Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

CESSDA AS

I 2016 blei det utbetalt 881 055 kroner i lønn og 4 279 kroner i andre godtgjeringar til dagleg leiar. Selskapet har tenestepensjon i Statens pensjonskasse for alle tilsette. Pensjonskostnader for dagleg leiar blei dekte med 90 638 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 997 302 kroner i lønn og godtgjering i 2016. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

NSD – Norsk senter for forskningdata AS

Administrerande direktør fekk 1 148 133 kroner i lønn og 4 392 kroner i andre godtgjeringar i 2016. Pensjonskostnader blei dekte med 21 876 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsettingsforholdet.

NTNU Samfunnsforskning AS

Det blei utbetalt 1 253 803 kroner i lønn til dagleg leiar i 2016. Pensjonsutgifter blei dekte med 136 541 kroner.

Administrerande direktør har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsettingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 147 582 kroner i lønn og 32 881 kroner i andre godtgjeringar i 2016. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 688 025 kroner i lønn og 108 757 kroner i andre godtgjeringar i 2016. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har fått utbetalt godtgjering på 365 222 kroner i 2016. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 2 508 297 kroner i lønn og 130 145 kroner i andre godtgjeringar i 2016. Selskapet har ei pensjonsordning for administrerandre direktør som er kostnadsført med 174 327 kroner.

Unifond AS

Det er utbetalt 163 290 kroner i lønn til dagleg leiar i 2016. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tjenestepensjon.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 346 631 kroner i lønn og 21 636 kroner i andre godtgjeringar i 2016. Netto kostnadsført pensjonsforplikting inkludert arbeidsgivaravgift er 3 513 109 kroner i 2016.

Unirand AS

Det er utbetalt 320 081 kroner i lønn til dagleg leiar i 2016.

Dagleg leiar har i arbeidsavtalen at tilsettinga er knytt til medlemskap i Statens pensjonskasse eller tilsvarande ordning.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Det er totalt kostnadsført 1 204 417 kroner i lønn og godtgjering til direktør. Dette blir fordelt på tre personar, som har vore tilsette som direktørar i ulike periodar. Arbeidsgivar sin del av pensjon for direktør er ført med 154 767 kroner.

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar

Universitetet i Bergen eiendom AS, Mechatronics Innovation Lab AS, Vangslund AS.

Til toppen
Til forsida av dokumentet