6 Justering av føresegna om opplæringspengar i tråd med dagens praksis – folketrygdlova § 9-14
6.1 Bakgrunn og gjeldande rett
Reguleringa av opplæringspengar er utdatert og treffer ikkje praksisen Arbeids- og velferdsetaten har i dag. Det er grunn til å justere ordlyden slik at han samsvarer med praksis.
Opplæringspengar er regulert i kapittel 9 i lov om folketrygd 28. februar 1997 nr. 19 (folketrygdlova).
Opplæringspengar blir gitt til personar som treng nødvendig opplæring for å ta seg av og behandle eit barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom. Det er ein føresetnad at personen gjennomgår opplæring ved ein godkjend helseinstitusjon eller deltar på foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter, jf. folketrygdlova § 9-14 første ledd. Opplæringspengar kan bli gitt sjølv om barnet er over 18 år, jf. folketrygdlova § 9-14 andre ledd.
For å ha rett på opplæringspengar må personen gjennomføre opplæring som er nødvendig for å ta seg av og behandle eit barn. Det inneber at også andre enn foreldre, som f.eks. besteforeldre, kan få opplæringspengar, så lenge dei har ei rolle med å ta seg av og behandle barnet, sjå Prop. 7 L (2022–2023). Det følger av forarbeida at det vidare må dreie seg om eit barn, altså at søkaren sin relasjon til den som treng pleie er ein vaksen-barn-relasjon. Barnet kan likevel vere over 18 år, jf. folketrygdlova § 9-14 andre ledd. Dette inneber at opplæringspengar ikkje skal bli gitt for ektefellar eller sambuarar som deltar på opplæringskurs.
6.2 Høyringa
Forslag om justering av ordlyden i folketrygdlova § 9-14 i tråd med dagens praksis i Arbeids- og velferdsetaten, blei sendt på høyring 30. mai 2025, sjå nærmare om høyringa under punkt 5.3 og 5.4.
I høyringa har det gjennomgåande vore støtte til forslaga. ME-foreldrene ser likevel behov for ytterlegare presiseringar. Støtta frå Autismeforeningen er gitt med atterhald om at rettane ikkje blir svekte.
6.3 Departementet sine vurderingar
6.3.1 Vilkår knytte til tenestene
Departementet ser at ordlyden i enkelte av vilkåra i § 9-14 er utdaterte og ikkje tar omsyn til at det har skjedd endringar i korleis opplæringstenestene blir utførte. Det er vilkåra «foreldrekurs» og «offentlig spesialpedagogisk kompetansesenter» som i mindre grad samsvarer med opplæringskurs slik dei er innretta i dag. Ordlyden i vilkåret om «foreldrekurs» tilseier at retten er øyremerkt foreldre som deltar på kurs. Det er misvisande fordi også andre enn foreldre kan ha rett på opplæringspengar, sjå punkt 6.1. Departementet meiner derfor at det er grunn til å endre dette.
Når det gjeld vilkåret «offentlig spesialpedagogisk kompetansesenter», vil departementet peike på at det ikkje finst ei ordning for offentleg godkjenning av spesialpedagogisk kompetansesenter. At kurset må vere offentleg, er heller ikkje i tråd med dagens praksis i Arbeids- og velferdsetaten. Det er lang og fast praksis for at også private behandlingstilbod etter særlege retningslinjer skal kunne gi rett til opplæringspengar. Med tida er gjennomføring av opplæringskurs også i stor grad blitt overført frå offentlege til private aktørar. Departementet vurderer vidare at ordlyden «spesialpedagogisk kompetansesenter» er lite hensiktsmessig, da det er uklart kva som skal bli rekna som dette. Departementet foreslår derfor at dette omgrepet blir bytt ut og omskrive til «anerkjent pedagogisk opplæring», som er meir treffande. Departementet vil også peike på at det vesentlege er at opplæringa blir rekna som nødvendig for å kunne ta seg av og behandle barnet, og at det krevst ei erklæring frå lege om barnets sjukdom og at opplæringa er nødvendig.
Departementet gjer oppmerksam på at det ikkje blir foreslått endringar i dagens vilkår om opplæring ved godkjend helseinstitusjon for rett til opplæringspengar.
Ved å endre vilkåra i paragrafen slik som foreslått, kjem reglane i lova i samsvar med dagens tenestetilbod og praksis. Vidare gjer endringa at første ledd blir omskrive av omsyn til klart språk.
Departementet foreslår at endringa tar til å gjelde straks.
Sjå forslaget til endring i folketrygdlova § 9-14 første ledd.
6.3.2 Vilkår knytt til rettssubjektet for rett til opplæringspengar
Fram til 2023 var det eit vilkår at personen som søkte om opplæringspengar hadde omsorg for barn med ei funksjonshemming eller ein langvarig sjukdom. Sjølv om det stod «omsorg for barn», kunne også andre personar enn foreldra få rett til opplæringspengar dersom dei i periodar hadde den faktiske omsorga for barnet. Vilkåret «omsorg for» blei i praksis i Arbeids- og velferdsetaten og i rettspraksis tolka utvidande.
Ved ei lovendring i 2023 blei ordlyden endra slik at rett til opplæringspengar blir gitt til ein person som tar seg av eit funksjonshemma eller langvarig sjukt barn. Som det går fram av Prop. 7 L (2022–2023) var endringa ikkje meint å innebere ei realitetsendring i personkretsen omfatta av ordninga, men eit forslag for å bringe lova i tråd med praksis.
Etter at lovendringa har verka ei tid, ser ein no at fjerninga av omsorgsvilkåret har gjort det vanskelegare å lese ut av føresegna kva for type relasjonar som kan gi rett til opplæringspengar. Det er uheldig at det ikkje kjem klart fram i lova kva for persongrupper som har rett til opplæringspengar. Dette er særleg utfordrande der barnet har fylt 18 år. Arbeids- og velferdsetaten får etter lovendringa i 2023 søknader om opplæringspengar frå personar som tar vare på sjuke ektefellar og sambuarar. Dette er ein relasjon som ikkje fell innunder reguleringa, men som med ei vid tolking av ordlyden (om ein ser bort frå overskrifta) kan bli oppfatta som ein relasjon som kan gi rett på opplæringspengar. Det er likevel sikker rett at ektefellar og sambuarar ikkje får rett til opplæringspengar, jf. tekst i forarbeida om at det ikkje har vore meininga å endre rettstilstanden her, og at det står «barn» i føresegna. Etaten brukar ressursar på å avslå desse søknadene. Departementet foreslår derfor å sette inn att omgrepet «omsorg for» i føresegna, men understrekar at det ikkje krevst at ein har foreldreansvar for barnet. Forslaget vil hindre unødvendige søknader til Arbeids- og velferdsetaten.
Departementet vil framheve at forslaget er ei presisering av gjeldande rett, og det inneber ikkje ei innstramming.
Departementet foreslår at endringa tar til å gjelde straks.
Sjå forslaget til endring i folketrygdlova § 9-14 første ledd.
6.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringa er ei lovteknisk justering for å bringe ordlyden til lova i tråd med gjeldande praksis og vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.