NOU 2019: 23

Ny opplæringslov

Til innholdsfortegnelse

2 Lovforslaget

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Første delen – innleiande føresegner

Kapittel 1. Formålet med og krava til opplæringa

§ 1-1. Formålet med lova og kva lova gjeld

Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.

Lova gjeld grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter friskolelova.

§ 1-2. Formålet med opplæringa

Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.

Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen vår.

Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Elevane og lærlingane skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

§ 1-3. Krav til forsvarleg opplæring

Opplæring og anna verksemd som er omfatta av lova, skal vere forsvarleg.

§ 1-4. Læreplanverket og utdanningstilbodet

Kongen i statsråd skal gi forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.

Departementet skal gi forskrift om læreplanar for fag.

Departementet skal gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen og elevar og lærlingar i den vidaregåande opplæringa skal ha, og korleis timane skal fordelast mellom trinn og fag. Opp til 10 prosent av timane i kvart fag kan flyttast til andre fag eller brukast til opplæring som er tverrfagleg eller særleg eigna for å nå måla i den overordna delen av læreplanverket. Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det minstetimetalet som departementet har fastsett.

Sametinget skal gi forskrift om det samiske lærestoffet i dei nasjonale læreplanane for fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir òg forskrift om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett. Departementet skal gi forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i forvaltningsområdet for samisk språk og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til desse forskriftene.

Departementet skal gi forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse (tilbodsstrukturen i den vidaregåande opplæringa).

Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar som ikkje er opplæring i fag i grunnskolen.

§ 1-5. Ansvaret for opplæringa

Kommunen har ansvaret for grunnskoleopplæringa. Fylkeskommunen har ansvaret for den vidaregåande opplæringa. Ansvarsfordelinga er nærmare regulert i kapittel 22.

Kapittel 2. Medverknad, skoledemokrati og skolereglar

§ 2-1. Det beste for eleven

I alle handlingar og i avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.

§ 2-2. Elevane sin rett til å medverke og plikt til å delta

Elevane har rett til å ytre seg fritt i spørsmål som gjeld dei sjølve. Elevane skal bli høyrde, og synspunkta skal vektleggjast i samsvar med alder og modning.

Elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar med høgt fråvær frå opplæringa blir følgde opp.

Kommunen og fylkeskommunen kan påleggje elevane å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.

§ 2-3. Samarbeid med foreldra

Skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.

Departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra.

§ 2-4. Skoledemokratiet

Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna organiseringa av skoledemokratiet, fastsetjinga av skolereglar og arbeidet med skolemiljøet. Elevane og foreldra skal delta i styringa av skolen. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for og oppmuntre til at alle elevane ytrar seg og deltek i skoledemokratiet.

Elevane har rett til å velje elevråd. Dei kan òg velje å organisere elevdemokratiet på ein annan måte.

§ 2-5. Skolereglar

Kommunar og fylkeskommunar skal gi forskrift om skolereglar. Skolereglane skal ha føresegner om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og åtferd.

Det skal òg givast skolereglar om kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og om korleis slike saker skal behandlast. Skolen kan berre bruke tiltak som er fastsette i skolereglane.

Skolereglane skal skrivast slik at elevane kan forstå dei.

§ 2-6. Informasjon

Kommunar og fylkeskommunar skal gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har.

Andre delen – grunnskoleopplæring

Kapittel 3. Rett og plikt til grunnskoleopplæring

§ 3-1. Rett til grunnskoleopplæring

Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.

Retten gjeld når barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i strekk. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til Noreg. Barn som kjem til Noreg etter at dei har fylt seks år, skal til vanleg plasserast på det trinnet som høver med alderen.

Dei som har avslutta det 10. trinnet i grunnskolen utan å ha fullført grunnskoleopplæringa eller tilsvarande opplæring, har rett til eitt år med tilrettelagd grunnskoleopplæring ved ein vidaregåande skole etter § 17-1. Retten gjeld ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år.

§ 3-2. Plikt til grunnskoleopplæring

Barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole eller ein privat grunnskole som er godkjend etter § 20-1 eller etter friskolelova. Kommunen kan godkjenne grunnskoleopplæring i heimen etter § 20-5.

Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet har vore utanlands i tre månader.

Dersom særlege grunnar talar for det, kan kommunen frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta. Til dømes kan ein elev få fritak frå delar av skoleveka eller eitt eller fleire av skoleåra. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.

Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen kan gi forskrift om permisjon frå skolen.

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag. Når eleven får permisjon, skal foreldra sørgje for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.

§ 3-3. Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa

Opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med læreplanverket, jf. § 1-4.

Elevane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane på 1. til 7. trinn skal berre givast individuell vurdering utan karakterar. Departementet skal gi forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon.

§ 3-4. Utsett og tidleg skolestart

Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom gode grunnar talar for det.

Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom særlege grunnar talar for det.

I vurderinga etter første og andre avsnitt skal kommunen leggje særleg vekt på kva føresetnader barnet har for å lære og for å utvikle sosial samkjensle.

§ 3-5. Gratis grunnskoleopplæring

Offentleg grunnskoleopplæring skal vere gratis. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter knytte til grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar.

§ 3-6. Kva grunnskole eleven skal gå på

Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen skal gi forskrift om skolekrinsar.

I fastsetjinga av skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva som er eleven sin næraste skole, men kommunen kan òg ta omsyn til topografi, trafikktilhøve, kapasiteten på skolane, og korleis elevane er fordelte i buområde.

Forskrifta kan opne for unntak frå skolekrinsane dersom skolen i krinsen ikkje har ledig kapasitet.

§ 3-7. Straffansvar for brot på opplæringsplikta

Foreldre og andre som har omsorg for eit barn, kan straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa utan å ha rett til det. Offentleg påtale kan berre reisast dersom kommunen krev det.

Kapittel 4. Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa

§ 4-1. Norsk skriftspråk (målform) for elevane i grunnskolen

Elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka, bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av desse skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 4-2, 4-3, 4-4 og 4-6.

Foreldra til elevar på 1. til 7. trinn vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk i det skriftlege arbeidet, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

Elevar på 1. til 7. trinn har rett til opplæring i ei særskild gruppe i den målforma kommunen ikkje har vedteke, dersom minst ti elevar på trinnet krev det. Dersom minst ti elevar på eit trinn på same skole krev denne retten, har dei rett til å få opplæringa på den skolen. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med ei anna målform enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på den målforma dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er.

§ 4-2. Opplæring i og på samisk i grunnskolen

Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Samar er dei som kan skrivast inn i samemanntalet, og barna deira.

Alle elevar som bur i forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til opplæring i og på samisk. Kongen i statsråd kan gi forskrift om at elevar i andre område òg skal ha denne retten. Kommunen kan gi forskrift om at elevar som bur i forvaltningsområdet for samisk språk eller andre område fastsette av Kongen i statsråd, skal ha opplæring i samisk.

Alle elevar som bur utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til opplæring i og på samisk dersom minst ti elevar i kommunen krev det. Retten står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa. Samiske elevar som bur utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til opplæring på samisk i to fag dersom minst tre elevar i kommunen krev det. Departementet kan gi forskrift om kva for fag retten gjeld.

Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha opplæring i og på samisk, om ikkje kommunen har fastsett at alle i grunnskolealder skal ha opplæring i samisk.

Opplæringa på samisk kan leggjast til ein eller fleire skolar i kommunen. Dersom skolar i kommunar utanfor forvaltningsområdet for samisk språk ikkje har lærarar som kan gi opplæring i samisk, kan opplæringa givast på ein annan måte. Dersom opplæringa blir gitt ved hjelp av tekniske hjelpemiddel etter § 13-3, skal kommunen, når det er nødvendig, tilby eleven ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø.

§ 4-3. Opplæring i kvensk og finsk i grunnskolen

Når minst tre elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har dei rett til opplæring i kvensk eller finsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal ha slik opplæring.

Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i kvensk eller finsk, kan opplæringa givast på ein annan måte.

§ 4-4. Opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen

Elevar med høyrselshemming har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i norsk teiknspråk, kan opplæringa givast på ein annan skole.

Kommunen kan fastsetje kva skole opplæringa på norsk teiknspråk skal givast på.

§ 4-5. Opplæring i punktskrift i grunnskolen

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.

§ 4-6. Særskild språkopplæring i grunnskolen

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje opplæringa på skolen. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Kommunen skal jamleg vurdere om eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi morsmålsopplæring, kan opplæringa givast på ein annan måte. Det same gjeld tospråkleg opplæring i fag.

