Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet og satsar målretta på forsking og høgre utdanning. Det viktigaste verktøyet for å sørge for langsiktige og føreseielege satsingar på forsking og høgre utdanning av høg kvalitet er Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Langtidsplanen inneheld tre konkrete opptrappingsplanar og seks langsiktige prioriteringar for styrka innsats på politikkområdet. Oppfølginga av desse er omtalte under.

Kunnskap og kompetanse legg til rette for verdiskaping, både i offentleg sektor og i næringslivet, og bidrar til naudsynt omstilling og nye løysingar for å møte store samfunnsutfordringar. Regjeringa er opptatt av at satsingar på forsking og høgre utdanning skal ha høg kvalitet. Dette inneber mellom anna å vurdere fortløpande korleis investeringar i forsking og utvikling er innretta. Hausten 2016 starta regjeringa opp ein områdegjennomgang av tildelingar til forsking gjennom Noregs forskingsråd, mellom anna som ei oppfølging av den andre rapporten til produktivitetskommisjonen frå februar 2016. Ei ekspertgruppe blei sett ned, og gruppa leverte sin rapport i februar 2017. For nærare omtale, sjå programkategori 07.70 Forsking.

OECD leverte i juni 2017 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet ein landgjennomgang av det norske forskings- og høgre utdanningssystemet. Landgjennomgangen vil inngå som eit ledd i arbeidet med revideringa av langtidsplanen i 2018.

I tillegg til å følgje opp langtidsplanen er det viktig å sørge for samsvar mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrakt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgre utdanning, jf. Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020).

Oppfølging av langtidsplanen

Langtidsplanen blei lagd fram i oktober 2014. I statsbudsjetta for perioden 2015–17 er langtidsplanen følgd opp med om lag 2,3 mrd. kroner i auka løyvingar, jf. figurane 5.1 og 5.2. Regjeringa har særleg satsa på å utvikle verdsleiande fagmiljø og næringsretta forsking. I tillegg har regjeringa halde fram med opptrappinga av midlar til vitskapleg utstyr og laboratorium (forskingsinfrastruktur), til verkemiddel for god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon Horisont 2020 og til fleire rekrutteringsstillingar.

I 2018 foreslår regjeringa å fullføre opptrappingsplanane i tillegg til å auke løyvingane til Fri prosjektstøtte, mogleggjerande teknologiar og havrelatert forsking. Under følger ei oversikt over satsingane knytt til oppfølging av langtidsplanen.

Rekrutteringsstillingar

Det er framleis etterspørsel etter folk med forskarkompetanse i arbeidslivet, også utanfor dei akademiske fagmiljøa. I langtidsplanen lovde regjeringa å trappe opp med 500 nye rekrutteringsstillingar innan 2018. Inkludert Stortingets løyvingar i revidert statsbudsjett for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017) og Prop. 129 S (2016–2017) er opptrappingsplanen overoppfylt med totalt 557 rekrutteringsstillingar.

Figur 5.1 Samla vekst til opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, 2015–18

Figur 5.1 Samla vekst til opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, 2015–18

Forskingsinfrastruktur

For å bygge verdsleiande fagmiljø, auke rekrutteringa til forsking, styrke internasjonalt samarbeid og auke kvaliteten på utdanningane trengst det vitskapleg utstyr og laboratorium som er tidsriktige og oppdaterte. Denne typen utstyr blir kalla forskingsinfrastruktur. I langtidsplanen varsla regjeringa ei opptrapping av løyvingane til slikt utstyr med 400 mill. kroner innan 2018. I budsjetta for perioden 2015–17 har regjeringa følgt opp opptrappinga med til saman 225 mill. kroner. I budsjettet for 2018 foreslår regjeringa å fullføre opptrappingsplanen ved å auke løyvingane med 175 mill. kroner til forskingsinfrastruktur. Av desse midlane skal 20 mill. kroner gå til oppgradering av forskingsfartøyet Helmer Hansen. Totalt 40 mill. kroner vil derfor i 2018 og 2019 bli kanaliserte til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, før midlane i 2020 vil bli tilførte Noregs forskingsråd. Vidare skal 12 mill. kroner gå til infrastruktur for open forsking for å følge opp humaniorameldinga og retningslinjene for open tilgang til forskingspublikasjonar. Midlane skal gå til konkrete tiltak i dagens CERES.

Tiltak for god norsk deltaking i Horisont 2020

Auka deltaking i Horisont 2020 er høgt prioritert i norsk forskingspolitikk. I regjeringas strategi for samarbeid med EU om forsking og innovasjon går det fram at deltakinga skal bidra til betre kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, auka verdiskaping og meir berekraftig økonomisk utvikling, betre velferd og ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og å utvikle vår eigen forskings- og innovasjonssektor. Det er òg ein ambisjon at to pst. av midlane som blir lyste ut i Horisont 2020, skal gå til norske miljø. Dei siste tala frå Europakommisjonens database for prosjektsøknader og inngåtte kontraktar, eCorda, syner at Noreg per juni 2017 hadde mottatt om lag 1,8 pst. av midlane som var delte ut til prosjekt i Horisont 2020.

I langtidsplanen lovde regjeringa å trappe opp midlane til ordningar for å sikre god norsk deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner i perioden 2015–18. I budsjetta for 2015–17 trappa Stortinget opp løyvingane med til saman over 321,3 mill. kroner. Midlane har gått til å få på plass ordningar som gir gode og føreseielege vilkår for deltakarar i akademia, næringsliv og andre samfunnsaktørar. I 2018 foreslår regjeringa å fullføre opptrappinga og auke løyvinga med 78,7 mill. kroner, som mellom anna skal gå til det målretta verkemiddelet for forskingsinstitutta, STIM-EU.

Figur 5.2 Samla vekst i løyvingane til dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, 2015–18

Figur 5.2 Samla vekst i løyvingane til dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, 2015–18

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen med 320 mill. kroner. Satsingane under kvar av prioriteringane er omtalte under.

Hav

Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett til prosjektet Arven etter Nansen. Arven etter Nansen skal auke forståinga av den marine bio- og geosfæren i Barentshavet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø, Bergen, Oslo og Trondheim, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt, Meteorologisk institutt, Nansensenteret og Akvaplan-niva. Prosjektet er planlagt å gå over seks år og starta opp i 2017. Arven etter Nansen medverkar til at det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon, som blir klart til segling i 2018, kan brukast til forsking av god kvalitet frå starten av.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner til vidare utgreiing av samlokalisering av marine FoU-verksemder i Bergen, 11 mill. kroner til forskingstokt i Antarktis og 5 mill. kroner til eit kompetansesenter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø, og å auke løyvinga til marin vekst med 14 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Samtidig foreslår regjeringa å redusere driftsløyvinga til Havforskingsinstituttet med 10 mill. kroner.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til forsking for lågutsleppsutvikling og grøn konkurransekraft med 20 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til langsiktig forsking på arbeids- og velferdsområdet med 10 mill. kroner over budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet.

Mogleggjerande teknologiar

Utviklinga av mogleggjerande teknologiar bidrar til mange ulike formål, inkludert auka produktivitet i industri og tenester og lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til mogleggjerande teknologiar med 75 mill. kroner. 35 mill. kroner er foreslått over budsjettet til Kunnskapsdepartementet og 30 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Vidare foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner til mogleggjerende teknologiar for framtidas bioøkonomi og lågutsleppssamfunn over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

Innovativt og omstillingsdyktig næringsliv

Regjeringa foreslår 15 mill. kroner i auka basisløyving for dei teknisk-industrielle institutta over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Einskilde institutt i basisfinansieringsordninga inngår i forskingskonsern, noko som reiser problemstillingar mellom anna om høvet til å disponere midlar til heilskapleg strategisk instituttutvikling innanfor konsernet. Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet vil saman med andre departement gå gjennom desse problemstillingane og vurdere behov for å endre retningslinjene.

Verdsleiande fagmiljø

Regjeringa foreslår ein auke på 50 mill. kroner til Fri prosjektstøtte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Midlane er departementets del av Fellesløft III for 2018, eit felles spleiselag mellom Forskingsrådet, universiteta og forskingsinstitutta (ved Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA)). Gjennom dette spleiselaget har Forskingsrådet realisert FRIPRO Toppforsk, som mellom anna skal hjelpe sterke forskingsmiljø på vegen mot å bli verdsleiande.

Ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) er det mest sentrale verkemiddelet for å støtte verdsleiande fagmiljø i Noreg. SFF-sentera tiltrekker seg svært gode doktorgrads- og postdoktorkandidatar og knyter til seg internasjonale toppforskarar. I mars 2017 blei det løyvd midlar til den fjerde generasjonen SFF-senter. For å halde oppe innsatsen i senterløyvingane foreslår regjeringa å styrke SFF-ordninga med 45 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Tverrgåande satsingar

Regjeringa lanserte i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 ordninga Pilot-T. Ordninga skal finansiere ein auka innsats på felta piloteringsverksemd, innovasjon, demonstrasjon, forsking og utvikling i transportsektoren. Ordninga skal fremme auka bruk av ny teknologi i transportsektoren gjennom mobilisering av næringsliv og kunnskapsmiljø. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til ordninga.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd knytt til finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Forskingsrådet og ansvar for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.70 Forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, instituttildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2018. Den store auken på kap. 285 post 55 frå 2017 til 2018 skyldast teknisk flytting av verksemdskostnadene i Forskingsrådet.

Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane

Kap. Post

Departement

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

285.52–54

Kunnskapsdepartementet

3 358 873

3 905 229

285.55

Kunnskapsdepartementet – verksemdskostnader

264 671

793 097

920.50

Nærings- og fiskeridepartementet

2 311 806

2 073 800

1830.50

Olje- og energidepartementet

893 654

761 700

1137.50/51

Landbruks- og matdepartementet

445 282

430 649

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

332 207

321 288

1410.51

Klima- og miljødepartementet

271 897

276 503

1301.50

Samferdselsdepartementet

142 780

167 300

601.50

Arbeids- og sosialdepartementet

159 440

163 160

Totalt

8 180 610

8 892 726

FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen

Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2018

Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2018 følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2017 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2018 er på om lag 35,4 mrd. kroner. Dette utgjer 1,04 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2018. Dette er ein nominell auke på om lag 300 mill. kroner frå 2017. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 39,8 mrd. kroner i 2018. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,17 pst. av overslaget for BNP i 2018. Tabellen nedanfor viser overslaget over løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement, og den delen av departementas totale budsjett som er foreslått løyvd til forsking. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er usikre, og NIFU vil legge fram endelege tal for FoU-løyvingane i juni 2018.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet

Departement

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Nominell endring 2017–2018

Reell endring 2017–2018

Prosentdel av totalt budsjett

Arbeids- og sosialdepartementet

310

317

7

-1

1,0

Barne- og likestillingsdepartementet

155

164

9

5

0,6

Finansdepartementet

139

137

-2

-5

0,3

Forsvarsdepartementet

1 170

1 200

30

0

2,2

Helse- og omsorgsdepartementet

4 818

4 965

147

23

3,0

Justis- og beredskapsdepartementet

121

123

2

-1

0,2

Klima- og miljødepartementet

961

1 030

69

45

9,9

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1 324

1 109

-215

-249

0,6

Kulturdepartementet

206

218

12

7

1,6

Kunnskapsdepartementet

16 829

18 170

1 341

906

29,7

Landbruks- og matdepartementet

812

812

0

-21

4,4

Nærings- og fiskeridepartementet

4 845

3 781

-1 064

-1 189

34,9

Olje- og energidepartementet

1 054

971

-83

-110

3,1

Samferdselsdepartementet

344

369

25

16

0,5

Statsbankane

542

506

-36

-50

3,2

Utanriksdepartementet

1 467

1 509

42

4

4,1

Totalt

35 097

35 380

283

-622

4,14

Auken i løyvingane til forsking svarer til ein nominell vekst på 0,8 pst. og ein realnedgang på 1,7 pst. Auken i FoU-løyvingane skriv seg delvis frå ein auke i løyvingane på postar med FoU-del og delvis frå konkrete FoU-satsingar, sjå nedanfor.

