Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2012 foreslår Regjeringa følgjande endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga for 2012:

  • Endringar i reglane om skattlegging ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde.

  • Nye sakshandsamingsreglar i eigedomsskattesakar.

  • Auka trygdeavgift på godtgjersle til deltakar for arbeidsinnsats i deltakerlikna selskap innan jord- og skogbruk.

  • Presisering av treprosentregelen i fritaksmetoden anvend på utdeling frå deltakarlikna selskap.

  • Endring av folketrygdlovas reglar om oppgavefordelinga mellom Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten for å legge til rette for ei føremålsteneleg og effektiv overføring av oppgåver.

  • Innføring av elektronisk skattekort.

  • Endringar i likningslova for å styrkje rettstryggleiken for skattytar.

  • Innføring av ei ny felles ordning for arbeidsgivar si innrapportering av opplysningar om enkeltpersonar sine tilsetjings- g inntektshøve m.m. til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Forslaget er i andre samanheng omtalt som EDAG (Elektronisk dialog med arbeidsgivarar).

  • Endring av tollova slik at ein likestiller varetransport og persontransport med omsyn til kabotasjekjøring.

  • Oppretting av feil og klårgjering av lovtekst.

  • Justering av overgangsreglane for pensjonsskatt

  • Omtale av enkelte merverdiavgiftstemaer

I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)

  • lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av inntekt og formue (skatteloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold mm. (a-opplysningsloven)

Til forsida av dokumentet