Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Oppretting av feil og klårgjering av lovtekst

11.1 Endringar i tollova

§ 16-10

Tollova 1966 hadde i § 69 føresegn om bruk av tilleggstoll mot ”vareeier eller den som har hatt omsorg for varen eller representert ham overfor tollvesenet”. Vilkåra var at han eller ho forsettleg eller aktlaust hadde brote tollova, og statskassa med det er eller kunne ha vore unndrege toll. Føresegna er ført vidare i tollova 2007 § 16-10, men subjektet for tilleggstollen blei ved lovrevisjonen endra frå ”vareeier eller den som har hatt omsorg for varen eller representert han overfor tollvesenet” til ”tollskyldner”.

Endringa var meint som ei lovteknisk forenkling, og skulle ikkje innebere noka realitetsendring. I tida som har gått etter ikraftsetjinga av tollova 2007, har det likevel oppstått uklarleik kring spørsmålet om tollstyresmaktene kan ileggje tilleggstoll for deklarantar som deklarerer feil, og tollvesenet oppdagar feilen før varen er ferdig fortolla. Tvilen er knytt til spørsmålet om kven som er tollskuldnar, og med det subjekt for tilleggstoll.

Føremålet med tollskuldnaromgrepet var å gi tollstyresmaktene muligheit til å krevje inn toll- og avgiftskravet frå fleire enn berre frå varemottakar ved innførselen. Lova skiljer mellom tollskuldnar ved fortolla og ufortolla vare. Departementet har kome til at det ikkje er naturleg å operere med eit slikt skilje ved vurderinga knytt til tilleggstoll. Ein deklarasjonsfeil er den same uansett om han blir avdekt allereie under fortollingsprosessen eller seinare (ved ein etterkontroll). Ordninga med å ileggje tilleggstoll bør gjelde uansett når feilen blir avdekt.

For at det ikkje skal råde tvil om kven som kan bli ilagt tilleggstoll etter tollova § 16-10, foreslår departementet å fjerne tollskuldnaromgrepet frå føresegna om tilleggstoll. I staden blir omgrepet erstatta med ”den som forsettlig eller uaktsomt har overtrådt” lova. Forslaget inneber også ei omrokkering av dei andre orda i føresegna, men dette leder ikkje til noka realitetsendring. Departementet viser til forslag til endring av tollova § 16-10 første ledd.

Føresegna i tollova § 16-10 første ledd rammar forsettelege og aktlause brot på tollova eller tollovas forskrifter. Andre ledd lyder: ”Tilsvarende gjelder hvor det i forbindelse med tollekspedering er unnlatt gitt riktige opplysninger eller er gitt uriktige opplysninger”. Dette leddet blir overflødig saman med forslaget til ny formulering av første ledd. Ikkje berre aktivt uriktige opplysningar, men også manglande opplysningar vil vere brot på opplysningsplikta etter tollova med forskrifter, og rammast derfor av første ledd. For å unngå usikkerheit kring spørsmålet om skilnaden mellom første og andre ledd i § 16-10, foreslår departementet å oppheve andre ledd. Dette vil føre til ei tydligare føresegn, men inneber ikkje noka realitetsendring. Departementet viser til forslag om oppheving av § 16-10 andre ledd.

Til forsida av dokumentet