Kommunen kan vedta at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

§ 4-7. Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg

Elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, kan få heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Slik innføringsopplæring kan berre givast om eleven eller foreldra samtykkjer. Eleven kan få slik opplæring i opp til to år.

Eit vedtak om innføringsopplæring for ein elev kan berre gjerast for opp til eitt år om gongen. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanverket.

Kapittel 5. Skyss, leksehjelp, SFO og overgang frå barnehage til skole

§ 5-1. Skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen

Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skolen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skolen. Retten til skyss gjeld til og frå begge heimane når eleven har to heimar.

Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg. Når kommunen skal vurdere kor farleg eller vanskeleg skolevegen er, skal det leggjast vekt på alderen til eleven.

Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.

Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga gjeld ikkje i skoleferiane.

§ 5-2. Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen

Elevar som får skyss til og frå skolen eller skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa eller skolefritidsordninga dersom dei treng det.

§ 5-3. Rett til losji og plikt til å la seg innlosjere for elevar i grunnskolen

Elevar har rett til losji når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til eleven og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.

Dersom fylkeskommunen er i tvil om dagleg skyss er forsvarleg, avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast.

Dersom dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har eleven plikt til å la seg innlosjere med mindre foreldra til eleven sjølv sørgjer for skyss og dekkjer kostnadene.

Kommunen skal ha tilsyn med innlosjerte elevar.

§ 5-4. Leksehjelp

Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Kommunen kan ikkje ta betalt for leksehjelp som blir gitt i skolefritidsordninga. Leksehjelpa er ikkje ein del av den opplæringa eleven har rett til etter denne lova.

§ 5-5. Skolefritidsordning (SFO)

Kommunen skal ha tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særlege behov på 1. til 7. trinn. Kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga.

Kommunen kan nytte private til å drive skolefritidsordninga.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna passast på og få omsorg, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.

Kommunen skal gi forskrift om skolefritidsordninga. Forskrifta skal ha føresegner om

  • a) eigarforhold

  • b) kven som er opptaksmyndigheit

  • c) opptakskriterium

  • d) opptaksperiode og oppseiing

  • e) foreldrebetaling

  • f) leike- og opphaldsareal

  • g) dagleg opphaldstid og årleg opningstid

  • h) personale og leiing

§ 5-6. Overgangen frå barnehagen til skolen

Kommunen skal sørgje for ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga.

Tredje delen – vidaregåande opplæring

Kapittel 6. Rett til vidaregåande opplæring

§ 6-1. Rett til vidaregåande opplæring

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet. Dette gjeld òg dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Retten gjeld berre for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i strekk.

Ungdommar har rett til vidaregåande opplæring i tre år. Dei har rett til å komme inn på eitt av tre utdanningsprogram som dei har søkt på, og rett til to år med vidaregåande opplæring som byggjer på det første året. Dersom den fastsette opplæringstida i faget er lengre enn tre år, blir retten utvida tilsvarande.

Retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år (ungdomsrett). Dei som då ikkje har fullført, kan ha rett til vidaregåande opplæring etter § 17-3 (vaksenrett). Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet, kan etter søknad i staden få vidaregåande opplæring etter § 17-3 dersom det er særlege grunnar for det. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første avsnitt andre setning, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 17-3.

Departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande opplæring.

§ 6-2. Studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram

Den vidaregåande opplæringa omfattar studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Studieførebuande utdanningsprogram omfattar tre års opplæring i skole.

Yrkesfaglege utdanningsprogram omfattar til vanleg to år med opplæring i skole og to år med læretid i bedrift. Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om opplæring i bedrift som avvik frå dette. Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift, skal heile opplæringa bli gitt i skole.

Departementet kan gi forskrift om ulike opplæringsordningar for den vidaregåande opplæringa i bedrift.

§ 6-3. Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet

Fylkeskommunen skal i planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet leggje stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng, og på kor mange læreplassar som finst.

Departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod for søkjarar frå heile landet.

§ 6-4. Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa

Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med læreplanverket og tilbodsstrukturen, jf. § 1-4.

Elevane og lærlingane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet skal gi forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan òg gi forskrift om tap av rett til individuell vurdering som følgje av høgt fråvær.

§ 6-5. Rett til omval og rett til ekstra opplæringstid i den vidaregåande opplæringa

Elevar har rett til å gjere eitt omval og får då rett til ekstra tid så dei kan fullføre opplæringa.

Elevar som har rett til særskild språkopplæring etter § 7-5 eller individuelt tilrettelagd opplæring etter § 10-3, har rett til opplæring i opp til to år ekstra dersom dei treng meir tid til opplæring og den ekstra opplæringstida kan gi dei ein høgare kompetanse. Før fylkeskommunen gjer vedtak om å gi elevar med rett til individuelt tilrettelagd opplæring ekstra opplæringstid, skal det vere innhenta ei sakkunnig vurdering.

§ 6-6. Påbygging til generell studiekompetanse

Dei som består fag- og yrkesopplæring, har rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Elevane må ta fatt på påbyggingsåret seinast det skoleåret dei fyller 24 år.

§ 6-7. Gratis vidaregåande opplæring

Den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. Fylkeskommunen kan likevel krevje at elevar og lærlingar dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi forskrift om at elevar skal halde seg med læremiddel og digitalt utstyr.

§ 6-8. Yrkesopplæringsnemnder

Kvar fylkeskommune skal nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda skal behandle.

Departementet kan gi forskrift om kva samansetjing og oppgåver nemnda skal ha.

§ 6-9. Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve

Dei som ikkje har opphaldsløyve i Noreg, har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret som tek til det kalenderåret dei fyller 18 år. Dei som oppheld seg ulovleg i landet utan å ha søkt om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring.

Kapittel 7. Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i den vidaregåande opplæringa

§ 7-1. Norsk skriftspråk (målform) for elevane i den vidaregåande opplæringa

Elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka, bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av desse skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 7-2, 7-3 og 7-5.

Elevane vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk i det skriftlege arbeidet, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

§ 7-2. Opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa

Samiske elevar har rett til opplæring i anten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Samar er dei som kan skrivast inn i samemanntalet, og barna deira.

Alle elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, har rett til opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa.

Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i samisk, kan opplæringa givast på ein annan måte. Dersom opplæringa blir gitt ved hjelp av tekniske hjelpemiddel etter § 13-3, skal fylkeskommunen, når det er nødvendig, tilby eleven ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø.

§ 7-3. Opplæring i og på norsk teiknspråk i den vidaregåande opplæringa

Elevar med høyrselshemming har rett til å få opplæring ved hjelp av tolk eller til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk.

Retten til opplæring i og på norsk teiknspråk gjeld berre innanfor dei utdanningsprogramma og programområda som skolane har tilbod om, og delar av opplæringa kan givast ved hjelp av tolk.

§ 7-4. Opplæring i punktskrift i den vidaregåande opplæringa

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift.

§ 7-5. Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje opplæringa på skolen. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Fylkeskommunen skal jamleg vurdere om eleven kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Dersom skolen ikkje har lærarar som kan gi morsmålsopplæring, kan opplæringa givast på ein annan måte. Det same gjeld tospråkleg opplæring i fag.

Kommunen kan vedta at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

§ 7-6. Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg

Elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, kan få heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Slik innføringsopplæring kan berre givast med samtykke frå eleven. Eleven kan få slik opplæring i opp til to år.

Vedtak om innføringsopplæring for ein elev kan berre gjerast for opp til eitt år om gongen. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanverket.

Kapittel 8. Opplæring i bedrift

§ 8-1. Verkeområdet for kapittelet

Dette kapittelet gjeld for den vidaregåande opplæringa som blir gitt i bedrift etter godkjende kontraktar.

Dei som får vidaregåande opplæring i bedrift, blir i denne lova kalla lærlingar. Dersom opplæringa blir gitt i skole, gjeld reglane for elevar. Reglane for elevar gjeld òg for elevar som har praksis eller opplæring i bedrift utan kontrakt etter § 8-2.

§ 8-2. Inngåing og endring av kontrakt om opplæring

Lærlingar skal skrive kontrakt om opplæring med ei eller fleire lærebedrifter. Dersom kontrakten oppfyller krava, skal han godkjennast av fylkeskommunen. Kontrakten kan berre endrast etter samtykke frå fylkeskommunen.

Kontrakten skal vere inngått før opplæringa i lærebedrifta tek til. Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa tek til, sjølv om godkjenninga kjem seinare.

