Ot.prp. nr. 56 (1996-97)

Om lov om endringer i lov 8. april 1981 nr 7 om barn og foreldre (barnelova)

Til innholdsfortegnelse

2 Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre

Parallelloppstilling

Gjeldende lov:Lovutkast:
Kapittel 1. Nokre føresegner i samband med fødselen.
§ 1. Fødselsmelding.
Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregisteret. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.
Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregisteret innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregisteret innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.
Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.
I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregisteret og tilskotsfuten.
§ 2. Rett for mora til å ha nokon med ved fødselen.§ 1 a. Rett for mora til å ha nokon med ved fødselen.
Ved fødselen har mora rett til å ha med far til barnet eller ein annan som står henne nær, dersom det ikkje er utilrådeleg av medisinske grunnar.Ved fødselen har mora rett til å ha med far til barnet eller ein annan som står henne nær, dersom det ikkje er utilrådeleg av medisinske grunnar.
Kapittel 1 a. Kven som er mor til barnet.
§ 2. Kven som er mor til barnet.
Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.
Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.
Kapittel 2. Kven som er far til barnet.Kapittel 2. Kven som er far til barnet.
§ 3. Farskap etter ekteskap.§ 3. Farskap etter ekteskap
Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen. Dette gjeld likevel ikkje dersom ektefellene ved fødselen var separerte ved løyve eller dom.
Er mora enkje, skal ektemannen reknast som far dersom ho kan ha blitt med barn før han døydde.Er mora enkje, skal ektemannen reknast som far dersom ho kan ha blitt med barn før han døydde.
§ 4. Vedgåing av farskap.§ 4. Vedgåing av farskap.
Når foreldra ikkje er gifte med kvarandre, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3,kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.
Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte forFaren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for
a) folkeregistereta) folkeregisteret
b) tilskotsfuten, fylkeskontoret i trygdeetaten eller dommarenb) tilskotsfuten, fylkestrygdekontoret eller dommaren
c) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandetc) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet
d) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart, ellerd) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart, eller
e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det.e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det.
Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far.Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far.
Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.
Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.
§ 5. Ansvaret til det offentlege for å få fastsett farskapen.
Dersom barnet ikkje har far i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren, jf kapittel 3 og 4.
§ 6. Høve til å prøve farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane.§ 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane.
Barnet kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan fylkeskontoret i trygdeetaten reise saka.Barnet kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykkje frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan fylkestrygdekontoret reise saka.
Når farskapen fylgjer av at mora er gift, kan kvar av foreldra reise sak om farskapen innan tre år etter at barnet var født. Døyr ektemannen, kan sak innan same frist også reisast av den som vil ha rett til arv eller større arv dersom barnet ikkje er ektemannen sitt. Dette gjeld likevel ikkje når den avlidne hadde vedgått farskapen endå han visste om at mora hadde hatt samlege med nokon annan på den tid ho kunne ha blitt med barnet. Retten kan ved orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar taler for det.Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vert fødd. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det.
Fylgjer farskapen av vedgåing etter § 4, kan kvar av foreldra reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram nye opplysningar om farskapen eller opplysningar som tyder på at vedgåinga ikkje kan reknast som bindande. Saka må reisast innan tre månader etter at vedkommande vart kjend med opplysningane. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå tremånaders-fristen når særlege grunnar taler for det.Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det. Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande
§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann vedgår farskap.§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann vedgår farskap.
Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann vedgår farskapen i samsvar med § 4, når vedgåinga er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Slik vedgåing gjeld likevel berre når fylkeskontoret i trygdeetaten finn det truleg at den andre mannen er far til barnet.Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann vedgår farskapen i samsvar med § 4, når vedgåinga er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Slik vedgåing gjeld likevel berre når fylkestrygdekontoret finn det truleg at den andre mannen er far til barnet.
§ 8. Farskapen kan ikkje prøvast i andre saker.
Domstolar eller styringsorgan kan ikkje prøve farskapen i andre saker enn nemnt i §§ 6 og 7. Domstol eller styringsorgan kan ikkje i andre saker leggje til grunn at ein mann er faren utan at det er fastsett etter lova her.
