Ot.prp. nr. 37 (2004-2005)

Om lov om endringar i straffelova (eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om å utforme eit eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Straffelova § 204 omhandlar i dag både pornografi som gjer bruk av barn, og annan pornografi. Framlegget følgjer opp oppmodingsvedtaket som Stortinget gjorde 16. juni 2003 (vedtak nr. 521). Føremålet med å regulere dei to formene for kjønnslege skildringar kvar for seg, er å tydeleggjere at det materialet det er tale om, på fleire måtar skil seg frå kvarandre. Kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn attgjev ofte faktiske seksuelle overgrep mot barnet. Sjølve dei seksuelle overgrepa blir råka av andre og strengare føresegner (til dømes valdtekt (§ 192), seksuelle overgrep mot barn (§§ 195, 196)). Men den vidare kontakten med dei kjønnslege skildringane kan verke som eit fortsatt overgrep, og etterspørjinga av slikt materiale legg grunnlaget for nye overgrep. Departementet legg til grunn at desse elementa ved kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, kjem betre fram om skildringane blir regulerte i eit eige straffebod. Departementet vil ikkje nytte omgrepet «barnepornografi», men i staden omtale materialet som kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Føremålet er ytterlegare å understreke at skildringane skil seg frå pornografi som omhandla i § 204.

Departementet gjer òg framlegg om å seie uttrykkjeleg i den nye føresegna at det å «anskaffe» eller «planmessig» å gjere seg kjend med kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i rørlege og urørlege bilete, er straffbart. Andre innhaldsmessige endringar er ikkje tilsikta.

Departementet foreslår å føre vidare gjeldande § 204 om annan pornografi, fullt ut.