Det skal stå i kontrakten kva som er målet for opplæringa, og kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som er inngått.

Departementet kan gi forskrift om kva form og innhald kontrakten skal ha, og om endring av kontrakten.

§ 8-3. Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring

Kontrakten om opplæring kan seiast opp dersom partane er samde om det. Lærebedrifta skal orientere fylkeskommunen skriftleg før ein kontrakt blir oppsagd.

Ein kontrakt om opplæring kan hevast etter vedtak frå fylkeskommunen dersom lærlingen seier skriftleg frå at han eller ho ikkje ønskjer å halde fram ut kontrakttida. Ein kontrakt om opplæring kan òg hevast dersom ein av partane gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet eller ein av partane ikkje er i stand til å oppfylle kontrakten.

Dersom ein kontrakt om opplæring blir oppsagd eller heva, skal lærebedrifta skrive ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.

§ 8-4. Lærlingane sine rettar og plikter som arbeidstakarar. Tilhøvet til arbeidsmiljøloven

Lærlingar er arbeidstakarar i lærebedrifta, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar.

Lærlingar skal ha arbeidsavtale med lærebedrifta. Lærebedrifta kan berre seie opp denne arbeidsavtalen dersom kontrakten om opplæring blir oppsagd eller heva etter § 8-3.

Dei første seks månadene av arbeidsforholdet kan arbeidsavtalen likevel seiast opp etter reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 dersom lærlingen har fylt 21 år og har inngått kontrakt om full opplæring i bedrift. Kontrakten om opplæring fell bort dersom arbeidsavtalen blir oppsagd.

Arbeidsavtalen fell bort når læretida er over, eller dersom kontrakten blir oppsagd eller heva.

Andre avsnitt andre setning, tredje avsnitt og fjerde avsnitt i føresegna her gjeld ikkje arbeidsavtalar som partane har inngått uavhengig av kontrakten om opplæring.

§ 8-5. Godkjenning av lærebedrifter

Fylkeskommunen skal godkjenne lærebedrifter som oppfyller krava i § 8-6.

Før fylkeskommunen kan godkjenne ei lærebedrift, må ho vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda. Fylkeskommunen skal leggje stor vekt på den faglege vurderinga.

Departementet kan gi forskrift om godkjenning av lærebedrifter og om deling av ansvaret mellom samarbeidande lærebedrifter.

§ 8-6. Krav til lærebedrifter

Ei lærebedrift skal vere i stand til å gi opplæring i samsvar med læreplanar for fag, anten åleine eller i samarbeid med andre godkjende lærebedrifter.

Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar som har ansvaret for opplæringa, og ein eller fleire instruktørar som gir opplæring.

§ 8-7. Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass

Fylkeskommunen skal rekruttere lærebedrifter med sikte på å gi alle kvalifiserte søkjarar tilbod om læreplass i bedrift.

Fylkeskommunen skal formidle kvalifiserte søkjarar til lærebedrifter det er inngått avtalar om læreplass med.

Departementet kan gi forskrift om formidling til læreplass.

§ 8-8. Tilskot til lærebedrifter

Fylkeskommunen skal gi godkjende lærebedrifter tilskot til opplæring.

Departementet kan gi forskrift om tilskot til lærebedrifter.

§ 8-9. Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning

Fylkeskommunen skal rettleie lærebedriftene og kontrollere at dei oppfyller krava i denne lova.

Etter ei fagleg vurdering i yrkesopplæringsnemnda kan fylkeskommunen trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava. Den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda skal vege tungt.

Godkjenninga som lærebedrift fell bort to år etter at den siste kontrakten om opplæring er avslutta.

Departementet kan gi forskrift om tap av godkjenning.

§ 8-10. Lærebedriftene sitt ansvar for opplæringa

Lærebedriftene skal lage ein plan som sikrar at lærlingane får opplæring i samsvar med kontrakten, og dei skal leggje produksjonen til rette for denne opplæringa.

Lærebedriftene skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. Den samla arbeids- og opplæringstida til lærlingar skal ikkje vere lengre enn arbeidstida til andre arbeidstakarar.

Lærebedrifter som ikkje lenger kan gi opplæring i samsvar med kontrakten, skal melde frå til fylkeskommunen.

§ 8-11. Krav til internkontroll i lærebedrifter

Lærebedriftene skal ha internkontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med denne lova. Representantar for arbeidstakarane skal få ta del i internkontrollarbeidet.

Lærebedriftene skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir. Departementet kan gi forskrift om rapporteringsplikta.

Kapittel 9. Skyss, bustad og oppfølgingsteneste

§ 9-1. Skyss til og frå skolen for elevar i den vidaregåande opplæringa

Elevar har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle dersom dei bur meir enn seks kilometer frå skolen. Retten til skyss eller full skyssgodtgjersle gjeld til og frå begge heimane når eleven har to heimar.

Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.

Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen.

Departementet kan gi forskrift om at retten til skyss kan oppfyllast gjennom rabattordningar for offentleg transport i område med eit godt utbygd kollektivtilbod.

§ 9-2. Reisefølgje for og tilsyn med elevar i den vidaregåande opplæringa

Elevar som får skyss, har rett til reisefølgje dersom dei treng det.

Elevar som får skyss, har rett til tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.

§ 9-3. Hjelp med å skaffe bustad for elevar i den vidaregåande opplæringa

Når ein elev ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen, skal fylkeskommunen hjelpe til med å skaffe eleven ein stad å bu. Er det ikkje mogleg å skaffe eleven bustad på annan måte, skal fylkeskommunen sørgje for at det blir bygd ein elevheim.

§ 9-4. Oppfølgingsteneste for ungdom som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Kvar fylkeskommune skal ha ei oppfølgingsteneste. Oppfølgingstenesta skal sørgje for at ungdom som har rett til opplæring etter § 6-1 og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid. Ein er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året ein fyller 21 år.

Departementet kan gi forskrift om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

Fjerde delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa

Kapittel 10. Universell opplæring og individuell tilrettelegging

§ 10-1. Universell opplæring

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for universell opplæring, det vil seie at opplæringa skal vere tilfredsstillande for flest mogleg utan individuell tilrettelegging.

§ 10-2. Plikt til å sikre tilfredsstillande utbytte av opplæringa (aktivitetsplikt)

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og vurderer om dei har tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at lærarane melder frå til rektor dersom det er tvil om at ein elev får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. I slike tilfelle skal skolen vurdere og setje i verk tiltak innanfor den universelle opplæringa med sikte på å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av den.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar som er i ferd med å bli hengande etter i opplæringa, blir gitt forsterka innsats. Om det er til det beste for eleven, kan den forsterka innsatsen i ein kort periode givast som eineundervisning.

Skolen skal vurdere om tiltaka gir eleven eit betre utbytte av opplæringa, og om eleven kan trenge individuelt tilrettelagd opplæring.

§ 10-3. Individuelt tilrettelagd opplæring

Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom utbyttet av den universelle opplæringa ikkje er tilfredsstillande.

§ 10-4. Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring

Kommunen og fylkeskommunen skal hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta før dei avgjer om ein elev skal få individuelt tilrettelagd opplæring. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng slik tilrettelegging.

Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande opplæring på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa.

Ei sakkunnig vurdering kan berre gjerast med samtykke frå eleven eller foreldra. Eit vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan berre gjerast når eleven eller foreldra samtykkjer. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

§ 10-5. Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde

I den sakkunnige vurderinga skal den pedagogisk-psykologiske tenesta alltid greie ut om

  • a) eleven sitt utbytte av den universelle opplæringa

  • b) kvifor eleven eventuelt ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa

  • c) kva som er realistiske opplæringsmål for eleven

  • d) kva tiltak som kan gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa

§ 10-6. Krav om kompetanse for å gi individuelt tilrettelagd opplæring

Den som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring, må oppfylle kompetansekrava for å bli tilsett i lærarstilling, jf. § 15-2, og krava om relevant kompetanse i faget det skal undervisast i, jf. § 15-3.

I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå kompetansekrava dersom det vil gi eleven betre opplæring. Slike unntak kan berre gjerast for personar med ei universitets- eller høgskoleutdanning som gjer dei særleg eigna til å vareta behova til eleven.

§ 10-7. Individuell opplæringsplan

Skolen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring. I planen skal det stå kva som er måla for og innhaldet i opplæringa, og korleis ho skal drivast.

