Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Innføring av elektronisk skattekort

7.1 Innleiing og samandrag

Departementet legg fram forslag om innføring av elektronisk skattekort. Forslaget inneber endringar i skattebetalingslova og likningslova. Forslaget er meint å skape forenklingar for arbeidsgivar, skattytar og Skatteetaten, og er eit ledd i regjeringa si satsing på forenklingar for næringslivet og digitalt førsteval. Departementet foreslår endringar i måten skattekorta blir distribuert og handsama på, ved gjennomføring av forskotstrekk for personlege skattytarar. Forslaget inneber ikkje endringar i sjølve forskotsskattesystemet.

Departementet foreslår at arbeidsgivar får ei plikt til å innhente skattekort for sine tilsette direkte frå Skatteetaten. Det foreslåast at skattekontora si plikt til å skrive ut og sende skattekort og frikort til skattytarar, endrast slik at skattekontora etter den nye ordninga utstedar skattekort og gjer desse tilgjengeleg for arbeidsgivarane elektronisk. Departementet foreslår at skattytar si plikt til å levere skattekort til arbeidsgivar blir oppheva, og at skattytar får innsynsrett i eigne skattekortopplysningar. I tillegg foreslår departementet fleire omgrepsendringar for å tilpasse regelverket til den nye ordninga.

Departementet foreslår at ordninga blir ei frivillig prøveordning i 2013, med full iverksetjing frå 2014.

7.2 Gjeldande ordning

Dagens skattekortordning er i hovudsak regulert i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingslova) kapittel 5 med tilhøyrande forskrift 21. desember 2007 nr. 1766 til utfylling og gjennomføring mv. av skattebetalingsloven (skattebetalingsforskrifta).

Etter skattebetalingslova § 5-1 første ledd skal skattekontora skrive ut skattekort før inntektsåret byrjar for alle skattytarar som vil få trekkpliktig inntekt av ein viss storleik. Skattekontora kan i løpet av inntektsåret skrive ut nye skattekort dersom det er gjort feil ved utskrivinga, jf. skattebetalingslova § 5-1 første ledd. Skattytar si plikt til å levere skattekort til arbeidsgivar følgjer implisitt av skattebetalingslova § 5-5 første ledd, og er direkte regulert i skattebetalingsforskrifta.

Etter skattebetalingslova § 5-4 første ledd plikter arbeidsgivar å foreta forskotstrekk i samhøve med opplysningane i skattekortet han mottar frå skattytar. Dersom skattytar ikkje har levert skattekort og arbeidsgivar ikkje på anna måte har fått skattekortopplysningar, skal han foreta forskotstrekk med 50 prosent, eller 30 prosent for visse trygdeytingar, jf. skattebetalingslova § 5-5 første ledd. Detaljar for arbeidsgivar si handsaming av skattekortet er regulert i skattebetalingsforskrifta. Arbeidsgivar plikter å leggje fram skattekort han oppbevarar ved eventuelle kontrollar som gjennomførast av skatteoppkrevjar, jf. skattebetalingslova § 5-13.

7.3 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

7.3.1 Elektronisk tilgjengeleggjering av skattekort og oppheving av skattekontora sin rett til å krevje skattekort tilbake

Arbeidsgruppa foreslår at skattekontora skal gjere skattekorta tilgjengeleg for arbeidsgivarane elektronisk, før byrjinga av inntektsåret. Gruppa foreslår å ta inn ein slik regel i skattebetalingslova § 5-1 andre ledd. Regelen skal sjåast i samanheng med regelen i § 5-1 første ledd første punktum, som omhandlar skattekontora si plikt til å utstede skattekort for skattytarane ved byrjinga av inntektsåret, slik at skattekorta blir tilgjengeleg for arbeidsgivar før han skal foreta forskotstrekk i januar.

Arbeidsgruppa foreslår vidare å oppheve regelen i skattebetalingslova § 5-1 andre ledd som gir skattekontora rett til å krevje at skattekort som skattekontora har utskreve blir levert tilbake. Regelen har ikkje lenger noko hensikt i den nye ordninga, ettersom arbeidsgivarane vil leggje skattekortopplysningane inn i sine lønnssystem når dei er innhenta.

7.3.2 Arbeidsgivar si plikt til å innhente skattekort m.m.

Arbeidsgruppa foreslår å påleggje arbeidsgivar ei plikt til å innhente skattekort for sine arbeidstakarar. Skattekorta skal innhentast elektronisk direkte frå skatteetaten før byrjinga av inntektsåret. Skattekorta skal oppdaterast før kvar lønnskøyring slik at endra skattekort blir registrert i arbeidsgivar sitt lønnssystem. Arbeidsgivar skal òg innhente skattekort for nye medarbeidarar. Arbeidsgruppa foreslår at ein regel om arbeidsgivar si nye plikt blir teke inn i skattebetalingslova § 5-1 andre ledd. Arbeidsgruppa foreslår at det blir presisert at arbeidsgivar ikkje kan nytte skattekortopplysningar til andre føremål enn det som følgjer av lova. Gruppa foreslår ei endring i skattebetalingslova § 5-4 første ledd for å tilpasse regelen til arbeidsgivar si nye plikt til å foreta forskotstrekk etter det til einkvar tid gjeldande skattekortet.

