Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskap gir moglegheiter for alle

Regjeringa har høge ambisjonar for Noreg som kunnskapsnasjon. Høg kvalitet i alle ledd frå barnehage og skole til høgre utdanning og forsking gir kompetente arbeidstakarar og gode føresetnader for omstilling, verdiskaping og velferd. Kunnskap er avgjerande for å møte dei store samfunnsutfordringane i vår tid og for moglegheitene for den einskilde. Kunnskap og utdanning er òg viktig for at innbyggarane kan delta i utvikling av samfunnet, til dømes gjennom frivillige organisasjonar, verv og deltaking i val. Derfor er det særskilt viktig med eit godt opplæringsløp for å sikre god integrering av nye borgarar.

Kunnskapsdepartementet arbeider etter tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

  • kompetanse som trengst i dag og i framtida

  • kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Dei tre måla utgjer mandatet og samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. Måla rettar seg mot samfunnseffektane av barnehage, opplæring og høgre utdanning og forsking. Det viktigaste for regjeringa er å legge til rette for at kvar einskild kan leve eit godt liv i eit godt samfunn, nå og i framtida.

Utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

Regjeringa vil arbeide for eit inkluderande kunnskapssamfunn der det er mogleg for alle å utvikle seg. Utdanningsinstitusjonane våre er gode fellesarenaer for utvikling av kvar einskild i tråd med den felles kulturarven vår, dei felles verdiane våre og demokratiske prinsipp. Deltaking i barnehage, skole, læreverksemder og høgre utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet, demokratisk forståing og medverknad. Sosial deltaking og samarbeid er, saman med fagleg læring, avgjerande for å lykkast i yrkeslivet og for å kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Den danninga og utdanninga vi gir, skal bidra til at individa kan forme si eiga framtid basert på evner, innsats og interesser.

Resultat frå internasjonale undersøkingar tyder på at læringsutbyttet til dei norske elevane har auka sidan innføringa av Kunnskapsløftet, særleg i starten av grunnskolen. Den siste PISA-undersøkinga frå 2016 viser likevel at nærare 20 pst. av elevane går ut av grunnskolen med så svake dugleikar at dei kan få problem med vidare skolegang og arbeid. Personar med låg formell utdanning eller svake dugleikar er sårbare i arbeidslivet. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at nær 665 000 personar i alderen 20–66 år ikkje har utdanning utover grunnskole, og tala er spesielt høge for unge innvandrarar og norskfødde gutar med innvandrarforeldre. Låg formell utdanning kan både bidra til og vere ein konsekvens av svake dugleikar. Den store internasjonale PIAAC-undersøkinga frå 2013 (Programme for the International Assessment of Adult Competencies) viser at sjølv om kompetansenivået blant norske vaksne i snitt ligg høgt, er det òg ei relativt stor gruppe med svake grunnleggande dugleikar i Noreg. Om lag 400 000 vaksne manglar grunnleggande dugleikar i lesing, og nær 500 000 i talforståing.

Det er godt dokumentert at det er meir effektivt å sette inn tiltak tidleg i utdanningsløpet enn seint. I tråd med Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen, som blei lagd fram i mars 2017, har regjeringa sett i gang ei heilskapleg satsing for å realisere prinsippet om tidleg innsats. Høg kvalitet i det ordinære tilbodet i barnehagen og skolen bidrar til tidleg innsats gjennom å virke førebyggande for alle. Tidleg innsats inneber at barnehagane og skolane sett i verk tiltak med éin gong det er behov. Skolane skal blant anna få ei plikt til å tilby intensiv opplæring til elevar som heng etter i lesing, skriving og rekning på 1.–4. trinn. For at kvalitetsforskjellar mellom skolar og innanfor skolar skal bli mindre, vil regjeringa definere tydelegare krav og forventningar til skoleeigarane.

Prinsippet om tidleg innsats gjeld også for barnehagen, og alle barn skal ha moglegheit til å få eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Regjeringa har klare ambisjonar om å utvikle barnehagen slik at foreldra kan vere trygge på at barna får god omsorg, samtidig som dei får leike og lære i eit stimulerande miljø med kompetent personale. Ein ny og tydelegare rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft 1. august 2017 og legg eit godt grunnlag for lokale planar for det pedagogiske arbeidet.

Kompetansen til personalet er den viktigaste enkeltfaktoren for at barn skal trivast og utvikle seg i barnehagen. Hovudutfordringa i barnehagesektoren er at nokre barnehagar har for lav kvalitet på tilbodet. Det er synleggjort gjennom den store variasjonen i kvaliteten på tilbodet, særleg når det gjeld kompetansen blant dei tilsette. Regjeringa har derfor dei siste åra auka løyvingane til kompetanseutvikling for dei tilsette for å styrke kvaliteten i barnehagane. Den store variasjonen i talet på barn per vaksen er også ei utfordring for kvaliteten. I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2017 blei det løyvd 172 mill. kroner til fleire barnehagelærarar.

Nøkkelen til å heve læringsutbyttet i skolen er å satse på kompetansen til lærarane. Gjennom Lærerløftet har regjeringa blant anna tredobla talet på plassar i vidareutdanning for lærarar innanfor Kompetanse for kvalitet. I 2017 fekk 6 000 lærarar tilbod om vidareutdanning. Regjeringa bidrar vidare til å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet gjennom piloteringa av funksjonen som lærarspesialist.

I Lærerløftet legg regjeringa vekt på solid fagleg og pedagogisk lærarkompetanse som ein føresetnad for eit kvalitetsløft i norsk skole. Derfor styrker regjeringa lærarutdanninga for å sikre at ho trekker til seg fleire høgt kvalifiserte og motiverte studentar som representerer mangfaldet i befolkninga. Regjeringa har vektlagt arbeidet med innføring av norske og samiske grunnskolelærarutdanningar på mastergradsnivå frå hausten 2017. Regjeringa legg vekt på at dei nye studentane skal få meir forskingsbasert kunnskap, større fagleg fordjuping, meir studentaktiv undervisning, auka digital dugleik og meir praksis før dei skal ut i arbeid.

Regjeringa legg stor vekt på at arbeidet for å skape gode og trygge miljø for barn og unge må starte tidleg. Derfor er tiltak i barnehagane ein del av satsinga mot mobbing. Barnehagen og skolen skal vere ein trygg arena for læring og meistring. Det er altfor mange barn og unge som opplever mobbing. Våren 2017 er det vedtatt nye reglar for skolemiljøet som skal gi elevane betre rettstryggleik. Endringane, som gjeld frå 1. august 2017, inneber mellom anna endring av rolla til fylkesmannen som klageinstans og ei ny aktivitetsplikt. Når ein elev seier frå om mobbing, skal saka alltid bli undersøkt og følgd opp av skolen.

Fleire elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn påverkar utdanningssektoren, på både kort og lang sikt. Flyktningar i alderen 6–16 år har rett og plikt til grunnopplæring, og det er viktig at kommunane har eit godt apparat for å ta imot nykomne og gir ei god opplæring. Styrkt kunnskap om tidleg innsats og språkopplæring er særleg viktig for nykomne og andre minoritetsspråklege elevar. Barn og elevar må få best mogleg støtte til raskt å lære seg norsk. Dette betrar sjansane deira for å fullføre vidaregåande opplæring, å komme inn i høgre utdanning eller få relevant arbeid og bli ein ressurs for det norske samfunnet. For å sikre integrering og gjere det mogleg for den einskilde å forsørge seg sjølv er det viktig med tidleg kartlegging av utdanning og yrkeskompetanse, effektiv godkjenning av utanlandsk utdanning og godkjenning av yrkeskvalifikasjonar der dette er eit krav for å utøve eit yrke. Det er også viktig med målretta tilbod om kompletterande undervisning, som på ein effektiv måte gir personar med utdanning frå utlandet den tilleggskompetansen dei treng.

