Ot.prp. nr. 37 (2004-2005)

Om lov om endringar i straffelova (eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn)

Til innhaldsliste

4 Endring i straffebodet sitt innhald. Bør den nye føresegna uttrykkjeleg nemne alternativet «anskaffer»?

4.1 Innleiing

Denne proposisjonen har til formål å foreslå ei omredigering med eit særskilt straffebod for barnepornografi slik Stortinget ba om i oppmodingsvedtaket 16. juni 2003. Det ligg utanom dette å gjere framlegg til endringar i innhaldet i straffebodet som ikkje har vore på høyring. Som nemnt i punkt 3.8 vil departementet difor ikkje no ta stilling til om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i form av lydfiler bør ha det strafferettslege vernet som femner om nokre fleire handlemåtar og som gjeld for slike skildringar i rørlege eller urørlege bilete.

Departementet er vorte merksam på at straffeboda mot pornografi og kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn kan reise eit spørsmål som gjeld ytringsfridomen ved vidareformidling. Etter gjeldande § 204 andre ledd tredje punktum, som blir ført vidare i departementet sitt framlegg til både § 204 og § 204 a, vert ei kjønnsleg skildring ikkje rekna som pornografi dersom ho må reknast som forsvarleg ut frå eit kunstnerisk, vitskapleg, informativt eller liknande formål. Denne føresegna rettar seg mot skapinga av slike skildringar. Er det på det reine at desse formåla ikkje var til stades då skildringa vart til, kan det likevel vere spørsmål om det trass i straffebodet kan vere lovleg med vidareformidling av skildringa, kanskje helst der ho vert nytta som eit konkret døme i ei framstilling av vitskapleg eller journalistisk karakter. Ei slik vidareformidling kan jamvel vere nyttig og somtid kan hende naudsynt for arbeidet mot kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Departementet legg til grunn at dette spørsmålet no må få si løysing ut frå den nye § 100 i Grunnlova, som Stortinget vedtok 30. september 2004. Ei slik vidareformidling vil då vere lovleg ut frå ei avveiing i samsvar med Grunnlova § 100 andre ledd, om ho ikkje går klårt lenger enn dei grunnlovfesta formåla tilseier.

Eitt spørsmål om innhaldet i straffebodet mot kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn vil departementet likevel ta opp her, av di det alt har vore på høyring med sikte på gjennomføring av Europarådskonvensjonen 8. november 2001 mot kriminalitet som knyter seg til informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Det er spørsmålet om det bør vere eit særskilt alternativ i gjerningsinnhaldet at nokon «anskaffer» eller utan vederlag gjer seg kjend med kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn.

4.2 Gjeldande rett

Straffetrusselen i straffelova § 204 knyter seg ikkje uttrykkjeleg til det å skaffe seg såkalla barnepornografi. Men dei ulike alternativa som blir nemnde i føresegna, har eit dekningsfelt som gjer det vanskeleg å tenkje seg praktiske måtar å skaffe seg slikt materiale på, som ikkje er straffbare. Det kan likevel vere at den er straffri som gjer seg kjent med barnepornografi utan å gje vederlag for det og utan at det fører til innehav av barnepornografien.

4.3 Europarådets konvensjon 8. november 2001 mot kriminalitet som knyter seg til informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Konvensjonen pålegg i artikkel 9 statane å kriminalisere ei rekkje former for kontakt med barnepornografi med elektroniske hjelpemiddel, jf. NOU 2003: 27 side 24-26. Artikkel 9 nr. 1 bokstav d pålegg statane å kriminalisere «skaffing» («procuring») av barnepornografi ved bruk av eit datasystem.