Arbeidsgruppa foreslår at reglane i skattebetalingslova § 5-5 første ledd som omhandlar forskotstrekk når skattekortet ikkje er levert, blir tilpassa den nye ordninga. Gruppa foreslår å endre føresegna til i staden å gjelde forskotstrekk når skattekortet ikkje er gjort tilgjengeleg.

Etter arbeidsgruppa si vurdering er det hensiktsmessig å vidareføre regelen om at arbeidsgivar i desse tilfella skal foreta forskotstrekk med 50 eller 30 prosent, då det i den nye ordninga òg vil kunne hende at arbeidsgivarar må foreta forskotstrekk utan at han har skattekortopplysningar tilgjengeleg, til dømes ved teknisk svikt. For å unngå at arbeidsgivar lèt vere å innhente skattekort, og i staden foretar trekk etter skattebetalingslova § 5-5 første ledd, foreslår arbeidsgruppa at manglande opplysningar ikkje må skuldast ”forsømmelse eller mangel på tilbørlig aktsomhet fra arbeidsgivers side”.

Arbeidsgruppa foreslår at regelen i skattebetalingslova § 5-13 første ledd andre punktum, kor skatteoppkrevjar blant anna kan krevje at arbeidsgivar legg fram skattekort under bokettersyn, blir oppheva. Arbeidsgivar vil i den nye ordninga ikkje lenger ha skattekort på papir tilgjengeleg. Gruppa foreslår difor at ”skattekort” blir fjerna frå føresegna.

7.3.3 Arbeidsgivar si handsaming av skattekort

Arbeidsgruppa foreslår at dagens skattekortinndeling ikkje blir vidareført i den nye ordninga. Dette skuldast at Skatteetaten ikkje vil ha informasjon om at skattytarar har fleire arbeidsgivarar, og kven av desse som skal trekke etter tabell og prosent. Arbeidsgruppa meiner det er hensiktsmessig å gi arbeidsgivarane tilgang til heile skattekortet når det blir innhenta. Arbeidsgruppa foreslår at oppheving av skattekortdelane gjerast i skattebetalingsforskrifta.

Ettersom arbeidsgivar får tilgang til heile skattekortet, med både tabell- og prosentopplysningar, må han sjølv ta stilling til kva for forskotstrekk han skal foreta. Dersom fleire arbeidsgivarar foretar forskotstrekk etter tabell vil resultatet bli at det trekkjast mindre skatt enn utlikna, som igjen vil gi skattytar restskatt. Arbeidsgruppa har vurdert om skattytar bør påleggjast ei plikt til å informere sine arbeidsgivarar om dei er hovud- eller biarbeidsgivar, men har funnet at ei slik løysing er lite hensiktsmessig ettersom plikta vil vere vanskeleg å sanksjonere. Det er arbeidsgruppa si oppfatning at arbeidsgivarar synest å ha god kunnskap om kva slags trekk dei skal foreta, og at det difor bør innførast ein regel om at skattytar bør informere sine arbeidsgivarar om dei er hovud- eller biarbeidsgivar. Arbeidsgruppa foreslår at reglar om dette blir teke inn i skattebetalingsforskrifta.

Som følgje av at arbeidsgivar skal innhente skattekort direkte frå Skatteetaten, foreslår arbeidsgruppa at skattytar si plikt til å levere skattekort til arbeidsgivar blir oppheva. Gruppa foreslår å gjere endringar i skattebetalingslova § 5-5 første ledd.

7.3.4 Skattytar sin innsynsrett i skattekortopplysningar

Ettersom skattytar i den nye ordninga ikkje lenger skal få tilsendt skattekort frå skattekontora, foreslår arbeidsgruppa ein regel som gir skattytar innsynsrett i sine eigne skattekortopplysningar. Arbeidsgruppa meiner ein slik rett vil gi skattytar insentiv til å undersøkje om opplysningane er korrekte, og eventuelt søkje om endra skattekort. Gruppa foreslår at skattytar sin rett til innsyn i skattebetalingslova § 5-1 første ledd tredje punktum blir oppheva, og at det blir teke inn ein ny regel om innsynsrett i eit nytt sjette ledd i § 5-1.

Arbeidsgruppa foreslår at det blir teke inn eit nytt femte ledd i skattebetalingslova § 5-1 om at skattekontora skal utarbeide ei skattetrekksmelding til skattytar før byrjinga av inntektsåret. Skattetrekksmeldinga skal innehalde berekna forskotstrekk og berekningsgrunnlag for skattetrekket. Arbeidsgruppa meiner at skattetrekksmeldinga òg bør innehalde opplysningar om kva for arbeidsgivarar som har innhenta vedkomande skattytar sitt skattekort. Gruppa meiner ein slik regel vil kunne førebyggje at uvedkomande eller tidlegare arbeidsgivarar skal kunne nytte skattekortopplysningar om skattytarar. Arbeidsgruppa foreslår å ta inn eit nytt fjerde ledd i skattebetalingslova § 5-1 som gir Skattedirektoratet heimel til å registrere arbeidsgivarar som innhentar skattekort.