Samlinga av verksemdskostnadene til Forskingsrådet på budsjettet til Kunnskapsdepartementet fører til reduserte FoU-budsjett for departementa som har overført midlar til Kunnskapsdepartementet.

Auken i budsjettet til Kunnskapsdepartementet skriv seg særleg frå reversering av det eittårige kuttet i løyvingane til forskingsinfrastruktur, oppfyllinga av opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning, auka løyvingar til universitet og høgskolar og satsingar på Fri prosjektstøtte og mogleggjerande teknologiar.

Reduksjonen i budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet skriv seg i hovudsak frå bortfall av løyving til det snart ferdigstilte isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon.

Auken i budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet skriv seg hovudsakleg frå auke i løyvingane til helseføretaka.

Nedgangen i budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg frå nedgang i løyvingane til bygg i universitets- og høgskolesektoren.

Auken i budsjettet til Klima- og miljødepartementet kjem frå satsingar på forsking på lågutsleppsutvikling og grøn konkurransekraft.

Nedgangen i budsjettet til Olje- og energidepartementet skriv seg frå utfasing av midlar til petroleums- og energiforsking i regjeringas tiltakspakke i 2017-budsjettet.

Auken i løyvingar på budsjettet til Utanriksdepartementet kjem av auke i bistandsbudsjettet.

Reduksjonen i budsjettet til Statsbankane skriv seg frå utfasing av eittårige innovasjonssatsingar i Innovasjon Noreg i regjeringas tiltakspakke i 2017-budsjettet.

Auken i løyvingane til Arbeids- og sosialdepartementet kjem av satsing på langsiktig forsking på arbeids- og velferdsområdet.

Auken i løyvingane til Samferdselsdepartementet kjem frå satsing på den nye Pilot-T-ordninga.

Tabellen under viser utviklinga i løyvingane til FoU i statsbudsjettet for perioden 2005–18. I kolonnen for totalt budsjett er overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar haldne utanfor.

Tabell 5.3 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet for perioden 2005–18

År

Totalt, løpande prisar

Vekst, mill. kroner

Prosentvis vekst, løpande prisar

Prosentvis vekst, faste prisar

Prosentdel av totalt statsbudsjett

Prosentdel av BNP

Del av BNP, inkl. Skattefunn

2005

14 283

545

4,0

1,8

3,40

0,72

0,78

2006

16 374

2 091

14,6

7,8

3,71

0,74

0,79

2007

18 091

1 717

10,5

2,5

3,86

0,77

0,81

2008

19 357

1 266

7,0

2,3

3,77

0,74

0,78

2009

21 204

1 847

9,5

4,7

3,71

0,87

0,92

2010

22 976

1 772

8,4

4,4

3,84

0,89

0,93

2011

23 551

575

2,5

–1,7

3,72

0,84

0,89

2012

24 489

938

4,0

0,1

3,73

0,83

0,87

2013

26 375

1 886

7,7

4,3

3,79

0,86

0,91

2014

28 311

1 936

7,3

4,7

3,87

0,90

0,97

2015

30 769

2 458

8,7

5,9

3,93

0,99

1,08

2016

32 979

2 210

7,2

4,7

4,03

1,06

1,18

2017

35 097

2 118

6,4

4,0

4,17

1,05

1,18

2018

35 380

283

0,8

–1,7

4,14

1,04

1,17

FoU-statistikk

Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2015 var på 60,2 mrd. kroner. Dette inneber ein realauke på 8,9 pst. frå 2014 og ein gjennomsnittleg realauke per år på 2,9 pst. frå nivået i 2005. Realauken er den største som har vore på eit enkeltår i dei siste 30 åra. FoU-utgiftene i 2015 utgjorde 1,93 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP), som er det høgste som er målt nokosinne. I høve til Fastlands-BNP var nivået på FoU-utgiftene i 2015 på 2,3 pst.

Figur 5.3 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet

Figur 5.3 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet

Kjelde: NIFU og SSB

Figur 5.4 Samanlikning med OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Figur 5.4 Samanlikning med OECD-landa på ulike indikatorar for FoU-intensitet

Verdiane i figuren er viste som prosent av den høgste verdien på indikatoren blant OECD-landa. Punktmerka viser verdien for Noreg og OECD-landa samla. Den svarte horisontale linja viser medianverdien, altså den verdien som skil OECD-landa i to like store grupper. Den grå boksen skil mellom kvartilane, altså slik at halvparten av OECD-landa har verdiar på indikatoren ein plass inni boksen. Data er for siste tilgjengelege år, som for dei fleste landa er 2015. FoU-utgifter per innbyggar er i kjøpekraftsjusterte dollar i faste 2010-prisar.

Kjelde: OECD Main Science and Technology Indicators 2017:1

FoU-intensiteten målt i høve til BNP er mindre i Noreg enn gjennomsnittet i OECD (2,38 pst. i 2015), og på medianen blant OECD-landa (sjå figur 5.3). Ser vi på FoU-personale per sysselsette eller FoU-utgifter per innbyggar, ligg Noreg noko over OECD-gjennomsnittet. Rangeringa er ulik om vi ser på FoU-utgifter finansierte av offentlege kjelder eller av føretakssektoren. Per innbyggar og justert for forskjellar i kjøpekraft er Noreg blant dei landa i OECD som har dei høgste FoU-utgiftene finansierte av offentlege kjelder, medan FoU-utgiftene finansierte av føretakssektoren er lågare enn OECD-gjennomsnittet. I Noreg er om lag 45 pst. av FoU-utgiftene finansierte av det offentlege, medan næringslivet finansierer om lag 41 pst.

Figur 5.5 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter

Figur 5.5 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter

Kjelde: NIFU/SSB (FoU-statistikk) og NIFU (statsbudsjettanalyse)

I tillegg til FoU-statistikken, som er basert på oppgåver frå dei FoU-utførande sektorane om faktisk utført FoU i Noreg, blir det også gjort ein analyse av løyvingane til FoU i statsbudsjettet. Denne analysen blir utført av forskingsinstituttet NIFU. Sidan han tar utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han produserast tidlegare enn FoU-statistikken. NIFU har talfesta FoU-løyvingane i 2017 til 35,1 mrd. kroner. Det er 1,05 pst. av prognosen for BNP for 2017. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 4,3 mrd. kroner i 2017. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.5. Den heiltrukne linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.

Næringslivet er den største FoU-utførande sektoren målt i utgifter og årsverk brukte på FoU. Næringslivet utførte FoU for 27,8 mrd. kroner i 2015, og stod dermed for 46 pst. av dei totale FoU-utgiftene i Noreg. Universitet og høgskolar stod med 15,5 mrd. kroner for 26 pst., instituttsektoren (unntatt helseføretak og private, ideelle sjukehus) stod med 12,9 mrd. kroner for 21 pst., og helseføretaka stod med 4,0 mrd. kroner for sju pst.

Frå 2014 til 2015 auka FoU-utgiftene i næringslivet med ni pst. i faste prisar. Blant forskingsinstitutta og universitet og høgskolar auka FoU-utgiftene med om lag åtte pst. Auken var størst for helseføretaka med nesten 14 pst. Sidan 2007 har helseføretaka hatt den største prosentvise auken i FoU-utgiftene i fem av åtte år. Dei har dermed hatt ein gjennomsnittleg årleg realauke på 4,1 pst. mellom 2007 og 2015. Næringslivet hadde ein gjennomsnittleg årleg auke på 2,7 pst. i same periode, medan forskingsinstitutt og universitet og høgskolar hadde ein årleg auke på høvesvis 2,3 pst. og 2,1 pst.

6 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Kapittelet gir informasjon om utviklinga i ressursbruken i grunnopplæringa. Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskoleopplæring var i 2016 på 80,4 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2016 på 36,7 mrd. kroner. Talet på elevar og lærlingar er avgjerande for ressursbruken i skolen.

Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabell 6.1 Talet på elevar i ordinære grunnskolar frå skoleåret 2010–11 til 2016–17.

Skoleår

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Totalt

2010–11

423 333

192 549

615 973

2011–12

423 374

190 960

614 413

2012–13

424 993

189 846

614 894

2013–14

425 917

189 368

615 327

2014–15

430 864

188 132

618 996

2015–16

438 387

185 368

623 755

2016–17

444 638

184 637

629 275

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Tabellen over viser at talet på elevar på barnetrinnet har auka i dei siste åra, medan elevtalet på ungdomstrinnet har blitt noko lågare. Totalt i grunnskolen har elevtalet auka kvart år i dei siste fem åra. 97 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskolen våren 2016, var i vidaregåande opplæring 1. oktober same år. I overkant av halvparten av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2016, begynte på eit studieførebuande program.

Tabellen nedanfor viser talet på elevar, lærlingar, elevar i fagopplæring i skole, og lærekandidatar på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skole.

Tabell 6.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande skole

År

Elevar på studieførebuande

Elevar på yrkesfag

Lærlingar, elevar i fagopplæring i skole og lærekandidatar

I alt

2012–13

114 026

76 489

38 433

228 948

2013–14

115 520

74 172

39 768

229 460

2014–15

117 129

72 344

40 982

230 455

2015–16

118 013

72 026

42 021

232 060

2016–17

121 409

69 644

42 777

233 830

Kjelde: Skoleporten (Utdanningsdirektoratet)

Det har vore ein jamn auke i talet på elevar, lærlingar og lærekandidatar totalt i vidaregåande opplæring. Det var ein liten nedgang i talet på elevar på yrkesfag det siste skoleåret, parallelt med ein auke i elevtalet på studieførebuande. Hovuddelen av dette skyldast at medium og kommunikasjon gjekk frå å vere eit yrkesfagleg program til å bli eit studieførebuande program.

Per 1. oktober 2016 var det registrert 40 699 lærlingar og 1 984 lærekandidatar. Dette er 827 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2015, medan det er 39 færre lærekandidatar. Hausten 2016 søkte totalt 27 700 elevar om læreplass. Det er om lag det same som året før. Det er flest søkarar til læreplassar i teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og bygg- og anleggsteknikk.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir berekna på bakgrunn av registrerte årstimar. I 2016–17 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen 58 421; det er ein auke på 809 årsverk frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskolen, utvikling i årsverk

År

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

Assistentårsverk

2011–12

57 447

6 855

8 515

2012–13

57 458

6 965

8 140

2013–14

57 614

6 978

8 234

2014–15

57 331

6 518

8 167

2015–16

57 612

6 407

8 417

2016–17

58 421

6 480

8 868

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2016 var talet på lærarårsverk i vidaregåande skole 23 461. Dette er ein liten auke frå året før. Sidan 2012 har talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring auka med 558 årsverk.

