2 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 180/2024 av 5. juli 2024 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS-avtala, særleg artikkel 86 og 98,

og ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Samarbeidet mellom partane i EØS-avtala bør utvidast til å gjelde europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2022/2370 av 23. november 2022 om endring av forordning (EF) nr. 851/2004 om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar1.

  • 2) Protokoll 31 til EØS-avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I strekpunktet (europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 851/2004) i artikkel 16 nr. 4 bokstav a) i protokoll 31 til EØS-avtala vert følgjande lagt til:

«, endret ved:

  • 32022 R 2370: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2022/2370 av 23. november 2022 (EUT L 314 av 6.12.2022, s. 1).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn*.

* Forfatningsrettslege krav oppgjevne.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel 5. juli 2024.

For EØS-komiteen

Anders H. Eide

Formann

Fotnoter

1

TEU L 314 av 6.12.2022, s. 1.