Det norske samfunnet er prega av høg deltaking i arbeidslivet, låg arbeidsløyse og gode dugleikar i befolkninga. Samtidig er det ein monaleg del av befolkninga som står utanfor eller står i fare for å falle utanfor arbeidslivet. Dette er særleg personar med lite formell utdanning og med svake grunnleggande dugleikar, og for desse kan vegen inn att i arbeidslivet ofte vere krevjande. Målet for regjeringa er at den einskilde skal ha kompetanse som dannar grunnlaget for ei stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. Ved å legge til rette for at fleire vaksne kan halde ved lag og tileigne seg ny kunnskap gjennom utdanning og opplæring, vil ein både handtere kompetansebehova i arbeidslivet og medverke til at fleire eldre arbeidstakarar kan stå lenger i arbeid. Regjeringa har derfor utvikla ein nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg. Strategien blei utforma i nært samarbeid med partane i arbeidslivet. Målsettinga for strategien er å medverke til at menneske og verksemder har naudsynt kompetanse, slik at Noreg kan møte omstillingskrav i økonomien, og slik at vi som nasjon også i framtida vil ha eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv og god offentleg sektor.

Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Vi er avhengige av at arbeidstakarar og samfunnsborgarar høyrer til og forstår det samfunnet vi har, og det samfunnet vi skal forme for framtida. Skolen som arena for danning og utdanning betyr mykje for utviklinga til kvar einskild og for utviklinga av samfunnet. Dei investeringane vi gjer i kunnskap i dag, formar arbeids- og næringslivet i framtida. Satsing på kunnskap og kompetanse gjer arbeidsplassane tryggare, aukar velferda og medverkar til at vi kan møte samfunnsutfordringar på ein betre måte. Regjeringa vil derfor halde fram med å styrke investeringane i utdanning og kompetanseheving.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at medan 50 pst. av dei sysselsette i 1981 hadde grunnskole som høgste fullførte utdanning, hadde denne delen falle til under 22 pst. i 2012, jf. figur 1.1. Denne gruppa omfattar òg personar med uoppgitt utdanning, og storleiken på gruppa blir derfor påverka av innvandringa. Utvidinga av EU austover forklarer ein auke i gruppa i fleire år etter 2004, med unntak av eit fall under finanskrisa. Den langsiktige utviklinga viser at ein fallande del av dei sysselsette har allmennfagleg vidaregåande utdanning.

SSB sine framskrivingar av tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft fram mot 2030 viser eit framtidig overskott av dei med berre grunnskoleutdanning og eit framtidig underskott av dei med vidaregåande yrkesfagleg opplæring som høgste fullførte utdanning. Framskrivingane viser også eit overskott av dei med både kort og lang høgre utdanning. Etterspørselen etter lærarar, helse- og omsorgsarbeidarar og sjukepleiarar er likevel venta å vekse raskare enn tilbodet.

Figur 1.1 Sysselsetting etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figur 1.1 Sysselsetting etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figuren viser observerte verdiar på sysselsettinga for åra 1981–2012. Frå 2013 viser figuren framskrivingar av etterspørselen etter arbeidskraft.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Skolen skal gi barn og unge dei grunnleggande dugleikane som framtidig samfunns- og arbeidsliv vil krevje, og eit godt utgangspunkt for å meistre sitt eige liv. Stortinget har gitt tilslutninga si til den fornyinga av faga i skolen som regjeringa varsla i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet, jf. Innst. 19 S (2016–2017). Alle faga i grunnskolen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast. Fagfornyinga skal gi gode skolefag med relevant innhald, og progresjonen i opplæringsløpet og samanhengen mellom fag skal forbetrast. Det skal leggast betre til rette for at elevane kan fordjupe seg i faga. Det er laga ein strategi for læreplanutviklinga som avklarer forventningane til prosessen og skal sikre god involvering i ulike fasar av arbeidet.

Det er vesentleg at det blir rekruttert nok elevar til dei utdanningane samfunnet treng, og at fråfallet frå desse utdanningane blir redusert. Fråfall frå eit utdanningsløp er eit stort problem for den einskilde og for samfunnet, jf. NOU 2015: 1 Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd. Hausten 2016 blei det innført ei maksimumsgrense for fråvær i vidaregåande opplæring. Elevar som har meir enn ti pst. udokumentert fråvær i eit fag, vil som hovudregel ikkje få karakter i faget. Erfaringane så langt har vore gode. Foreløpige tal viser at medianfråværet for skoleåret 2016–2017 gjekk ned med opp mot 40 pst. Departementet vil evaluere ordninga. Den første delrapporten vil bli levert hausten 2017.

Fråfallet i vidaregåande opplæring er særleg høgt innanfor yrkesfaga. SSB peiker på den svake gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa som ei forklaring på den udekte etterspørselen etter slik kompetanse. Regjeringa gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet. Satsinga skal auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og dermed bidra til å dekke behovet i arbeidslivet for fagfolk i framtida. Regjeringa tar sikte på å fastsette ein ny tilbodsstruktur for yrkesfaga i 2017. Målet er at opplæringstilboda skal bli meir relevante for arbeidslivet.

Kvart år står for mange ungdommar utan læreplass. Departementet har saman med partane i arbeidslivet tatt grep for at fleire skal få læreplass, i både offentleg og privat sektor. Blant anna har dei fire samarbeidspartia på Stortinget auka lærlingtilskottet med 21 000 kroner reelt per lærekontrakt sidan regjeringa tiltredde.

Auka satsing på fagskoleutdanning er òg ein viktig del av Yrkesfagløftet, og regjeringa la hausten 2016 fram ei stortingsmelding om fagskolefeltet, Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Det blei i meldinga slått fast at fagskolane er ein viktig utdanningsressurs som må styrkast, og bli meir tilgjengeleg og synlegare som eit alternativt utdanningsval etter vidaregåande opplæring. Meldinga inneheld tiltak for å styrke fagskolane og gjere fagskoleutdanninga meir attraktiv. Stortinget har blant anna vedtatt at det skal innførast ei ny tilskottsordning for fagskoleutdanning, og at fagskoleutdanning skal kunne kalle seg høgre yrkesfagleg utdanning.

Satsing på kunnskap er ein føresetnad for innovasjon og ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Ei utfordring samfunnet står overfor, men som også gir moglegheiter, er automatisering i arbeidslivet i form av digitalisering, robotisering og meir omfattande bruk av kunstig intelligens. Dette vil auke behovet for omstilling for arbeidstakarar i mange yrke. Det er derfor viktig med tilgang til tenester for karriererettleiing. Regjeringa sette i 2015 ned eit utval som fekk i oppdrag å greie ut eit heilskapleg system for livslang karriererettleiing. Utvalet leverte hovudinnstillinga si, NOU 2016: 7 Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn, i april 2016. Karriererettleiing er eit verktøy for å utnytte kompetansen i arbeidsstyrken, og samstundes er det eit viktig verkemiddel for at den einskilde skal gjere gode val knytte til utdanning og arbeid.

Offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir god tilgang til høgre utdanning og fagskoleutdanning i Noreg. Ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor og fagskoleutdanning med lærestader eller tilbod over store delar av landet gjer også tilgangen god. Stadig fleire søker seg til høgre utdanning. Talet på uteksaminerte kandidatar var over 44 000 i 2016, noko som er ein auke på 2,4 pst. frå året før. Næringsliv og offentleg sektor har behov for dyktige arbeidstakarar med rett kompetanse. Noreg har ein kunnskapsbasert økonomi. Å realisere kunnskapssamfunnet er spesielt viktig i ei tid prega av omstilling. Derfor er det nødvendig å sikre at studietilboda har god kvalitet og er relevante for arbeidslivet. Institusjonane må ha god kvalitet innanfor forsking og utdanning og ha høge ambisjonar på vegner av studentane. Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning er ein del av den langsiktige satsinga regjeringa har på kvalitet på alle nivåa i kunnskapssektoren, og tar for seg korleis kvaliteten i høgre utdanning kan bli betre. Med kvalitetsmeldinga gir regjeringa universitet og høgskolar fleire verktøy for å betre kvaliteten på dei utdanningane dei tilbyr. Eit av hovudmåla med meldinga er at studentane får ei utdanning som gjer dei klare for eit stadig meir kunnskapsintensivt arbeidsliv.

Regjeringa meiner det er nødvendig med ein mindre fragmentert universitets- og høgskolesektor med meir målretta bruk av ressursane til forsking og utdanning. På bakgrunn av Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren har det blitt gjennomført samanslåingar i universitets- og høgskolesektoren. Regjeringa har store forventningar til at endringane vil styrke institusjonane, gi meir solide fagmiljø og meir effektiv drift.

Kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Kunnskap og evna til å ta i bruk kunnskap er den viktigaste konkurransefaktoren vi har. Forsking og utdanning påverkar økonomien ved å heve kvaliteten på arbeidskrafta og gjere det mogleg å ta i bruk og utvikle kunnskap om nye løysingar, produkt og tenester. Ei kunnskapsbasert tilnærming er avgjerande for å møte nokre av dei største utfordringane samfunnet står overfor, til dømes klimaendringane, betre behandlingsmetodar på sjukehusa og korleis vi skal produsere trygg og sunn mat.

Regjeringa vil prioritere satsingar der forsking og høgre utdanning kan medverke vesentleg til å møte dei utfordringane vi står overfor, og der vi har grunnlag for særleg høg kvalitet. Regjeringa la fram Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 saman med statsbudsjettet for 2015, jf. Innst. 137 S (2014–2015). Planen gir forpliktande mål for opptrapping av midlar til vitskapleg utstyr og laboratorium (forskingsinfrastruktur), rekrutteringsstillingar og tiltak for å sikre god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. I perioden 2015–17 er langtidsplanen følgd opp med om lag 2,3 mrd. kroner. Satsingane legg til rette for den naudsynte omstillinga som det norske samfunnet og næringslivet må gjennom. Rekrutteringsstillingar er til dømes eit viktig verkemiddel for omstillinga. I perioden er det løyvd pengar til 557 nye rekrutteringsstillingar knytte til oppfølging av langtidsplanen. Målet var 500 rekrutteringsstillingar, og opptrappinga er dermed fullført.

Regjeringa vil framleis prioritere å heve kvaliteten i høgre utdanning og forsking og å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Internasjonalt samarbeid er sentralt for å lykkast med dette. I ein global arbeidsmarknad har det òg stor verdi at norske studentar tar heile eller delar av utdanninga i utlandet, og at utanlandske studentar kjem til norske institusjonar. Det er også naudsynt å delta i internasjonalt forskingssamarbeid når vi skal møte dei store samfunnsutfordringane som til dømes klimautfordringane, og slik deltaking gjer det samstundes mogleg å dele kostbar forskingsinfrastruktur. Regjeringa la i 2014 fram ein strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Regjeringa følger opp den varsla opptrappinga av stimuleringsmidlar for å bidra til god norsk deltaking i det europeiske rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Noreg kan vise til god deltaking på fleire område, men vi har òg eit forbetringspotensial på område som framifrå forsking, helse og transport.

Regjeringa la våren 2017 fram Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, som er det første politiske dokumentet som går gjennom humaniorafeltet i Noreg på ein heilskapleg måte. Meldinga peiker på at behova for humanistisk kunnskap og kompetanse er store på fleire område og særleg når det gjeld spørsmål knytte til integrering, migrasjon og konflikt, dei store teknologiskifta og klima, miljø og berekraft. Det politiske rammeverket skal tilpassast betre til eigenarten til humanistiske fag. Meldinga inneheld tydelege forventningar til universitet og høgskolar og til Noregs forskingsråd, saman med ei rekke konkrete tiltak.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehage og grunnopplæring

Tidleg innsats i barnehagen og skolen er viktig for å gi eit så godt utgangspunkt som mogleg nå og for framtida. Regjeringa foreslår derfor å auke satsinga på tidleg innsats i barnehage og skole med om lag 100 mill. kroner i 2018. Vidare foreslår regjeringa at 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane blir begrunna med auka satsing på tidleg innsats.

Barnehagen er særleg viktig for barn som treng støtte i språkutviklinga. Derfor foreslår regjeringa fleire tiltak for å auke deltakinga i barnehagen for minoritetsspråklege barn; 20 mill. kroner til ei ny tilskottsordning for at kommunane kan drive oppsøkande verksemd overfor minoritetsspråklege familiar som ikkje bruker barnehage, og 4,8 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet slik at alle to- og treåringar i asylmottak kan få moglegheit til gratis kjernetid i barnehage. Regjeringa foreslår også 5 mill. kroner til om lag 100 fleire plassar i vidareutdanning for barnehagelærarar innanfor temaet språkutvikling og språklæring.

Barn og unge skal få ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og skolefritidsordninga (SFO). Regjeringa vil derfor foreslå ei plikt for barnehageeigarar og skoleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehagen til skolen og SFO. Plikta skal gjelde frå 1. august 2018. Som følgje av dette foreslår regjeringa å auke rammetilskottet til kommunane med 20 mill. kroner for å kompensere dei ved innføringen av denne plikta.

Innanfor grunnopplæringa omfattar satsinga på tidleg innsats ei kraftig styrking av satsinga på å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling i klasserommet. Regjeringa foreslår 60 mill. kroner til lærarspesialistordninga i 2018, ein auke på 40 mill. kroner. Regjeringa vil mellom anna utvide satsinga med fleire lærarspesialistar på 1.–4. trinn retta mot tidleg innsats. For at fleire lærarar skal kunne vere kvalifiserte til å søke om å fungere som lærarspesialist, er det laga ei vidareutdanning for lærarspesialistar, i første omgang i norsk og matematikk. I 2018 vil ordninga bli utvida med fleire lærarspesialistutdanningar.

Gjennom den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving, Språkløyper, ønsker regjeringa å skape leseglede blant barn og unge. Regjeringa foreslår å auke tilskottsordninga for lesestimuleringstiltak til om lag 20 mill. kroner. I tillegg til private, frivillige og ideelle organisasjonar kan nå også kommunane søke om tilskott til å styrke skolebiblioteka og folkebiblioteka i arbeidet deira med lesestimulering.