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Skoleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk i fylkeskommunale skolar

2012–13

22 903

2013–14

22 848

2014–15

22 830

2015–16

23 403

2016–17

23 461

Kjelde: KOSTRA (SSB)

Gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon, og ikkje som eit absolutt mål, da tala er usikre.

Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskolar unntatt spesialskolar og utanlandsskolar). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tatte ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje mottar særskilde individretta styrkingstiltak.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik i grunnskolen

År

Gruppestorleik 1

Gruppestorleik 2

2011–12

13,4

16,9

2012–13

13,5

16,9

2013–14

13,5

16,8

2014–15

13,5

16,8

2015–16

13,5

16,8

2016–17

13,5

16,8

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Figuren under viser utviklinga i gruppestorleik 2 og delen av elevane som går på skolar med gruppestorleik på 20 eller meir. Gjennomsnittleg gruppestorleik har vore stabil på heile 2000-talet. Delen av elevar som går på ein skole med meir enn 20 i gruppestorleik, er noko lågare enn fem år tidlegare, men høgre enn det var rundt år 2000.

Figur 6.1 Utvikling i gruppestorleik

Figur 6.1 Utvikling i gruppestorleik

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det er stor variasjon i gruppestorleik mellom kommunane i Noreg. Det er ein positiv korrelasjon mellom gruppestorleik og talet på elevar ved skolen. Dette gir uttrykk for at skolestruktur er ein viktig faktor for ressursbruken i skolen.

Skolestruktur

I skoleåret 2016–17 var det 2 858 grunnskolar i Noreg. Dette er ein nedgang på ni skolar frå skoleåret 2015–16. Av dei 2 858 skolane var 238 godkjente private grunnskolar. 3,6 pst. av elevane i grunnskolen gjekk på ein privat grunnskole i skoleåret 2016–17.

Når det gjeld storleiken på grunnskolane i Noreg, varierer denne frå berre nokre få elevar til nærare 800 elevar på dei største skolane. Figuren nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skolar. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skolar og færre små skolar.

Figur 6.2 Skolestorleik i norske skolar

Figur 6.2 Skolestorleik i norske skolar

Kjelde: SSB

Figuren over viser talet på skolar. Når ein ser på delen av elevane i dei ulike skolane, gjekk 6,6 pst. av elevane på skolar med færre enn 99 elevar, 35,5 pst. gjekk på skolar som har mellom 100 og 299 elevar, og 57,9 pst. gjekk på skolar med fleir enn 300 elevar i 2016. Sidan skoleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skolar (fleir enn 300 elevar).

Tidlegare kartleggingar av skolenedleggingar har vist at den viktigaste årsaken til at skolar blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi, og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei oppgitt som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.

Hausten 2016 var det 419 vidaregåande skolar i landet. Av desse var 91 private. Talet på vidaregåande skolar har falt noko i dei siste åra, mens talet på private skolar har hatt ein liten auke.

Bruk av ufaglært undervisningspersonale

Kompetansekrava for tilsetting i grunnskolen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna godkjent utdanning for å bli fast tilsett. 4,4 pst. av årsverka til undervisning oppfylte ikkje kompetansekrava for tilsetting i 2016–17, viser tal frå GSI. Desse kan vere mellombels tilsette eller tilsette under føresetnad av at begynt utdanning blir fullført. Figuren under viser utviklinga i delen av berekna årsverk til undervisning i grunnskolen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetting. Talet har auka noko i dei siste åra, men det er store forskjellar både mellom skolar, kommunar og fylke.

Figur 6.3 Del av årsverk i grunnskolen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetting

Figur 6.3 Del av årsverk i grunnskolen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetting

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2016 hadde seks pst. av lærarane i vidaregåande opplæring ein vidaregåande utdanning eller lågare, sju pst. hadde universitets-/høgskoleutdanning på lågare nivå, men utan pedagogisk utdanning, og sju pst. hadde universitets-/høgskoleutdanning på høgre nivå, utan pedagogisk utdanning. Dette vil si at om lag 20 pst. av lærarane sannsynlegvis ikkje oppfyller kompetansekrava.

I 2025 skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk på 1.–7. trinn ha minst 30 studiepoeng i undervisningsfaget. Skoleåret 2016–17 var det fortsatt mange lærarar som ikkje oppfylte dette kompetansekravet, særleg i engelsk. Det har vore ein liten nedgang i delen av lærarar som ikkje oppfyller kravet i matematikk frå førre skoleår. I dei andre faga er delen om lag uendra. På 8.–10. trinn skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget i 2025. Skoleåret 2016–17 var det ein nedgang i delen lærarar som ikkje oppfyller desse kompetansekrava i alle dei tre faga.

Figur 6.4 Del av lærarar i grunnskolen som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning som gjeld frå 2025.

Figur 6.4 Del av lærarar i grunnskolen som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning som gjeld frå 2025.

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Framtidig behov for lærarar

Berekningar gjorde av SSB gjennom modellen Lærermod viser forventa behov for lærarar framover. Modellen framskriv ein arbeidsmarknad for lærarar med store ubalansar i framtida.

I 2040 er det berekna eit underskott på rundt 2 600 grunnskolelærarar i heile arbeidsmarknaden. I berre grunnskolen vil underskottet av grunnskolelærarar vere om lag 1 700 årsverk i 2040. Samtidig vil det vere eit stort overskott av dei andre lærartypane i modellen, nesten 6 000 lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor allmennfag (PPU-A) og i underkant av 8 000 faglærarar og såkalla «andre lærarar». For berre grunnskolen vil overskottet av faglærarar vere om lag 1 600 årsverk og 1 200 årsverk for PPU-A-lærarar.

Etter dagens regelverk kan faglærarar og lærarar med PPU berre arbeide i grunnskolen frå og med 5. trinn. For grunnskolen over 5. trinn kan dermed underskottet av grunnskolelærarar sannsynlegvis dekkast inn av overskottet av faglærarar og PPU-lærarar. Gitt underskott på grunnskolelærarar, men overskott av andre lærarar, er det usikkert korleis arbeidsmarknaden for lærarar vil sjå ut i dei neste åra. Befolkningsframskrivingane i modellen er også usikre.

Figur 6.5 SSBs overslag over tilbod og etterspørsel etter lærarar i framtida

Figur 6.5 SSBs overslag over tilbod og etterspørsel etter lærarar i framtida

Kjelde: SSB (Lærermod)

Kommunal ressursbruk

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskolen var 112 208 kroner i 2016, i løpande priser. Dette er ein auke på 3,4 pst. frå 2015. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 130 152 kroner, og på yrkesfaglege program 159 862 kroner, det vil seie ein vekst på høvesvis 1,6 pst. og 1,1 pst. Den kommunale deflatoren var i 2015 på 2,4 pst. Det vil seie at det i snitt har vore ein liten realauke i utgifter per elev i grunnskolen, medan det ikkje har vore nokon realauke i utgifter per elev i vidaregåande skole.

Figuren under viser delen av brutto driftsutgifter for kommunane og fylkeskommunane som blir brukt på grunnskole og vidaregåande opplæring. I kommunesektoren var brutto driftsutgifter til grunnskole på 19,2 pst. av totale brutto driftsutgifter i 2016. For fylkeskommunesektoren var brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring 45,1 pst. av totale brutto driftsutgifter. Både delen av utgifter til grunnskole og til vidaregåande opplæring er noko lågare enn fem år tidlegare.

Figur 6.6 Kommunale og fylkeskommunale utgifter til skole

Figur 6.6 Kommunale og fylkeskommunale utgifter til skole

Kjelde: KOSTRA (SSB)

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen utgjorde lønnsutgiftene 79 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 62 pst. på allmennfaglege og 66 pst. på yrkesfaglege studieretningar i 2016.

Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skolen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skolar for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Mykje av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skole, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skole. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna skyldast variasjonar i elevsamansettinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg skyldast ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal frå OECD (Education at a Glance 2016: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg dei tredje høgste utgiftene til grunnskolen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa. Det er særleg den høge lærartettleiken som forklarer den høge ressursbruken i Noreg.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskolar og spesialskolar auka moderat etter innføringa av Kunnskapsløftet, men har i dei siste åra stabilisert seg på om lag åtte pst. I dei siste fire åra har det vore ein svak nedgang i delen av elevar med spesialundervisning. Hausten 2016 låg den delen som fekk spesialundervisning, på 7,8 pst. av alle elevar i grunnskolen. 68 pst. av alle elevar som mottar spesialundervisning, er gutar.

I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. Hausten 2016 hadde 3,7 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 10,8 pst. Når det gjeld omfanget av lærarressursar som blei sette av til spesialundervisning, fekk 47 438 elevar tildelt timar til spesialundervisning med undervisningspersonale i 2016. Dette utgjer 96 pst. av alle elevane som har enkeltvedtak om spesialundervisning.

Figur 6.7 Prosentdel av elevar med enkeltvedtak av totalt tal på elevar, fordelte på årstrinn. Skoleåret 2016–17

Figur 6.7 Prosentdel av elevar med enkeltvedtak av totalt tal på elevar, fordelte på årstrinn. Skoleåret 2016–17

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Språklege minoritetar

I opplæringslova § 2-8 heiter det at elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skolen. I skoleåret 2016–17 fekk 45 272 elevar særskild norskopplæring, 1 878 fleire enn året før. Dette utgjer 7,2 pst. av elevane. Elevane har om nødvendig òg rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Hausten 2016 var det 2 055 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 8 657 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 1 619 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det (jf. opplæringslova § 4A-1). Talet på vaksne som får opplæring på grunnskolenivå, har vore relativt stabilt sidan 2002. Hausten 2016 var det 12 698 vaksne som fekk grunnskoleopplæring. Det er ein auke på 1 707 i høve til året før. Av dei som fekk slik opplæring i 2016, var det 9 280 som fekk ordinær grunnskoleopplæring. 3 310 fekk opplæring som spesialundervisning. Dette er 120 færre enn i 2015. Det har vore ein jamn nedgang i talet på vaksne som får spesialundervisning i dei siste åra.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den enkelte. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skolane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.

Samla deltok 23 896 vaksne i vidaregåande opplæring som lærlingar, lærekandidatar, deltakarar i fagopplæring, praksiskandidatar og deltakarar i skole i 2015, mot 22 260 året før. For meir informasjon om vaksne i grunnopplæringa, sjå Utdanningsspeilet 2017.

Skolefritidsordninga

I skolåret 2016–17 gjekk i alt 160 994 barn i skolefritidsordninga (SFO). Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 62 pst. Delen har auka frå 55 pst. i 2002. 56 pst. av barna i SFO hadde fulltidsplass. I gjennomsnitt var foreldrebetalinga for ein elev med fulltidsplass i SFO 2 408 kroner per månad i skoleåret 2016–17 (GSI-tal for opphaldstid på 20 timar). I 2015–16 var talet 2 335 kroner.