4.4 Utgreiinga og høyringsbrevet

Utvalet la i NOU 2003: 27 Lovtiltak mot datakriminalitet til grunn at ein ikkje treng å nemne «anskaffer» i tillegg til «besitter» og «innfører», og foreslår ikkje å endre § 204. Samstundes går utvalet inn for at Noreg bør nytte høvet til å ta atterhald frå konvensjonen på dette punktet. I utgreiinga heiter det (side 25):

«Straffeloven § 204 oppfyller langt på vei forpliktelsene i artikkel 9. Imidlertid krever artikkel 9 nr. 1 bokstav d at statene straffesanksjonerer anskaffelse av barnepornografi. Selve anskaffelseshandlingen er ikke straffbar etter norsk rett. Etter utvalgets oppfatning er behovet for et eget straffalternativ som rammer anskaffelsen, overflødig ved siden av alternativene «besitter» og «innfører». Handlingen vil kunne straffes som besittelse idet materialet er lastet ned. Utvalget har derfor kommet frem til at Norge bør benytte reservasjonsadgangen i artikkel 9 nr. 4 for så vidt gjelder artikkel 9 nr. 1 bokstav d.»

På andre punkt meinte utvalet at norsk rett var i samsvar med konvensjonen.

Då Justisdepartementet sendte utgreiinga på høyring ved brev 2. februar 2004, viste departementet til sitatet ovanfor og kommenterte utvalet sine vurderingar om tilhøvet mellom norsk rett og konvensjonen artikkel 9 slik:

«Det går ikke uttrykkelig frem av utredningen hvorfor utvalget likevel ser behov for en reservasjon, men departementet antar det skyldes et ønske om en mest mulig klar og uttrykkelig gjennomføring av konvensjonen. Utvalget har tatt sikte på å arbeide videre med spørsmålet i arbeidet med den andre delutredningen (side 26).

Departementet er enig med utvalget når det går inn for at «enhver befatning med datarelatert barnepornografi bør kriminaliseres», jf. utredningen side 26. Gjerningsbeskrivelsen i straffeloven § 204 knytter ikke strafftrusselen uttrykkelig til anskaffelse av barnepornografi, men de ulike alternativene har et dekningsfelt som i sum gjør det vanskelig å tenke seg praktiske anskaffelseshandlinger som ikke rammes av § 204. Norsk rett oppfyller derfor etter departementets syn forpliktelsen etter konvensjonen artikkel 9 nr. 1 bokstav d. Dermed skulle det ikke være behov for å reservere seg i forhold til artikkel 9 nr. 4 bokstav d. Det er likevel et spørsmål om «anskaffelse» av pedagogiske grunner bør nevnes uttrykkelig i lovteksten.»

Departementet tok i høyringsbrevet sikte på at spørsmålet om å nemne «anskaffer» uttrykkjeleg i lovteksta skulle bli handsama i eit eige høyringsnotat seinare. Samstundes inviterte departementet høyringsinstansane til å uttale seg om dei såg det som naudsynt å endre straffelova § 204 for å oppfylle krava i konvensjonen. Fleire instansar har uttala seg om i kva mon omgrepet «anskaffer» bør nemnast i lovteksten.

4.5 Høyringsinstansane sitt syn

Eit fleirtal av dei høyringsinstansane som har uttala seg om «anskaffelse» av kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i rørlege og urørlege bilete, er samd med departementet i at norsk rett er i samsvar med konvensjonen og at Noreg ikkje treng reservere seg i medhald av artikkel 9 nr. 4 bokstav d. Desse er: Nærings- og handelsdepartementet, riksadvokaten, Oslo politidistrikt, Asker og Bærum politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Barneombodet, Den Norske Advokatforening og Den norske Dommerforening. Nokre høyringsinstansar meiner at det truleg er påkrevd å endre straffelova for at Noreg skal kunne ratifisere konvensjonen: Barne- og familiedepartementet, Politidirektoratet, Økokrim og Troms politidistrikt. Kripos uttalar at det er tvilsamt om norsk rett er i samsvar med konvensjonen, og Sør-Trøndelag politidistrikt legg til grunn at «anskaffer» kan hende inneber noko meir enn «besitter». Gudbrandsdal politidistrikt tek ikkje uttrykkjeleg stilling, men uttalar på generelt grunnlag at Noreg ikkje bør reservere seg meir enn naudsynt.