Regjeringa vil innføre ei plikt for kommunene til å gi intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som heng etter i lesing, skriving og rekning. Tilskottet til auka lærartettleik på 1.–4. trinn på over 1,3 mrd. kroner blir ført vidare. Desse midlane gjer kommunane i stand til å følge opp denne plikta.

Regjeringa har i den politiske plattforma si lova å løfte kvaliteten i barnehagane. Dei tilsette er den viktigaste ressursen i barnehagen, og god kvalitet er avhengig av deira kompetanse. Regjeringa la i september 2017 fram Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Strategien skal bidra til å auke kompetansen til personalet for å realisere krav og intensjonar i den nye rammeplanen. Totalt vil om lag 400 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten og kompetansen i 2018.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til fleire barnehagelærarar frå 172 til 424 mill. kroner i 2018. Regjeringa har i juni 2017 sendt ut til høyring eit forslag om å skjerpe kravet til den pedagogiske bemanninga (ei skjerpa pedagognorm) og eit minimumskrav til grunnbemanninga i barnehagen (bemanningsnorm). Regjeringa tar sikte på at endringane skal tre i kraft 1. august 2018.

Regjeringa foreslår å auke maksimalprisen for ein barnehageplass til 2 910 kroner per månad, ein realvekst på 110 kroner. Samtidig fører regjeringa vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling, som skjermar dei med låg inntekt frå auken i maksimalprisen. Regjeringa fører også vidare ordninga med gratis kjernetid for tre-, fire- og femåringar i familiar med låg inntekt.

Regjeringa foreslår totalt 40 mill. kroner til styrking av yrkesfaga. Midlane vil blant anna gå til lektor 2-ordning for yrkesfag, rekruttering av nye lærebedrifter og hospiteringsordninga for yrkesfaglærarar. Delar av midlane skal gå til utvikling og drift av desentralisert yrkesfaglærarutdanning, 30 studieplassar innanfor desentralisert, nettbasert yrkesfaglærarutdanning og fem rekrutteringsstillingar.

Den historiske satsinga på vidareutdanning av lærarar og skoleleiarar held fram. Regjeringa foreslår nær 1,5 mrd. kroner til dette. Dette vil gi om lag 5 500 lærarar tilbod om vidareutdanning i 2018. I statsbudsjettet for 2017 innførte regjeringa ein ny modell for styring og finansiering av kompetanseutvikling i skolen, som skal vere betre tilpassa dei ulike behova og kompetansen kommunane har til å drive utvikling i skolen. I budsjettforslaget for 2018 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 100 mill. kroner til den nye modellen, til totalt 300 mill. kroner.

Kompetansepolitikk

Ei satsing på livslang karriererettleiing er eit av oppfølgingspunkta i Nasjonal kompetansepolitisk strategi. Regjeringa vil sørge for at vaksne med svak kompetanse får identifisert kompetansebehova sine, og får tilgang til tilbod som møter desse behova. Karriererettleiing er viktig for å bidra til omstilling, for å unngå feilval og fråfall, og for å nytte ressursane i samfunnet betre. Regjeringa foreslår 25 mill. kroner i 2018 til å utvikle ei digital karriererettleiingsteneste.

Betre kunnskap om framtidige kompetansebehov er viktig både for samfunnet og for den einskilde. Derfor har regjeringa, i samarbeid med partane i arbeidslivet og frivillig sektor etablert eit kompetansebehovsutval (KBU). KBU består av forskarar, analytikarar og representantar for alle hovudorganisasjonane i arbeidslivet og departementa. Formålet er å tilverke den best moglege faglege vurderinga av kompetansebehova i Noreg som grunnlag for nasjonal og regional planlegging. Betre informerte val kan gi betre samsvar mellom tilbod om og etterspørsel etter ulike typar arbeidskraft.

Høgre utdanning og forsking

Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 inneheld forpliktande mål for opptrapping av midlar til vitskapleg utstyr og laboratorium (forskingsinfrastruktur), rekrutteringsstillingar og tiltak for å sikre god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Regjeringa foreslår å fullføre opptrappinga til forskingsinfrastruktur gjennom ei auka løyving på 175 mill. kroner til forskingsinfrastruktur i 2018.

Regjeringa foreslår også å fullføre opptrappinga av løyvingane til ordningar som skal sikre god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. I 2018 foreslår regjeringa å auke løyvinga med 78,7 mill. kroner. Med dette er alle opptrappingsplanene frå langtidsplanen oppfylt.

Livsvitskap er ei av hovudsatsingane i langtidsplanen. Noreg har gode føresetnader for å kunne lykkast når det gjeld livsvitskap. Regjeringa foreslår 50 mill. kroner til startløyving for livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo. Kostnadsramma for byggeprosjektet er 5,7 mrd. kroner, og for brukarutstyrsprosjektet er kostnadsramma 1,1 mrd. kroner.

Ei av dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen er å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) er det mest sentrale verkemiddelet for å støtte verdsleiande fagmiljø i Noreg. For å halde oppe innsatsen i senterløyvingane foreslår regjeringa å styrke SFF-ordninga med 45 mill. kroner i 2018.

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av dei viktigaste verkemidla for å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta i norsk forsking. For 2018 foreslår regjeringa å auke løyvinga til FRIPRO Toppforsk med 50 mill. kroner.

Utviklinga av mogleggjerande teknologiar bidrar til nye løysingar for mange ulike formål, inkludert auka produktivitet og lågare utslepp av klimagassar. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga til mogleggjerande teknologiar med 30 mill. kroner i 2018. Kunnskapsdepartementet foreslår også ei satsing på 5 mill. kroner til mobilisering av humanistiske fagmiljø til denne typen forsking.

Prosjektet Arven etter Nansen medverkar til å synleggjere norsk ansvar og leiarskap når det gjeld forsking og forvaltning i Arktis. Eitt av måla for prosjektet er å sikre god utnytting av det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon. I budsjettet for 2018 foreslår regjeringa å auke løyvinga til prosjektet med 20 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til å utvikle ein nasjonal arena for kvalitet i høgre utdanning. Dette er ei oppfølging av Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning.

Dei fysiske omgivnadene på campus påverkar læringsmiljøet og kvaliteten i forsking og utdanning. Regjeringa foreslår totalt 50 mill. kroner til planlegging og første fase av prosjektering av ei samla framtidig campusløysing for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Regjeringa foreslår 6 mill. kroner for å føre vidare prosjekteringa av brukarutstyr for nytt utstillingsveksthus ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Regjeringa foreslår totalt 75 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar for å følge opp statsbudsjettet for 2017. I statsbudsjettet for 2017 blei det løyvd midlar til 500 studieplassar i IKT, som berre blei finansierte for eitt kull med studentar. Regjeringa foreslår å trappe opp desse 500 studieplassane på vanleg måte til eit fleirårig studium. Regjeringa foreslår å løyve 29 mill. kroner til dette i 2018, inkludert utgifter til utdanningsstøtte.

Studentvelferd og utdanningsstøtte

Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2018 med tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

Auka studiestøtte er eit verkemiddel som kan bidra til betre gjennomføringa i høgre utdanning og fagskoleutdanning. I samsvar med planen for opptrapping mot elleve månader med studiestøtte vil regjeringa utvide støtteperioden for heiltidsstudanter i høgre utdanning og fagskole med ytterlegare ein kvart månad våren 2018. Halvparten av utvidinga av støtteperioden vil med dette vere gjennomført.

