Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Endring av tollova – persontransportkabotasje

Transportørar frå andre EØS-land kan på nærmare vilkår ta på seg transportoppdrag mellom to plassar i Noreg, såkalla kabotasjekjøring. Dette gjeld både varetransport og persontransport. Tollova § 6-1 anna ledd opnar for midlertidig avgiftsfri innførsel av transportmiddel som vert nytta til kabotasjekjøring, men bare dersom transportmidlet vert nytta til varetransport. Det er ikkje grunnlag for å skilje mellom varetransport og persontransport i så høve, og eit slik skilje har heller ikkje blitt praktisert. Departementet foreslår å endre tollova § 6-1 anna ledd slik at varetransport og persontransport stilles likt med omsyn til kabotasjekjøring.

Til forsida av dokumentet