Dei høyringsinstansane som meiner at norsk rett ikkje er i samsvar med konvensjonen, ynskjer at alternativet «anskaffer» skal nemnast i føresegna om barnepornografi. Det same gjeld dei høyringsinstansane som er i tvil om norsk rett oppfyller konvensjonen. Jamvel nokre av dei som meiner at Noreg ikkje treng reservere seg, går inn for å nemne omgrepet i lovteksten. Det gjeld Nærings- og handelsdepartementet, riksadvokaten og Asker og Bærum politidistrikt. Høyringsinstansen Haugaland og Sunnhordland politidistrikt synest òg positiv til ei endring.

Nokre av dei instansane som ynskjer å ta inn omgrepet «anskaffer» i lovteksten, peiker på at pedagogiske grunnar talar for ei lovendring.

Troms politidistrikt - med tilslutning frå Politidirektoratet - peiker på at alternativet «anskaffer» kan ha sjølvstendig tyding ved forsøk:

«Ved å innta «anskaffelse» i gjerningsbeskrivelsen, vil det for eksempel også kunne omfatte forsøk på anskaffelse, samt anskaffelse som ikke skjer ved innføring over landegrensen.»

Økokrim og Sør-Trøndelag politidistrikt meiner at alternativet «anskaffer» kan utvide området for det straffbare og ramme lagring på såkalla «Temporary Internet Files». Økokrim uttalar:

«ØKOKRIM deler ikke Datakrimutvalgets syn. Alternativene 'anskaffelse' og 'besittelse' må antas å ha ha ulike virkeområder, noe rettspraksis illustrerer. Datakrimutvalget har vist til Eidsivating lagmannsretts dom av 26. september 2002, som slo fast at materiale lagret på såkalte 'Temporary Internet Files' på siktedes datamaskin ikke er å anse som besittelse. Eidsivating lagmannsrett har også kommet til tilsvarende resultat i dom 28. november 2003. I sistnevnte sak hadde siktede vært inne på Internett og sett på minst 110 barnepornografiske bilder. Han hadde stort sett søkt bevisst etter barnepornografi, og han hadde slettet de midlertidige filene hver gang han hadde sett på barnepornografisk materiale på Internett. Retten fant at dette ikke kunne anses som besittelse, jf. strl § 204 bokstav d.

Lagring i temporaryskyldes at siktede har oppsøkt nettsteder med bilder av seksuelle overgrep mot barn. Han har dermed etterspurt slike bilder. ØKOKRIM mener at slik surfing er åpenbart straffverdig. Dommene viser for det første at enhver straffritt kan surfe på barnepornografiske nettsteder. For det annet kan han ikke straffes for besittelse uten at materialet er lagret i det permanente lagringsområdet på harddisken, eventuelt på separate lagringsmedier. Dommene tar ikke hensyn til at brukeren kan styre funksjonaliteten i mellomlagringsområdet, dvs velge hvor lenge han ønsker å ha bildene lagret og hvor store datamengder (hvor mang bilder/filmer) han ønsker lagret i området. ØKOKRIM erfarer at enkelte brukere anvender mellomlagringsområdet som lagringssted på lik linje med det ordinære lagringsområdet på datamaskinen. Det er ikke uvanlig at brukere har store mengder grafikkfiler (bilder/filmer av seksuelle overgrep mot barn) i temporary-området.

Videre representerer surfingen i seg selv slik uheldig etterspørsel som det er et hovedformål å motvirke gjennom forbudet mot bilder av seksuelle overgrep mot barn. Som det fremgår av den forklarende rapporten til konvensjonen, pkt 98, er det viktig å kriminalisere alleledd i kjeden fra produksjon til besittelse. Det vises til passusen: 'An effective way to curtail the production of child pornography is to attach criminal consequences to the conduct of each participant in the chain from production to possession'. Følgelig bør anskaffelsen straffbelegges.

Eidsivating lagmannsrett uttrykte i sistnevnte dom på s 8 bekymring for at mellomlagringsfunksjonen på datamaskinen kan medføre at 'enhver som av en eller grunn klikker seg inn på en internettadresse og ser på en web-side som viser seg å inneholde barnepornografisk materiale, objektivt sett uten videre har brutt loven'.