Regjeringa er opptatt av å rekruttere gode kandidatar til lærarutdanninga, og at elevane får lærarar som er godt kvalifiserte. Derfor har regjeringa etablert ordningar for sletting av studielån for personar som tar seg arbeid i skolen etter å ha fullført ei femårig lærarutdanning. Fordi det er særlege utfordringar med å rekruttere fleire kvalifiserte lærarar til småskoletrinnet og til skolen i Nord-Noreg, er ordninga innretta sånn at dei som tar grunnskolelærarutdanning for 1.–7. trinn og dei som tar seg lærarjobb i Nord-Noreg kan få sletta det største beløpet.

Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge peker på at næringslivet etterlyser fleire kandidatar som kombinerer ingeniør- eller økonomiutdanning med kunnskap om språk og kultur. Departementet ønsker derfor å etablere mastergradsprogram spesielt tilrettelagde for norske studentar i sentrale samarbeidsland. Departementet vil innføre eit nytt stipend som skal stimulere aktuelle kandidatar til å søke seg til slike program.

Omorganisering av sentraladministrative oppgåver

Regjeringa vil omorganisere dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren. Omorganiseringa skjer blant anna på bakgrunn av rapporten frå Svein Gjedrem og Sven-Ole Fagernæs, Kunnskapssektoren sett utenfra, som departementet tok imot i 2016. Den nye organiseringa skal legge til rette for høgre kvalitet og større effektivitet i kunnskapssektoren og gi fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo.

Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga skal bli slåtte saman til éi verksemd frå 1. januar 2018. Midlertidig namn på verksemda er Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT. Verksemda skal flytte 20 årsverk ut av Oslo innan utgangen av 2022. Bakgrunnen for at verksemdene blir slåtte saman, er at departementet meiner at styring og kvalitetsutvikling av sektoren kan gjerast betre og meir effektivt i éi verksemd, og at IKT skal bli betre integrert med anna utviklingsarbeid for barnehagen og i skolen. Slik kan moglegheitene digitaliseringa gir bli betre nytta både i organiseringa og i gjennomføringa av opplæringa.

Regjeringa vil styrke arbeidet med karriererettleiing ved å etablere eit kraftsentrum for karierrerettleiing i Tromsø. Kompetanse Noreg skal flytte ti årsverk frå Oslo til Tromsø i løpet av 2018. Her skal dei samlokaliserast med fagmiljøet rundt utdanning.no (som er del av det nye Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT).

Sekretariatet for foreldreutvala for barnehagen og grunnopplæringa (FUB/FUG) blir flytt frå Oslo til Bø i Telemark i løpet av 2018. Sekretariatet har ti årsverk.

Tenesteytinga til universitet og høgskolar blir styrkt. CERES, BIBSYS og oppgåver frå UNINETT AS blir slåtte saman til eit nytt forvaltningsorgan frå 1. januar 2018. Verksemda skal ha hovudkontor i Trondheim.

Departementet skal opprette to forvaltningsorgan for kvalitetsutvikling i høgre utdannings- og fagskolesektoren for å samle arbeidet med å utvikle kvaliteten i høgre utdanning i færre og sterkare verksemder. Den eine verksemda skal blant anna forvalte tilskottsordningar og program som skal bidra til å auke kvaliteten i høgre utdanning og fagskoleutdanning. Ho vil i utgangspunktet bestå av Senter for internasjonalisering av utdanninga (SIU), Noregsuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) samt blant anna NOKUT sine oppgåver med tilskottsordninga senter for framifrå utdanning (SFU) og Universitets- og høgskolerådet (UHR) sine oppgåver med Lærebokutvalget. Verksemda vil bli oppretta 1. januar 2018 og ha hovudkontor i Bergen.

Den andre verksemda for kvalitetsutvikling i høgre utdannings- og fagskolesektoren skal ta utgangspunkt i NOKUT. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å opprette organet frå 1. juli 2018. Organet vil ha hovudkontor i Oslo.

For alle dei tre verksemdene er det aktuelt å overta oppgåver frå Kunnskapsdepartementet. Dei tre nye verksemdene i universitets- og høgskolesektoren skal flytte til saman om lag 20 årsverk ut av Oslo innen utgangen av 2022.

Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT og dei tre nye verksemdene i universitets- og høgskolesektoren skal ha fleksibilitet når det gjeld kva for oppgåver som skal flyttast, og kor og når dei skal flyttast. Departementet skal sjå til at det blir tatt hensyn til dei overordna distriktspolitiske prioriteringane til regjeringa. Det skal utarbeidast forpliktande planar for vinstrealisering for alle verksemdene.

Sjå også omtale av omorganiseringa under det enkelte budsjettkapittel og -post og i Del III, kap. 11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft.

Andre saker

Regjeringa vil bygge politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Som i næringslivet er det også i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektive. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder set i verk tiltak for å bli meir effektive. Reforma gir insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har også gode moglegheiter til å planlegge og sette i verk tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av vinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir tatte inn til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga totalt blir redusert med 217 mill. kroner på utgiftssida.

Overgangen frå papirbasert post til digital post til innbyggarane og næringsliv er eit tverrgåande tiltak som vil gi innsparing for statlege verksemder, mellom anna i form av reduserte portokostnader. For 2017-budsjettet blei det vedtatt ein samla reduksjon på 196,3 mill. kroner som følje av overgangen til digital post. For å realisere ein større del av vinstane, foreslår regjeringa ein ytterlegare samla reduksjon på 49,8 mill. kroner i 2018. Dette skaper handlingsrom for andre, prioriterte satsingar. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at til saman 11 mill. kroner er trekte ut av rammene i 2018. Fordelinga for den einskilde verksemda går fram i omtale av dei aktuelle budsjettpostane.

Boks 1.1 Hovudprioriteringar under regjeringa Solberg fram til 2017

Regjeringa har høge ambisjonar for Noreg som kunnskapsnasjon, jf. omtale i starten på hovudinnleiinga. Nedanfor følgjer hovudprioriteringane under regjeringa Solberg fram til og med statsbudsjettet 2017.

Barnehage

Regjeringa har saman med Venstre og Kristeleg Folkeparti gitt fleire barn moglegheit til å gå i barnehage gjennom gode, nasjonale moderasjonsordningar, inkludert gratis kjernetid i barnehage for tre-, fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. I tillegg er retten til plass utvida, slik at barn som fyller eitt år i september, oktober og november, har rett til plass hausten etter fødselsåret. I regjeringsperioden er det løyvd 740 mill. kroner til 3 400 fleire barnehageplassar.

Regjeringa har høge ambisjoner om å auke kompetansenivået til dei tilsette i barnehagane. I statsbudsjettet for 2017 er det løyvd nærare 400 mill. kroner til tiltak som skal gi betre kvalitet i barnehagane. Det er meir enn ei dobling frå 2013. Ny rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft 1. august 2017 og skal medverke til høgre kvalitet på tilbodet. Revidert kompetansestrategi blei lagd fram i september 2017 og skal gi alle grupper tilsette i barnehagen moglegheit til betre kompetanse. Som følgje av budsjettforliket for 2017 blei det løyvd 172,2 mill. kroner til fleire barnehagelærarar.

