Forsida

Ot.prp. nr. 37 (2004-2005)

Om lov om endringar i straffelova (eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovutkastet inneber ei omredigering av gjeldande § 204 i straffelova, i hovudsak ved at reglane om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn blir skilte ut i ein eigen paragraf (utkastet § 204 a). I tillegg blir alternativa «anskaffer» og «planmessig» gjere seg kjent med nemnde i den foreslåtte føresegna om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn i rørlege og urørlege bilete. Denne endringa representerer ei viss utviding av bruksområdet for føresegna, og er i samsvar med føresetnadene bak revisjonen av straffelova sitt kapittel om seksuallovbrot. Departementet kan ikkje sjå at framlegget vil ha nokre nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.