ØKOKRIM deler ikke lagmannsrettens bekymring. Straffansvaret begrenses av de subjektive straffbarhetsvikår. Det virker lite rimelig at brukere som aktivt oppsøker nettjenester med barnepornografi og/eller har store mengder ulovlig materiale på datamaskinen, skal lates straffri, fordi de «bare» har surfet og/eller «bare» har benyttet et område som kalles temporary. I stedet må loven legge opp til at man ser på realiteten, er det tale om en bevisst eller uaktsom anskaffelse/besittelse? I så fall bør det straffes.

Straffansvar for anskaffelsen vil kunne virke preventivt i forhold til å oppsøke nettjenester med barnepornografi for å benytte PCen som en TV-skjerm, for å se på det ulovlige materialet og eventuelt for oppbevaring i temporary. Det er viktig å hindre den mentale tilegnelse av barnepornografi som tilgang på bilder/filmer gir, siden dette kan virke som en farlig inspirasjonskilde for overgrep, noe lovgivningen nettopp har tatt sikte på å motvirke, se Seksuallovbruddutvalgets utredning i NOU 1997: 23 s 78 sp. 1 nederst: 'Det sentrale aspekt ved skadefølgehensynet er faren for at mennesker som bruker grovere pornografi kan bli stimulert til aggressive handlinger', og på s 79 2. sp nederst: 'Når det gjelder begrunnelsen for et slikt totalforbud (av barnepornografi) gjør det seg gjeldende liknende argumenter som anført foran om voldspornografi, - nemlig faren for sammenheng mellom forekomsten av slik pornografi og seksuell bruk og utnyttelse av barn'. Dessuten vises det til merknad nr 93 i den forklarende rapporten til Cybercrime-konvensjonen hvor det står: 'It is widely believed that such material (barnepornografi) and on-line practices, such as the exchange of ideas, fantasies and advice among paedophiles, play a role in supporting, encouraging or facilitating sexual offences against children'. I lys av det formidable problem som seksuelle overgrep mot barn utgjør og den internasjonale målsetting om nulltoleranse, bør norsk lovgivning endres til å dekke anskaffelsesalternativet, istedet for at Norge går inn for å reservere seg.»

Kripos meiner den gjeldande føresegna kan gjerast klårare og seier det slik:

«Ved innføring av ny strl. § 204 den 11.8.2000 ga lovgiver i forarbeidene uttrykk for at man ønsket å ramme enhver befatning med barnepornografi. Eneste unntaket var situasjoner hvor personer uforskyldt kunne komme i kontakt med barnepornografi under surfing på Internett. Dette 'løste' man ved å innføre et nytt tillegg i bestemmelsen rettet mot surfing 'mot vederlag' - 'den som mot vederlag gjør seg kjent med barnepornografi'. I tillegg til surfingen ville en eventuell nedlasting av materialet rammes av forbudet mot 'besittelse'.

Lovgiver mente med dette å ha kriminalisert alle praktiske former for befatning med barnepornografi. Seksuallovbruddutvalget mente også å ha oppnådd det samme gjennom det forslag som ble fremmet i NOU 1997:23 Seksuallovbrudd, og som var grunnlaget for den nye § 204. Imidlertid tok utvalget et visst forbehold om de muligheter som Internett ga, et område hvor utvalget hadde begrenset kompetanse, og anbefalte at dette ble utredet særskilt (jf. NOU 1997:23 s. 30, 2. spalte).

Ettertiden har vist at det finnes store mengder «gratis» barnepornografi på nettet. Dette er enten nettsteder som i sin helhet er gratis og/eller med linker til kommersielle nettsteder, eller kommersielle nettsteder hvor man kan få tilgang til såkalte «previews» eller «tours» uten å betale. For å få ytterligere tilgang må man betale.

I praksis kan en person med interesse for barnepornografi ha hele sin «samling» bestående av slike nettsteder. Hyperlinker til disse nettstedene kan han ha liggende katalogisert på sin datamaskin, og kan enkelt hente opp bildene ved behov.

Ved å unnlate og laste ned bildene - for ikke å bli rammet av alternativet besittelse- vil han i dag trolig gå straffri etter norsk lov. Dette er utførlig beskrevet i den omtalte dommen fra Eidsivating lagmannsrett. Innst.O.nr. 92 (2002-2003) s. 11 viser etter Kripos' mening at lovgiver også ønsker å kriminalisere denne formen for befatning med barnepornografisk materiale.

