Ot.prp. nr. 37 (2004-2005)

Om lov om endringar i straffelova (eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn)

Til innhaldsliste

7 Merknader til lovutkastet

Til § 204

Reglane om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, er i utkastet flytta til ny § 204 a. Dei attverande reglane blir etter framlegget førte vidare i § 204, som etter framlegget vil gjelde pornografi der det ikkje er gjort bruk av barn. Reglane blir innhaldsmessig førte vidare fullt ut. Paragraf 204 skal ikkje nyttast i konkurrens med § 204 a.

Første ledd omhandlar kva for omgangsmåtar med pornografi som er straffbare. Gjeldande bokstav a, b og c blir i utkastet førte vidare utan endringar. Gjeldande bokstav d og f er i framlegget flytta til ny § 204 a. Gjeldande bokstav e blir ny bokstav d.

Andre ledd inneheld definisjonen av pornografi. Sidan pornografi der det er gjort bruk av barn etter framlegget blir omhandla i ny § 204 a, foreslår departementet at omgrepet «barn» vert teke ut av opprekninga i gjeldande andre ledd. Definisjonen av barn i gjeldande § 204 andre ledd andre punktum blir etter framlegget flytta til utkastet § 204 a.

Tredje ledd regulerer aktlause handlingar og fører vidare gjeldande rett med ei reint lovteknisk forenkling som ikkje har noko å seie for innhaldet i føresegna.

Fjerde ledd gjer unnatak for film eller videogram som Statens filmtilsyn har godkjent og fører vidare ordninga etter gjeldande rett. Filmtilsynet si fullmakt til å godkjenne film og videogram er omtala i punkt 5. Ved lov 2. juli 2004 nr. 68 blei det vedteke å endre namnet på kontrollorganet frå Statens filmtilsyn til Medietilsynet. Endringa gjeld frå 1. januar 2005, jf. res. 2. juli 2004 nr. 1009. Av den grunn er namnet på «Statens filmtilsyn» i framlegget endra til «Medietilsynet».

Gjeldande femte ledd blir flytta til ny § 204 a.

Til § 204 a

Føresegna er ny, men er innhaldsmessig langt på veg ei vidareføring av gjeldande reglar i § 204 om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn. Føremålet med å foreslå ein ny paragraf er å gjere det tydeleg at skildringane oftast gjev att overgrep mot barn. Sjå nærare punkt 3.8 om bakgrunnen for framlegget. Omgrepet «anskaffer» er nytt og utvidar området for det straffbare noko. Det same gjeld for alternativet «planmessig gjør seg kjent med».

Første ledd omhandlar kva for kontaktmåtar med kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn, som er straffbare. Bokstav a gjeld slike skildringar i rørlege eller urørlege bilete og fører i hovudsak vidare gjeldande § 204 første ledd bokstav d. Nytt er det at «anskaffer» og «planmessig gjør seg kjent med» er handlingsalternativ. Departementet syner til punkt 4.6 om bakgrunnen for framlegget.

Bokstav b gjeld kontakt med kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i vid forstand. Då blir dei reglane som gjeld pornografi generelt, førte vidare frå gjeldande § 204. For ikkje å måtte rekne opp att handlingsalternativa som fylgjer av utkastet § 204 første ledd, har utkastet § 204 a første ledd bokstav b i staden ei tilvising til § 204 første ledd. Tilvisinga gjeld både kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i andre former enn i rørlege og urørlege bilete, og når omgangen med bileta ikkje råkast av alternativa i bokstav a, til dømes ved offentleg foredrag eller forestilling, jf. utkastet § 204 bokstav d. Bokstav c fører fullt ut vidare gjeldande § 204 første ledd bokstav f.

Andre ledd inneheld definisjonen av barn, og svarer til den gjeldande definisjonen av barn, jf. gjeldande § 204 andre ledd andre punktum.

Tredje ledd svarer til gjeldande § 204 tredje ledd med same lovtekniske endringa som i framlegget til § 204 tredje ledd.

Fjerde ledd fører vidare gjeldande § 204 femte ledd. Etter gjeldande rett gjeld føresegna om straffbortfall berre for kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i rørlege eller urørlege bilete. Sidan det går fram av gjerningsomtalen at det er tale om bilete, vil området for føresegna bli som etter gjeldande rett, sjølv om det ikkje er med ei uttrykkjeleg tilvising til utkastet bokstav a som svarar til tilvisinga i gjeldande § 204 femte ledd.

Femte ledd viser til reglar i utkastet § 204 som vil gjelde tilsvarande: § 204 andre ledd andre punktum (unnatak for kunstneriske skildringar, mv.) og § 204 fjerde ledd (unnataket for film og videogram som er godkjend på førehand).