke med.

Fotnoter

1.

Takk til Bernt Aardal, Steinar Dalbakk, Audun Offerdal, og Tor Midtbø for nyttige kommentarar.

Til forsiden