§ 10-8. Årleg evaluering av eleven sitt utbytte av den individuelt tilrettelagde opplæringa

Skolen skal éin gong i året utarbeide ei skriftleg oversikt over den individuelt tilrettelagde opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven sett opp mot måla i den individuelle opplæringsplanen. Eleven eller foreldra skal få oversikta og vurderinga.

§ 10-9. Personleg assistanse

Elevar som treng personleg assistanse for å delta i opplæringa, har rett til slik assistanse.

§ 10-10. Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel

Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

§ 10-11. Opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet

Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel. Dei har òg rett til nødvendig opplæring i mobilitet slik at dei kan ta seg fram på skolen, komme seg til og frå skolen og delta i aktivitetar i regi av skolen.

§ 10-12. Pedagogisk-psykologisk teneste

Kvar kommune og fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med skolane og hjelpe til med kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling og tilrettelegging av opplæringa for elevane.

Tenesta skal utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det. Departementet kan gi forskrift om at den pedagogisk-psykologiske tenesta skal utarbeide sakkunnige vurderingar i andre tilfelle òg.

Kapittel 11. Skolemiljøet til elevane

§ 11-1. Verkeområde for kapittelet

Kapittelet gjeld for skolen, leksehjelpordninga og skolefritidsordninga.

§ 11-2. Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

§ 11-3. Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Skolen skal ikkje godta krenking som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skolemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen og læringa til elevane.

§ 11-4. Plikt til å sikre at elevane har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt)

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn mot krenking som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt. Rektor skal varsle kommunen og fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.

Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skolen snarast undersøkje saka.

Når ein elev seier at han eller ho ikkje har det trygt og godt, skal skolen undersøkje saka og så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at eleven får det trygt og godt. Det same gjeld når ei undersøking som skolen sjølv har sett i gang, viser at ein elev ikkje har det trygt og godt. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.

Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

  • a) kva problem tiltaka skal løyse

  • b) kva tiltak skolen har planlagt

  • c) når tiltaka skal gjennomførast

  • d) kven som skal gjennomføre tiltaka

  • e) når tiltaka skal evaluerast

Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte avsnitt, i den forma og det omfanget som er nødvendig.

§ 11-5. Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, krenkjer ein elev med til dømes mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor. Rektor skal varsle kommunen eller fylkeskommunen med mindre varselet er openbert grunnlaust.

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein i leiinga ved skolen krenkjer ein elev med til dømes mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande varsle kommunen eller fylkeskommunen direkte.

Undersøking og tiltak etter § 11-4 tredje og fjerde avsnitt skal setjast i verk straks.

§ 11-6. Fylkesmannen si handheving av aktivitetsplikta i enkeltsaker

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til fylkesmannen etter at saka er teken opp med rektor.

Fylkesmannen skal avgjere om aktivitetsplikta etter §§ 11-4 og 11-5 er oppfylt, for å bidra til at eleven får det trygt og godt på skolen. Dersom saka ikkje er teken opp med rektor, eller om det er under ei veke sidan ho vart teken opp, skal fylkesmannen avvise saka, om det ikkje er særlege grunnar til å behandle saka. Det same gjeld dersom eleven ikkje lenger går på den skolen saka gjeld.

Kommunen, fylkeskommunen og skolen skal utan hinder av lovfesta teieplikt leggje fram alle opplysningar som fylkesmannen meiner må til for å greie ut saka.

Kjem fylkesmannen til at skolen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta etter §§ 11-4 og 11-5, kan fylkesmannen påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette forholdet. Dersom saka elles vil bli unødig forseinka, eller dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje kjem til å rette forholdet, kan fylkesmannen vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få det trygt og godt.

Fylkesmannen skal setje ein frist for gjennomføringa av vedtaket og følgje opp saka. Fylkesmannen kan vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 2-5, eller vedta at ein elev skal byte skole, jf. § 12-3.

Avgjerda til fylkesmannen er eit enkeltvedtak.

§ 11-7. Det fysiske miljøet

Kommunen og fylkeskommunen skal i planlegginga, bygginga, tilrettelegginga og drifta av skolane ta omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Det fysiske miljøet på skolen skal vere i samsvar med dei gjeldande faglege normene. Ved avvik frå normene må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel er tilfredsstillande med omsyn til tryggleik, helse, trivsel og læring.

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane som har nedsett funksjonsevne.

Dersom ein elev, ein forelder eller eit av råda eller utvala på skolen der desse er representerte, ber om tiltak for å bøte på manglar ved det fysiske miljøet, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningsloven. Om skolen ikkje har teke stilling til saka innan rimeleg tid, kan det klagast som om det var gjort enkeltvedtak.

§ 11-8. Tvangsmulkt

For å sikre gjennomføringa av vedtak etter § 11-6 kan fylkesmannen og klageinstansen fastsetje tvangsmulkt for kommunar og fylkeskommunar. Tvangsmulkt kan fastsetjast samtidig med vedtaket eller seinare.

Ei avgjerd om tvangsmulkt får verknad når kommunen eller fylkeskommunen ikkje held fristen for gjennomføring av vedtaket etter § 11-6, og mulkta går til vedtaket er oppfylt. Ei avgjerd om tvangsmulkt får ikkje verknad dersom det er uråd å rette seg etter vedtaket og den ansvarlege ikkje kan noko for det.

Avgjerda om tvangsmulkt skal behandlast i samsvar med reglane i forvaltningsloven kapittel IV og V.

Mulkta går til statskassa. I særlege tilfelle kan tvangsmulkta reduserast eller falle bort.

Departementet kan gi forskrift om kva slags tvangsmulkt som kan nyttast, og om kor stor mulkta skal vere.

§ 11-9. Straffansvar for brot på reglane om skolemiljø

Med bot eller fengsel i opp til 3 månader blir den straffa som forsettleg eller aktlaust grovt eller fleire gonger bryt føresegnene i § 11-4 første avsnitt, § 11-4 andre avsnitt eller § 11-5. Med bot eller fengsel i opp til 3 månader blir den rektoren straffa som forsettleg eller aktlaust grovt eller fleire gonger bryt føresegnene i § 11-4 tredje avsnitt eller § 11-4 fjerde avsnitt.

Dersom ei føresegn i § 11-4 første til fjerde avsnitt eller § 11-5 er broten av nokon som handlar på vegner av skolen, kan kommunen og fylkeskommunen straffast, jf. straffeloven § 27.

Straffansvaret er forelda etter 5 år.

§ 11-10. Bevisbør i erstatningssaker om psykososialt skolemiljø

Dersom det er grunn til å tru at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har følgt reglane om psykososialt skolemiljø i eller i medhald av kapittel 11, skal det ved behandlinga av erstatningskrav etter skadeserstatningsloven leggjast til grunn at reglane ikkje er følgde, om ikkje kommunen eller fylkeskommunen gjer noko anna truleg.

Kapittel 12. Skadeførebygging og ordenstiltak

§ 12-1. Tiltak overfor elevane for å halde ro og orden og avverje skade

Skolen skal arbeide førebyggjande mot skade og fare, og sørgje for tryggleik med minst mogleg inngripande tiltak.

Tilsette i skolen kan gripe inn fysisk mot elevar dersom det er nødvendig for å avverje fare for skade på andre personar eller for å avverje vesentleg skade på eigedom. Tilsette kan òg gripe inn fysisk mot elevar for å halde ro og orden dersom det er nødvendig for å unngå meir inngripande tiltak. Tilsette kan berre nytte lite inngripande tiltak, som å halde eleven fast ei lita stund eller ta eleven ut av fellesrom. Dei fysiske inngrepa skal vere så få, kortvarige og skånsame som mogleg.

Tilsette i skolen kan likevel gripe inn overfor elevane etter reglane om nødrett og nødverje i straffelova §§ 17 og 18.

Dersom det blir nytta inngrep etter andre eller tredje avsnitt, skal rektor varslast, og hendinga må dokumenterast i den forma og i det omfanget som er nødvendig. Rektor skal varsle kommunen eller fylkeskommunen.

Tiltak som er allment aksepterte i samhandlinga mellom vaksne og barna dei har omsorg for, skal ikkje reknast som tiltak etter denne føresegna.

For helserelaterte tiltak gjeld kapittel 9 i helse- og omsorgstjenesteloven.

Departementet kan gi forskrift om bruk av tiltak etter denne føresegna.

§ 12-2. Bortvising

Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje i skolereglane at elevane kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på skolereglane. Elevar på 1. til 7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. trinn kan visast bort for opp til tre dagar. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for opp til fem dagar. Det kan òg fastsetjast at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret dersom regelbrota er særleg alvorlege.

