2 Auka eigenandel for stønad til båretransport – folketrygdlova § 7-3
2.1 Bakgrunn og gjeldande rett
Stønad til båretransport blir ytt for å dekke nødvendige utgifter til transport av båre dersom båra med den avdøde må transporterast lenger enn 20 km frå dødsstaden til nærmaste naturlege gravplass ved bustaden, inkludert transport i samband med kremasjon.
Det blir gjort frådrag for ein eigenandel på 10 prosent av full gravferdsstønad. Satsen for gravferdsstønad blir fastsett av Stortinget gjennom dei årlege budsjettvedtaka og utgjer frå 1. januar 2026 maksimalt 30 898 kroner.
Ved dødsfall under opphald utanfor landet kan det i visse tilfelle ytast stønad etter særskilde reglar.
2.2 Departementet sine vurderingar
Utgiftene til stønad til båretransport har auka mykje dei siste åra, og meir enn det som kan forklarast av utviklinga i talet på dødsfall og endra transportbehov. For å dempe veksten i utgiftene, foreslår departementet å auke eigenandelen til 20 prosent av full gravferdsstønad. Eigenandelen utgjer 3 090 kroner med gjeldande regelverk, og vil auke til 7 400 kroner med forslaget. Sjå under om auka sats for gravferdsstønad.
Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 sjette ledd kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, fordi dei kan vere unntatte frå offentlegheit etter offentleglova § 22. Dette forslaget har derfor ikkje vore på høyring.
Departementet foreslår samtidig i budsjettet for 2027 å auke satsen for behovsprøvd gravferdsstønad. Dette vil føre til at dei som får stønad frå begge ordningane, kjem likt eller betre ut med endringane som er foreslåtte. I tillegg vil dette styrke den behovsprøvde ordninga for dei som har kortare transportavstandar og derfor ikkje oppfyller vilkåret for stønad til båretransport. Departementet har derfor i Prop. 1 S (2026–2027) foreslått å auke satsen for den behovsprøvde gravferdsstønaden frå maksimalt 30 898 kroner til maksimalt 37 000 kroner frå 1. januar 2027.
Departementet har starta opp ein heilskapleg gjennomgang av ordninga med stønad til båretransport. Formålet er å sikre at ordninga gir gode insentiv i gravferdsnæringa, effektiv ressursbruk og føreseielege utgifter for etterlatne og for folketrygda. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med eventuelle forslag til endringar når dette arbeidet er ferdig.
Departementet foreslår at endringa skal gjelde frå 1. januar 2027. Endringa skal ha verknad for tilfelle der dødsfallet skjer etter endringa tar til å gjelde.
Sjå forslaget til endring i folketrygdlova § 7-3.
2.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Auka sats for eigenandel i stønad til båretransport vil redusere talet på mottakarar av ordninga med om lag 1 200 personar, og gjennomsnittleg stønadsbeløp per mottakar vil bli redusert med drygt 4 000 kroner. For stønad til båretransport er det for året 2027 anslått at talet på mottakarar blir 23 532, med eit gjennomsnittleg stønadsbeløp per mottakar på 12 446 kroner. Dette gir eit utgiftsanslag på 293 mill. kroner, som er om lag 120 mill. kroner lågare enn anslaget med ei vidareføring av gjeldande regelverk.
Som det går fram av Prop. 1 S (2026–2027), vil auka sats for behovsprøvd gravferdsstønad auke talet på mottakarar med om lag 600 personar, og gjennomsnittleg stønadsbeløp per mottakar vil auke med drygt 4 000 kroner. For gravferdsstønad er det for året 2027 anslått 4 493 mottakarar, med gjennomsnittleg beløp per mottakar på 28 661 kroner. Dette gir eit utgiftsanslag på 129 mill. kroner, som er om lag 33 mill. kroner høgare enn anslaget med ei vidareføring av gjeldande regelverk.
Samla budsjetteffekt av begge tiltaka er anslått til ei netto innsparing på 87 mill. kroner.