Leksehjelp

Hausten 2010 blei det innført eit lovfesta tilbod om åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skoletid for alle elevar på 1.–4. trinn, jf. Innst. 12 S (2009–2010) og Innst. 279 L (2009–2010). Frå og med hausten 2014 er lova endra, jf. Innst. 223 L (2013–2014), slik at kommunane no sjølve vel på kva for trinn dei vil tilby leksehjelpa i grunnskolen.

Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle, og vere frivillig for kvar enkelt elev. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2016–17 deltok 110 390 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 17,5 pst. av elevane, om lag det same som året før.

7 Ressursar i barnehagesektoren

Innleiing

Kapittelet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2016 var om lag 48 mrd. kroner og utgjorde tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.

Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering), Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2013–16

2013

2014

2015

2016

Tal på barn i barnehage

287 177

286 414

283 608

282 649

Endring i talet på barn i barnehage (frå året før)

1 024

–763

–2 806

–959

Endring i talet på heiltids barnehageplassar (frå året før)

2 697

342

–1 717

–516

Dekningsgrad 1–5 år

90,0

90,2

90,4

91,1

Dekningsgrad 1–2 år

79,8

80,1

80,7

82,0

Dekningsgrad 3–5 år

96,6

96,7

96,6

92,9

Dekningsgrad 0 år

3,2

3,6

3,7

4,0

Dekningsgrad 1 år

68,9

68,5

69,7

71,7

Dekningsgrad 2 år

90,6

91,3

91,6

92,3

Dekningsgrad 3 år

95,3

95,5

95,7

95,9

Dekningsgrad 4 år

96,9

97,0

96,9

97,2

Dekningsgrad 5 år

97,5

97,5

97,3

97,5

Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid per veke

43,9

44,1

44,3

44,3

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2016 gjekk om lag 282 600 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er ein nedgang i talet på barn i barnehage frå 2015 og skyldast ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 165 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 4 300 barn i 2016. Barn under tre år utgjorde 35 pst. av alle barn i barnehage.

I 2016 hadde 94,9 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 69,6 pst. i 2005, altså avtalt opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 39 til 44,3 timar per veke og er uendra frå 2015.

Dekningsgraden i 2016 for barn i alderen eitt til fem år var 91,1 pst. mot 90,4 pst. i 2015. Tilsvarande tal for 2005 var 76,2 pst. Dekningsgraden har auka frå 2015 i alle aldersgrupper, med det er størst endring for eittåringane med ein auke frå 69,7 pst. i 2015 til 71,7 pst. i 2016.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2013–16

2013

2014

2015

2016

Offentlege

149 870

147 726

144 645

143 096

  • kommunale

149 097

147 493

143 879

142 319

  • fylkeskommunale/statlege

773

233

766

777

Private

137 307

138 688

139 039

139 553

  • kyrkjelyd/trussamfunn

7 470

7 579

7 500

7 228

  • foreldreeigde

31 435

30 930

30 559

31 304

  • kvinne- og famileforbund / sanitetsforeining

772

714

685

1 011

  • bedrift

39 086

43 070

6 689

4 199

  • pedagogisk/ideologisk org.

8 408

7 826

4 988

4 727

  • enkeltpersonar

15 909

15 120

12 863

11 653

  • konsern/aksjeselskap

50 985

68 393

  • stiftelse

6 244

8 330

  • studentsamskipnad

2 221

2 344

2 708

  • andre

34 227

33 662

16 182

I alt

287 177

286 414

283 684

282 649

Barn som går i opne barnehagar, er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte i tabellen. I 2016 gjekk 81 barn i offentlege familiebarnehagar, og 4 386 barn gjekk i private familiebarnehagar.

Rapporteringa blei noko endra for private barnehagar i 2014, 2015 og 2016. Mellom anna er dette forklaringa på den store nedgangen i talet på bedriftsbarnehagar frå 2014 til 2015, og auke i talet på konsern/aksjeselskap frå 2015 til 2016. Kategorien «Kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining» hette før 2016 «Husmorlag/sanitetsforeining».

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2016 var det 5 980 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 774 kommunale, 15 statlege og 3 191 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2015 til 2016 har det vore ein reduksjon på 60 private og 48 kommunale barnehagar. Private barnehagar har stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar i dei siste åra. Unntaket var i 2012, da 57 pst. av veksten i talet på barn i barnehage var i offentlege barnehagar. I 2016 var det ein nedgang på 1 035 barn med plassar i offentlege barnehagar, medan det var ein auke på 514 plassar i private barnehagar. Delen barn med barnehageplass i ein privat barnehage har derfor auka. Men offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2016 hadde 51 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 49 pst. hadde plass i ein privat barnehage.

Barnehagestruktur

Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og barnehagar etter barnehagestorleik, 2014–16

2014

2015

2016

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

Barn i barnehage

Barnehagar

1–25 barn

23 073

1 756

22 410

1 668

21 403

1 602

26–50 barn

63 179

1 700

62 715

1 682

62 574

1 673

51–75 barn

100 010

1 630

98 844

1 609

96 914

1 578

76 barn eller fleire

100 152

998

99 639

991

101 758

1 013

I alt

286 414

6 084

283 608

5 970

282 649

5 866

Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Talet på barn i store barnehagar, definerte som 76 barn eller fleire, har auka med om lag 1 600 frå 2014 til 2016, medan talet har gått noko ned for dei mindre barnehagane i same tidsrom. I 2016 gjekk 36 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire. Dette er ein auke med eitt prosentpoeng frå 2015 til 2016.

I 2016 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 6,04 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Talet har vore ganske stabilt i dei siste åra. Her er ein vaksen målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar.

Det er framleis stor skilnad i strukturkvalitet mellom barnehagane, altså dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik), den formelle kompetansen til personalet og dei fysiske omgivnadene. Dette kan ein sjå i tabell 7.4. Til dømes har dei ti pst. barnehagane med flest barn per barnehagelærar i grunnbemanninga over dobbelt så mange barn per barnehagelærar som i dei ti pst. barnehagane med høgst pedagogtettleik.

I dei ti pst. barnehagane med flest tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar har minst 38,5 pst. av assistentane i grunnbemanninga fagbrev. Samtidig er det om lag 20 pst. av barnehagane som ikkje har nokon assistentar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

I dei ti pst. barnehagane med mest plass per barn er det minst 8,5 kvadratmeter per barn, medan det er mindre enn 4,4 kvadratmeter per barn i dei ti pst. barnehagane med minst plass per barn.

Ulikskapen mellom dei ti pst. sterkaste kommunane og dei ti pst. svakaste kommunane er om lag den same som på barnehagenivå.

Tabell 7.4 Ulikskap i barnehagesektoren i 2016

Barnehagar –2016

Sterkaste ti pst.

Svakaste ti pst.

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar med godkjent utdanning (årsverk)

11,9

21,4

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per årsverk i grunnbemanninga

5,1

6,7

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per barnehagelærar i grunnbemanninga

10,0

21,3

Areal (kvm) per barn

8,5

4,4

Kommunar –2016

Sterkaste ti pst.

Svakaste ti pst.

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per pedagogisk leiar med godkjent utdanning (årsverk)

11,9

20,4

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per årsverk i grunnbemanninga

4,5

6,3

Barn (korrigerte for alder og opphaldstid) per barnehagelærar i grunnbemanninga

10,3

19

Areal (kvm) per barn

10,9

5,3

Sterkaste ti pst. tilsvarte 90. persentil, medan svakaste ti pst. tilsvarte 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Personalet i barnehagen

Ved utgangen av 2016 var det om lag 94 000 tilsette som utførte i overkant av 75 000 årsverk i barnehagane. Om lag 84 900 av dei tilsette arbeider med barna, og i overkant av 33 000 av desse var styrarar og pedagogiske leiarar. Delen av dei tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar har auka frå 15,7 pst. i 2014 til 17 pst. i 2016. Delen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet held fram med å gå ned, frå 9,2 pst. i 2014 til 5,7 pst. i 2016. 1 300 tilsette eller 388 årsverk arbeider med å gi særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn. 6 730 tilsette, nesten 4 000 årsverk, arbeider med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette i desse stillingane som jobbar deltid i den enkelte barnehage.

Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2014–16

2014

2015

2016

Tal på tilsette

93 814

93 974

93 952

Tal på årsverk

74 998

74 647

75 031

Tal på tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

84 030

84 536

84 882

Tal på barn per årsverk i grunnbemanninga korrigerte for alder og opphaldstid

6,07

6,04

6,04

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

31 817

33 245

33 321

Styrarar med dispensasjon frå utdanningskravet (årsverk)

58

41

47

– i pst. av styrarar (årsverk)

1,1

0,8

1,0

Pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet (årsverk)

2 183

1 631

1 427

– i pst. av pedagogiske leiarar (årsverk)

9,2

6,6

5,7

Tilsette med barnehagelærarutdanning

32 558

34 059

33 458

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

38,7

40,3

39,4

Tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

13 210

14 370

14 465

– i pst. av dei tilsette utan merkantilt, administrativt personale m.m.

15,7

17,0

17,0

Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes)

1 367 (435)

1 330 (384)

1 299 (388)

Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes)

6 358 (3 795)

6 239 (3 676)

6 728 (3 984)

– del som har barnehagelærarutdanning

35,0

35,3

30,1

Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

I 2016 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 3 106 studentar, ein liten auke frå 3 062 i 2015. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar gjekk ned med 172 i same tidsrom. Delen menn i opptaket har auka noko i dei siste åra etter ein liten nedgang frå 2013 til 2014. Ein tilsvarande auke ser vi også for delen uteksaminerte menn.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2013–16

2013

2014

2015

2016

Opptak til barnehagelærarutdanning

2 859

2 851

3 062

3 106

– av dette menn

549

531

557

588

– del menn (i pst.)

19,2

18,6

18,2

18,9

Uteksaminerte barnehagelærarar

2 080

1 862

2 081

1 909

– av dette menn

224

202

268

271

– del menn (i pst.)

10,8

10,8

12,9

14,2

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Likestilling

Av alle tilsette i basisverksemda i barnehagen i 2016 var 8,9 pst. menn, totalt om lag 6 800 personar. Basisverksemda omfattar styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar. Frå 2013 til 2016 har talet på menn i basisverksemda hatt ein liten auke.

Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2013–16

2013

2014

2015

2016

Menn tilsette i basisverksemda

6 621

6 607

6 736

6 847

– i pst. av tilsette i basisverksemda

8,7

8,7

8,8

8,9

Mannlege styrarar og pedagogiske leiarar

2 410

2 407

2 556

2 676

Mannlege assistentar

4 211

4 200

4 180

4 171

Del barnehagar med éin eller fleire menn i basisverksemda

49,1

49,8

51,0

51,2

Del barnehagar som har 20 pst. menn eller meir tilsette i basisverksemda

15,6

15,4

15,0

15,4

Frå 2014 er assistentar ei samlegruppe for kategoriane barnehagelærar eller tilsvarande, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar. I tala for assistentar for 2013 er ikkje kategorien tospråklege assistentar inkluderte.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Minoritetsspråklege barn og tilsette med innvandrarbakgrunn i barnehage

Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka med 2 900 frå 2015 til 2016, og i dei siste fire åra har det vore ein auke på om lag 8 400 minoritetsspråklege barn i barnehage. Delen minoritetsspråklege barn av alle barn i barnehage har auka frå 13,2 pst. i 2013 til 16,4 pst. i 2016. Av dei minoritetsspråklege barna var det i 2016 om lag 15 300 barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering. Delen minoritetsspråklege barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering, har halde seg relativt stabil i perioden 2013–15 og gått noko ned i 2016.

Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 0–6 år og del med tilbod om særskild språkstimulering 2013–16

2013

2014

2015

2016

Tal på minoritetsspråklege 0–6-åringar i barnehage

37 894

41 265

43 429

46 329

– i pst. av alle barn i barnehage

13,2

14,4

15,3

16,4

Tal på minoritetsspråklege med tilbod om særskild språkstimulering

13 329

14 786

15 473

15 265

– i pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage

35,2

35,8

35,6

32,9

Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

I 2016 gjekk 79,4 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på 1,8 prosentpoeng frå 2015. Det har vore ein auke i dekningsgraden frå 2015 til 2016 for alle aldersgrupper.

Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage, jf. kap. 231 post 63.

Tabell 7.9 Dekningsgrad for minoritetsspråklege i barnehagen 2013–16

2013

2014

2015

2016

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar

76,8

79,0

77,6

79,4

Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar

39,5

39,9

40,2

42,1

Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar

72,3

76,6

75,4

77,7

Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar

86,0

89,6

87,8

90,2

Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar

93,5

93,3

92,5

93,7

Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar

95,3

96,5

93,2

94,9

Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Tabell 7.10 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar. Alle arbeidsforhold, 2013–16

2013

2014

2015

2016

Barnehagelærar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning

1 998

2 196

2 288

2 324

I pst. av alle barnehagelærarar

6,3

6,7

6,9

6,9

Anna pedagogisk personale i barnehagane

847

869

860

848

I pst. av alt anna pedagogisk personale

36,9

32,0

31,5

30,0

Barnehageassistentar

8 485

8 674

9 912

10 363

I pst. av alle assistentar

15,6

16,2

17,1

18,1

Anna personale

1 664

1 790

1 023

968

I pst. av alt anna personale

20,1

22,2

26,2

25,8

Del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar, alle arbeidsforhold

13,4

14,0

14,4

14,8

Innvandrarar er definerte som personar fødde i utlandet med foreldre og besteforeldre fødde i utlandet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av sysselsatte i barnehage har auka dei siste åra, men veksten er ulikt fordelt mellom ulike grupper tilsette, og i nokre grupper har det vore ein nedgang, jf. tabell 7.10.

Av om lag 8 300 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2016 var 11,8 pst. innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2015 var delen 10,8 pst., og i 2009 var delen 6,1 pst.

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Tabellane 7.11, 7.12 og 7.13 viser brutto og netto driftsutgifter i kommunane til barnehage, korrigerte driftsutgifter per barn og per opphaldstime for kommunale barnehagar, og kor stor del av drifta av barnehagane som er finansiert av det offentlege og med foreldrebetaling.

Delen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i de seinare årene og var i 2016 på 48 mrd. kroner. Netto driftsutgifter til barnehage var om lag 43 mrd. kroner, tilsvarande 14,7 pst. av totale netto driftsutgifter i kommunane i 2016.

Tabell 7.11 Driftsutgifter til barnehage i kommunane 2014–16

2014

2015

2016

Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)

45 762

46 020

48 008

Del av brutto driftsutgifter til barnehage (pst.)

12,1

11,8

11,7

Netto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)

40 721

40 973

42 674

Del av netto driftsutgifter til barnehage (pst.)

15,0

14,8

14,7

Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det har vore ein auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunal barnehage på om lag åtte pst. frå 2015 til 2016, der den reelle auken har vore på om lag tre pst. Auka personaltettleik og fleire tilsette med relevant utdanning kan medverke til å forklare realveksten i utgifter.

Tabell 7.12 Driftsutgifter per barn og per opphaldstime i kommunale barnehagar 2014–16

2014

2015

2016

Korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunal barnehage

174 559

178 173

188 150

Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunale barnehagar per korrigerte opphaldstime

58

59

61

Løpande nominelle prisar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 86,3 pst. av drifta av dei kommunale barnehagane var i 2016 finansierte av det offentlege. Dette er ein liten auke frå 85,7 pst. i 2015.

Tabell 7.13 Finansiering av kommunale barnehagar 2014–16

2014

2015

2016

Del av driftsmidlar finansiert gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar)

13,8

14,2

13,7

Del av driftsmidlar finansiert av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar)

86,2

85,7

86,3

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må ligge til grunn i universiteta og høgskolane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Likestilling

Departementet følger opp tiltaka i Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – like muligheter for kvinner og menn, jf. Innst. 228 S (2015–2016). Eitt av tiltaka i meldinga er å styrke kunnskapsgrunnlaget om kjønnsforskjellar i læringsutbytte, gjennomføringsgrad og utdanningsval. Regjeringa har oppretta eit utval som skal vurdere kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar. Utvalet skal greie ut grunnene til at gutar er overrepresenterte på fleire negative statistikkar, som til dømes enkeltvedtak om spesialundervisning, fråfall og prestasjonar på dei lågaste dugleiksnivåa. Utvalet skal levere ei innstilling i form av ein NOU vinteren 2018.

Regjeringa vil heve kompetansen om likestilling i barnehagen og auke rekrutteringa av menn til det pedagogiske arbeidet, jf. Meld. St. 7 (2015–2016). Arbeidet i barnehagen for likestilling og mot diskrimineringer er gjort tydelegare i den nye forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, som tredde i kraft 1. august 2017. I rammeplanen står det at barnehagen skal fremme likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn. Rammeplanen understrekar at barnehagen skal byggje verksemda si på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og bidra til at barna møter og skaper eit likestilt samfunn. Rekruttering av menn til barnehagen er følgt opp gjennom tiltak i den reviderte kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage – revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022, som blei lagd fram 5. september 2017.

Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna og mangfald ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. I inneverande periode, 2014–17, har komiteen særskilt merksemd på kjønn og etnisitet. Komiteen har òg gitt likestilling særskilt merksemd i samband med dei mange fusjonane i strukturprosessen i universitets- og høgskolesektoren.

Statistisk sentralbyrå (SSB) og NIFU har, frå 2016, gitt ut ein samla statistikk som gjer greie for mangfaldet i landbakgrunn blant forskarar og fagleg personale i universitets- og høgskole- og instituttsektoren. Frå og med våren 2017 skiljer statistikken også mellom innvandrarar som kjem inn i akademia gjennom det norske utdanningssystemet, og dei som har arbeidsinnvandra til norsk akademia som kvalifiserte forskarar. Statistikken viser at innvandrarar og etterkommarar av innvandrarar utgjorde ein firedel av forskarpersonalet i norsk forsking og høgre utdanning i 2014. Dette er høgre enn i befolkninga totalt. Om lag 85 pst. av innvandrarane i norsk forsking og høgre utdanning har utdanninga si frå utlandet, noko som kan sjåast som eit uttrykk for internasjonal mobilitet. Dei fleste professorane som har innvandra, har imidlertid bakgrunn frå vestlege land (gruppe 1- land).

Forskingsrådet hadde som mål at 40 pst. av nye forskingsleiarar skulle vere kvinner innan 2017. Dette målet nådde dei ikkje. Delen ligg i dag på 30 pst. Av dei ti miljøa som fekk status som senter for framifrå forsking i 2017, var det berre to senter som har delt leiing med ein kvinneleg og ein mannleg leiar. Dei andre åtte sentera blir leidde av menn. For å betre rekrutteringa av kvinnelege leiarar har Forskingsrådet oppfordra institusjonane til å få fram prosjekt med kvinnelege leiarar gjennom Toppforsk-programmet.

Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar

Ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft 1. august 2017. I rammeplanen står det at barnehagen skal fremme respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsette og fremme mangfald og gjensidig respekt. Rammeplanen understrekar at barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenke, handle og leve på. Personalet i barnehagane skal gi barna like moglegheitar, fremme likestilling og motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme.

Dembra demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme – er eit undervisingsopplegg for skolar til støtte i arbeidet mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdningar. Dembra er også ein del av det breie arbeidet mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Frå 2016 starta ein prosess med nasjonal spreiing av dei læringsressursane som blei utvikla i pilotperioden frå 2012 til 2015. Dembra er frå 2016 gradvis blitt forankra nasjonalt som eit varig tiltak gjennom blant anna å engasjere dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet, sjå nærare omtale under kap. 255. Departementet vil styrke satsinga på Dembra i 2018 og set av 5,5 mill. kroner til tiltaket i løyvingsforslaget for kap. 226 post 21. Fleire av dei nasjonale freds- og menneskerettssentera vil ta del i arbeidet med spreiinga av Dembra i 2018.

Det er eit mål for regjeringa å styrke lærarutdanningane og kompetansen til lærarane når det gjeld hatefulle ytringar. Læringsmiljøarbeidet speler også ei viktig rolle for å redusere førekomsten av hatefulle ytringar i opplæringssektoren. Departementet har sett av 2 mill. kroner i løyvingsforslaget for kap. 226 post 21 i 2018 til utvikling av forskingsbaserte, pedagogiske ressursar om gruppebaserte fordommar. Læringsressursane skal brukast i lærarutdanningane, i etterutdanningspakker og til skolebasert kompetanseheving. Læringsressursane som blir utvikla, skal dekke områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske holdningar.

Kunnskapsdepartementet vil i 2018 bruke om lag 4 mill. kroner av løyvingsforslaget for kap. 226 post 21 på å styrke forskinga på antisemittisme og gruppebaserte fordommar gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga er ein del av handlingsplanen mot antisemittisme og strategien mot hatefulle ytringar. Midlane vil særleg gå til rekruttering av forskarar, inkludert både doktorgradsstillingar og postdoktorstillingar. I tillegg kjem midlar frå budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. kap. 500 post 50 Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 31. desember 2016 var 64 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2015.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner og gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk omfatta av Hovedtariffavtalen og toppleiinga

Kjønn

Lønn

År

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2016

36,0

64,0

297

56 161

51 921

2015

35,2

64,8

298

54 157

51 492

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2016

75,0

25,0

8

107 889

104 404

2015

75,0

25,0

8

110 239

102 099

Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2015 og per 31. desember 2016

Tabell 8.2 Delen menn og kvinner etter stillingskode i Kunnskapsdepartementet

Kjønn

År

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør, kommunikasjonssjef

2016

48,8

51,2

41

2015

43,9

56,4

39

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2016

35,5

64,7

17

2015

38,5

61,5

13

Seniorrådgivar

2016

38,2

61,8

186

2015

39,7

60,3

179

Rådgivar

2016

27,8

72,2

36

2015

19,0

81,0

42

Førstekonsulent

2016

0,0

100,0

5

2015

22,2

78,8

9

Administrativt personale

Seniorkonsulent

2016

0,0

100,0

12

2015

0,0

100,0

11

Lærling

2016

0,0

100,0

4

2015

0,0

100,0

3

Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2015 og per 31. desember 2016

Per 31. desember 2016 var 51,2 pst. av mellomleiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa var på 33 pst. Toppleiargruppa består av toppleiinga samt kommunikasjonssjefen i Kunnskapsdepartementet. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar.