§ 9. Vilkåra for å seie dom for farskap.§ 9. Vilkåra for å seie dom i farskapssak.
Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som moglege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.
Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.
Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.
Er det utført inseminasjon på mora, og ektemann har gitt samtykke til inseminasjonen, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved inseminasjonen.Er det utført inseminasjon på mora, og ektemann har gitt samtykke til inseminasjonen, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved inseminasjonen.
Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom inseminasjonen er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar og det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved inseminasjonen.Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom inseminasjonen er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.
Kapittel 3. Oppgåvene til tilskotsfuten og fylkesmannen i farskapssaker.
§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten.§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten.
Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Vedgår han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregisteret. Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til fylkeskontoret i trygdeetaten.Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Vedgår han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregisteret. Elles skal han utan vesentleg opphald sende saka til fylkestrygdekontoret.
Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet. Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 54 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 54 femte stykket. For å fastsetje tilskotet kan tilskotsfuten utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar som trengst frå arbeidsgjevarar, Direktoratet for sjømenn, likningsstell og trygdeverk og frå forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller styrer formueverdiar.Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet. Dersom dei ikkje har gjort avtale om forsytingstilskotet etter § 54 første stykket, skal tilskotsfuten få greie på deira arbeid, utdanning, inntekt, formue og andre tilhøve som kan ha noko å seie for fastsetjinga av forsytingstilskotet etter § 54 femte stykket. For å fastsetje tilskotet kan tilskotsfuten utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar som trengst frå arbeidsgjevarar, Direktoratet for sjømenn, likningsstell og trygdeverk og frå forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller styrer formueverdiar.
Trygdekontoret er tilskotsfut, med mindre departementet har fastsett noko anna.Trygdekontoret er tilskotsfut, med mindre departementet har fastsett noko anna.
§ 11. Fylkeskontoret i trygdeetaten skriv ut farskapsførelegg.§ 11. Fylkestrygdekontoret skriv ut farskapsførelegg.
Fylkeskontoret i trygdeetaten kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om blodprøve av dei og barnet.Fylkestrygdekontoret kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om blodprøve og DNA-test av dei og barnet. I særlege tilfelle kan den som kan vere far påleggjast å avgje blodprøve og DNA-test før barnet er fødd.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om slike blodprøver.Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om blodprøver og DNA-testing.
Lækjaren eller jordmora som har hatt mora til svangerskapskontroll, er utan omsyn til teieplikt skyldige til å gje fylkeskontoret slike opplysningar om svangerskapet og farskapen som departementet fastset i forskrift.Lækjaren eller jordmora som har hatt mora til svangerskapskontroll, er utan omsyn til teieplikt skyldige til å gje fylkestrygdekontoret slike opplysningar om svangerskapet og farskapen som departementet fastset i forskrift.
Har den oppgjevne faren ikkje vedgått farskapen, men fylkeskontoret finn det truleg at han er faren, skal det skrivast ut farskapsførelegg mot han. Fylkeskontoret kan skrive ut farskapsførelegg mot ein annan mann som kontoret meiner mest truleg er faren. Fylkeskontoret skal ikkje skrive ut førelegg når den som truleg er faren, er død eller sinnsjuk. Dersom han bur i utlandet, kan fylkeskontoret la vere å skrive ut førelegg.Har den oppgjevne faren ikkje vedgått farskapen, men fylkestrygdekontoret finn det truleg at han er faren, skal det skrivast ut farskapsførelegg mot han. Fylkestrygdekontoret kan skrive ut farskapsførelegg mot ein annan mann som kontoret meiner mest truleg er faren. Fylkestrygdekontoret skal ikkje skrive ut førelegg når den som truleg er faren, er død eller sinnsjuk. Dersom han bur i utlandet, kan fylkestrygdekontoret la vere å skrive ut førelegg.