Grunnopplæringa

Lærarane er nøkkelen til å nå måla for skolen. Regjeringa la derfor fram strategien Lærerløftet i september 2014. Strategien har blitt følgt opp gjennom ei rekke tiltak i alle budsjetta regjeringa har lagt fram. Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar har vore ei hovudprioritering for regjeringa. Ei løyving som no er meir enn tre ganger så høg som da Solberg-regjeringa tok over, gjer at fleire får moglegheit til å heve kompetansen sin, og at skoleeigarane kan innfri dei nye kompetansekrava for undervisning i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk. Sidan skoleåret 2014–15 har over 20 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning. Det er innført ei stipendordning for at tilsette i undervisningsstillingar som manglar lærarutdanning, kan få denne utdanninga. I statsbudsjettet for 2017 var det sett av over 100 mill. kroner til denne ordninga. Satsinga på yrkesfaglærarane gjennom Yrkesfaglærerløftet utgjorde om lag 50 mill. kroner i 2017-budsjettet.

Stortinget har slutta seg til fornyinga av faga i skolen som blei meldt i Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet. Alle faga i grunnskolen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast. Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa blei fastsette ved kongeleg resolusjon 1. september 2017. Dokumentet skal vere grunnlag for fagfornyinga, og erstattar generell del av læreplanverket og prinsipp for opplæringa og prinsipp for opplæringa i samisk.

Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen markerer starten på ei forsterka satsing på tidleg innsats. Skolane skal få ei plikt til å tilby intensiv opplæring til elevar som heng etter i lesing, skriving og rekning på 1.–4. trinn. Saman med samarbeidspartia på Stortinget har regjeringa oppretta eit tilskott til auka lærartettleik på 1.–4. trinn, som utgjorde om lag 1,3 mrd. kroner i 2017-budsjettet.

Skolen skal vere ein trygg arena for læring og meistring. Regjeringa har prioritert arbeidet for ein mobbefri skole høgt, og har nær dobla løyvingane til tiltak mot mobbing og for eit godt barnehage- og skolemiljø. I 2017-budsjettet gjekk 75 mill. kroner til denne satsinga. Våren 2017 er det vedtatt nye reglar for skolemiljø, som skal gi elevane betre rettstryggleik.

Regjeringa gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet, og det kjem tydeleg fram i statsbudsjetta. Regjeringa og samarbeidspartia på Stortinget har auka lærlingtilskottet med reelt 21 000 kroner per lærekontrakt, med ein årleg budsjetteffekt på over 400 mill. kroner. Regjeringa vil vidare endre strukturen i dei yrkesfaglege tilboda i vidaregåande opplæring, slik at dei blir meir relevante for arbeidslivet.

Gjennom realfagsstrategien for barnehagen og grunnopplæringa Tett på realfag (2015–2019) vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. I 2017-budsjettet utgjorde satsinga på strategien nær 90 mill. kroner. Frå hausten 2016 er timetalet i naturfag auka med ein veketime på eitt av trinna på 5.–7. trinn. Skoleeigarane har fått om lag 200 mill. kroner som følge av dette.

I statsbudsjettet for 2017 innførte regjeringa ein ny modell for styring og finansiering av kompetanseutvikling i skolen. Målet er at dei statlege verkemidla skal vere meir målretta og i større grad skal sjåast i samanheng med det lokale utviklingsarbeidet og analysane av utfordringar og behov for kompetanseutvikling som skoleeigarane gjer sjølve. Det er innført ei oppfølgingsordning der nasjonale myndigheiter vil gi støtte og rettleiing til kommunar som over tid har svake resultat på sentrale område i opplæringa. I 2017-budsjettet gjekk det 200 mill. kroner til tiltak som er i tråd med den nye modellen.

Eit av dei overordna måla for grunnopplæringa er at fleire elevar skal gjennomføre vidaregåande opplæring, og grepa regjeringa har tatt som er nemnde over, skal bidra til å nå dette målet. Eit anna viktig grep som skal auke gjennomføringa, er at regjeringa hausten 2016 innførte ei maksimumsgrense for fråvær i vidaregåande opplæring. Det var ein stor reduksjon i fråværet i skoleåret 2016–17, samanlikna med året før.

Kompetansepolitikk

Nasjonal kompetansepolitisk strategi blei lagd fram i februar 2017. Målet er at enkeltmenneske og verksemder har ein kompetanse som gjer at næringslivet er konkurransedyktig, den offentlege sektoren er effektiv og god, og færrast mogleg står utanfor arbeidslivet.

I Meld. St. 16 (2016–2017) Fra utenforskap til ny sjanse – samordnet innsats for voksnes læring foreslår regjeringa ei rekke tiltak som skal gje vaksne betre moglegheiter til å styrke kompetansen sin, auke vaksnes moglegheiter til å delta i opplæring og få si medbrakte kompetanse godkjend.

Kompetansepluss (tidlegare Basiskompetanse i arbeidslivet – BKA) hadde rekordtildeling i 2016, med tilsegn om nesten 220 mill. kroner for å medverke til at tilsette får grunnleggande dugleikar i lesing, skriving, rekning, IKT, munnleg norsk eller samisk. I 2015 blei også ordninga utvida til å omfatte Kompetansepluss frivilligheit, for å nå personar som ikkje er i arbeidslivet. Sidan programmet starta opp i 2006 har over 75 000 deltakarar fått opplæring gjennom Kompetansepluss.

Fagskoleutdanning

Regjeringa har lagt fram Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Meldinga inneheld 48 tiltak som skal auke kvaliteten på utdanninga og gjere fagskoleutdanning meir synleg og attraktiv. I 2017 er fagskoleutdanninga styrka med 68 mill. kroner. Midlane skal blant anna gå til tiltak for å auke kvaliteten i fagskolane, vidareutvikle eksisterande tilbod og utvikle nye fagskoletilbod i tråd med behova i arbeidslivet.

Høgre utdanning

Regjeringa har gjennomført ei strukturreform i universitets- og høgskolesektoren, jf. Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. I 2016 og 2017 er det tildelt høvesvis 171 mill. kroner og 175 mill. kroner til strukturprosessane. Talet på universitet, statlege høgskolar og private høgskolar med statstilskott er redusert frå 54 i 2015 til 39 frå januar 2017, og talet på studentsamskipnader er redusert frå 21 til 14.

Målet med strukturreformen er betre kvalitet, og i 2017 blei det lagt fram ei kvalitetsmelding, Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning. Med denne meldinga gir regjeringa universitet og høgskolar fleire verktøy for å auke kvaliteten på utdanningane. Det er løyvd midlar til fleire tiltak for å fremme kvalitet, som blant anna 40 mill. kroner til senter for framifrå utdanning (SFU).

For å få dei beste studentane til å søke seg til lærarutdanninga har regjeringa innført høgre karakterkrav. Regjeringa har innført femårige grunnskolelærarutdanningar på mastergradsnivå, og i 2017 er det sett av 252 mill. kroner til dette.

Det er i perioden 2014–17 tildelt midlar til nye studieplassar som etter full opptrapping vil utgjere ein total auke på om lag 9 500 studieplassar. I tillegg kjem studieplassar som institusjonane sjølve har prioritert midlar til å opprette. For å møte framtidige arbeidskraftbehov er utdanningskapasiteten auka særleg innanfor lærar-, teknologi- og helsefagutdanningane.