Dei lokale partane drøftar detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekke om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 92,5 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønte stillingskodane (seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Statistikken for oktober 2016 syner at 9,5 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 1,9 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2015 viser at høvesvis 8,4 pst. og ein pst. var lønte i deltidsstillingar.

Overtida i departementet har blitt redusert med 564 timar samanlikna med i 2015, det vil seie med seks pst. I 2016 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 26,8 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mannleg tilsett var 23,5 timar.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder under Kunnskapsdepartementet

Tabell 8.3 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2016)

Verksemd

Tilsette

Del menn (pst.)

Del kvinner (pst.)

Utdanningsdirektoratet

308

36,0

64,0

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

112

32,1

67,9

Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg)

17

29,4

70,6

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

747

24,9

75,1

Noregs grøne fagskole – Vea

36

36,1

63,9

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

116

27,6

72,4

Senter for IKT i utdanninga

77

50,6

49,4

Statens lånekasse for utdanning

333

45,6

54,4

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

11

54,5

45,5

Kompetanse Noreg

115

28,7

71,3

Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) per 1. oktober 2016

Tabell 8.4 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2016)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

50 930

48 513

95,3

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

43 660

43 572

99,8

Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskolen for Midt-Noreg)

44 209

34 011

76,91

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

44 926

44 770

99,7

Noregs grøne fagskole – Vea

43 278

41 200

95,2

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

46 358

47 301

102,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

47 968

44 064

91,9

Senter for IKT i utdanninga

50 725

49 700

98,0

Statens lånekasse for utdanning

42 527

41 556

97,7

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

63 716

54 118

84,92

Kompetanse Noreg

47 760

48 588

101,7

1 Skilnader i lønn mellom kvinner og menn i Sørsamisk kunnskapspark skyldast i stor grad deltidsstillingar, og tilsettingar på dispensasjon.

2 FEK har få tilsette, noko som gir store utslag i lønnsskilnadene mellom kvinner og menn.

Kjelde: Pivottabell per 31. september 2016 utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Likestillingstiltak i Kunnskapsdepartementet: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Det er personalpolitiske mål for Kunnskapsdepartementet å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskapsdepartementet arbeider for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire administrative tiltak for å få til dette. Departementet har innført testverktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. Personal- og leiarhandboka til Kunnskapsdepartementet gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn eller med nedsett funksjonsevne til intervju. Leiarhandboka har òg lenke til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse?, som er utvikla av det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Departementet har få søkarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søker ordinære stillingar. Departementet vil søke å rekruttere fleire søkarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna gjennom tiltak i IA-avtalen for departementet.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil legge til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøftar mellom anna lønnspolitikken med vekt på likestilling med dei hovudtillitsvalde kvart år. Departementet har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar og nasjonale og internasjonale hospiteringsordningar, med vekt på at tilboda skal bli gitte til alle tilsette.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

9 Sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvaret for å gjennomføre tiltak innanfor sine eigne område for å nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ein omtale av den samla klima- og miljøpolitikken til regjeringa, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Klima- og miljødepartementet.

Det er ein klima- og miljødimensjon i alle sektorane til Kunnskapsdepartementet. Ny innsikt, kompetanse og erkjenning er utgangspunktet for korleis vi møter store utfordringar i samfunnet. Vi treng forsking for å utvikle ein god og fornuftig klima- og miljøpolitikk og dei gode klima- og miljøløysingane som bidrar til det grøne skiftet. Og vi treng utdanning som gir oss den kunnskapen, dei dugleikane og holdningane som er nødvendige for å møte utfordringane.

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggande verksemder er med på å forme. Målet for Kunnskapsdepartementets arbeid på klima- og miljøområdet er at utdanning og forsking skal bidra til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling og formidling av kunnskap som fører til ny innsikt, gode løysingar og folk med gode dugleikar.

Formidling av kunnskap om og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølge formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen la barna få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong og lære dei å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Ny forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft 1. august 2017. Den nye rammeplanen tydeleggjer meir enn tidlegare at barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremme verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn, og at barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida. Natur, miljø og teknologi er eitt av sju fagområde i rammeplanen, og gjennom arbeidet med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i tråd med formålsparagrafen, lære å tenke kritisk og handle etisk og miljømedvite, i tråd med prinsippa bak det grøne skiftet. I Meld St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet varslar Kunnskapsdepartementet at berekraftig utvikling skal bli eitt av tre tverrfaglege tema i fagfornyinga. Dei tverrfaglege temaa blir prioriterte i læreplanverket, og elevane skal lære om berekraftig utvikling med utgangspunkt i fleire fag.

I samarbeid med Klima- og miljødepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken. Skolesekken medverkar til å styrke kvaliteten på opplæringa og auke forståinga av nytten og bruken av naturfaga, samt fremmer undervisning om berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar, mellom anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære ved Skolelaboratoriet i realfag, gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima som òg bygger opp under arbeidet med det grøne skiftet.

I den omstillinga som arbeidslivet i Noreg er inne i nå, er realfagleg kompetanse viktig for å skape innovasjon som bidrar til det grøne skiftet. Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag (2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Ordninga med realfagskommunar blir ført vidare.

Norsk forsking og høgre utdanning er i fronten internasjonalt innanfor fagområde som er knytte til klima og miljø. Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 er eit viktig verkemiddel for arbeidet til Kunnskapsdepartementet med miljø- og klimautfordringa innanfor forsking og høgre utdanning framover. Langtidsplanen legg rammene for korleis regjeringa skal styrke forsking og høgre utdanning for å møte utfordringane og gripe moglegheitene i tida framover, mellom anna dei utfordringane og moglegheitene som ligg i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Klima, miljø og miljøvennleg energi er ei tydeleg prioritering i planen, og forsking og høgre utdanning innanfor andre hovudprioriteringar er òg i høgste grad relevante for omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kunnskapsdepartementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. I tillegg finansierer universiteta og høgskolane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si. Deltaking i EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg eit viktig bidrag til klima- og miljørelevant forsking. Klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgåande tema i Horisont 2020, og 60 pst. av totalbudsjettet til Horisont 2020 skal gå til forskingsprosjekt som bidrar til berekraftig utvikling.

Miljørelevant forsking omfattar både klima-, miljø- og energiforsking, Verkemiddel frå heile porteføljen til Forskingsrådet finansierer denne typen forsking. Miljøvennleg energi og miljøteknologi er dei områda med størst innsats og der aukinga over tid har vore betydeleg. I 2016 gjekk om lag 650 mill. kroner av Kunnskapsdepartementets midlar gjennom Forskingsrådet til forsking på miljøområdet. Dette er 100 mill. kroner meir enn i 2015. Talet omfattar både forsking som er finansiert gjennom forskingsprogram der klima og miljø er eit hovudformål, som til dømes KLIMAFORSK, og forsking finansiert gjennom verkemiddel som ikkje er særskilt målretta mot miljø, som open arena for framifrå forsking (FRIPRO), løyvingar til forskingsinfrastruktur, senter for framifrå forsking (SFF) og senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Denne aukinga i løyvingane til forsking på miljøområdet inneber mellom anna oppstart av fase to av den norske delen av European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure ECCSEL – ein europeisk forskingsinfrastruktur for CO2-handsaming, fleire infrastrukturprosjekt, auking i porteføljen til Fri prosjektstøtte og oppstart av miljørelevante SFI-ar i 2015.

Sidan 2010 har departementet gitt ei ekstraordinær støtte til det internasjonalt leiande klimaforskingssenteret Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research AS, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Løyvinga er tolvårig og varer til 2021, på det vilkåret at senteret får ei tilfredsstillande halvvegsevaluering. Evalueringa skal etter planen vere ferdig innan utgangen av 2017. I dei tre første åra var løyvinga på 20 mill. kroner årleg. Frå 2013 auka løyvinga til 25 mill. kroner.

Ein monaleg del av Kunnskapsdepartementet sine midlar til forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet går til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi.

SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) er eit norskleidd samarbeid mellom institusjonar med relevant forskingsinfrastruktur på Svalbard (laboratorium, observatorium, feltutstyr mv.). Målet er å legge til rette for tverrvitskaplege studium av jordsystemet, der havstraumar, atmosfæriske og geologiske tilhøve, is- og snødekke, planter og dyr heng saman i kompliserte mønster. Ei rekke institusjonar tar del i samarbeidet som gjeld deling, koordinering, vidareutvikling og utnytting av infrastruktur, utstyr og data. I 2016 blei SIOS AS etablert som eit dotterselskap under UNIS, for å fungere som juridisk eining for SIOS-samarbeidet. Partnarane i SIOS tar sikte på å signere ei juridisk ikkje-bindande avtale (MoU) i løpet av 2017. I 2018 vil utgifta bli dekt over eit interimprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd. Det norske bidraget for perioden 2019–21 vil bli dekt av dei ordinære rammene til Noregs forskingsråd.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekke andre funksjonar ei viktig rolle når det gjeld å kartlegge klimaendringar. Instituttet skal følge den globale og den nasjonale klimautviklinga, og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av klimapolitikken i Noreg. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig klimatilpassing. I samarbeid med Klima- og miljødepartementet er arbeidet med klimatilpassing styrkt frå 2014 ved auka satsing på Norsk klimaservicesenter (KSS), som Meteorologisk institutt leier. KSS legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data slik at dei kan brukast til klimatilpassing og i vidare forsking om effekten av klimaendringar på natur og samfunn. Senteret er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Uni Research / Bjerknessenteret, og der Miljødirektoratet er representert i styringsgruppa. For å sikre at dei faglege vurderingane til instituttet blir knytte tett til viktige spørsmål innanfor klima, foreslår regjeringa å overføre ansvaret for Meteorologisk institutt frå Kunnskapsdepartementet til Klima- og miljødepartementet med verknad frå 1. januar 2018, sjå nærare omtale under kap. 283 post 50.

Eit anna viktig tiltak som Kunnskapsdepartementet finansierer, er den norske medlemskapen i Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. GBIF-Noreg samarbeider tett med Artsdatabanken om å gjere tilgjengeleg og dele data. Artsdatabanken gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til, og omfang av, biologisk mangfald i Noreg. Artsdatabanken samlar data frå ei rekke institusjonar som universitetsmusea, miljøforskingsinstitutta, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar. Tenestene til Artsdatabanken er særleg viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking, men er òg svært mykje brukte blant allmenta. Artsdatabanken vil frå 2018 bli overført til Klima- og miljødepartementet.

Universitetsmusea forvaltar store vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane, særskilt når det gjeld tidsseriar og materiale som er innsamla over mange tiår. Gjennom forskarskolen i biosystematikk har universitetsmusea fått ei større rolle i undervisning og kompetanseheving innanfor klassisk biologi. Sjå omtale av UNI-MUSEER i kap. 281, post 50. Natur- og miljøforvaltninga i Noreg er mellom anna avhengig av denne kompetansen for å kunne følge opp naturmangfaldlova.