7.3.5 Omgrepstilpassingar

Som eit ledd i den nye ordninga, foreslår arbeidsgruppa fleire omgrepsendringar for å tilpasse regelverket til ei innføring av elektronisk skattekort. Arbeidsgruppa foreslår at omgrepet ”utskrive” blir endra til ”utstede” som er eit teknologinøytralt alternativ. Gruppa foreslår at slike endringar gjerast i skattebetalingslova §§ 5-1 første ledd og 6-3 første og femte ledd. Arbeidsgruppa foreslår òg ei endring i likningslova § 3-3 nr. 4 for tilpasse føresegna til innføringa av ei ny skattetrekksmelding.

7.4 Høyringa

7.4.1 Innleiing

Departementet sende ut arbeidsgrupperapporten om forslag til innføring av elektronisk skattekort den 3. februar 2012. I høyringsbrevet bad departementet særskilt om instansane sitt syn på vurderingane i rapporten som omhandla skattytar sitt personvern, oppheving av skattekortdelane og iverksetjing av ordninga. Høyringa blei sendt til 78 instansar. Fristen for å kome med merknader blei sett til 13. april 2012. Departementet har motteke fråsegner frå følgjande høyringsinstansar:

  • Arbeidsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kulturdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Den norske revisorforening

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • Direktoratet for økonomistyring (DFØ)

  • Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO)

  • Konkurransetilsynet

  • LO

  • NHO

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

  • Norges Bondelag

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund (NKKF)

  • Pensjonskasseforeningen

  • Riksarkivaren

  • Statens innkrevingssentral

  • Økonomiforbundet

I tillegg har departementet motteke merknad frå ein anonym person kalla ”fast skattebetaler”.

Av dei som har uttala seg har Arbeidsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og Handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet, FNO, Konkurransetilsynet og LO ikkje hatt nokon merknader til forslaget i arbeidsgrupperapporten.

Reaksjonane i høyringa frå dei instansane som har hatt merknader til forslaget, er i stor grad positive. Instansane har ein del kommentarar knyta til val av system og tekniske løysingar, oppheving av delane i skattekortet, ivaretaking av skattytar sitt personvern og iverksetjing av ordninga. Ingen av instansane er imot den nye ordninga som er foreslått.

7.4.2 System og tekniske løysingar

Om val av system og tekniske løysingar viser departementet til følgjande merknader:

Revisorforeningen meiner det kan bli ei utfordring for arbeidsgivarar utan lønnssystem å halde seg oppdatert på nye skattekort når det gjerast endringar i løpet av året. Direktoratet for økonomistyring (DFØ) peikar på ulike problem i forbindelse med lønnssentralar, og meiner desse problemstillingane bør løysast før iverksetjing i 2014.

Norges Bondelag hevdar at talet på arbeidsgivarar som har få tilsette ikkje er rett i rapporten, og at det er fleire enn det arbeidsgruppa hevdar. Norges Bondelag framhev at mange av desse overlèt all kontakt med Altinn til rekneskapsførar, og at skattetrekksmeldinga difor blir viktig for blant anna å legitimere lønnsmottakarar og å finne riktig prosentsats for sesongarbeidarar.

Difi framhev at digitalt førsteval skal vere den prioriterte kanalen for innbyggjarar (skattytarar) og at ein må ha moglegheit til å reservere seg mot digital informasjon frå det offentlige dersom ein ønskjer det. Difi uttalar:

”For næringsdrivende legges det ikke opp til en tilsvarende reservasjonsrett, men at digital kommunikasjon med forvaltningen gjøres obligatorisk. Arbeidet med innføring av reservasjonsprinsippet i forvaltningsloven går parallelt med innføring av ny ordning for elektronisk skattekort. Vi anbefaler at det gjøres en vurdering av om samme prinsipp bør legges til grunn i denne ordningen.”

Difi reiser spørsmål om skattytarar som søkjer om skattekort for første gang kan få ei forenkla handsaming.

7.4.3 Arbeidsgivar si plikt til å innhente skattekort m.m.

Fleire av høyringsinstansane har hatt merknader til arbeidsgivar si plikt til å innhente og oppbevare skattekortopplysningane.

NKKF og NARF framhev at det må presiserast at arbeidsgivar må oppdatere skattekortopplysningane før kvar lønnskøyring og ikkje utbetaling. NKKF er òg usikre på korleis forholdet mellom personopplysningslova vedrørande sletting av opplysningar som ikkje lenger er naudsynte, og lagringsplikt etter bokføringslova, og om korleis konsekvensane vil vere dersom nokon ”vaskar” fødselsnummer.

Pensjonskasseforeningen føreset at forvaltarar av pensjonsordningar etter føretakspensjonslova § 1-1 andre ledd inngår som arbeidsgivar i den foreslåtte ordninga, og at dei venter seg ei presisering av dette i det endelige forslaget.

Brønnøysundregistra ber om at det blir vurdert om arbeidsgivar si plikt til å innhente skattekort representerer ei ny oppgåveplikt. I så fall påpeikar registeret innsendingsplikta for nye og endra oppgåveplikter, jf. § 4 i oppgåveregisterlova.