Det er rektor sjølv som vedtek bortvising frå opplæringa. Om ikkje kommunen eller fylkeskommunen fastset noko anna, kan rektor gi lærarar høve til å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt som læraren sjølv har ansvaret for. Bortvisinga kan ikkje vare meir enn to klokketimar. Det er fylkeskommunen sjølv som gjer vedtak om at ein elev i den vidaregåande opplæringa skal visast bort for resten av skoleåret.

Ein elev kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

§ 12-3. Pålagt skolebyte

Ein elev kan flyttast til ein annan skole, dersom åtferda til eleven går alvorleg ut over tryggleiken, trivselen eller læringa til ein eller fleire medelevar.

Ein elev kan ikkje flyttast dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege. Ein elev kan ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må flytte ut av heimen eller gjer at dagleg skyss blir uforsvarleg. Ein elev i den vidaregåande skolen skal heller ikkje flyttast dersom det fører til at eleven må byte utdanningsprogram og programområde.

Kommunen og fylkeskommunen sjølv gjer vedtak om skolebyte.

§ 12-4. Forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

Når elevar får opplæring, skal dei ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det. Det same gjeld når dei deltek i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.

Når dei som er tilsette i skolen, er saman med elevane, skal dei ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga, leksehjelpordninga, skolehelsetenesta eller den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Forbodet gjeld ikkje tildekking av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking som tener pedagogiske eller sosiale føremål.

Kapittel 13. Organiseringa av opplæringa, læremiddel og opplæringsspråk

§ 13-1. Skolerute og lengda på skoleåret

Opplæringa i eit skoleår skal strekkje seg over minst 38 veker. Elevane skal ha minst sju veker samanhengande ferie.

Kommunen og fylkeskommunen skal gi forskrift om skole- og feriedagar for elevane (skolerute). Skole- og feriedagane skal planleggjast slik at eksamen og nasjonale prøver kan gjennomførast.

§ 13-2. Inndeling av elevar i klassar og grupper

Kvar elev skal høyre til éin klasse og ha så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper. Inndelinga i klassar og grupper skal medverke til at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse og respekt for kvarandre.

Ingen klassar eller grupper skal vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå dersom det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit forsvarleg utbytte av opplæringsaktiviteten, så sant det ikkje går ut over dei andre elevene sitt høve til å få eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå berre i særskilde og avgrensa delar av opplæringa. Det skal vurderast jamleg om inndelinga etter fagleg nivå er nødvendig.

Elevane kan berre delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det.

Alle elevar skal ha ein kontaktlærar. Kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen.

§ 13-3. Gjennomføring av opplæringa med tekniske hjelpemiddel utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning)

Dersom elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel og det er gode grunnar for å gjennomføre opplæringa på denne måten, kan det gjerast unntak frå hovudregelen i § 15-4 om at læraren skal vere til stades saman med elevane. Kommunen og fylkeskommunen må i så fall kunne godtgjere at denne opplæringa er trygg og pedagogisk forsvarleg.

§ 13-4. Opplæringsspråk og hovudmål på kvar skole

Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Departementet kan etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen gi ein skole tidsavgrensa fritak frå kravet til opplæringsspråk.

Kommunen og fylkeskommunen skal gi forskrift om kva som skal vere hovudmålet på kvar skole. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.

§ 13-5. Læremiddel

I norsk og samisk kan skolen berre bruke læremiddel som følgjer offisiell rettskriving.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det i opplæringa berre blir brukt læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Krava gjeld for læremiddel som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen for faget. Krava gjeld ikkje læremiddel

  • a) i faget norsk

  • b) i fag med årskull med 300 eller færre elevar

  • c) der den norske teksten utgjer ein mindre del

Krava til rettskriving og kravet til at læremidla skal liggje føre på både bokmål og nynorsk, gjeld både trykte og digitale læremiddel som er utvikla til bruk i opplæringa.

Skolen kan ikkje bruke norskspråklege trykte og digitale ordlister og ordbøker som ikkje er godkjende av Språkrådet.

§ 13-6. Bibliotek

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit bibliotek. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida og tilrettelagt for bruk i opplæringa.

§ 13-7. Opplæring om livssyn og fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn

Opplæringa skal ikkje vera forkynnande.

Opplæringa om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal samle alle elevar og presentere ulike religionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte.

Elevar har etter skriftleg melding rett til fritak frå aktivitetar i opplæringa som dei opplever som utøving av ein annan religion enn sin eigen eller tilslutning til eit anna livssyn enn sitt eige, eller som dei på same grunnlag opplever som krenkjande eller støytande. Ein treng ikkje grunngi meldinga. Ein kan ikkje krevje fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag.

Elevar som får fritak frå aktivitetar i opplæringa, skal ha anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald.

Kapittel 14. Rådgiving

§ 14-1. Rådgiving om utdannings- og yrkesval

Kommunen skal sørgje for at elevar på 1. til 7. trinn får nødvendig rådgiving om val av fag på 8. til 10. trinn. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar på 8. til 10. trinn og i vidaregåande opplæring får nødvendig rådgiving om utdannings- og yrkesval.

Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei treng det.

Fylkeskommunen skal sørgje for at lærlingar har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval.

Departementet kan gi forskrift om rådgiving om utdannings- og yrkesval.

§ 14-2. Rådgiving om sosiale og personlege forhold

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for god tilgang til nødvendig rådgiving om sosiale og personlege forhold. Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei treng det. Elevane skal kunne få råd frå andre enn lærarane sine om dei ønskjer det.

Fylkeskommunen skal sørgje for at lærlingar har tilgang til rådgiving om sosiale og personlege forhold.

Departementet kan gi forskrift om rådgiving om sosiale og personlege forhold.

Kapittel 15. Personalet i skolen

§ 15-1. Leiing

Kvar skole skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativ forsvarleg.

Ein skole skal leiast av éin rektor. Rektoren kan leie fleire skolar dersom han eller ho kan ta del i den daglege verksemda på kvar skole og arbeide med utviklinga av verksemda. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse.

§ 15-2. Krav om kompetanse for å bli tilsett som lærar

Berre personar som har relevant fagleg og pedagogisk kompetanse på tiltredingstidspunktet, kan tilsetjast i lærarstilling.

Dersom ingen søkjarar oppfyller kompetansekrava, kan andre tilsetjast mellombels i ei lærarstilling. Mellombels tilsetjing kan ikkje vare lenger enn til 31. juli, med mindre søkjaren blir tilsett på det vilkåret at påbyrja lærarutdanning skal fullførast. Kor lenge ei tilsetjing på dette vilkåret skal vare, avtalar arbeidsgivaren og arbeidstakaren ut frå kor stor stilling, kor lang utdanning og kor tilgjengeleg utdanningstilbod det er tale om.

Departementet kan gi forskrift om kva kompetanse ein må ha for å bli tilsett i lærarstilling.

§ 15-3. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaget

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at lærarar har relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i. Dette gjeld ikkje mellombels tilsette.

Kommunen og fylkeskommunen kan fråvike krava i første avsnitt dersom det er nødvendig fordi skolen ikkje har nok lærarar med relevant kompetanse i faget. Behovet for å fråvike krava skal då vurderast kvart skoleår.

Departementet kan gi forskrift om kva som er relevant kompetanse i dei ulike faga.

§ 15-4. Kven som kan ha fagleg ansvar for opplæringa

Berre lærarar kan ha det faglege ansvaret for opplæringa. Det faglege ansvaret inneber å førebu og følgje opp opplæringa og som hovudregel å vere til stades saman med elevane i opplæringa. Anna personale kan hjelpe til i opplæringa.

§ 15-5. Krav om forsvarleg vikarordning

Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for at skolane har god nok tilgang på lærarar til å oppfylle kravet i § 15-4 ved vanleg og venta fråvær.

§ 15-6. Krav til kompetanse i verksemda

Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for å ha den rette og nødvendige kompetansen i verksemda.

Kommunar og fylkeskommunar skal sørgje for at lærarar, rektorar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

§ 15-7. Politiattest og forbod mot tilsetjing

Kommunen eller fylkeskommunen skal krevje politiattest av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels eller ha praksis i grunnskolen, i den vidaregåande skolen, i skolefritidsordninga, i leksehjelpa eller i skoleliknande aktivitetstilbod. Kommunen og fylkeskommunen kan òg krevje politiattest av andre som jamleg oppheld seg på desse stadene.

