Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

4 Auka trygdeavgift på godtgjersle til deltakar for arbeidsinnsats i deltakarlikna selskap innan jord- og skogbruk

Frå og med inntektsåret 2012 blei trygdeavgifta for næringsinntekt frå jord- og skogbruk auka frå 7,8 prosent til 11 prosent, som er den ordinære trygdeavgifta for næringsinntekt, jf. Prop. 1 LS (2011-2012) punkt 3.7.

Etter selskapslova § 2-26 kan ein deltakar i deltakarlikna selskap, og som tar del i forvaltninga av selskapet eller på annan måte yter ein arbeidsinnsats i selskapet, ha krav på å få utbetalt særskilt godtgjersle for dette. Godtgjersla er ikkje arbeidsgodtgjersle frå andre, men ekstra næringsinntekt på grunn av særskilt arbeidsinnsats i denne næringa. Godtgjersla handsamast som ein driftskostnad med frådragsrett hos selskapet, og hos deltakaren som skattepliktig inntekt frå verksemda. Etter skattelova § 12-2 første ledd bokstav f, reknast slik godtgjersle som personinntekt.

Folketrygdlova § 23-3 andre ledd omhandlar kva for ein trygdeavgiftssats som skal nyttast på ulike former for inntekt. Det følgjer av folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 3 at det skal fastsetjast trygdeavgift med høg sats for personinntekt fastsett etter skattelova § 12-2 dersom ingen av alternativa i folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr.1 eller 2 omfattar inntekta. Folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav f har ei føresegn som slår fast at godtgjersle til deltakar for arbeidsinnsats i deltakarlikna selskap innan jordbruk med binæringar og skogbruk skal betale trygdeavgift med mellomsats.

Denne serlege føresegna kom inn i lova i 2008 som ein kodifikasjon av langvarig likningspraksis, og hadde til hensikt å sikre likebehandling av inntekter frå verksemd innan jord- og skogbruk, jf. Ot.prp. nr. 31 (2007-2008) punkt 9.10.

Når det no frå 2012 er innført høg sats for næringsinntekt av jordbruk og skogbruk, lyt det same gjelde for deltakargodtgjersle frå selskap i desse primærnæringane. Folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav f bør derfor opphevast. Dette bør skje med verknad frå og med inntektsåret 2012.

Departementet viser til lovforslag om slik oppheving.

I provenyberekningane som blei gjort i forbindelse med endringane i trygdeavgifta for næringsinntekt frå jordbruket, inngikk også trygdeavgifta på godtgjersle til deltakar for arbeidsinnsats i deltakarlikna selskap i jordbruk og skogbruk. Kompensasjon blei gitt ved auka jordbruksfrådrag og omdisponering av midlar frå jordbruksavtalen. Det kan dermed leggjast til grunn at endringa ikkje vil ha provenyfølgjer utover det som allereie er lagt til grunn. Det er heller ikkje grunnlag for ytterlegare kompensasjon.

Til forsida