Døyr barnet kort tid etter fødselen, kan fylkeskontoret la vere å skrive ut førelegg når mora er samd i det. Det same gjeld når andre sterke grunnar talar for å leggje bort saka.Døyr barnet kort tid etter fødselen, kan fylkestrygdekontoret la vere å skrive ut førelegg når mora er samd i det. Det same gjeld når andre sterke grunnar talar for å leggje bort saka.
Dersom fylkestrygdekontoret legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.
§ 12. Innhaldet i førelegget.
I førelegget skal stå at vedkomande vert rekna for far til barnet dersom han vedgår farskapen, jf § 4, og at saka vil bli send retten til avgjerd dersom han ikkje vedgår farskapen innan ein månad etter at han har fått førelegget.
I førelegget skal opplysast kva for rettsleg verknad det har for vedkomande og barnet at han vert rekna for faren.
Førelegget skal sendast til den utlagde faren i rekommandert brev.
§ 13. Når saka går til retten m.m.§ 13. Når saka går til retten m.m.
Fylkeskontoret i trygdeetaten skal sende stemning til herads- eller byretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:Fylkestrygdekontoret skal sende stemning til herads- eller byretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:
a) farskapsførelegg ikkje vert skrive ut, og heimelen for dette ikkje er § 11 femte stykket.a) farskapsførelegg ikkje vert skrive ut, og heimelen for dette ikkje er § 11 femte stykket.
b) det ikkje har late seg gjere å få framsendt førelegget.b) det ikkje har late seg gjere å få framsendt førelegget.
c) den utlagde faren ikkje har vedgått farskapen innan ein månad etter at han tok imot førelegget.c) den utlagde faren ikkje har vedgått farskapen innan ein månad etter at han tok imot førelegget.
Når farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal saka ikkje i noko tilfelle gå til retten. Mora skal få melding om vedgåinga.Når farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal saka ikkje i noko tilfelle gå til retten. Mora skal få melding om vedgåinga.
Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan fylkeskontoret i trygdeetaten skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan fylkestrygdekontoret skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka
Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.
§ 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.
For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstollova og tvistemålslova.
§ 15. Kva for domstol saka høyrer under.
Saka skal reisast ved heimtinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved heimtinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved heimtinget til den oppgjevne faren.
§ 16. Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak.
I ei farskapssak kan andre tvistemål berre takast opp når dei gjeld ei følgje av farskapen eller av farskapssaka.
§ 17. Partane i saka.
I farskapssaker er både barnet, mora og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka.
Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part.
Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskrift gjere han til saksøkt.
§ 18. Setteverje for barnet.
Er det ikkje oppnemnd verje for barnet, skal retten syte for oppnemning av setteverje når mora ikkje gjev opp kven faren er, eller når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har gjeve opp.
§ 19. Tilseiing om stemning og innkalling.
Ved tilseiing for nokon etter domstollova § 181 skal namnet på andre partar berre gjerast kjent når retten fastset det av særlege grunnar.
Ein part som har kjend tilhaldsstad i riket, kan kallast inn til saksførebuinga i rekommandert brev.
§ 20. Utvida møteplikt for partar og vitne.
Retten kan av eige tiltak utvide møteplikta for partar og vitne ut over dei grensene som gjeld etter tvistemålslova § 199.
§ 21. Forklaring frå partar og vitne.
Både mora og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne.
Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga.
I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til at vedkomande taper borgarleg vørnad, jf tvistemålslova § 208.
Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr.
§ 22. Provføring om seksuelle tilhøve.
I farskapssaker må det ikkje spørjast eller førast prov om seksuelle tilhøve for partane utanom den tida då mora kan ha blitt med barnet. Retten kan i orskurd likevel tillate slik provføring, når den finn at det har beinveges verknad for avgjerda i saka.
§ 23. Fråvering.
Saka stoggar ikkje om nokon av partane eller alle partar let vere å møte.
Forklaring som er gjeve under saksførebuinga, kan lesast opp under hovudforhandlingane der vedkomande ikkje møter, om ikkje særlege grunnar taler mot.
§ 24. Blodprøve og gransking av arvemerke .§ 24. Blodprøve og gransking av arvemerke.