Riksarkivaren meiner forhold kring journalføring ikkje kjem fram i rapporten, og meiner funksjonar som skal sikre krav til registrering i skattekortdatabasen kan ha ein slik verksemd, og at logging i så fall vil vere tilstrekkeleg. Riksarkivaren framhevar at dette må vurderast før ordninga setjast i verk. Riksarkivaren påpeikar at sidan nedetid i elektroniske system kan førekome, er det viktig at det finnast reglar for skattetrekk dersom arbeidsgivar ikkje har skattekortopplysningar tilgjengeleg.

7.4.4 Arbeidsgivar si handsaming av skattekort

NHO støttar forslaget om at arbeidsgivar får tilgang til heile skattekortet, både del ein og del to. NHO meiner det er tilstrekeleg at skattytar informerer arbeidsgivar om han skal trekke forskot etter tabell eller prosent, og at arbeidsgivar får eit varsel når fleire arbeidsgivarar har innhenta skattekort for den same arbeidstakaren. Pensjonskasseforeningen foreslår òg at alle arbeidsgivarane som har innhenta skattekort får ei melding, dersom fleire arbeidsgivarar har innhenta det same skattekortet. Økonomiforbundet meiner ordninga som foreslåast kan forsterke feil som følgje av manglande kunnskap om bruk av del ein og del to i skattekortet. Forbundet meiner det bør vurderast ytterlegare tiltak enn dei som er omtala i rapporten. Revisorforeningen er usikker på om arbeidsgivar vil kome i ansvar ved feil trekk som følgje av at han hentar inn både tabelltrekk og prosenttrekk. NARF meiner det vil bli utfordringar når det skal definerast kven av om lag like store arbeidsgivarar som skal reknast som hovudarbeidsgivar, og meiner det må givast klare retningslinjer i lovverket om korleis arbeidsgivar skal handtere trekkalternativa. NARF forslår ein regel om at arbeidsgivar skal foreta tabelltrekk for skattytarar som er tilsett i ei stilling på over 50 prosent, dersom skattytar ikkje informerar om at arbeidsgivar likevel ikkje er hovudarbeidsgivar. Dersom skattytar har ein lågare stillingsprosent enn 50, meiner NARF at arbeidsgivar skal foreta prosenttrekk, dersom ikkje skattytar har informera om noko anna.

NARF etterlysar ei ordning kor skattytar kan stanse at arbeidsgivar foretar trekk etter skattekortopplysningar som ikkje er rett. I dag kan skattytar enkelt gjere dette ved å ikkje levere eit urett skattekort til arbeidsgivar.

7.4.5 Skattytar sin innsynsrett i skattekortopplysningar - personvern

Økonomiforbundet og Datatilsynet kommenterar misbrukspotensialet ved den nye ordninga, ettersom det er få avgrensingar for kva for arbeidsgivarar som kan innhente skattekort. Dei meiner likevel at sidan skattekorta vil innehelde færre opplysningar enn skattekorta i dagens ordning, må faren for missbruk likevel reknast for å vere avgrensa.

NHO, Pensjonskasseforeningen og Datatilsynet foreslår ei frivillig ordning kor skattytar får moglegheit til å styre arbeidsgivarane sin tilgang til skattekortet, slik det er omtalt i arbeidsgrupperapporten på side 40. Dei meiner at skattytar bør få definere arbeidsgivarar som ikkje skal kunne innhente skattekort, til dømes tidlegare arbeidsgivarar.

Norges Bondelag påpeiker at skattytar si nye rolle inneber eit auka behov for informasjon, slik at han kan kontrollere opplysningar. Saman med NKKF,Pensjonskasseforeningen og Datatilsynet meiner dei at skattytar må få informasjon med ein gang nokon hentar inn skattekort for vedkomande, og at det ikkje er tilstrekkeleg at skattytar sjølv må innhente informasjon gjennom ei elektronisk løysing om kva for arbeidsgivarar som har innhenta skattekort for han. NARF meiner òg at arbeidsgivar si innhenting av skattekort må meldast skattytar, men at ei slik melding til dømes kan skje i skattytar sin digitale postboks. NARF meiner det er tilstrekkeleg med ei melding første gang arbeidsforholdet blir meldt.

Datatilsynet meiner skattytar bør få slik informasjon anten før skattekortet blir innhenta, eller samtidig. Dersom ei slik ordning ikkje lar seg gjere, må skattytar få informasjon om innhentinga så fort som mogeleg, og givast ein reel moglegheit til å få feilinnhenta opplysningar sletta. Skattytar må òg få beskjed om nye arbeidsgivarar innhentar skattekort i løpet av året, og ikkje berre ved byrjinga av inntektsåret. Datatilsynet uttalar:

”Datatilsynet mener at løsningen som er foreslått i høringsnotatets punkt 6.10.1 på side 40 om at arbeidstager både selv må undersøke om hans opplysninger har blitt utlevert til feil arbeidsgivere og selv ta kontakt med disse arbeidsgiverne for å be om å få opplysningene slettet, ikke vil innebære store nok personvernsgarantier for skattyter. Denne løsningen vil legge alt ansvaret over på skattyter. I det minste må det legges til rette for at skattyter kan kreve sletting av opplysningene gjennom eller ved hjelp av skattemyndighetene, som tross alt tilrettela for den feilaktige utleveringen.”

