Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Justering av overgangsreglane for pensjonsskatt

Endringane i pensjonsskattereglane blei sett i kraft frå inntektsåret 2011. I forskrift 23. februar 2011 nr. 189 er det gitt overgangsreglar for inntektsåra 2011 til 2013. Reglane fasar inn det nye skattenivået for nokre av dei gruppene som får auka skatt.

Fleire uførepensjonistar har fått berekna for lågt forskotstrekk for 2011. Årsaka er at overgangsreglane blei lagt inn feil i forskotssystemet. Desse skattytarane har difor fått ein høg restskatt i den førebelse skatteberekninga som vart sendt ut saman med sjølvmeldinga. Dette gjeld ektepar der den eine er uførepensjonist med for høg inntekt til å bli skattlagt etter regelen om skatteavgrensing, og den andre ikkje er pensjonist, og har inga eller låg inntekt.

Departementet tek sikte på å endre forskrifta slik at denne gruppa uførepensjonistar fell inn under overgangsreglane. Dei vil da få redusert den utlikna skatten, og ikkje få slike høge restskattar som går fram av den førebelse skatteberekninga. Endringa vil samla sett koste om lag 95 mill. kroner påløpt over perioden 2011-2013, med 50 mill. kroner i 2011, 30 mill. kroner i 2012 og 15 mill. kroner i 2013. Samstundes viser tal frå Skattedirektoratet at overgangsreglane samla sett har redusert forskotstrekka med om lag 265 mill. kroner i 2011. Dette er vesentleg lågare enn departementet sitt opphavlege anslag på 400 mill. kroner. Dei samla kostnadene knytte til overgangsreglane aukar difor truleg ikkje samanlikna med anslaget i Prop. 59 S (2010-2011).

Til forsida