Retten kan vedta å granske blodtypen eller andre arvemerke hos mora, barnet og kvar mann som er part i saka. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Offentlig lækjar har plikt til å ta naudsynt blodprøve.Retten kan vedta å granske blodtypen eller andre arvemerke hos mora, barnet og kvar mann som er part i saka. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Offentlig lækjar har plikt til å ta naudsynt blodprøve.
Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale.
Let nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til blodprøvetaking eller anna gransking av arvemerke, kan retten i orskurd fastsetje ei tvangsbot for kvar dag som går til påbodet er etterkome. Slik tvangsbot skal krevjast inn av innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane om innkrevjing av fostringstilskot. Elles gjeld tvangsfullføringslova § 13-8 på tilsvarande måte. I staden for tvangsbot kan retten vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar til blodprøvetaking.Let nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til blodprøvetaking eller anna gransking av arvemerke, kan retten i orskurd fastsetje ei tvangsbot for kvar dag som går til påbodet er etterkome. Slik tvangsbot skal krevjast inn av innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane om innkrevjing av fostringstilskot. Elles gjeld tvangsfullføringslova § 13-8 på tilsvarande måte. I staden for tvangsbot kan retten vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar til blodprøvetaking.
§ 25. Frifinning utan hovudforhandling.§ 25. Dom utan hovudforhandling.
Retten skal frifinne ein part for farskapet utan hovudforhandling når gransking av blodprøver viser at han ikkje kan vere far til barnet, og det ikkje er nokon grunn til tvil.Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partane skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan hovudforhandling ligg føre.
Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap.Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap.
§ 26. Heving av saka.
Retten kan heve saka i orskurd når
a) ein mann vedgår i samsvar med § 4 at han er far til barnet, eller
b) den oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.
Har ein mann vedgått farskapen ved påteikning på farskapsførelegg, og mora ikkje har oppgjeve han som far, kan saka hevast etter første stykket bokstav a berre når mora samtykkjer.
§ 27. Utvida rettskraft.
Ein rettskraftig dom i ei farskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle tilhøve der farskapen har noko å seie.
§ 28. Særreglar om overprøving.
Alle partane i saka på første rettssteget held fram å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 25 første stykket, er likevel berre part når retten eller nokon av dei andre partane dreg han inn i saka. Tyder opplysningar som kjem fram i ankesaka på at nokon annan kan vere faren, skal retten anten gjere han til part i prosesskrift eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i herads- eller byretten.
Den som er dømd å vere far utan å ha møtt i saka og har fått tilseiing om dommen etter reglane i domstollova § 181, kan krevje gjenopptaking dersom han legg fram opplysningar som skaper alvorleg tvil om farskapsspørsmålet er rett avgjort i dommen.
§ 29. Kostnaden med saka.
Staten ber den kostnaden som retten har med saka, også kostnaden med å få tak i opplysningar som retten finn naudsynte.
Kapittel 5. Foreldreansvaret.Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.
§ 30. Innhaldet i foreldreansvaret.
Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.
Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.
Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.
Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3.
§ 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd.
Etter kvart som barnet utviklast og mognast, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.
Når barnet er fylt 12 år, skal det få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet, herunder i sak om kven av foreldra det skal bu hos. Det skal leggjast stor vekt på kva barnet meiner.
§ 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar.
Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.
§ 33. Barnet sin sjølvråderett.
Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig.
§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte.§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte.
Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.
Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter tredje stykket eller § 38 ligg føre, har dei foreldreansvaret saman.Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter tredje stykket eller § 38 ligg føre, har dei foreldreansvaret saman.
Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, eller om kven barnet skal bu saman med fast, kan kvar av dei reise sak om spørsmålet for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærmare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova § 26 gjeld tilsvarande.Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, kankvar av dei reise sak om spørsmålet for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om kven som skal ha foreldreansvaret og kven barnet skal bu saman med, gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 agjeld tilsvarande.
Har foreldra foreldreansvaret saman, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld den direkte daglege omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage o.l. Den som barnet ikkje bur saman med fast, kan heller ikkje setje seg mot at den andre flytter med barnet til ein annan stad i landet.