Det er verdt å merke seg at denne formen for surfing, spesielt på de kommersielle nettstedene hvor noe av materialet er gratis, er med på å opprettholde markedet for barnepornografi, hvor nye barn hele tiden må utsettes for overgrep for å tilfredsstille etterspørselen etter nytt materiale. Det er Kripos' erfaring at dette er et marked i stadig vekst, og antallet barn som finnes avbildet på nettet er sterkt økende. Denne kommersielle virksomheten ser særlig ut til å ha sin forankring i det tidligere Øst-Europa, eksempelvis Russland, Hviterussland, Ukraina og Moldova. Produksjonen (overgrepene) skjer i disse landene, mens materialet blir distribuert på web-hotell i USA, Asia (Japan og Korea), Australia, Sør-Amerika og Europa (bl.a. Spania). Kundene befinner seg overalt, også i Norge, og internasjonale betalingsformidlere benyttes.

(...)

Besittelse forutsetter at man har rådighet over materialet. Etter gjeldende rettspraksis betyr dette at man har materialet lagret på datamaskinenes harddisk eller annet lagringsmedium, eller på et web-hotell i utlandet. Lagring i såkalte Temporary Internet Files rammes ikke, i følge datakrimutvalget.

Når det gjelder det siste hvor utvalget viser til en avgjørelse fra Eidsivating lagmannsrett, er utvalgets fremstilling noe upresis. Også lagring i Temporary Internet Files kan rammes, men dette forutsetter at brukeren har kjennskap til den automatiske mellomlagringsfunksjonen i nettleseren, og unnlater å slette de mellomlagrede filene etter surfingen.

Etter Kripos' oppfatning bør besittelsesbegrepet endres til også å omfatte de situasjoner hvor man surfer og har materialet tilgjengelig i internminnet i sin datamaskin slik at det vises på maskinens monitor (se på uten å laste ned). Brukeren har da i realiteten rådighet over materialet. Han bestemmer da selv hva som videre skal skje med materialet - om det skal lagres, skrives ut eller slettes. Samtidig har vedkommende all mulig tid på seg til å fatte denne avgjørelsen.

Også denne formen for befatning er med på å opprettholde markedet for barnepornografi og bør kriminaliseres. Det er heller ingen hensyn som tilsier at en slik form for virksomhet bør være straffri. Lovteknisk bør man kunne unngå å ramme de som uforskyldt måtte få denne type materiale frem på monitoren på sin datamaskin under surfing eller ved åpning av mottatt e-post med ukjent innhold.

(...)

Etter strl. § 204d og norsk rettpraksis er det i dag neppe straffbart å besitte, videreformidle eller distribuere hyperlinker til nettsteder med barnepornografisk innhold. Muligens vil man ved å videreformidle eller distribuere slike linker, kunne komme i et medvirkningsansvar.

Spesielt videreformidling, distribusjon eller annen tilgjengeliggjøring av slike linker bør kriminaliseres. Dette er virksomhet som utvilsomt er med på å øke etterspørselen etter barnepornografi. Man bør også vurdere å kriminalisere besittelse av slike linker, men man kan kanskje tenke seg tilfeller hvor besittelse av slike linker kan ha et aktverdig formål (f.eks. forskning, kartlegging av omfang).

(...)

Etter Kripos' oppfatning er det flere former for «villet» befatning med barnepornografi som ikke rammes av strl. § 204d med nåværende rettspraksis. Hvorvidt noe av denne befatningen kan være å anse som «procuring», f.eks. forsettlig surfing uten betaling og uten nedlasting, bør vurderes nærmere.

Uansett svaret på dette bør det gjennomføres en lovendring slik at enhver befatning med barnepornografi kriminaliseres. Unntaket fra dette må være situasjoner hvor personer uforskyldt kommer i kontakt med slikt materiale enten ved surfing eller gjennom e-post med ukjent innhold. Det må her tilføyes at det er Kripos' erfaring at slike situasjoner sjelden oppstår helt 'uforskyldt'. Uansett bør dette kunne løses lovteknisk.»