Datatilsynet meiner ein innsynsportal gjennom Altinn/MinId ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta skattytarane sin rett til informasjon, då mange ikkje har tatt i bruk løysinga. Tilsynet foreslår at det leggjast opp til ei løysing der informasjonen leggjast ut på portalen og at det sendast ei melding på e-post. Dersom skattytar ikkje har logga inn og opna informasjonen innan ein tidsperiode på 2-4 veker, sendast informasjonen per post. NKKF meinar at det bør presiserast i lova kva for opplysningar som skal givast i skattetrekksmeldinga, jf. § 5-1 femte ledd. Revisorforeningen meiner forslaget til arbeidsgruppa er tilstrekkeleg når det gjeld omsynet til skattytar sitt personvern.

7.4.6 Omgrepstilpassingar

NARF foreslår at omgrepsbruken i lovverket blir endra ettersom skattekort ikkje lenger vil eksistere i papirformat. Dei foreslår at ”kort” blir endra, og kjem med ein del forslag til alternative omgrep som kan nyttast.

7.4.7 Iverksetjing

NHO og Revisorforeningen støttar forslaget i rapporten om iverksetjing. NKKF meiner ordninga berre bør setjast i verk dersom skattytar har innsynsrett i arbeidsgivar si innhenting av skattekort, og at dette i så fall må vere klart i 2013. Pensjonskasseforeningen meiner ordninga ikkje bør tre i kraft før alle føresetjingar føreligg, som til dømes tilpassa lønnssystem.

7.5 Vurderingar og forslag frå departementet

7.5.1 System og tekniske løysingar

Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Revisorforeningen, Norges Bondelag og DFØ har merknader til dei tekniske løysingane som er omtalt i arbeidsgrupperapporten, og meiner den nye ordninga kan gi ein del utfordringar, særleg for arbeidsgivarar som i dag ikkje nyttar lønnssystem. Departementet framhev at det i den nye ordninga òg vil leggjast til rette for arbeidsgivarar som ikkje nyttar lønnssystem, og at desse skal få tilgang til skattekort i ein eigen elektronisk portal. Departementet meiner at prøveåret i 2013 vil kunne bidra til å avdekkje utfordringar knyta til den nye ordninga, og at desse skal søkjast løyst før ordninga tek til å gjelde frå og med inntektsåret 2014.

Arbeidsgruppa foreslår at arbeidsgivarar som ikkje ønskjer å innhente skattekort elektronisk, skal få moglegheit til å be om at skattekorta blir tilsendt i papirformat. Departementet framhev at denne moglegheita berre vil kunne nyttast unntaksvis i ein overgangsperiode, og at dette vil bli regulert i skattebetalingsforskrifta. Departementet viser til innspel frå Difi om digitalt førsteval, St.meld. nr. 19 (2008-2009), og at digital kommunikasjon med det offentlige på sikt skal vere obligatorisk for næringsdrivande.

7.5.2 Tilgjengeleggjering av skattekort og oppheving av skattekontora sin rett til å krevje skattekort tilbake

Departementet er einig i arbeidsgruppa sitt forslag om at skattekontora skal gjere skattekorta tilgjengeleg for arbeidsgivar elektronisk før byrjinga av inntektsåret. Tilgjengeleggjeringa har samanheng med forslaget om ei ny plikt for arbeidsgivar til å innhente skattekort til same tid. Slik tilgjengeleggjering skal skje før byrjinga av inntektsåret, og elles i løpet av inntektsåret dersom skattekortet blir endra etter reglane i skattebetalingslova § 5-1 første ledd. At tilgjengeleggjeringa skal skje før byrjinga av inntektsåret, er naudsynt for at arbeidsgivar skal ha riktige og oppdaterte skattekortopplysningar når han skal gjennomføre forskotstrekk i januar. Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om at ein regel om slik tilgjengeleggjering blir teke inn i skattebetalingslova, men foreslår at regelen plasserast i § 5-1 første ledd i staden for § 5-1 andre ledd som arbeidsgruppa foreslo.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om å oppheve regelen i skattebetalingslova § 5-1 andre ledd om at skattekontora kan krevje at skattekort dei har skreve ut blir levert tilbake. Arbeidsgivar vil i den nye ordninga ikkje lenger få eit fysisk skattekort, men i staden skattekortopplysningar i eit elektronisk format. Ein regel om tilbakelevering vil difor ikkje lenger vere hensiktsmessig. Departementet foreslår difor at noverande andre ledd får eit nytt innhald. Dette innhaldet er omtala i avsnitt 7.5.3 under.

Det visast til forslag til endring i skattebetalingslova § 5-1 første ledd.

7.5.3 Arbeidsgivar si plikt til å innhente skattekort m.m.

Departementet er einig i arbeidsgruppa sitt forslag om å påleggje arbeidsgivar ei plikt til å innhente skattekort frå Skatteetaten elektronisk før inntektsåret si byrjing og kontinuerleg gjennom året, og at det blir presisera at arbeidsgivar ikkje kan nytte skattekortopplysningar til andre føremål enn det som følgjer av lova. Endringa er foreslått tatt inn i § 5-1 andre ledd. Gruppa foreslår òg ei endring i skattebetalingslova § 5-4 første ledd for å tilpasse regelen til arbeidsgivar si nye plikt til å foreta forskotstrekk etter det til einkvar tid gjeldande skattekortet.