§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.
Når foreldra ikkje er gifte, har mora foreldreansvaret åleine.Når foreldra ikkje er gifte, har mora foreldreansvaret åleine.
Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.
Blir foreldra usamde om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med fast, kan kvar av dei reise sak etter reglane i § 34 tredje stykket.Blir foreldra usamde om foreldreansvaret kan kvar av dei reise sak etter reglane i § 34 tredje stykket.
Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 34 fjerde stykket.Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 35 b.
§ 35 a. Kvar barnet skal bu fast .
Foreldra kan reise sak om kvar barnet skal bu fast for retten. § 34 tredje stykket gjeld tilsvarande.
Dersom foreldra er enige, kan dei avtale at barnet skal bu fast saman med begge, jamvel om dei ikkje bur saman. Er foreldra usamde, må retten eller fylkesmannen avgjere at barnet skal ha ein fast bustad.
§ 35 b. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.
Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.
§ 36. Foreldreansvaret etter dødsfall.§ 36. Foreldreansvaret etter dødsfall.
Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret åleine dersom barnet budde saman med vedkomande.Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret åleine.
Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret åleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar.
Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller skifteretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga. Det same gjeld der foreldre har foreldreansvaret saman og barnet bur saman med berre den eine av dei og vedkomande døyr.Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller skifteretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga.
Når den som får foreldreansvaret etter første stykket ikkje budde saman med barnet, eller den som får foreldreansvaret etter andre stykket ikkje hadde foreldreansvaret då den andre døydde, kan andre innan 6 månader etter dødsfallet reise sak med krav om å få foreldreansvaret og få bu fast saman med barnet. Retten kan ta førebels avgjerd etter reglane i § 38.
Der ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, jf tredje stykket, skal dei som ønskjer foreldreansvaret vende seg til herads- eller byretten der barnet bur.
Den som ønskjer foreldreansvaret, skal vende seg til herads- eller byretten der barnet bur. Retten kan la ein person få foreldreansvaret åleine, eller la sambuande mann og kvinne få det saman. Får nokon annan enn attlevande far eller mor foreldreansvaret i tilfelle som nemnt i andre stykket andre punktum, skal retten også avgjere om faren eller mora framleis skal ha del i foreldreansvaret.Retten kan la ein person få foreldreansvaret åleine, eller la sambuande mann og kvinne få det saman. Får nokon annan enn attlevande far eller mor foreldreansvaret, skal retten også avgjere om faren eller mora framleis skal ha del i foreldreansvaret. Har foreldra skriftleg gjeve uttrykk for kven dei ønskjer skal ha foreldreansvaret etter at dei er døde, bør det leggjast vekt på dette.
For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.
§ 37. Handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter § 36.§ 37. Handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter § 36.
Kjem berre eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller at det vil lide skade på annan måte. Avslag på eit krav om foreldreansvaret skal skal gjerast i orskurd og kan ankast.Dersom ingen har foreldreansvar for barnet, og det berre kjem eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller at det vil lide skade på annan måte. Avslag på eit krav om foreldreansvaret skal skal gjerast i orskurd og kan ankast.
Kjem meir enn eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet. Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i første stykket.Kjem det eitt eller fleire krav om å få foreldreansvaret, skal retten avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet. Det skal leggjast vekt på om den attlevande av foreldra ønskjer foreldreansvaret. Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i første stykket.
Før retten avgjer saka, skal dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med ha høve til å uttale seg. Er barnet fylt 12 år, skal retten høyre kva det meiner. Retten kan sjå bort frå uttaleretten etter dette stykket når særlege grunnar gjer uttale uturvande.Før retten avgjer saka, skal dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med ha høve til å uttale seg. Er barnet fylt 12 år, skal retten høyre kva det meiner. Retten kan sjå bort frå uttaleretten etter dette stykket når særlege grunnar gjer uttale uturvande.
Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal kunne flyttast frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal kunne flyttast frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.
