7 Andre forslag til lovendringar

7.1 Presisering i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem

Lova gjeld for oppdragstakarar i beredskapsheim eller spesialisert fosterheim som har kontrakt med staten eller Oslo kommune. Oppdragstakaren har same rettar og plikter som ein medlem i Statens pensjonskasse, og oppdragsgivaren har same rettar og plikter som ein arbeidsgivar etter lov om Statens pensjonskasse.

Gjennom behandlinga av Prop. 8 L (2025–2026) vedtok Stortinget å endre § 6 første ledd slik at ordet «tidligpensjon» blei erstatta av «avtalefestet pensjon». Endringa hadde bakgrunn i at det er innført nye reglar for offentleg avtalefesta pensjon (AFP) for dei som er fødde i 1963 eller seinare. Til forskjell frå AFP-ordninga som gjeld for dei som er fødde i 1962 eller tidlegare, er den nye AFP-ordninga ei livsvarig yting.

Det er behov for å gjere den same endringa i overskrifta og i andre leddet i § 6. Endringane har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringane tar til å gjelde straks.

Forslaga inneber ikkje noka realitetsendring, og dei har derfor ikkje vore på høyring, sidan høyring da blir rekna som «åpenbart unødvendig», jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 tredje ledd tredje strekpunkt.

Sjå forslaget til endringar i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i statlig beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem § 6.

7.2 Endring i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse forvaltar avtalefesta pensjon (AFP) etter lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse. Lova gjeld AFP til arbeidstakarar i stilling som gir rett til medlemskap i Statens pensjonskasse når dette er bestemt i tariffavtale der staten er part eller i tariffavtale godkjent av departementet. Ansvaret som departementet har for å godkjenne tariffavtalar er delegert til Statens pensjonskasse.

Statens pensjonskasse har tatt opp med departementet at det er vanskeleg å føre kontroll over verksemder som har den nødvendige tariffavtalen om AFP når dei ikkje er omfatta av hovudtariffavtalen i staten. Statens pensjonskasse har også i nokre tilfelle hatt vanskar med å få aksept for kravet om tariffavtale om AFP. Verksemdene har likevel betalt AFP-premie, og medlemmene har fått utbetalt AFP, sjølv om det ikkje ligg føre ein tariffavtale om AFP.

Departementet foreslår endringar i lova som inneber at verksemder som ikkje er omfatta av hovudtariffavtalen i staten ikkje lenger treng ein eigen tariffavtale om AFP, men må ha ein avtale med Statens pensjonskasse om å ha tilsvarande AFP som etter hovudtariffavtalen i staten.

Endringane svarer til ordninga som blir praktisert i kommunal tenestepensjon. Der gjeld det ein sentral tariffavtale om AFP i KS-, Virke- og Spekterområdet for dei aller fleste arbeidstakarane, men for verksemder som ikkje er ein del av eit slikt sentralt tariffområde, kan verksemda inngå ein avtale om leveranse av AFP med den kommunale tenestepensjonsleverandøren utan at det blir stilt krav om tariffavtale. Dette var elles noko av bakgrunnen for endringane i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse som skjedde med bakgrunn i Prop. 5 L (2024–2025) kapittel 8.

Forslaga inneber ikkje noka realitetsendring, og dei har derfor ikkje vore på høyring, sidan høyring da blir rekna som «åpenbart unødvendig», jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 tredje ledd tredje strekpunkt.

Sjå forslaget til endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse § 2 første ledd innleiinga, § 3 første ledd, § 4 første ledd og § 7 første ledd.