Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

4 320

4 544

4 680

Sum kap. 0001

4 320

4 544

4 680

Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje.

Forslag til løyving for 2016 til Svalbard kyrkje skal blant anna dekkje husleige for kyrkja, utgifter til løn, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygninga. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg. Ein viser elles til målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2015–2016) frå Kulturdepartementet.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

193 041

142 210

158 395

Sum kap. 0003

193 041

142 210

158 395

For 2016 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre (LL) på til saman 158,4 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2015-løyvinga og er auka med 0,4 mill. kroner i samband med diverse tiltak i skule- og barnehagesektoren. Den er samstundes redusert med 0,25 mill. kroner som vart løyvd ekstraordinært i 2015 i samband med utgifter knytte til solformørkinga.

Arbeidet med å reinse kraftverket vert fullført i 2015. Kostnadene til investeringar vart dekte fullt ut over svalbardbudsjettet i åra 2012–2014 og for 2016 vert det foreslått at LL vert tilført 1,25 mill. kroner for å dekkje heilårsverknaden av drifta av anlegget.

I ei levetidsvurdering av kraftverket utført våren 2013 vart det tilrådd å rehabilitere kraftverket slik at verket vil kunne levere straum i ytterlegare om lag 20 – 25 år. Dette er berekna å koste om lag 98 mill. kroner. LL brukte 11 mill. kroner i 2014 for å starte opp dette arbeidet. Stortinget vedtok i 2015 at dei resterande kostnadane med rehabiliteringa (om lag 87 mill. kroner) blir dekte som eit spleiselag der lokalstyret dekkjer 1/3 og staten 2/3 av kostnadane. Staten dekte 2/3 av utgiftene i 2015 med 13,3 mill. kroner og Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 10 mill. kroner i svalbardbudsjettet for 2016 som staten sin del til dette arbeidet. Den statlege medfinansieringa på 2/3 føreset at LL dekkjer 1/3 av dei resterande kostnadane med rehabiliteringa.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til LL, som fordeler midlane til velferdsformål. LL fordeler i 2015 overskotet for 2014 som utgjorde i underkant av 6 mill. kroner. LL rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskot til Svalbard museum

11 200

11 600

11 924

Sum kap. 0004

11 200

11 600

11 924

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

45 871

49 385

52 478

Sum kap. 0005

45 871

49 385

52 478

I 2014 vart det utført om lag 39 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.

Løyvinga over kap. 5 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2015-løyvinga med tillegg for auka husleiger (1,738 mill. kroner) i samband med at sysselmannsgården og bustadene vert foreslått overførte til husleigeordninga, jf. omtala under kap 20.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg naudsynt for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram i takt med interessa for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.

Justis- og beredskapsdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2016 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner utover løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

1 777

200

200

02

Refusjonar m.v.

2 867

2 700

2 700

16

Refusjon av foreldrepengar

139

-

-

18

Refusjon av sjukepengar

86

-

-

Sum kap. 3005

4 869

2 900

2 900

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

155 366

170 565

193 640

Sum kap. 0006

155 366

170565

193 640

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetjingane og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2014 vart det koordinert 71 redningsoppdrag. Dette er ein oppgang frå 67 i 2013. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggande havområde, vedtok Stortinget at Sysselmannen frå 2014 skal ha to store likeverdige helikopter. Etter forhandlingar vart det frå 1. april 2014 inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av den nye redningsavtala i Arktis, og den auka betydninga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette medverkar til å styrkje redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har auka rekkevidde og vil kunne plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ei radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre utstyr for kommunikasjon og tryggleik. I tillegg vart utrykkingstida på reservehelikopteret som tidlegare var to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, redusert til to timar heile døgnet. Tryggleiken for mannskapet vart òg auka. For å få tilfredsstillande hangarforhold for helikoptra frå 2014, vart det bygt ein ny moderne hangar som sto klar 1. april 2014.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy. Tenestefartøyet til Sysselmannen er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte. Sysselmannens kontrakt om leige av tenestefartøy gjekk ut i 2012. For 2013 vart det inngått ein ny eittårig kontrakt. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt isgåande fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane og tok til i tenesta hausten 2014. Våren 2015 vart kontrakta for drift av fartøyet overdratt frå Remøy Management AS til Fafnir Offshore hf., som óg eig fartøyet. Fafnir Offshore hf. er etter dette kontraktparten til Sysselmannen.

Grunna den auka aktiviteten i fiskeri- og i cruise- og turbåtaktiviteten – både i område og i større delar av året – vert tenestefartøyet til Sysselmannen oppteke med å inspiserer og å drive oppsyn i den mest hektiske sesongen i ei slik grad at dei ordinære tenestene (kulturminnearbeid, faunatellingar og liknande) ikkje lengre kan prioriterast i tilstrekkeleg mon utan ei utviding av seglingssesongen. Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga med 18 mill. kroner for å dekkje dei auka kostnadane med å utvide seglingssesongen med 3 månader pr. år (frå 6 til omlag 9 månader).

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Leigeinntekter

144

0

0

02

Refusjonar

218

0

0

Sum kap. 3006

362

0

0

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det vert føreslått å budsjettere med 0 i inntekter på post 01 Leigeinntekter. Posten er svært usikker då etterspørselen etter å leige helikopter frå dei andre statlege verksemdene når det minste helikopteret no er teke ut av teneste er monaleg mindre enn tidlegare. Det vert vidare føreslått løyvd 0 kroner på post 02 Refusjonar, då desse varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det vert foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6, post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Diverse tilskot

2 662

1 600

1 500

Sum kap 0007

2 662

1 600

1 500

Løyvinga under denne posten er disponert av Justis- og beredskapsdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til ulike velferdsformål, utgreiingar, mindre prosjektkostnader og liknande, og til mindre, ikkje føresette utgifter.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard, er dekte over denne posten. Justis- og beredskapsdepartementet har avtala med Telenor under vurdering, sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

2 628

1 865

1 917

Sum kap. 0009

2 628

1 865

1 917

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ta vare på kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie.