Finansieringssystemet for universitet og høgskolar er justert frå 2017. Endringane er først og fremst i den resultatbaserte delen av systemet, og skal stimulere institusjonane til å arbeide for auka kvalitet i utdanning og forsking. Foremålet med endringa er blant anna betre gjennomføring i utdanningane, meir internasjonalisering og meir samarbeid med samfunns- og arbeidsliv.

I 2015 innførte departementet ordninga med midlar til oppgradering av bygg ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane, der institusjonane må bruke minst tilsvarande midlar til byggeprosjektet som tildelinga frå departementet. Det er så langt tildelt 285 mill. kroner.

Regjeringa har bidratt til at det nå blir gitt årleg tilsegner om tilskott til over 2 000 studentbustader. Dette inneber meir enn ei dobling frå tidlegare nivå. I 2017 blir det gitt tilsegn om tilskott til 2 500 studentbustader.

Forsking

I 2014 la regjeringa fram Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024, som den første i sitt slag. Langtidsplanen inneheld forpliktande opptrappingsplanar der regjeringa lovar å auke løyvingane til forskingsinfrastruktur med 400 mill. kroner, yte 400 mill. kroner i stimuleringsmidlar for auka deltaking i Horisont 2020 og løyve midlar til 500 nye rekrutteringsstillingar. Med regjeringas forslag til budsjett for 2018 er alle opptrappingsplanane oppfylte.

Langtidsplanen sette eit mål om å auke løyvingane til FoU i statsbudsjettet til ein pst. av BNP innan 2019–20. Dette målet blei nådd i 2016. Regjeringa har auka løyvingane med til saman 2,9 mrd. kroner sidan 2014 til oppfølging av dei langsiktige prioriteringane, prioriterte bygg og dei tre opptrappingsplanane.

Regjeringa har lagt til rette for å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Dette er ei eiga langsiktig prioritering i langtidsplanen. Som del av dette har regjeringa prioritert ordningar som bidrar til framifrå kvalitet gjennom Forskingsrådet. I perioden 2014–18 er løyvingane til Fri prosjektstøtte (FRIPRO) auka med om lag 350 mill. kroner til 985 mill. kroner, og til Senter for framifrå forsking (SFF) med om lag 100 mill. kroner til 350 mill. kroner. Forskingsrådet har vidareutvikla FRIPRO til ei samanhengande kjede av støtte, frå støtte til unge forskartalent, forskarprosjekt og til sterke forskargrupper. I mars 2017 blei det løyvd midlar til den fjerde generasjonen SFF-senter.Regjeringa la i 2014 fram ein nasjonal strategi for samarbeidet med EU om forsking og innovasjon. Norsk deltaking skal medverke til auka kvalitet, auka verdiskaping og innovasjonsevne, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling og til å utvikle det norske forskings- og innovasjonssystemet. Strategien har som mål å auke deltakinga blant universitet og høgskolar, forskingsinstitutt, helseføretak, næringsliv og offentleg sektor. Regjeringa har etablert gode vilkår for norske deltakarar i Horisont 2020, særleg gjennom opptrapping av løyvingane til stimuleringsordningar. I 2017 la regjeringa fram Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, som er den første stortingsmeldinga som går gjennom humaniorafeltet i Noreg på ein heilskapleg måte. Meldinga peiker på at behova for humanistisk kunnskap og kompetanse er store på fleire område og særleg når det gjeld spørsmål knytte til integrering, migrasjon og konflikt, dei store teknologiskifta og klima, miljø og berekraft.

Utdanningsstøtte

Regjeringa er opptatt av at utdanningsstøtteordninga er innretta på ein god og treffsikker måte. I denne stortingsperioden har regjeringa prioritert både å auke basisstøtta utover prisvekst og å starte opptrappinga mot elleve månader med utdanningsstøtte. Dette gir studentane betre kjøpekraft. Samla kostnad for dei to tiltaka er om lag ein halv mrd. kroner.

Regjeringa er òg opptatt av å nytte utdanningsstøtteordninga som eit verkemiddel for å rekruttere kompetent arbeidskraft. Frå 2025 vil det bli nytta 134 mill. kroner årleg til sletting av studiegjeld for dei som gjennomfører femårig grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning og deretter nyttar utdanninga i skolen.

Regjeringa er opptatt av effektiv bruk av ressursar. Derfor blei det frå hausten 2015 gjort ei stor omlegging av grunnstipendordninga i vidaregåande opplæring. Tiltaket avgrensar ordningane til dei elevane som kjem frå familiar med særleg svak økonomi, og gjer henne betre for desse elevane, slik at midlane blir brukte meir målretta.

Figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2018

Figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2018

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

271 014

362 009

379 782

4,9

Sum kategori 07.10

271 014

362 009

379 782

4,9

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

468 783

503 006

643 795

28,0

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 345

14 785

14 840

0,4

222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

98 826

102 067

108 277

6,1

223

Sametinget

41 501

42 551

46 627

9,6

224

Senter for IKT i utdanninga

93 314

89 704

-100,0

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 795 827

1 639 761

1 239 942

-24,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 336 935

4 043 195

3 886 386

-3,9

227

Tilskott til særskilde skolar

144 751

153 783

195 703

27,3

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

4 280 719

4 421 015

4 717 097

6,7

229

Noregs grøne fagskole – Vea

28 270

27 169

27 417

0,9

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

681 897

759 625

761 894

0,3

Sum kategori 07.20

10 984 168

11 796 661

11 641 978

-1,3

Barnehagar

231

Barnehagar

573 451

815 147

676 668

-17,0

Sum kategori 07.30

573 451

815 147

676 668

-17,0

Fagskoleutdanning

240

Fagskoler

687 024

241

Felles tiltak for fagskolesektoren

32 462

Sum kategori 07.40

719 486

Kompetansepolitikk og livslang læring

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

531 319

512 112

586 985

14,6

253

Folkehøgskolar

801 962

828 845

826 952

-0,2

254

Tilskott til vaksenopplæring

221 136

221 493

199 451

-10,0

255

Tilskott til freds- og menneskerettssenter

108 435

90 770

93 220

2,7

256

Kompetanse Noreg

68 107

72 990

75 032

2,8

257

Kompetansepluss

166 644

167 981

163 036

-2,9

258

Tiltak for livslang læring

115 352

135 076

162 214

20,1

Sum kategori 07.50

2 012 955

2 029 267

2 106 890

3,8

Høgre utdanning

260

Universitet og høgskolar

32 640 915

34 430 342

35 755 567

3,8

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

696 638

764 086

851 619

11,5

276

Fagskoleutdanning

68 683

118 460

-100,0

280

Felles einingar

531 694

587 473

577 798

-1,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

591 650

593 786

698 598

17,7

Sum kategori 07.60

34 529 580

36 494 147

37 883 582

3,8

Forsking

283

Meteorologiformål

432 589

450 885

-100,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

18 558

18 399

18 586

1,0

285

Noregs forskingsråd

3 623 012

3 623 544

4 698 326

29,7

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

534 768

487 971

491 876

0,8

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 799 656

2 587 856

2 612 982

1,0

Sum kategori 07.70

7 408 583

7 168 655

7 821 770

9,1

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

36 008 375

38 483 037

40 036 828

4,0

Sum kategori 07.80

36 008 375

38 483 037

40 036 828

4,0

Sum utgifter

91 788 126

97 148 923

101 266 984

4,2

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01–29

Driftsutgifter

5 011 276

5 718 881

6 051 489

5,8

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

64 330

33 649

26 285

-21,9

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

42 263 828

44 391 176

46 654 193

5,1

60–69

Overføring til kommunesektoren

3 179 621

3 528 738

3 455 390

-2,1

70–89

Overføring til private

17 129 501

17 404 029

17 913 857

2,9

90–99

Utlån, avdrag o.a.

