Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 56 (1996-97)

Om lov om endringer i lov 8. april 1981 nr 7 om barn og foreldre (barnelova)

Til innholdsfortegnelse

Forslag til lov om endringer i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova)

I

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjøres følgende endringer:

Nåværende § 2 blir ny § 1 a.

Nytt kapittel 1 a skal lyde:

Kapittel 1 a. Kven som er mor til barnet.

§ 2. Kven som er mor til barnet.

Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.

Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

§ 3 første ledd skal lyde:

Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen. Dette gjeld likevel ikkje dersom ektefellene ved fødselen var separerte ved løyve eller dom.

§ 4 første ledd skal lyde:

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3,kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

§ 4 andre ledd bokstav b skal lyde:

tilskotsfuten, fylkestrygdekontoret eller dommaren

§ 6 overskriften skal lyde:

Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane.

§ 6 første ledd siste punktum skal lyde:

Når særlege grunnar taler for det, kan fylkestrygdekontoret reise saka.

§ 6 andre og tredje ledd skal lyde:

Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vert fødd. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det.

Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det. Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

§ 7 siste punktum skal lyde:

Slik vedgåing gjeld likevel berre når fylkestrygdekontoret finn det truleg at den andre mannen er far til barnet.

§ 9 overskriften skal lyde:

Vilkåra for å seie dom i farskapssak.

§ 9 nytt første ledd skal lyde:

Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.

Nåværende første til fjerde ledd blir nytt andre til femte ledd.

§ 9 femte ledd siste punktum skal lyde:

Dette gjeld likevel ikkje dersom inseminasjonen er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.

§ 10 første ledd siste punktum skal lyde:

Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til fylkestrygdekontoret.

§ 11 skal lyde:

§ 11. Fylkestrygdekontoret skriv ut farskapsførelegg.

Fylkestrygdekontoret kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om blodprøve og DNA-test av dei og barnet. I særlege tilfelle kan den som kan vere far påleggjast å avgje blodprøve og DNA-test før barnet er fødd.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om blodprøver og DNA-testing.

Lækjaren eller jordmora som har hatt mora til svangerskapskontroll, er utan omsyn til teieplikt skyldige til å gje fylkestrygdekontoret slike opplysningar om svangerskapet og farskapen som departementet fastset i forskrift.

Har den oppgjevne faren ikkje vedgått farskapen, men fylkestrygdekontoret finn det truleg at han er faren, skal det skrivast ut farskapsførelegg mot han. Fylkestrygdekontoret kan skrive ut farskapsførelegg mot ein annan mann som kontoret meiner mest truleg er faren. Fylkestrygdekontoret skal ikkje skrive ut førelegg når den som truleg er faren, er død eller sinnsjuk. Dersom han bur i utlandet, kan fylkestrygdekontoret la vere å skrive ut førelegg.

Døyr barnet kort tid etter fødselen, kan fylkestrygdekontoret la vere å skrive ut førelegg når mora er samd i det. Det same gjeld når andre sterke grunnar talar for å leggje bort saka.

Dersom fylkestrygdekontoret legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.

§ 13 første ledd skal lyde:

Fylkestrygdekontoret skal sende stemning til herads- eller byretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:

farskapsførelegg ikkje vert skrive ut, og heimelen for dette ikkje er §11 femte stykket.

det ikkje har late seg gjere å få framsendt førelegget.

den utlagde faren ikkje har vedgått farskapen innan ein månad etter at han tok imot førelegget.

§ 13 tredje ledd skal lyde:

Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan fylkestrygdekontoret skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.

§ 24 nytt andre ledd skal lyde:

Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale.

Nåværende andre ledd blir nytt tredje ledd.

§ 25 overskriften skal lyde:

Dom utan hovudforhandling.

§ 25 første ledd skal lyde:

Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partane skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan hovudforhandling ligg føre.

Kapittel 5 overskriften skal lyde:

Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.

§ 34 tredje ledd skal lyde:

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, kan kvar av dei reise sak om spørsmålet for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande.

§ 34 fjerde ledd oppheves.

§ 35 fjerde ledd skal lyde:

Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 35 b.

Ny § 35 a skal lyde:

§ 35 a. Kvar barnet skal bu fast.

Foreldra kan reise sak om kvar barnet skal bu fast for retten. § 34 tredje stykket gjeld tilsvarande.

Dersom foreldra er enige, kan dei avtale at barnet skal bu fast saman med begge, jamvel om dei ikkje bur saman. Er foreldra usamde, må retten eller fylkesmannen avgjere at barnet skal ha ein fast bustad.