Kulturminneplan for Svalbard 2010–2020 låg føre i 2011. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

02

Refusjonar

330

0

0

Sum kap. 3009

330

0

0

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 9 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

1 528

1 600

1 645

Sum kap. 0011

1 528

1 600

1 645

Direktoratet har hovudkontor i Trondheim. I tillegg har direktoratet eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2016 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

50

Refusjon

3 230

3 340

3 432

Sum kap. 0017

3 230

3 340

3 432

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttet si verksemd på Svalbard blir dekte over Klima- og miljødepartementets kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

4 000

6 500

6 700

Sum kap. 0018

4 000

6 500

6 700

Løyvinga skal dekkje utgifter til navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er vanlegvis etablerte for sjøtrafikk, men det finst òg eit visst tal aerolykter etablerte for lufttrafikk med helikopter. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard. Det vert foreslått å vidareføre den auka løyvinga frå 2015. Dette vil setje Kystverket i stand til å fullføre utskiftinga av navigasjonsinnretningane på Kapp Martin, Akseløya og i Akselsundet, og starte opp med utskiftinga av navigasjonsinnretninga på Kapp Ekholm og utskiftinga av aerolys.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

6 968

7 050

7 098

Sum kap. 0019

6 968

7 050

7 098

Kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen skal synleggjere utgiftene til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane på øyane vert finansiert av Kunnskapsdepartementet over Meteorologisk institutts budsjett.

Kap. 0020 Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

12 682

11 913

3 811

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

4 112

2 200

0

Sum kap. 0020

16 794

14 113

3 811

Det er foreslått at kap. 0020 frå 2016 byter nemning frå Statens bygningar i Longyearbyen til Statsbygg, Svalbard. Forslaget om namnebyte heng saman med at alle bygg og bustader som Statsbygg forvaltar på Svalbard, frå og med 2016 er foreslått innlemma i husleigeordninga i statsbudsjettet. Midlar til dette er foreslått overført frå kap. 20 til Statsbyggs budsjettkap 2445 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Innlemminga i husleigeordninga vil gi ei meir føremålstenleg oppfølging av eigedomane og gjere det lettare å innhente opparbeidd vedlikehaldsetterslep. Oversikt over ugifter som gjeld bygg og bustader på Svalbard, går fram av vedlegg 1.

Post 01 Driftsutgifter

Forslag til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Som ein konsekvens av innlemminga i husleigeordninga er storparten av løyvinga på post 45 overførd til kap 2445 Statsbygg.

Kap. 3020 Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

5 736

5 020

0

Sum kap. 3020

5 736

5 020

0

Som ein konsekvens av innlemminga i husleigeordninga, jf. over er inntekta flytta til kap. 2445 Statsbygg, post 24. Sjå vedlegg 2.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Driftsutgifter

3 127

3 520

3 685

Sum kap. 0022

3 127

3 520

3 685

Det er foreslått at kap. 0022 frå 2016 byter nemning frå Likningsforvaltninga for Svalbard til Skattekontoret, Svalbard.

Forslaget til løyving skal gå til løns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med ordninga med miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Klima- og miljødepartementet, står skattekontoret på Svalbard for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegne av Svalbard miljøvernfond. Det er difor inngått ei avtale mellom skattekontoret og Miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa skattekontoret skal ha for denne oppgåva.

Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 22)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

01

Diverse inntekter

270

280

280

Sum kap. 3022

270

280

280

Heile inntekta er avtalt refusjon frå Svalbard miljøvernfond for arbeidet Skattekontoret utfører med rekneskapet for fondet.

Det er foreslått at Finansdepartementet i 2015 kan overskride løyvinga under kap. 22, post 01 mot tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Skattar m.m.

-1 070 378

120 000

139 300

71

Utførselsavgift

210

5 000

4 500

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 096

1 027

1 044

Sum kap. 3030

-1 069 072

126 027

144 844

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2016. Skatteinntektene som vart rekneskapsførte i 2009–2012 var unormalt høge. Dette skuldast i hovudsak eit stort overskot i gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani og skatteinntekter frå verksemda til Seadrill Norge. Grunna eit inngått skatteforlik vart skatteinntektene i 2014 negative (med over 1 mrd. kroner), sjå forøvrig omtale under kap. 3. Det er venta at skatteinntektene no vil gå tilbake til nivået for 2008 og tidlegare år.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, vart endra med verknad frå 2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Det er budsjettert med ein nedgang i avgifta på 0,5 mill. kroner frå 2015 til 2016.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å føre vidare eit utmål er 6 000 kroner.

I 2014 var det 17 avgiftspliktige utmål som gjekk ut. Det vart óg tildelt 17 utmål. Pr. januar 2015 er det vidareført 371 utmål, av desse er 210 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og fiskeridepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at ein ikkje kan ha nokon aktivitet i utmåla. Utmålsavgifta er i slike høve sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift, då det er opna for bergverksaktivitet der. Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i framlegget til budsjett for 2016.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

70

Tilskot

1 512 234

283 665

302 881

Sum kap. 3035

1 512 234

283 665

302 881

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.

Til forsida av dokumentet