10 Samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har hatt stor merksemd på samfunnstryggleik og beredskap i fleire år og bidratt til å styrke arbeidet med beredskap i sektoren. Tilsynet frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap i 2015 konkluderte med at departementet arbeider systematisk med feltet, og at kompetanse, ressursbruk og forankring i leiinga sikrar god kvalitet på risiko- og sårbarheitsanalysar og øvingar.

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål når det gjeld arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren, er å førebygge uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer, noko som pregar arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og kva slags verkemiddel departementet rår over. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale, fylkeskommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftelsar. Kunnskapsdepartementet styrer med mellom anna juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane og fylkeskommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar.

Meteorologisk institutt (MET) er den av departementets underliggande verksemder som har ei særstilling innanfor samfunnstryggleik og beredskap. MET forvaltar kritisk infrastruktur, og meteorologiske tenester utgjer ein kapabilitet som inngår i den kritiske samfunnsfunksjonen «Natur og miljø», jf. Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre i sektoren utgjer om lag 300 000 tilsette. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,6 millionar barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole, høg dekningsgrad i barnehage og store delar av årskulla i vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse, og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. Tilsvarande er det ofte store samlingar av studentar og tilsette ved universitet, høgskolar og fagskolar. Universitet og høgskolar forvaltar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og vitskaplege og historiske samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ulike dokument med krav og føringar og rettleiingar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. I 2016 kom revidert utgåve av departementets Styringsdokument for arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap i kunnskapssektoren. På nettsida til Utdanningsdirektoratet ligg mellom anna rettleiinga Alvorlige hendelser i barnehager og utdanningsinstitusjoner og anna støttemateriell, til dømes beredskapsplanar, som gjeld for alle utdanningsinstitusjonar inkludert universitet og høgskolar. Politiet følger opp rettleiinga i form av eit opplæringsprogram som blir gjennomført av lokalt politi og rettar seg mot eigarar av barnehagar og utdanningsinstitusjonar. Kunnskapsdepartementet følger opp det arbeidet dei underliggande verksemdene gjer med samfunnstryggleik og beredskap, gjennom den ordinære styringsdialogen og gjennom eigne beredskapstilsyn. Departementet gir mellom anna pålegg til verksemdene om å gjennomføre øvingar. Av og til øver departementet saman med verksemdene. Departementet har ein aktiv dialog med verksemdene om oppfølging av manglar som kjem fram under øvingane.

Våren 2015 sende Helse- og omsorgsdepartementet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet ut rundskrivet I-6/2015 til alle barnehage- og skoleeigarar om beredskap i barnehagar og skolar. Rundskrivet er ei presisering av at forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar omfattar ei plikt for eigaren og leiaren av verksemda til å vurdere risikoen for alvorlege tilsikta hendingar og risikoreduserande tiltak. Helsedirektoratet har òg utarbeidd ei rettleiing til forskrift om miljøretta helsevern på nettsida si.

Kunnskapsdepartementet oppretta i 2017 eit nytt råd for samfunnstryggleik og beredskap, med deltakarar frå universitet, høgskolar, fagskolar, folkehøgskolar, studentsamskipnader og Utdanningsdirektoratet. Sekretariatsfunksjonen for rådet er lagd til Universitetet i Stavanger. Rådet skal styrke og samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap ved utdanningsinstitusjonane og vere eit forum for kunnskapsdeling, erfaringsutveksling, utarbeiding av felles tiltak, retningslinjer og rettleiingar. Ei viktig oppgåve vil vere å utarbeide tiltak for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme innanfor høgre utdanning.

Kommuneundersøkinga 2016 viser at det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld beredskapsplanar og øving. Kunnskapsdepartementet vil halde fram med det viktige arbeidet med å definere korleis departementet skal praktisere sektoransvaret sitt overfor verksemder med ulike eigeformer. Departementet vil også halde fram med å legge stor vekt på arbeidet med informasjonstryggleik og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.

For å oppfylle hovudmålet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebygge uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren:

  • utarbeider risiko- og sårbarheitsanalysar tilpassa verksemda, samt delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrker evna til krisehandtering i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser

  • arbeider systematisk med informasjonstryggleik og personvern og ser til at arbeidet med informasjonstryggleik er i samsvar med lover og forskrifter

11 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Kunnskapsdepartementet planlegg å gjennomføre fleire tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i kunnskapssektoren. I dette kapittelet vil vi presentere dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemda.

Tidstjuvar er unødvendig administrasjon. Det er tungvinte rutinar for arbeid, reglar og rapporteringar som stel tid frå dei brukarretta oppgåvene. Regjeringa bad i 2014 alle statlege verksemder om å melde inn tidstjuvar. Kunnskapsdepartementet har mottatt informasjon som gjeld om lag 400 tidstjuvar frå underliggande verksemder, men over halvparten gjeld tidstjuvar der ansvaret ikkje ligg i kunnskapssektoren. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har utarbeidd ein database som viser alle innrapporterte tidstjuvar. Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med tidstjuvane i vår sektor, slik at omfanget av unødvendig byråkrati blir redusert. Dei aller fleste tiltaka Kunnskapsdepartementet har ansvaret for, er gjennomførte eller inkluderte i det daglege arbeidet.

Regjeringa vil omorganisere dei sentraladministrative oppgåvene i kunnskapssektoren. Den nye organiseringa skal legge til rette for høgre kvalitet og effektivitet i kunnskapssektoren og gi fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo. Omorganiseringa skjer mellom anna på bakgrunn av Svein Gjedrem og Sven-Ole Fagernæs sin rapport Kunnskapssektoren sett utenfra, som blei overlevert departementet i 2016. Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga blir slåtte saman, og ulike verksemder og einingar innanfor høgre utdanning og fagskolar blir slåtte saman til tre nye verksemder: ei for tenesteyting og to for kvalitetsutvikling. I tillegg blir om lag 60 årsverk flytte ut av Oslo. Det skal utarbeidast forpliktande planar for vinstrealisering for alle verksemdene. Sjå nærare omtale i hovudinnleiinga og under det enkelte budsjettkapittel- og post.

Regjeringa har hausten 2017 lansert ein ny digitaliseringsstrategi for grunnskolen og vidaregåande opplæring som er tett kopla til den overordna digitaliseringspolitikken til regjeringa. Tiltaka i strategien vil bidra til å handtere og gripe moglegheitene i digitaliseringa, og tydeleggjer korleis grunnopplæringa kan bidra til å møte dei store samfunnsutfordringane.

Feide, Felles elektronisk identitet, er no rulla ut i 372 av kommunane og alle fylkeskommunar, noko som utgjer 96,4 pst. av brukarane. Fordi det parallelt med utrullinga av Feide har blitt behov for meir utveksling av data mellom skolane og ulike tenester og læremiddel enn det Feide opphavleg var planlagd for, blir Feide no vidareutvikla til Feide 2.0 (Dataporten). Gjennom Feide 2.0 blir det enklare for kommunane og fylkeskommunane å halde orden på kva tenester som mottar kva for opplysningar, og for tenestetilbydarane å tilby gode tenester til sektoren. Regjeringa vil også etablere fellesløysingar for skytenester for grunnopplæringa, og startar i 2018 eit arbeid med å vurdere om grunnopplæringa kan få tilgang til skytenesteløysingar som er etablerte i universitets- og høgskolesektoren.

I perioden frå hausten 2014 til hausten 2016 gjekk Kunnskapsdepartementet gjennom språket og strukturen i opplæringslova, som del av regjeringas prosjekt «Klart lovspråk». Målet var å få ei klarare og meir presis lov og eit tydelegare og betre regelverk for sektoren og brukarane. I tråd med Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen har regjeringa nemnt opp eit offentleg utval som skal gå gjennom regelverket på opplæringsområdet. Arbeidet for å betre språket og forenkle strukturen i opplæringslova vil inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget til utvalet. Målet med arbeidet til utvalet er eit regelverk som varetar nasjonale mål, men som samtidig sikrar at kommunane og fylkeskommunane har tilstrekkeleg handlingsrom til å fremme kvalitetsutvikling i skolen. Utvalet skal mellom anna vurdere korleis regelverket kan forenklast, og legge til rette for effektiv ressursbruk.

På bakgrunn av Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren har det blitt gjennomført samanslåingar og betydeleg omstilling ved universitet, høgskolar og studentsamskipnader. Talet på universitet, statlege høgskolar og private høgskolar med statstilskott er redusert frå 54 i 2015 til 39 frå januar 2017, og talet på studentsamskipnader er redusert frå 21 til 14. Regjeringa har store forventningar til at endringane vil styrke institusjonane, gi meir solide fagmiljø og meir effektiv drift.

Som ei oppfølging av Meld. St. 18 (2014–2015) har Kunnskapsdepartementet oppretta ei arbeidsgruppe for IKT-strategi og heilskaplege løysingar i norsk universitets- og høgskolesektor. Arbeidsgruppa har våren 2017 levert eit forslag til ein felles IKT-strategi for universitets- og høgskolesektoren til Kunnskapsdepartementet. Forslaget dekker områda utdanning, forsking, administrative tenester og infrastruktur, og omtalar i tillegg informasjonstryggleik, organisering, styring og finansiering. Med utgangspunkt i dette forslaget og digitaliseringspolitikken til regjeringa har departementet fastsatt ein overordna digitaliseringsstrategi for universitets- og høgskolesektoren.

I Innst. 12 S (2015–2016) blei Kunnskapsdepartementet bedt om å gå gjennom tilskottsordninga for private høgskolar og vurdere kriteria for tilskott til private høgskolar. Departementet har i 2016 sett ned ei ekspertgruppe, som sommaren 2017 leverte ein rapport om private høgskolar. Hovudforslaget i rapporten er at institusjonsakkreditering bør vere eit kriterium for å kunne motta statstilskott, noko som er ei innskjerping av dagens krav om akkreditering av studietilbodet. Rapporten har vore på høyring. Høyringa viser at det er stor tilslutning til forslaget om institusjonsakkreditering. Departementet har merka seg at kriteriet kan vere problematisk for enkelte private høgskolar med statstilskott i dag. Derfor vil departementet vurdere korleis dette kan bli tatt omsyn til ved innføring av eit slikt kriterium, men utan at forventningane om kvalitet ved institusjonane blir redusert.

I juli 2016 oppretta Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet ei ekspertgruppe som skulle gjere ein områdegjennomgang av Noregs forskingsråd. Oppdraget til ekspertgruppa var dels å sjå på korleis Forskingsrådet kan medverke meir til auka kvalitet i norsk forsking, og dels å sjå på tiltak for å redusere kostnader til administrasjon i Forskingsrådet. Ekspertgruppa leverte rapporten sin i februar 2017. Forskingsrådet vil som følge av områdegjennomgangen effektivisere verksemda ytterlegare. Kunnskapsdepartementet følger også opp, mellom anna gjennom å samle alle løyvingane til administrasjon frå departementa til verksemda i Forskingsrådet på ein post på budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Eit nytt styringssystem for Forskingsrådet blei tatt i bruk i 2015. Styringssystemet er felles for alle departementa. Ambisjonane er at styringa frå departementa skal bli meir strategisk og langsiktig, ha større merksemd på verknader og effektar av verksemda til Forskingsrådet og likare praksis mellom departementa i styringa. Innføringa av styringssystemet blir følgeevaluert. Evalueringa har så langt sett fleire endringar i retning av meir strategisk og langsiktig styringsdialog. Samstundes er det framleis få haldepunkt for å si at departementa har meir merksemd på verknader og effektar av verksemda til rådet.