Berre Oslo politidisktrikt og Den Norske Advokatforening seier uttrykkjeleg at ein ikkje bør ta omgrepet «anskaffer» inn i lovteksten. Advokatforeninga seier det slik:

«Advokatforeningen kan ikke se at det er behov for reservasjon i forbindelse med at norsk lovtekst ikke uttrykkelig nevner anskaffelse. Overtredelse i form av anskaffelse må anses dekket ved den norske lovteksten. Man finner heller ikke grunn til å innta uttrykket i lovteksten av pedagogiske grunner. Det er ikke utredet hvorvidt dette kan medføre inkonsekvens ift. andre straffebud.»

Barneombodet og Den norske Dommerforening har ikkje tatt stilling til om «anskaffer» bør nemnast. Dommerforeningen uttalar at dette er eit kriminalpolitisk spørsmål.

4.6 Departementet sitt syn

Departementet meiner høyringa syner at det er grunn til uttrykkjeleg å nemne omgrepet «anskaffer» i føresegna om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Truleg vil det gjere at straffebodet vil ramme nokre handlemåtar som ikkje vert rekna for innehaving («besittelse»), men departementet kan ikkje sjå nokon grunn til straffridom her når dei vanlege straffvilkåra er oppfylte. Kan hende er det noko uvisst om konvensjonen artikkel 9 krev ei slik endring for at Noreg kan slutte seg til han utan atterhald. Men ei endring som nemnd vil vere i samsvar med konvensjonsføresegna sitt formål, og ein er her på eit område der det ikkje må vere tvil om at gjennomføringa i norsk lov er tilstrekkeleg til å oppfylle konvensjonen. Departementet foreslår difor at «anskaffer» vert teke inn som eit særskilt alternativ i det nye straffebodet.

Departementet har merkt seg fråsegnene frå Kripos og Økokrim om lagring av rørlege og urørlege bilete på såkalla «Temporary Internet Files». Departementet er samd med desse høyringsinstansane i at berre tilfelle der personar støter på materiale dei ikkje leitte etter, eller der dei mottek uynskt epost (såkalla «spam»), bør falle utanfor føresegna. Departementet viser òg til justisnemnda si fråsegn i Innst. O. nr. 92 (2002-2003) side 11:

«Komiteen vil presisere at alle former for befatning med barnepornografisk materiale skal være ulovlig. Den nedre grense må trekkes mot tilfeller der en under surfing på Internett støter på materiale som vedkommende ikke lette etter eller forventet å se.»

Lagmannsrettane har dei siste par åra avsagt nokre avgjerder om omgrepet «besittelse» i høve til automatisk mellombels lagring på internett.

I ein dom 26. september 2002 (LE-2002-00242) kom Eidsivating lagmannsrett til at tiltalte ikkje kunne dømmast for innehaving, av di han ikkje visste at han objektivt sett innehadde barnepornografisk materiale. Rett nok er aktlaus innehaving av barnepornografisk materiale straffbar etter gjeldande § 204 tredje ledd, men lagmannsretten fann ikkje at tiltalte hadde synt aktløyse ved å la vere å setje seg skikkeleg inn i korleis den automatiske (mellombelse) lagringsfunksjonen på datamaskinen verka.

I orskurden frå Eidsivating lagmannsrett 26. november 2003 (Rettens Gang 2004 side 929) kom retten til at automatisk mellombels lagring i «Temporary Internet Files» på den sikta sin datamaskin ikkje var å rekne som straffbar innehaving. Ved tolkinga av omgrepet «besittelse» la retten avgjerande vekt på kor varig og sjølvstendig rådvelde brukaren hadde over materialet. I denne konkrete saka hadde tiltalte kjent til at det skjedde ei automatisk mellomlagring, men han hadde aktivt sletta dei aktuelle filene. Retten seier generelt:

«Dersom en bruker kjenner til mellomlagringsfunksjonen og bevisst lar ulovlig materiale forbli lagret som «Temporary Internet Files» over tid, vil dette i seg selv kunne bli straffbart som en forsettlig unnlatelseshandling. Ved vurderingen av når en handlingsplikt inntrer vil tidsmomentet stå sentralt. Straffbart vil det utvilsomt også være dersom brukeren senere aktivt benytter tempfilen som lagringsbase og henter opp igjen materialet fra egen maskin. Gjerningsmannen utnytter da den automatiske lagringsfunksjonen til ny bruk, og besittelse må sies å foreligge.»