Dersom ingen har meldt seg eller retten gjev avslag på alle krav om foreldreansvaret, skal den melde frå til barneverntenesta. Barneverntenesta skal plassere barnet etter reglane i lov om barneverntenester § 4 -14 og § 4 -15 første stykket, § 4 -16, § 4 -17, § 4 -18 første stykket og § 4 -20 gjeld tilsvarande.Dersom ingen har meldt seg eller retten gjev avslag på alle krav om foreldreansvaret, skal den melde frå til barneverntenesta. Barneverntenesta skal plassere barnet etter reglane i lov om barneverntenester § 4 -14 og § 4 -15 første stykket, § 4 -16, § 4 -17, § 4 -18 første stykket og § 4 -20 gjeld tilsvarande.
Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten og endrast dersom særlege grunnar talar for det.Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten av den attlevande av foreldra og endrast dersom særlege grunnar talar for det. § 39 tredje stykket gjeld tilsvarande.
§ 38. Førebels avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med.
I rettssak om foreldreansvaret kan retten etter krav frå ein part fastsetje i orskurd kven av partane som skal ha foreldreansvaret til rettskraftig avgjerd ligg føre. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.
Regelen i første stykket gjeld tilsvarande i sak om kven barnet skal bu saman med.
Retten kan også ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar talar for det. Retten kan samstundes forby den andre av foreldra å kome til den eigedommen eller det bustadhuset der barnet held til. Dersom det ikkje trengst avgjerd straks, skal retten så langt som råd er gje den andre høve til å uttale seg. Dommaren skal i orskurden fastsetje ein frist for å reise søksmål. Går fristen ut utan forlenging, fell tekne avgjerder bort.
§ 39. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.§ 39. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.
Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med.Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med.
Vert dei ikkje samde, kan kvar av dei i samsvar med § 34 tredje stykket reise sak for retten eller la ho gå til fylkesmannen. Avgjerd av doms- eller styringsmakt og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 38 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.Vert dei ikkje samde, kan kvar av dei i samsvar med § 34 tredje stykket reise sak for retten eller la ho gå til fylkesmannen. Avgjerd av doms- eller styringsmakt og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 38 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.
Har folkeregisteret fått melding om den tidlegare avtalen (jfr § 35), skal også endringa meldast dit.Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.
§ 40. Kvar avgjerdene skal takast.
Avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med, skal takast av den retten eller den fylkesmannen der barnet har heimting på den tid då saka vert teken opp.
§ 41. Bruk av sakkunnige, barneverntenesta eller sosialtenesta.
I saker der det trengst, bør sakkunnige, barneverntenesta eller sosialtenesta uttale seg før det vert teke avgjerd.
§ 41 a. Registrering av foreldreansvaret.
Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig.
§ 42. Tvangsfullføring§ 42. Tvangsfullføring.
Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullføringslova kap 13. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 38 er tvangskraftig endå om avgjerda ikkje er rettskraftig.Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullføringslova kap 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 38 er tvangskraftig endå om avgjerda ikkje er rettskraftig.
§ 43. Utanlandsferd med barnet når det er tvist om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med.§ 43. Flytting med barnet til utlandet.
Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, må ingen av dei ta barnet med seg ut av landet utan samtykke frå den andre. Dette gjeld likevel ikkje ved stutte utanlandsferder når det synest openbart at barnet vil kome tilbake som planlagt.Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg i mot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte til utlandet.
Synest det truleg at den eine av foreldra vil bryte regelen i første stykket, skal politiet forby han eller ho å ta barnet ut av landet dersom den andre bed om det. Meiner politiet at eit slik forbod vil bli brote, skal politiet syte for at barnet blir ført ut av passet til den som vil forlate landet, eller at barnet vert sett bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord. I det siste tilfellet kan politiet krevje hjelp av barneverntenesta eller sosialtenesta.Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.
§ 43 a. Utanlandsferd med barnet.
Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida frem til saka er endeleg avgjord.
I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass kan trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.
Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande.
Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykkje til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet.
Kapittel 6. Samværsrett m.m.Kapittel 6. Samværsrett m.m.
§ 44. Samværsrett.§ 44. Barnet sin rett til samvær.
Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld.Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld.
Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett.Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.
Ynskjer den eine av foreldra å ordne samværsretten på annan måte enn det som fylgjer av reglane her, eller er foreldra usamde om omfanget av samværsretten, kan saka reisast for retten. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærmare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova § 26 gjeld tilsvarande.
Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka, annakvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.
Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.
Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jfr. § 39 andre stykket.
§ 44 a. Omfanget av samværet mv.
Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare.
Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka, annankvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.
Foreldra kan reise sak om omfanget av samværsretten for domstolen. Er dei samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om samværsretten gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Avgjerda skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet. Det kan setjast vilkår for at samværsretten skal kunne gjennomførast. Partane skal møte til mekling før saka vert ført inn for retten eller fylkesmannen. Departementet gjev nærare forskrifter for slik mekling. Ekteskapslova §§ 26 og 26 a gjeld tilsvarande.
Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.
Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevja ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf § 39 andre stykket.
§ 44 b. Reisekostnader ved samvær.
Den av foreldra som skal ha samvær, må bere reisekostnadene til samværet. Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje at reisekostnadene skal delast, eller at den andre av foreldra skal bere alle reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan saka istaden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det.
§ 45. Samværsrett for andre enn foreldra.§ 45. Samværsrett for andre enn foreldra.
Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å være saman med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha. Når partane er samde om det, kan saka i staden gå til fylkesmannen. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet.Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å være saman med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha. Når partane er samde om det, kan saka i staden gå til fylkesmannen. Avgjerda skal rette seg etter det som er best for barnet.
I sak om samværsrett mellom foreldra etter § 44 a, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere saman med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Fyrste ledd tredje punktum gjeld tilsvarande. Samvær for besteforeldra kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet.
§ 46. Førebels avgjerd om samværsrett.§ 46. Førebels avgjerd om samværsrett.
I rettssak om foreldreansvaret, om kven barnet skal bu saman med, eller om samværsrett kan retten etter krav frå ein part ta avgjerd i orskurd om førebels samværsrett. Slik avgjerd kan gjelde generelt til rettskraftig dom er fallen, eller for viss tid.I rettssak om foreldreansvaret, om kven barnet skal bu saman med, eller om samværsrett kan retten etter krav frå ein part ta avgjerd i orskurd om førebels samværsrett. Slik avgjerd kan gjelde generelt til rettskraftig dom er fallen, eller for viss tid.
§ 38 siste stykket gjeld tilsvarande.
§ 47. Handsaming av saker om samværsrett.
Spørsmål om samværsrett kan avgjerast i sak om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med, eller takast opp i eiga sak.
Reglane i § 40 og § 41 gjeld på tilsvarande måte i saker om samværsrett.
Reglane i § 39 gjeld på tilsvarande måte for endring av avtale eller avgjerd om samværsrett.
§ 48. Tvangsfullføring§ 48. Tvangsfullføring
Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullføringslova kap 13. For ei viss tid kan namsretten fastsetje ei ståande tvangsbot som skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 46 er tvangskraftig endå om avgjerda ikkje er rettskraftig.Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullføringslova kap 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. For ei viss tid kan namsretten fastsetje ei ståande tvangsbot som skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 46 er tvangskraftig endå om avgjerd ikkje er rettskraftig.
§ 49. Rett til å bli høyrd før ei avgjerd om framtida til barnet.
Den som har samværsrett med barnet, skal så langt råd er, få uttale seg før den som har foreldreansvaret, tek avgjerder som vil gjere det umogeleg eller vesentleg vanskelegare å utøve samværsretten.
§ 50. Rett til opplysningar om barnet.
Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.
Avslag på krav om opplysningar etter første stykket andre punktum kan påklagast til fylkesmannen. Reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private.
I særlege høve kan fylkesmannen avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.
Kapittel 7. Fostringsplikt.Ikke foreslåtte endringer.
Kapittel 8. Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet.Ikke foreslåtte endringer.
Kapittel 9. Avsluttande føresegner.Ikke foreslåtte endringer.
Til forsiden