NOKUT har utvikla eit IKT-system som skal gi ei heilskapleg samhandlingsløysing med sjølvbetening for eksterne brukarar der mellom anna saksbehandlingsstøtte og arkiv er integrerte. Siktemålet har vore å betre tilgangen og kvaliteten på NOKUT sine tenester og effektivisere den interne ressursbruken. NOKUT jobbar nå med å realisere gevinstane av investeringa. På godkjenningsområdet er det eit mål å redusere ressursinnsatsen og korte ned saksbehandlingstida.

Lånekassen er ei verksemd i stadig utvikling. Etter at det omfattande moderniseringsprogrammet i Lånekassen, LØFT, blei avslutta i 2015, har både departementet og Lånekassen vore opptatte av at effektane av programmet skal bli utvikla vidare. Mellom anna arbeider verksemda aktivt med å tilby kundane betre og meir automatiserte tenester. For å legge til rette for ei utvikling mot enda mindre manuell saksbehandling har Lånekassen sett i gang ein større omstillingsprosess. Lånekassen er i dag lokalisert på seks ulike stader rundt om i landet, men har fått fullmakt til å samle saksbehandlinga meir i framtida. Dette medfører at kontoret i Tromsø blir avvikla innan 2020, og at kontoret i Bergen blir avvikla i løpet av 2023. Den største nedbemanninga skal skje i Oslo. Kontora i Ørsta, Stavanger og Trondheim blir førte vidare og styrkte.

Kunnskapsdepartementet arbeider vedvarande med å effektivisere og forbetre arbeidsprosessane internt, og vil i denne samanhengen ta i bruk nye IKT-verktøy. Departementet arbeider også med å effektivisere internadministrasjonen.

12 Oppfølging av Berekraftagendaen på utdanningsområdet

FNs generalforsamling vedtok i september 2015 ein universell agenda for berekraftig utvikling som alle land er forplikta til å følge opp. Det er 17 mål på ulike område, og Kunnskapsdepartementet har eit koordineringsansvar for berekraftmål 4:

«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle»

Målet har sju delmål og tre gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå, legg vekt på likeverd og kvalitet og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.

Berekraftmåla er universelle, og regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga særleg legge vekt på å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring, og auke læring på alle nivå. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skole, vil få særskild merksemd. Opplæring i miljø, fred og medborgarskap er eit eige delmål. Noreg er komme langt i å nå dei fleste delmåla samanlikna med andre land innanfor og utanfor Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD). Kunnskapsdepartementet vil samarbeide nært med Utanriksdepartementet om oppfølging internasjonalt.

Boks 12.1 FNs berekraftmål 4: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle

Delmål under berekraftmål 4:

  • 4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskole og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbytte

  • 4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskole, slik at dei er førebudde på å starte i grunnskolen

  • 4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgre utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkommeleg pris

  • 4.4 Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, blant anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetting, sømmeleg arbeid og entreprenørskap

  • 4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

  • 4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

  • 4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling, blant anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremme fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetting av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling

  • 4 a. Etablere og oppgradere utdanningstilbod som tar i vare omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle

  • 4 b. Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklings-øystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgre utdanning, blant anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland

  • 4 c. Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, blant anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklings-øystatar

Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla under berekraftmål 4.

Delmål 4.1

100 pst. av alle barn fullfører tiårig obligatorisk grunnskole, og 98,3 pst. går direkte til vidaregåande opplæring. Trends in International Mathematics and Science Study (TIMMS 2015) viser at norske elevar på 5. trinn presterer svært bra i matematikk. Dei skårar signifikant høgre enn elevar i same alder i dei andre nordiske landa og plasserer seg blant dei beste i Europa. På 9. trinn kan norske elevar sine prestasjonar i matematikk karakteriserast som middels gode i eit europeisk perspektiv. I naturfag presterer norske elevar godt på 5. trinn og middels godt på 9. trinn, sett i eit europeisk perspektiv. I Programme for International Student Assessment (PISA) undersøkinga 2015 skåra norske 15-åringar for første gong over OECD-gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag. Særleg viser norske elevar svært god framgang og gode resultat i lesing, og dei har òg ei positiv utvikling i matematikk. I naturfag har resultata vore stabile sidan 2009. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale.

Delmål 4.2

Ved utgangen av 2016 gjekk 91,1 pst. av eitt- til femåringane i barnehage, og 97,5 pst. av femåringane har gått i barnehagen før dei byrjar på skolen. Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn seks pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 3–5 år frå lavinntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa er frå 1. august 2017 auka til 450 000 kroner. Ei ny tilskottsordning skal auke barnehagedeltakinga for minoritetsspråklege barn gjennom midlar til kommunane for å drive aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid, jf. kap. 231 post 66.

Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen og Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen har identifisert behov for betre koordinering og samanheng mellom barnehage og grunnskole. Kunnskapsdepartementet sende i juni 2017 ut til høyring eit forslag om å fastsette ei samarbeidsplikt mellom barnehage, skole og skolefritidsordning (SFO). Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.30 Barnehagar for nærare omtale.

Delmål 4.3

Betre gjennomføring i høgre utdanning har vore eit mål i lang tid, og det er ei positiv utvikling på dette området. I Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning er det uttrykt forventning om at høgre utdanningsinstitusjonar legg til rette for ei mangfaldig studentgruppe som lykkast i studia, og at lærings- og vurderingsmetodar i heilskaplege studieprogram støtter djupnelæring og bidrar til at studentane når det fastsette læringsutbyttet. Institusjonane skal arbeide for å redusere uønskt fråfall og for å betre gjennomføringa. Sjå nærare omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning.

Gratisprinsippet i høgre utdanning og låne- og stipendordninga gjennom Lånekassen bidrar til lik tilgang til høgre utdanning for kvinner og menn. Regjeringa vil vurdere korleis støtteordningane i Lånekassen kan innrettast for å stimulere til progresjon og til gjennomføring av studia. Jf. omtale under programkategori 07.60 Høgre utdanning, programkategori 07.40 Fagskoleutdanning og programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Delmål 4.4

Hovudutfordringa er å styrke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. I overkant av 72 pst. av elevane fullfører vidaregående opplæring etter fem år. Dette er 15 pst. poeng lågare enn OECD-gjennomsnittet på 87 pst. Regjeringa har tatt fleire initiativ for å løyse fråfallsproblematikken. I 2016 blei det innført ei fråværsgrense i vidaregåande opplæring. Målet er å motivere elevane til jamn innsats og forhindra skulk. Fråværet har gått kraftig ned etter innføringa av fråværsregelen.

I tillegg er det sett i verk tiltak som skal bidra til at fag- og yrkesopplæringa blir betre tilpassa framtidige behov for arbeidskraft og kompetanse. Større motivasjon og høve til lærlingplassar er viktige mål. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Delmål 4.5

Regjeringa har sett i gang 0–24-samarbeidet, som skal gi fleire barn og unge riktig hjelp til riktig tid, slik at dei fullfører vidaregåande skole og kjem i arbeid. Alle som møter barn og unge i helsestasjonen, barnehagen, barnevernet, skolen og Nav, må samarbeide betre og få tenestene til å fungere saman. Fleire departement og direktorat samarbeider for å fjerne hindringar i regelverk, samordne tiltak og regelverk, og gjere meir av det som verkar. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa for nærare omtale.

Regjeringa har òg sett i gang eit utval med sikte på ein NOU om kjønnsforskjellar i skoleprestasjonar.

Delmål 4.6

Regjeringa har utvikla eit program for grunnleggande dugleikar i arbeidslivet (Kompetansepluss, sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for nærare omtale). Når arbeidsgivar og arbeidstakar i ei verksemd er samde om nytten av auka dugleikar i lesing, skriving, munnleg norsk og digitale dugleikar, vil dei kunne få tilgang på kurs i samarbeid med godt kvalifiserte lærarkrefter.

Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC) viser at befolkninga mellom 25 og 64 år har god kompetanse samanlikna med andre land. Dei eldste (55–64 år) og yngste (16–24 år) deltakarane i PIAAC har lågare dugleikar i lesing og tallforståing enn gjennomsnittet av befolkninga. Dei yngste har dessutan lågare dugleikar enn det internasjonale gjennomsnittet for samme aldersgruppe. Utdanningsnivå, familiebakgrunn og arbeidstilknyting er likevel langt viktigare enn alder for å forklare forskjellar i resultata. Jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Delmål 4.7

I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet har regjeringa varsla at berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring, og demokrati og medborgarskap som tverrfaglege tema i dei nye læreplanane. Desse temaa skal vektleggast i fleire fag, på faga sine eigne premissar.

Den naturlige skolesekken er eit nasjonalt tiltak som skal bidra til at barn og unge gjennom opplæringa får kunnskap om og blir medvitne om berekraftig utvikling og miljøutfordringar i verda. Skolar som deltar i Den naturlige skolesekken, får midlar, rettleiing og kompetanseheving for lærarar for å utvikle og gjennomføre undervisning for berekraftig utvikling.

Gjennomføringsmål 4 a

Nulltoleranse for mobbing er integrert i opplæringslova. Nye lovreglar tar sikte på å styrke rettsvernet for elevar mot å bli mobba.

Opplærings- og utdanningssektoren vil bli underlagt krava om universell utforming av IKT i ny likestillings- og diskrimineringslov. Det betyr blant anna at skolane sine nettsider, digitale læringsplattformer og digitale læremiddel må vere universelt utforma innan 2021.

Regjeringa har også utvikla særskilde IKT-verkty for flyktningar og asylsøkarar med rett til opplæring etter opplæringslova (skolekassa.no).

Gjennomføringsmål 4 b

SIU har ansvaret for å administrere NORPART. Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgre utdanning i Noreg og utviklingsland gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. Første utlysing var hausten 2016. Sjå programkategori 07.60 Høgre utdanning for nærare omtale.

Gjennomføringsmål 4 c

Det blir satsa på kvalitet i både lærarutdanning og skole for å gjere utdanning og yrke meir attraktive. Ein nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane blei presentert før sommaren. Regjeringa innførar frå 2017 mastergrad i grunnskolelærarutdanninga retta mot trinna 1–7 og 5–10. Frå 2019 gjeld krav om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Studentar med gode karakterar frå vidaregåande skole har betre føresetnader for å gjennomføre høgre utdanning. Ved å stramme inn karakterkrava for opptak til lærarutdanninga ønsker regjeringa å rekruttere sterkare studentar med betre gjennomføringsevne. Det er satt av midlar til kompetanseheving og forsking på lærarutdanning, og det blir satsa tungt på vidareutdanning, rettleiingsordningar og karrierevegar for lærarar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet