Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjetterminen 2016

VI

For budsjetterminen 2016 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 % av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 % av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 % av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 % av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 % av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 % av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 % av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 % av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 % av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 % av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Til forsida av dokumentet