Lagmannsretten uttalar at det krevst lovendring om det skal vere straffbart å sjå på ei gratis webside på internett. Retten viste her til kravet til klar lovheimel etter EMK artikkel 7, jf. Den europeiske menneskerettsdomstolen si avgjerd i saka Kokkinakis mot Hellas (serie A 260-A, 1993).

I ein annan dom frå Eidsivating lagmannsrett (8. september 2004, LE-2004-13795) blei ein person dømd for innehaving av barnepornografisk materiale. Det går ikkje klårt fram av dommen om materialet blei lagra i «Temporary Internet Files», men nedlastinga skal ha skjedd automatisk og bileta vart liggjande på datamaskinen i noka tid:

«Nedlastingen skjedde automatisk uten at A behøvde å være til stede, og det er på det rene at det ikke skjedde fra noen betalingskanal. A har imidlertid bevisst oppsøkt internett for å laste ned bildene, og han har hatt en fast vilje til dette over flere måneder frem til forholdet ble avdekket.»

I dom 18. februar 2004 (Rettens Gang 2004 side 689) kom Agder lagmannsrett under tvil til at den automatiske nedlastinga av barnepornografi på mellombelse internettfiler objektivt sett må reknast å liggje utanfor omgrepet «besittelse». Lagmannsretten legg i avgjerda til grunn at begrepa «besitter» og «mot vederlag gjør seg kjent med» i § 204 bokstav d må sjåast i samanheng: Alternativet «mot vederlag gjør seg kjent med» ville etter lagmannsretten sitt syn ikkje få nokon sjølvstendig funksjon i internett-samanheng om den automatiske lagringa blir råka av straffebodet. Lagmannsretten kom difor til at det trengst lovendring dersom slike tilhøve skal vere strafflagde og viste til «dei strenge krav som legalitetsprinsippet fører til på strafferettens område».

Departementet kjenner ikkje til at spørsmålet har vore framme for Høgsterett. Departementet legg for sin del til grunn at dei konkrete omstenda avgjer om ei lagring på ei automatisk mellombels internettfil objektivt sett skal reknast som innehaving etter straffelova § 204 bokstav d. Moment ved avgjerda må vere om brukaren må seiast å ha rådevelde over materialet, og om han har dette over noka tid. Dersom det er like lett å utnytte materialet ved denne lagringsmåten som ved å lagre materialet til dømes i ei eiga mappe, taler det for å seie at brukaren innehar materialet. - I tillegg må sjølvsagt dei subjektive vilkåra for straff vere oppfylte. I den vurderinga vil inngå om brukaren kjende til lagringsmåten, og om det å unnlate å slette materialet må likestillast med medviten nedlasting på eigen maskin.

Departementet ser det likevel slik at med dei avgjerdene frå lagmannsrettane som ligg føre, er det ei rettsuvisse så lenge den tolkinga som departementet meiner er rett, ikkje er stadfest av Høgsterett. Departementet går difor inn for å klargjere lova no, slik lagmannsrettane har etterlyst. Tilføyinga av alternativet «anskaffer» vil langt på veg kunne tene til dette. I tillegg foreslår departementet at alternativet «gjøre seg kjent med» rørlege og urørlege bilete skal femne om ikkje berre dei tilfella der det skjer mot vederlag, slik lova lyder i dag, men også der det skjer utan vederlag, men planmessig. I dette vil det liggje at både oppsøkjing etter ein plan som vedkomande har føreåt, gjentatt oppsøkjing eller omfattande oppsøkjing ved eit einskild høve blir straffbart. Departementet meiner at det med ei slik utforming av straffebodet ikkje lenger vil vere tvil om at berre den som uforvarande får tilgang til slike bilete, kan vere straffri. Dette vil vere i samsvar med den siterte fråsegna frå justisnemnda i Innst. O. nr. 92 (2002-2003).