Politiattesten skal innehalde dei merknadene som politiregisterloven § 39 første avsnitt fastset. I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar for brot på straffeloven (2005) §§ 196, 209, 210, 211, 251, 252, 254, 255, 256, 263, 264, 271, 272, 273, 284 og 285, straffeloven (1902) §§ 121, 139, 222, 223, 227, 228, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse §§ 1 og 2. Merknader om reaksjonar for brot på desse straffeboda skal vere i samsvar med politiregisterloven § 40 om ordinær politiattest. Politiattesten skal innehalde merknader om verserande saker i samsvar med reglane i politiregisterloven § 41 nr. 2 om utvida politiattest.

Ein som er dømd for eller har vedteke førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde i første avsnitt. Er det merknad om reaksjonar for andre straffebrot på politiattesten, skal det vurderast konkret om søkjaren bør tilsetjast. Det same gjeld den som har fått ein annan reaksjon enn dom eller førelegg. Dersom det står merknader på politiattesten til ein person som er nemnd i første avsnitt andre setning, skal kommunen og fylkeskommunen vurdere om vedkommande skal nektast tilgjenge til skolen eller tilbodet.

Departementet skal gi forskrift om kva for straffebod som skal vere omfatta av tredje avsnitt første setning. Departementet kan òg gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.

Kapittel 16. Opplysningsplikt og anna

§ 16-1. Plikt til å opplyse sosialtenesta og helse- og omsorgstenesta

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, i arbeidet sitt er merksame på forhold som kan føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta i kommunen.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova av eige tiltak gir sosialtenesta og helse- og omsorgstenesta i kommunen opplysningar om velferda til eleven dersom slike opplysningar kan føre til tiltak etter sosialtjenesteloven eller helse- og omsorgstjenesteloven. Opplysningar som er omfatta av teieplikt, kan ein berre gje vidare av eige tiltak etter samtykke frå eleven eller foreldra.

§ 16-2. Plikt til å opplyse barnevernet

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barneverntenesta utan ugrunna opphald

  • a) når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,

  • b) når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,

  • c) når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,

  • d) når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar òg å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernloven § 6-4.

§ 16-3. Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga

Dersom barneverntenesta har overteke omsorga etter barnevernloven §§ 4-8 eller 4-12, har barneverntenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Det same gjeld etter vedtak om flytteforbod etter barnevernloven § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernloven § 4-6 andre avsnitt.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 3-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 3-2, velje målform, jf. § 4-1, krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn, jf. § 13-7, og krevje opplæring i og på samisk og i kvensk og finsk, jf. §§ 4-2 og 4-3.

§ 16-4. Innhenting av opplysningar frå folkeregisteret

Offentlege myndigheiter kan utan hinder av teieplikt hente inn opplysningar frå folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om kva for opplysningar som kan innhentast.

§ 16-5. Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar

Departementet kan gi forskrift om at dei ansvarlege for opplæringa og dei som får opplæring, skal delta i evalueringar og gi opplysningar om opplæringa.

Femte delen – grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne elevar

Kapittel 17. Rett til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

§ 17-1. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Dei som ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 3-1, men treng grunnskoleopplæring i fag eller i grunnleggjande dugleikar, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Retten gjeld ikkje for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 6.

I vurderinga av om ein vaksen treng grunnskoleopplæring, skal det takast omsyn til tidlegare opplæring og behovet for ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Det skal òg takast omsyn til kva den vaksne sjølv meiner.

§ 17-2. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, men ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå det året dei fyller 25 år. Dei som har fullført vidaregåande opplæring etter § 6-1, men ikkje har oppnådd studiekompetanse, yrkeskompetanse eller annan planlagd sluttkompetanse, har òg rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dette gjeld òg dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.

Vaksne har rett til inntak på eitt av tre opplæringstilbod som dei har søkt på, eller eit opplæringstilbod som gir dei høve til å formalisere yrkeskompetanse eller oppnå studiekompetanse.

Dersom læreplanen føreset opplæring i bedrift, men fylkeskommunen ikkje kan formidle slik opplæring, skal den vaksne få heile opplæringa i den ordinære vaksenopplæringa. Når vaksne får opplæringa i bedrift, gjeld kapittel 8 for den delen av opplæringa.

Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, og om inntaket til opplæringa.

§ 17-3. Kva reglar som gjeld for vaksne

Reglane i kapittel 17, 18 og 19 gjeld for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Dersom fylkeskommunen tilbyr det, kan vaksne med rett til vidaregåande opplæring etter § 17-2 velje vidaregåande opplæring etter kapittel 6. Dei får då dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 6-1.

Vaksne som blir tekne inn til vidaregåande opplæring utan å ha rett til det, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring etter § 17-2.

§ 17-4. Påbygging til generell studiekompetanse

Dei som har bestått fag- og yrkesopplæring før fylte 24 år, har rett til påbygging til generell studiekompetanse.

§ 17-5. Realkompetansevurdering

Vaksne som har rett til opplæring, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert.

Vaksne som ikkje har rett til opplæring, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert dersom kommunen eller arbeids- og velferdsetaten tilrår det.

Departementet kan gi forskrift om realkompetansevurdering, om klage på realkompetansevurdering og om dokumentasjon.

§ 17-6. Gratis opplæring for vaksne elevar

Påboda i §§ 3-5 og 6-7 om gratis opplæring gjeld òg for vaksne elevar.

§ 17-7. Rett til opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve

Dei som ikkje har opphaldsløyve i Noreg, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne ut det skoleåret som tek til det kalenderåret dei fyller 18 år. Dei som oppheld seg ulovleg i landet utan å ha søkt om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til grunnskoleopplæring for vaksne.

Dei som oppheld seg ulovleg i landet eller ventar på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve, har ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.

§ 17-8. Plikt til oppmøte og aktiv deltaking for vaksne elevar

Vaksne elevar som får grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, har plikt til å møte opp til opplæringa og delta aktivt.

Kapittel 18. Innhaldet i og organiseringa av grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne elevar

§ 18-1. Innhald, vurdering og dokumentasjon for vaksne elevar

Læreplanar for fag med heimel i § 1-4 gjeld for opplæringa for vaksne elevar. Formålet med opplæringa i § 1-2 og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa med heimel i § 1-4 gjeld så langt det høver. Departementet kan gi forskrift om kva fag grunnskoleopplæringa for vaksne elevar omfattar.

Opplæringa skal tilpassast kompetansen til den vaksne.

Vaksne elevar har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet skal gi forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon.

§ 18-2. Rett til opplæring i og på samisk for vaksne elevar

Vaksne samiske elevar har rett til opplæring i samisk. Vaksne samiske elevar har rett til grunnskoleopplæring på samisk når det er nødvendig for at opplæringa skal vere forsvarleg. Samar er dei som kan skrivast inn i samemanntalet, og barna deira.

§ 18-3. Universell og tilrettelagd opplæring for vaksne elevar

Kravet i § 10-1 om universell opplæring gjeld òg for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne elevar.

Vaksne elevar som får grunnskoleopplæring, har rett til

  • a) individuelt tilrettelagd opplæring etter §§ 10-3 til 10-8

  • b) personleg assistanse etter § 10-9

  • c) fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel etter § 10-10

  • d) særskild språkopplæring etter § 4-6

Vaksne elevar som får vidaregåande opplæring, har rett til individuell tilrettelegging når det er nødvendig for at opplæringa skal vere forsvarleg. Når fylkeskommunen skal avgjere om og korleis det skal leggjast til rette, skal det vurderast kva føresetnader eleven har, kva fagleg utbytte eleven kan få av opplæringa, og kva ressursar tilrettelegginga krev.

§ 18-4. Krav om kompetanse for å bli tilsett i lærarstilling i opplæringa for vaksne elevar

Kravet i § 15-2 om kompetanse gjeld òg for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne elevar.

Departementet kan gi forskrift om høve til å tilsetje personar som ikkje er lærarar, i opplæringa for vaksne elevar.

§ 18-5. Politiattest og forbod mot tilsetjing i opplæringa for vaksne elevar

Kravet i § 15-7 om å leggje fram politiattest og forboda mot tilsetjing gjeld òg for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne elevar.

§ 18-6. Læringsmiljøet i opplæringa for vaksne elevar

Kommunen og fylkeskommunen skal saman med dei vaksne elevane arbeide for eit godt læringsmiljø.

Opplæringa skal skje i høvelege lokale.