NKKF og NARF har i sine innspel til høyringa påpeika at det må framkome i lova at ei slik oppdatering må skje før kvar lønnskøyring og ikkje ved lønnsutbetaling, då dette kan vere ulike datoar. Departementet sluttar seg til forslaget om at det blir presisert i lovteksta at arbeidsgivar plikter å foreta oppdatering før kvar lønnskøyring.

Til Brønnøysundregistra sitt innspel under høyringa, ønskjer departementet å presisere at arbeidsgivar si nye plikt til å innhente skattekort for sine tilsette, ikkje inneber ei ny oppgåveplikt

Pensjonskasseforeningen antek i sitt høyringsinnspel at forvaltarar av pensjonsordningar etter føretakspensjonslova § 1-1 andre ledd, vil reknast som arbeidsgivar i forslaget. Dei venter seg likevel ein presisering av at dette er tilfellet i eit endeleg forslag. Departementet visar til at ”arbeidsgivar” er definert i skattebetalingslova § 4-1 første ledd bokstav c) og er ”[d]en som selv eller ved fullmektig utbetaler lønn eller annen godtgjørelse eller ytelse som det skal foretas forskuddstrekk eller utleggstrekk i”. Departementet ønskjer ikkje å definere kven som skal reknes som arbeidsgivar utover det som kjem fram i denne definisjonen.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om å oppheve arbeidsgivar si plikt til å framleggje skattekort ved bokettersyn. Det visast til at arbeidsgivar i den nye ordninga ikkje lenger vil ha skattekort til oppbevaring. Departementet foreslår difor at ”skattekort” blir fjerna i skattebetalingslova § 5-13.

Departementet viser til forslag til endring i skattebetalingslova § 5-1 andre ledd, § 5-4 første ledd og § 5-13 første ledd andre punktum.

7.5.4 Arbeidsgivar si handsaming av skattekort

Arbeidsgruppa foreslår at gjeldande skattekortinndeling ikkje blir ført vidare i den nye ordninga. Gruppa foreslår at arbeidsgivarar som etterspør skattekort for ein skattytar, skal få tilgang til heile skattekortet, med både tabell- og prosentopplysningar. Skattekortinndelinga kjem i noverande ordning fram i skattebetalingsforskrifta. Utfordringa ved å gi arbeidsgivarane tilgang til heile skattekortet i tilfeller kor skattytar har fleire enn ein arbeidsgivar, er at faren for at det blir trekt feil forskot aukar. Arbeidsgruppa har vurdert ulike løysingar for at ikkje dette skal bli eit problem i den nye ordninga.

Høyringsinstansane sine kommentarar om temaet er blanda. NHO meiner det vil vere tilstrekkeleg at skattytar gir sine arbeidsgivarar informasjon om at dei er hovud- eller biarbeidsgivar. Saman med Pensjonskasseforeningen meiner dei at det kan vere hensiktsmessig at arbeidsgivarane får ei melding om at det er fleire som har innhenta det same skattekortet. NARF og Riksarkivaren meiner det er naudsynt med klare retningslinjer i lovverket om korleis arbeidsgivarane skal gå fram når dei har innhenta heile skattekortet. NARF forslår ein regel om at arbeidsgivar skal foreta tabelltrekk for skattytarar som er tilsett i ei stilling på over 50 prosent, dersom skattytar ikkje informerar om at arbeidsgivar likevel ikkje er hovudarbeidsgivar. I tilfelle kor skattytar har ein lågare stillingsprosent enn 50, meiner NARF at arbeidsgivar skal foreta prosenttrekk, dersom ikkje skattytar har informera om noko anna. Økonomiforbundet meiner det bør vurderast ytterlegare tiltak enn dei som er omtalt i rapporten.

Etter departementet si oppfatning bør arbeidsgivar si handsaming av skattekortet framleis vere regulert i skattebetalingsforskrifta, og ikkje bli innteke i lovteksta slik NARF foreslår. Departementet er einig i at arbeidsgivar skal får tilgang til heile skattekortet, men er usikker på korleis ordninga med at skattytar frivillig bør informere arbeidsgivar skal fungere i praksis. Departementet meiner difor det bør vurderast om det er mogeleg å gi arbeidsgivarane eit varsel om at fleire arbeidsgivarar har innhenta det same skattekortet, slik både arbeidsgruppa har vurdert og nokon av høyringsinstansane har foreslått. Departementet meiner eit slik varsel vil kunne vere tilstrekkeleg til å gi arbeidsgivar ein oppfordring om å vurdere kva for trekk han skal foreta. Departementet meiner forslaget til NARF om ein regel kor stillingsprosenten er avgjerande for om det skal trekkjast etter tabell eller prosent, kan vere naturleg i den nye ordninga, då departementet meiner dette vil vere eit resonnement dei fleste arbeidsgivarar vil nytte dersom dei er usikre på kva for trekk dei skal foreta. Departementet vil vurdere dette nærare ved utforminga av reglane i skattebetalingsforskrifta.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om å oppheve skattytar si plikt til å levere skattekort til sin eller sine arbeidsgivarar. Forslaget er eit naturleg ledd i den nye ordninga, kor skattytar får ei meir passiv rolle. Skattytar si leveringsplikt er i hovudsak regulert i skattebetalingsforskrifta, men kjem òg indirekte fram i skattebetalingslova § 5-5 første ledd. Departementet foreslår at skattebetalingslova § 5-5 første ledd, som omhandlar forskotstrekk når skattytar ikkje har levert skattekort, endrast til i staden å omhandle forskotstrekk når skattekortet ikkje er gjort tilgjengeleg.

