Forsida

Ot.prp. nr. 37 (2004-2005)

Om lov om endringar i straffelova (eige straffebod om kjønnslege skildringar som gjer bruk av barn)

Til innhaldsliste

5 Endringar i området for førehandskontroll av film eller videogram - konsekvensar av grunnlovsvedtaket 30. september 2004

Etter gjeldande rett gjer § 204 fjerde ledd unnatak for film eller videogram som Statens filmtilsyn ved førehandskontroll har godkjent til «ervervsmessig fremvisning eller omsetning». Slik kontroll skjer i dag med heimel i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram etter to ulike ordningar.

For det første regulerer §§ 4 til 6 førehandskontroll, mellom anna aldersgrensekontroll, av film og videogram som skal synast fram i næring. Den obligatoriske førehandskontrollen med sikte på film og videogram som skal synast fram til vaksne, har falle bort som følgje av Grunnlova § 100 fjerde ledd slik føresegna lyder etter Stortinget sitt grunnlovsvedtak 30. september 2004. Aldersgrensekontrollen etter film- og videogramlova § 5 gjeld som før.

For det andre regulerer § 7 filmtilsynet si fullmakt til å vurdere videogram som skal omsetjast i næring.

Departementet foreslår å føre vidare unnataket for førehandsgodkjende film og videogram i lovutkastet §§ 204 og 204 a. Departementet vil vurdere om det trengst endringar i samband med at Kultur- og kirkedepartementet legg fram ein proposisjon med forslag til endringar i filmsensuren som følgje av endringa i § 100 i Grunnlova.