Ny § 35 b skal lyde:

§ 35 b. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.

Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.

§ 36 skal lyde:

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret åleine.

Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret åleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar.

Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller skifteretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga.

Når den som får foreldreansvaret etter første stykket ikkje budde saman med barnet, eller den som får foreldreansvaret etter andre stykket ikkje hadde foreldreansvaret då den andre døydde, kan andre innan 6 månader etter dødsfallet reise sak med krav om å få foreldreansvaret og få bu fast saman med barnet. Retten kan ta førebels avgjerd etter reglane i § 38.

Der ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, jf tredje stykket, skal dei som ønskjer foreldreansvaret vende seg til herads- eller byretten der barnet bur.

Retten kan la ein person få foreldreansvaret åleine, eller la sambuande mann og kvinne få det saman. Får nokon annen enn attlevande far eller mor foreldreansvaret, skal retten også avgjere om faren eller mora framleis skal ha del i foreldreansvaret. Har foreldra skriftleg gjeve uttrykk for kven dei ønskjer skal ha foreldreansvaret etter at dei er døde, bør det leggjast vekt på dette.

For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.

§ 37 første ledd første punktum skal lyde:

Dersom ingen har foreldreansvar for barnet, og det berre kjem eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller at det vil lide skade på annan måte.

§ 37 andre ledd skal lyde:

Kjem det eitt eller fleire krav om å få foreldreansvaret, skal retten avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet. Det skal leggjast vekt på om den attlevande av foreldra ønskjer foreldreansvaret.Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i første stykket.

§ 37 sjette ledd skal lyde:

Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten av den attlevande av foreldra og endrast dersom særlege grunnar talar for det. § 39 tredje stykket gjeld tilsvarande.

§ 39 tredje ledd skal lyde:

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

Ny § 41 a skal lyde:

§ 41 a. Registrering av foreldreansvaret.

Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig.

§ 42 nytt andre og tredje punktum skal lyde:

Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det.

Nåværende andre og tredje punktum blir nytt fjerde og femte punktum.

§ 43 skal lyde:

§ 43. Flytting med barnet til utlandet.

Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte til utlandet.

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

Ny § 43 a skal lyde:

§ 43 a. Utanlandsferd med barnet.

Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utlanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida frem til saka er endeleg avgjord.

I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.

Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande.

Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykke til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet.

§ 44 overskriften skal lyde:

§ 44. Barnet sin rett til samvær.

§ 44 andre ledd skal lyde:

Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.

Nåværende andre til sjette ledd oppheves.

Ny § 44 a skal lyde:

§ 44 a. Omfanget av samværet mv.

Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare.

Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka, annankvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.

Foreldra kan reise sak om omfanget av samværsretten for domstolen. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om samværsretten gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Det kan setjast vilkår for at samværsretten skal kunne gjennomførast. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande.

Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 39 andre stykket.

Ny § 44 b skal lyde:

§ 44 b. Reisekostnader ved samvær.

Den av foreldra som skal ha samvær, må bere reisekostnadene til samværet. Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje at reisekostnadene skal delast, eller at den andre av foreldra skal bere alle reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det.

§ 45 nytt andre ledd skal lyde:

I sak om samværsrett mellom foreldra etter § 44 a, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere saman med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Første ledd tredje punktum gjeld tilsvarande. Samvær for besteforeldra kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet.

§ 46 nytt andre ledd skal lyde:

§ 38 siste stykket gjeld tilsvarande.

§ 48 nytt andre og tredje punktum skal lyde:

Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det.

Nåværende andre, tredje og fjerde punktum blir nytt fjerde, femte og sjette punktum.

II

I lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål skal § 427 første ledd andre punktum lyde:

Farskap eller morskap kan likevel bare fastslås eller endres etter reglene i barneloven.

III

1. Ikrafttredelse:

Loven her trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

2. Overgangsbestemmelser:

Endringen i § 3 første ledd gjelder ikke for barn som er født før loven trer i kraft.

I en periode på ett år fra loven trer i kraft kan det reises sak etter § 6 andre og tredje ledd uten hensyn til om fristene for saksanlegg er overholdt.

Endringene i § 36 gjelder ikke der forelderen er død før loven trer i kraft.

§ 41 a gjelder ikke for avtaler som er inngått før loven trer i kraft.

I en rettssak som går når loven trer i kraft, skal loven legges til grunn dersom hovedforhandling ikke allerede er påbegynt.

Til toppen
Til dokumentets forside