Arbeidsgruppa foreslår at regelen i skattebetalingslova § 5-5 første ledd endrast til at dersom arbeidsgivar ikkje har fått dei opplysningane som kjem fram av skattekortet, og dette ikkje skuldast ”forsømmelse eller mangel på tilbørlig aktsomhet fra arbeidsgivers side”, skal arbeidsgivar foreta forskotstrekk med 50 prosent, eller 30 prosent for somme ytingar etter folketrygdlova.

Departementet er i utgangspunktet einig i arbeidsgruppa sitt forslag om å vidareføre ein regel om forskotstrekk når skattekortet ikkje er gjort tilgjengeleg. Departementet er òg einig i at regelen ikkje skal gjelde dei tilfella kor dei manglande opplysningane skuldast at arbeidsgivar ikkje oppfyller si plikt til å innhente skattekort, men manglande tilgjengeleggjering. Departementet vel difor å oppretthalde forslaget til arbeidsgruppa om at manglande opplysningar ikkje må skuldast ”forsømmelse eller mangel på tilbørlig aktsomhet fra arbeidsgivers side”. For desse tilfella vil arbeidsgivar bli ansvarleg for eventuelle feil ved gjennomføring av forskotstrekket i samsvar med reglane i skattebetalingslova kapittel 5, jf. skattebetalingslova § 16-20. Tilfella regelen i skattebetalingslova § 5-5 første ledd er berekna på, vil vere manglande tilgjengeleggjering som skuldast teknisk svikt. For slike tilfelle meiner departementet at utgangspunktet ikkje bør vere at det blir foretatt trekk med 50 eller 30 prosent, men at det i staden trekkjast etter dei opplysningane som kjem fram av det siste innhenta skattekortet. For dei tilfella det ikkje finst skattekort som er tidlegare innhenta, til dømes fordi skattytar ennå ikkje har søkt om skattekort, bør regelen om 50 eller 30 prosent vidareførast.

Departementet viser til forslag til endring i skattebetalingslova § 5-5 første ledd.

7.5.5 Skattytar sin innsynsrett i skattekortopplysningar - personvern

Departementet er einig i arbeidsgruppa sitt forslag om i gi skattytar ein rett til innsyn i eigne skattekortopplysningar, og sluttar seg til forslaget om å oppheve dagens innsynsregel i skattebetalingslova § 5-1 første ledd tredje punktum og i staden ta inn ein ny regel om innsyn i eit nytt femte ledd i skattebetalingslova § 5-1. Departementet meiner at denne innsynsretten ikkje bør vere avgrensa til berre å gjelde informasjon om kva slags arbeidsgivarar som har etterspurt skattekort om vedkomande skattytar, men at innsynsretten òg bør omfatte den skattekortsinformasjonen som arbeidsgruppa foreslår skal inngå i ei skattetrekksmelding.

Fleire av høyringsinstansane har kommentert innsynstenesta, og påpeika at denne må vere på plass dersom den nye ordninga skal takast i bruk på frivillig basis i inntektsåret 2013. Departementet er einig i at retten til innsyn må vere reell, òg i prøveåret, og at dersom dette ikkje er tilfellet, vil skattytarane sitt personvern ikkje vere tilstrekkeleg ivaretatt i den nye ordninga. Departementet foreslår difor at innsynsretten gjerast teknologinøytral, og at detaljar kring innsynsretten blir regulert i skattebetalingsforskrifta. Dersom ikkje den elektroniske innsynstenesta kan nyttast frå 2013, skal skattytarane ha moglegheit til å rette førespurnad om innsyn til Skatteetaten. Det same vil gjelde for skattytarar som ikkje ønskjer å ha elektronisk kommunikasjon med det offentlige som førsteval.

Arbeidsgruppa foreslår at skattekontora skal utarbeide ei skattetrekksmelding til skattytar før byrjinga av inntektsåret, og at skattetrekksmeldinga skal innehalde opplysningar om berekna forskotstrekk og berekningsgrunnlag for forskotstrekket. Departementet er einig i arbeidsgruppa sitt forslag og meiner ei slik melding vil gi skattytar den informasjonen han i dag får ved utsending av skattekort etter gjeldande ordning. Skattytar vil då kunne vurdere informasjonen og eventuelt be om at opplysningane blir endra. Departementet foreslår at regelen om dette blir teke inn i eit nytt tredje ledd i skattebetalingslova § 5-1

Fleire av høyringsinstansane meiner at skattetrekksmeldinga òg bør innehalde informasjon om kva slags arbeidsgivarar som har etterspurt vedkomande sitt skattekort, og at det ikkje er tilstrekkeleg at ei slik melding berre blir utarbeida ein gang i året. NKKF,Pensjonskasseforeningen og Datatilsynet meiner blant anna at skattytar må få informasjon med ein gang nokon innhentar skattekort for vedkommande, og at det ikkje er tilstrekeleg at skattytar sjølv må innhente informasjon gjennom ei elektronisk løysing.