24 139 570

26 072 450

27 165 770

4,2

Sum under departementet

91 788 126

97 148 923

101 266 984

4,2

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

2 014

Sum kategori 07.10

2 014

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT

10 100

5 321

7 134

34,1

3222

Statlege vidaregåande skolar og fjernundervisningstenester

12 004

5 242

7 857

49,9

3224

Senter for IKT i utdanninga

11 477

1 660

-100,0

3225

Tiltak i grunnopplæringa

277 038

190 160

55 119

-71,0

3229

Noregs grøne fagskole – Vea

6 853

2 918

2 986

2,3

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

53 009

55 489

56 703

2,2

Sum kategori 07.20

370 481

260 790

129 799

-50,2

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Kompetanse Noreg

14 174

11 801

12 059

2,2

Sum kategori 07.50

14 174

11 801

12 059

2,2

Høgre utdanning

3280

Felles einingar

1 127

1 353

1 382

2,1

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

1 127

1 363

1 392

2,1

Forsking

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 729

5 918

6 026

1,8

Sum kategori 07.70

5 729

5 918

6 026

1,8

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

15 589 889

16 539 043

16 728 679

1,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 473 041

3 729 047

3 880 115

4,1

Sum kategori 07.80

19 062 930

20 268 090

20 608 794

1,7

Sum inntekter

19 456 455

20 547 962

20 758 070

1,0

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01–29

Sal av varer og tenester o.a.

435 265

324 867

190 192

-41,5

50–89

Skatter, avgifter og andre overføringar

3 576 054

3 835 630

3 985 983

3,9

90–99

Utlån, avdrag o. a.

15 445 136

16 387 465

16 581 895

1,2

Sum under departementet

19 456 455

20 547 962

20 758 070

1,0

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Omtalt side

2015–2016

19

Strategi for freds- og menneskerettssentrene

162

2015–2016

38

Bemanningsnorm/ barnehagelærarnorm i barnehagane

131

2015–2016

337

Studiesenter

159

2015–2016

436.2

Gratis kjernetid i barnehage for barn i asylmottak

138

2015–2016

443

Norsk utdanning av religiøse leiarar

198

2015–2016

480

Minoritetselevar og overnattingsturar

81

2015–2016

788

Kommunane sitt tilsyn med barnehagane

138

2015–2016

789

Kartlegging i barnehagane

123

2015–2016

791

Personopplysningar i barnehagane

124

2015–2016

792

Omsorgs- og læringsmiljø i barnehagane

133

2015–2016

794

Klargjere mål for barnehagane

133

2015–2016

796

Språk hos tilsette i barnehagane

130

2015–2016

799

Opplæring til barn om kropp, identitet og kjensler i barnehagane

135

2015–2016

800

Rekruttering av menn til barnehagane

132

2015–2016

1008

Barnehage og barnegrupper

123

2015–2016

1009

Tilvenningsrutinar i barnehagane

134

2016–2017

7

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet

57

2016–2017

8

Lokalt arbeid med læreplanar

58

2016–2017

9

Lærarane sitt ansvar og faglege skjønn

58

2016–2017

10

Verdiløft i skolen

58

2016–2017

11

Dei praktiske og estetiske faga i skolen

56

2016–2017

12

Kompetanse i innovasjon og entreprenørskap

58

2016–2017

13

Klassemiljø, elevmedverknad, arbeid med holdningar og livsmeistring

58

2016–2017

14

Eksamensordning på 10. trinn

59

2016–2017

15

Standpunktvurdering og eksamen

59

2016–2017

17

Auka fleksibilitet i fag- og timefordelinga

60

2016–2017

65

Evaluering av skolefritidsordninga

60

2016–2017

67

Hovudmål og målformgruppe

60

2016–2017

69

Campus NTNU

193

2016–2017

72

Reglar for fråvær i vidaregåande opplæring

60

2016–2017

108.25

Offentleg finansierte boløysingar for elevar i vidaregåande opplæring

61

2016–2017

108.26

Private høgskoletilbud i dei statlege finansieringsordningane

201

2016–2017

108.32

Barnehageplass for novemberbarn

136

2016–2017

310

Meirverdiavgift og friskolar

61

2016–2017

321

Leirskole

82

2016–2017

322

Yrkesretting og eksamensordninga for engelsk

61

2016–2017

323

Nasjonalt senter for innovasjon i utdanningssystemet

61

2016–2017

324

Nordområdesenteret

199

2016–2017

325

Open Access-tidsskrifter

232

2016–2017

462

Folkehøgskole på Svalbard

166

2016–2017

472

Klassestorleik og lærartettleik

61

2016–2017

473

Klassedelingstal

62

2016–2017

476

Opptaksordningar til lærarutdanninga

197

2016–2017

477

Rettleiing for nyutdanna lærarar

62

2016–2017

480

Y-veg for helsefagarbeidarar

197

2016–2017

505

Trafikkunnskap og trafikksikkerhet i barnehage og skole

62

2016–2017

536

Digitalisering og personvernet til elevane

63

2016–2017

599

Kropp og grenser

135

2016–2017

609

Samvirke mellom utdanningar i helse- og sosialfag, politi og pedagogikk

197

2016–2017

641

Studentsamskipnader og fagskolar

147

2016–2017

642

Studentsamskipnader og fagskolar

147

2016–2017

643

Evaluering av fagskolereforma

147

2016–2017

644

Involvering i fagskolesektoren

147

2016–2017

671

Tidsfrist for Fylkesmannen i mobbesaker

63

2016–2017

672

Statlege oppreisingsordningar og mobbing

63

2016–2017

673

Evaluering av aktivitetsplikta i mobbesaker

63

2016–2017

674

Lokale mobbeombud

64

2016–2017

675

Mobbeombod og elev- og lærlingombod

64

2016–2017

681

Etablering og utviding av barnehagar

129

2016–2017

708

Høgre utdanning i offentleg planlegging

195

2016–2017

729

Lærlingar i tradisjonshandverksfag og små handverksbedrifter

64

2016–2017

767

Autorisasjon og studiestøtte for utanlandsk utdanning

259

2016–2017

769

Mentorordning i høgre utdanning

199

2016–2017

771

Spesialundervisning i friskolar

64

2016–2017

772

Rekruttering til lærarutdanningane

64

2016–2017

773

Rekruttering til læraryrket

65

2016–2017

774

Vern av lærartittelen

65

2016–2017

840

Regionale forskingsfond

246

2016–2017

896

Oppfølgingsordning for kommunar og skolar

65

2016–2017

897

Kulturskole

66

2016–2017

900

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

66

2016–2017

901

Spesialundervisning og lærarkompetanse

66

2016–2017

903

Spesialundervisning og lærarkompetanse

66

2016–2017

921

Førebyggande arbeid mot valdtekt i barnehagar og i skolen

135

2016–2017

1002

Fysisk aktivitet og mental trening i skolen

67

2016–2017

1102

Tiltak for ungdom utanfor opplæring og arbeid

67

2016–2017

1112

Vidareutdanning for lærarar

67

2016–2017

1114

Frittståande internasjonale skolar

68

Til toppen
Til forsida av dokumentet