§ 18-7. Lokale reglar for vaksne elevar

Kommunen og fylkeskommunen kan gi reglar om dei rettane og pliktene som gjeld for dei vaksne elevane i opplæringa, mellom anna reglar om orden og åtferd.

Det kan òg givast reglar om kva tiltak som kan brukast når vaksne elevar bryt reglane, og om korleis slike saker skal behandlast. Kommunar og fylkeskommunar kan berre bruke tiltak som er fastsette i reglane.

§ 18-8. Forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i opplæringa for vaksne elevar

Forbodet i § 12-4 mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet heilt eller delvis, gjeld òg for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne elevar.

§ 18-9. Bortvising av vaksne elevar

Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje i reglane etter § 18-7 at vaksne elevar kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på desse reglane. Det kan òg fastsetjast at vaksne elevar kan visast bort for resten av den opplæringa dei er tekne inn på, dersom regelbrota er særleg alvorlege.

Det er kommunen eller fylkeskommunen sjølv som vedtek bortvising etter første avsnitt andre setning.

Ein vaksen elev kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.

§ 18-10. Organisering av opplæringstilbodet til vaksne elevar

Grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne elevar skal organiserast som eit særskilt tilbod for vaksne.

Opplæringstilbodet til vaksne elevar skal tilpassast livssituasjonen deira. Tilpassinga kan mellom anna gå ut på kveldsundervisning, nettundervisning og komprimering av opplæringstida.

Kommunen og fylkeskommunen kan nytte private til å gi vaksne elevar eit opplæringstilbod, men skal sjølv dokumentere opplæringa etter § 18-1.

§ 18-11. Det vidaregåande opplæringstilbodet for vaksne elevar

Kravet i § 6-3 om planlegging og utbygging av det vidaregåande opplæringstilbodet gjeld òg for det vidaregåande opplæringstilbodet til vaksne elevar.

Kapittel 19. Skyss, reisefølgje og losji for vaksne elevar i grunnskoleopplæringa

§ 19-1. Skyss til og frå opplæringsstaden for vaksne elevar i grunnskoleopplæringa

Vaksne elevar i grunnskoleopplæringa har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå opplæringsstaden.

Vaksne elevar i grunnskoleopplæringa som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå opplæringsstaden.

§ 19-2. Reisefølgje for og tilsyn med vaksne elevar i grunnskoleopplæringa

Vaksne elevar som får skyss til og frå opplæringsstaden, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.

§ 19-3. Rett til losji for vaksne elevar

Vaksne elevar i grunnskoleopplæringa har rett til losji når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til den vaksne eleven og kor lang og farleg reisevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære.

Kommunen skal om nødvendig ha tilsyn med innlosjerte vaksne elevar.

Sjette delen – privat opplæring, godkjennings- og privatistordningar

Kapittel 20. Privat opplæring

§ 20-1. Kven som kan drive private skolar etter lova

Private kan berre drive skole etter lova her med godkjenning av departementet. Departementet skal godkjenne private grunnskolar dersom dei kan oppfylle krava i § 20-2. Departementet kan gi forskrift om saksbehandlingsreglar for godkjenning av private grunnskolar i samsvar med tjenesteloven § 27. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bot.

Departementet kan godkjenne private vidaregåande skolar dersom det ligg føre ein mellomstatleg avtale om drift av slike skolar. I samband med godkjenninga skal departementet fastsetje kva for krav i lova og forskrift gitt med heimel i lova som skal gjelde for skolane.

Godkjenninga etter første og andre avsnitt fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova innan tre skoleår etter at godkjenninga vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd. Skolen skal gi melding til departementet når drifta etter lova blir nedlagd.

§ 20-2. Ansvaret til private grunnskolar

Private grunnskolar skal oppfylle krava i desse føresegnene i lova her:

  • a) §§ 1-2 og 1-4 første og andre avsnitt om innhaldet i opplæringa

  • b) § 1-3 om forsvarleg opplæring

  • c) Kapitttel 2 om medverknad, skoledemokrati og skolereglar

  • d) § 3-3 om individuell vurdering og dokumentasjon

  • e) § 4-1 om målform

  • f) kapittel 11 om skolemiljøet til elevane

  • g) §§ 12-1, 12-2 og 12-4 om skadeførebygging og ordenstiltak

  • h) § 13-1 andre avsnitt om skole- og feriedagar

  • i) § 13-2 om inndeling av elevar i klassar og gruppar

  • j) § 13-3 om fjernundervisning

  • k) § 13-7 om opplæring om livssyn og fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn. For skolar som er oppretta av religiøse grunnar, gjeld berre andre avsnitt

  • l) Kapittel 14 om rådgiving

  • m) Kapittel 15 om personalet i skolen

  • n) §§ 16-1 og 16-2 om plikt til å gi opplysningar til sosialtenesta, helse- og omsorgstenesta og barnevernet

  • o) § 16-5 om plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar

Kommuneloven § 25-1 om internkontroll gjeld òg for private grunnskolar.

Der lova legg ansvar, oppgåver eller plikter til kommunen, ligg ansvaret til det øvste organet på skolen.

Heimkommunen skal sørgje for at elevane har same tilgang til den pedagogisk-psykologiske tenesta​ som elevane i den offentlege skolen.

§ 20-3. Unntak frå visse krav for utanlandske og internasjonale grunnskolar

For utanlandske og internasjonale grunnskolar som er godkjende etter § 20-1, gjeld ikkje krava som er fastsette i eller med heimel i §§ 1-4, 3-3 og 4-1.

Krava som er fastsette i eller med heimel i §§ 15-2 og 15-3, gjeld ikkje for skolar som følgjer sertifiseringsordningar med eigne krav om kompetanse for lærarar.

Departementet kan gjere unntak frå dei andre krava i § 20-2 første avsnitt så framt unntaka ikkje svekkjer dei grunnleggjande rettane til elevane.

§ 20-4. Forvaltningsloven

Forvaltningsloven §§ 13 til 13 e om teieplikt gjeld for private skolar som er godkjende etter § 20-1 i lova her.

§ 20-5. Grunnskoleopplæring i heimen

Foreldre kan søkje kommunen om å få gi barna sine grunnskoleopplæring i heimen sjølv. Kommunen skal godkjenne søknaden dersom opplæringa vil oppfylle krava i § 1-2 om formålet med opplæringa, § 1-3 om forsvarleg opplæring og § 1-4 om at opplæringa må vere i samsvar med læreplanar for fag og med fag- og timefordelinga.

§ 20-6. Statleg tilsyn med private skolar

Departementet fører tilsyn med private skolar. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.

§ 20-7. Kommunalt tilsyn med grunnskoleopplæring i heimen

Kommunen skal føre tilsyn med grunnskoleopplæring i heimen. Kommunen kan krevje at barn som får grunnskoleopplæring i heimen, tek prøver som kan vise om opplæringa oppfyller krava i denne lova.

Kommunen skal krevje at eit barn følgjer opplæringa i skolen dersom grunnskoleopplæringa i heimen ikkje er i samsvar med krava i § 20-5 andre setning. Godkjenninga fell då bort.

Kapittel 21. Godkjennings- og privatistordningar

§ 21-1. Privatistar til eksamen

Den som har meldt seg til eksamen utan å vere elev eller deltakar i faget, er privatist.

I grunnskolen er det berre vaksne som ville hatt rett til opplæring etter reglane i kapittel 17, som kan ta privatisteksamen.

§ 21-2. Privatistar til fag- og sveineprøva

Den som har ein allsidig yrkespraksis som har vart 25 prosent lenger enn den fastsette læretida i eit lærefag, kan melde seg som privatist til prøve i dette faget utan opplæring i skole eller bedrift. Fylkeskommunen avgjer om praksisen kan godkjennast. Fylkeskommunen kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis enn det som følgjer av første setning.

§ 21-3. Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Departementet avgjer etter søknad frå enkeltpersonar om utanlandsk fag- eller yrkesopplæring skal godkjennast som sidestilt med norsk fagbrev, sveinebrev eller vitnemål. Opplæringa er sidestilt når ho har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning, saksbehandling, klage og avgrensing i klageretten.

Sjuande delen – sluttføresegner

Kapittel 22. Ansvaret til kommunane og fylkeskommunane

§ 22-1. Kommunen sitt ansvar

Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring for dei som bur i kommunen, bortsett frå dei som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 22-3 til 22-5.

Kommunen er ansvarleg for at reglane i denne lova blir oppfylte. Kommunen har òg ansvaret for at alle pliktene som skolen, rektor og personalet i skolen har, blir oppfylte.

Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i kommunen. Departementet kan gi forskrift om at ein kommune skal betale for at ein elev får grunnskoleopplæring i ein annan kommune.

§ 22-2. Fylkeskommunen sitt ansvar

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for dei som bur i fylket. Fylkeskommunen skal òg gi tilbod om vidaregåande opplæring til vaksne søkjarar utan rett etter §§ 6-1 og 17-2.

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for dei som bur eller er innlagde i institusjonar i fylket, og for innsette i fengsel, jf. §§ 22-4 til 22-6. Fylkeskommunen skal oppfylle retten til tilrettelagd grunnskoleopplæring for dei som ikkje har fullført grunnskoleopplæringa, jf. § 3-1.

Fylkeskommunar som har ledig kapasitet, skal gi tilbod til søkjarar frå andre fylke dersom dei har rett til vidaregåande opplæring etter § 6-1. Heimfylket skal refundere utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.

Fylkeskommunen er ansvarleg for at reglane i denne lova blir oppfylte. Fylkeskommunen har òg ansvaret for at alle pliktene som skolen, rektor og personalet i skolen har, blir oppfylte.

Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i fylket. Departementet kan gi forskrift om refusjon for utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.

Oslo kommune har dei rettane og pliktene som ein fylkeskommune har etter denne lova.

§ 22-3. Unntak frå hovudreglane om kommunale grunnskolar og fylkeskommunale vidaregåande skolar

Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv grunnskoleopplæring, og at ein kommune driv vidaregåande opplæring.

Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv vidaregåande opplæring i utlandet dersom opplæringa har som formål at elevane skal få norsk studie- eller yrkeskompetanse. Lova gjeld for slik opplæring.

Staten kan i særlege tilfelle drive grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

§ 22-4. Ansvar for opplæringa til dei som bur i barneverninstitusjonar

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for dei som bur i barneverninstitusjonar i fylket. Dette gjeld berre institusjonar som er omfatta av barnevernloven §§ 5-1 og 5-8.

Fylkeskommunen der ein barneverninstitusjon ligg, har rett til refusjon etter faste satsar frå fylkeskommunen der eleven var busett då vedtaket om plassering vart gjort. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.

Blir opplæringa gitt i barneverninstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.

§ 22-5. Ansvar for opplæringa til innlagde i helseinstitusjonar

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for dei som er innlagde i helseinstitusjonar i fylket. Ansvaret omfattar berre innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten.

Fylkeskommunen der ein helseinstitusjon ligg, har rett til refusjon etter faste satsar frå fylkeskommunen der pasienten var busett på innleggingstidspunktet. Refusjonsretten gjeld berre for pasientar i institusjonar som tilbyr tverrfagleg og spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, og for pasientar i institusjonar i det psykiske helsevernet. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.

Blir opplæringa gitt i helseinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.

§ 22-6. Ansvar for opplæringa til innsette i fengsel

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for innsette i fengsel i fylket.

Dersom opplæringa ikkje blir gitt på skolen, skal kriminalomsorga sørgje for dei lokala som trengst.

§ 22-7. Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og for vaksne elevar som får grunnskoleopplæring. Det er likevel kommunen som skal oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje, tilsyn og losji for grunnskoleelevar og vaksne elevar som får grunnskoleopplæring.

Når fylkeskommunen sørgjer for skyss for grunnskoleelevar og vaksne elevar, skal kommunen dekkje utgiftene som svarer til persontakst for enkeltreiser på strekninga.

Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Blir dei ikkje samde, kan fylkesmannen gi pålegg om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast.

Departementet kan gi forskrift om

  • a) skoleskyss og skyssgodtgjersle

  • b) heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9

  • c) heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke

§ 22-8. Tilbod om meir grunnskoleopplæring

Kommunar og fylkeskommunar kan tilby grunnskoleopplæring etter § 17-1 til dei som har rett til vidaregåande opplæring, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre den vidaregåande opplæringa.

§ 22-9. Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling

Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.

Det skal vere skolefagleg kompetanse i kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i læreplanverket.

Kommunestyret og fylkestinget skal minst ein gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og fråfallet frå opplæringa.

§ 22-10. Ulykkesforsikring

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Fylkeskommunen skal òg sørgje for ulykkesforsikring for lærlingane der yrkesskadeforskring ikkje er dekkjande.

Departementet kan gi forskrift om ulykkesforsikring.

Kapittel 23. Klageinstans, tilsyn og forsøk

§ 23-1. Klageinstans

Føresegnene i forvaltningsloven § 28 om kven som er klageinstans, gjeld som hovudregel for enkeltvedtak etter opplæringslova.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om

  • a) grunnskoleopplæring etter §§ 3-1 og 17-1

  • b) vidaregåande opplæring etter §§ 6-1, 6-5 andre avsnitt, 6-6, 6-9, 17-2, 17-4 og 17-7

  • c) opplæring i og på samisk etter §§ 4-2, 7-2 og 18-2

  • d) opplæring i kvensk eller finsk etter § 4-3

  • e) opplæring i og på norsk teiknspråk etter §§ 4-4 og 7-3

  • f) opplæring i punktskrift etter §§ 4-5 og 7-4

  • g) opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel og i mobilitet etter § 10-11

  • h) særskild språkopplæring etter §§ 4-6, 7-5 og 18-3 andre avsnitt bokstav d

  • i) individuelt tilrettelagd opplæring etter § 10-3

  • j) personleg assistanse etter § 10-9

  • k) fysisk tilrettelegging etter § 10-10

  • l) det fysiske skolemiljøet etter § 11-17

  • m) skolebyte som er pålagt etter § 12-3

Departementet kan gje forskrift om kven som skal vere klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering.

§ 23-2. Statleg tilsyn

Fylkesmannen kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller kommunepliktene som følgjer av lova eller forskrift med heimel i lova, og plikta til å ha internkontroll etter kommuneloven § 25-1. Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for tilsynsverksemda.

Fylkesmannen kan føre tilsyn med at andre plikter etter lova og med heimel i lova blir oppfylte. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld for tilsynsverksemda.

§ 23-3. Forsøksverksemd

Etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen kan departementet godkjenne tidsavgrensa unntak frå lova eller reglar gitt med heimel i lova dersom det er nødvendig for å gjennomføre pedagogiske eller organisatoriske forsøk.

Departementet kan gjere unntak frå lova eller reglar gitt med heimel i lova dersom det er nødvendig for å gjennomføre nasjonale forsøk.

Forsøka skal vere etisk forsvarlege og godt fagleg underbygde. Forsøka skal evaluerast og rapporterast. Forsøka skal ikkje svekkje elevane sine grunnleggjande rettar etter lova.

§ 23-4. Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig

Ein kommune eller fylkeskommune skal oppfylle eit vedtak frå eit statleg forvaltningsorgan som gir ein part rett til tenester etter lova her, sjølv om kommunen eller fylkeskommunen får vedtaket kjent ugyldig gjennom søksmål etter tvisteloven § 1-4 a. Vedtak kan i tilfelle som nemnde i første setning berre gjerast om til skade for den private parten etter forvaltningsloven § 35 første avsnitt bokstav c dersom vedtaket er ugyldig fordi den private parten, eller nokon som handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt urette opplysningar eller halde tilbake opplysningar.

Kapittel 24. Iverksetjing og overgangsreglar

§ 24-1. Iverksetjing og oppheving

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Samstundes blir lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa oppheva. Kongen kan setje i verk ulike kapittel eller føresegner i lova til ulik tid.

§ 24-2. Overgangsreglar

Forskrifter og enkeltvedtak med heimel i føresegner som blir oppheva eller endra med denne lova, står ved lag til Kongen fastset noko anna. Kongen kan gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing frå tidlegare lovgiving til denne lova.

Personale i grunnskolen som er tilsett i uoppseieleg stilling 1. august 1999 kan ikkje seiast opp, og lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 24 nr. 1 andre avsnitt og nr. 2 gjeld for dei.

Fram til 1. august 2028 gjeld ikkje § 15-3 første avsnitt første setning for dei som har fullført allmennlærarutdanninga, og dei som før 1. januar 2014 oppfylte krava for tilsetjing i lærarstilling.

Foreldre som driv grunnskoleopplæring i heimen når lova blir sett i verk, treng ikkje å søkje kommunen om godkjenning etter § 20-5.

§ 24-3. Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, blir desse endringane gjorde i andre lover: - - -

Til forsiden