Departementet er einig med høyringsinstansane i at det ikkje er tilstrekkeleg med ei skattetrekksmelding ein gang i året, og at det overlatast til skatteytar og halde seg oppdatert ved hjelp av innsynstenesta. Departementet foreslår difor at ei skattetrekksmelding òg skal utarbeidast når det blir gjort endringar i skattekortopplysningane og når nye arbeidsgivarar etterspør skattekort. Departementet ønskjer ikkje at det skal framkome i lovteksta at skattetrekksmeldinga skal gjerast tilgjengeleg for skattytar ved elektronisk kommunikasjon. Departementet viser til at skattytar sjølv skal velje om han ønskjer elektronisk kommunikasjon med det offentlege. Departementet foreslår at nærare reglar om skattetrekksmeldinga fastsetjast i skattebetalingsforskrifta.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om eit nytt fjerde ledd i skattebetalingslova § 5-1 som gir Skattedirektoratet heimel til å registrere etterspurnader frå arbeidsgivarar.

Fleire av høyringsinstansane foreslår ei frivillig ordning kor skattytar får moglegheit til å styre arbeidsgivarane sin tilgang til skattekort, slik det er beskrive i arbeidsgrupperapporten på side 40. Dei meiner at skattytar bør få definere arbeidsgivarar som ikkje skal kunne innhente skattekort, til dømes tidlegare arbeidsgivarar. Departementet vil greie ut om det er mogeleg å innføre ei slik ordning.

Departementet ønskjer ikkje å foreslå eigne reglar om sletting av skattekortopplysningar, då dette er regulert i personopplysningslova § 8. Arbeidsgivar skal slette skattekortopplysningar når desse ikkje lenger er naudsynte for å foreta forskotstrekk etter skattebetalingslova, eller for at arbeidsgivar skal kunne ”oppfylle en rettslig forpliktelse”, jf. personopplysningslova § 8 bokstav b). Ein slik ”forpliktelse” vil til dømes vere lagringsplikt etter bokføringslova.

Departementet viser til forslag til endring i tredje ledd og nye fjerde og femte ledd i skattebetalingslova § 5-1.

7.5.6 Omgrepstilpassingar

NARF har foreslått at ”skattekort” blir endra til ”skattetrekksinformasjon”, som er eit teknologinøytralt alternativ. Departementet har vurdert om namnet på ”skattekort” bør endrast i den nye ordninga, ettersom det ikkje lenger vil vere snakk om eit kort på papir. Departementet meiner omgrepet ”skattekort” er eit veletablert uttrykk, og at ei endring av dette lett kan skape forvirring rundt den nye ordninga. Departementet ønskjer difor ikkje å endre omgrepet.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om å endre omgrepsbruken frå ”utskrive” til ”utstede”. Departementet viser til forslag til endringar i skattebetalingslova §§ 5-1 første ledd og 6-3 første og femte ledd. Departementet sluttar seg òg til forslaget om å tilpasse likningslova § 3-3 nr. 4 til innføringa av ei ny skattetrekksmelding. Departementet viser til forslag til endring i likningslova § 3-3 nr. 4.

7.6 Økonomiske og administrative følgjer

Elektronisk skattekort kan på sikt gi vesentlege innsparingar for Skatteetaten i form av reduserte kostnader til trykking og distribusjon, som ei følgje av at ein legg til rette for elektronisk distribusjon til skattytar i staden for distribusjon på papir. Etaten sine samla kostnader til trykking og utsending av skattekort er i dag om lag 22,5 mill. kroner årleg. Med dagens del eAktørar (20 pst.) vil ordninga frå 2014 kunne gi ei årleg innsparing på om lag 4,5 mill. kroner, dersom ein føreset at skattetrekksmeldinga blir sendt elektronisk. Dersom den delen som er eAktørar aukar, vil innsparingane auke tilsvarande.

Ordninga medfører investeringskostnader på i underkant av 20 mill. kroner og om lag 10 mill. kroner til informasjonstiltak ved innføringa. I tillegg kjem driftsutgifter på i overkant av 3 mill. kroner årleg. Kostnadsramma til prosjektet er 30,4 mill. kroner for perioden 2012-2014. I statsbudsjettet for 2012 er det løyvt 15 mill. kroner til utviklingsarbeidet.

7.7 Iverksetjing

Departementet merkar seg at dei fleste av høyringsinstansane støttar forslaget om ei frivillig prøveordning i 2013 og iverksetjing i 2014. Departementet foreslår at reglar for prøveåret blir gitt i eigen forskrift, og at endringane som er foreslått i skattebetalingslova og likningslova tek til å gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2014.

Til forsida