9 Merknader til dei enkelte paragrafane
9.1 Endringane i lov om folketrygd
Til § 7-3
Endringa i tredje ledd inneber at eigenandelen ved stønad til båretransport blir auka frå 10 til 20 prosent av full gravferdsstønad.
Sjå punkt 2.2.
Til § 8-28
Endringa i andre ledd er ei presisering i lova slik at det kjem fram at det ved berekninga av aktuell månadsinntekt skal bli tatt utgangspunkt i inntekt som blir rapportert til a-ordninga. Dette utgangspunktet skal likevel fråvikast dersom unntaksreglane i fjerde eller femte ledd til paragrafen skal brukast. Utgangspunktet skal også fråvikast dersom nokon av inntektstypane i folketrygdlova § 8-29 ikkje skal inngå i berekninga. For at ein inntektstype skal reknast med i sjukepengegrunnlaget etter § 8-29 må han falle bort under sjukefråværet.
Sjå punkt 3.3.
Til § 8-50
Endringa i paragrafen inneber at personar som får uføretrygd og som blir sjukmelde, ikkje får berekna sjukepengar for inntekt som er høgare enn fastsett inntekt etter uførleik. Endringa gjeld også for svangerskapspengar, foreldrepengar, pleiepengar, opplæringspengar og omsorgspengar frå trygda. Desse ytingane blir berekna etter same reglar som sjukepengar. Det blir gjort unntak for personar som deltar i tiltaket varig tilrettelagt arbeid.
Sjå punkt 4.4.
Til § 9-5
Endringa i tredje ledd inneber at Arbeids- og velferdsetaten får ei moglegheit til å tidsavgrense vedtak om utvida rett til omsorgspengar dersom det ikkje er venta at vilkåra som nemnde i § 9-5 tredje ledd andre punktum vil vere oppfylte ut det kalenderåret barnet fyller 18 år.
Sjå punkt 5.5.
Til § 9-14
Endringa i første ledd inneber ei justering av ordlyden i føresegna slik at han svarer til praksis i Arbeids- og velferdsetaten i dag. Vilkåret om «foreldrekurs ved et spesialpedagogisk kompetansesenter» blir endra til «anerkjent pedagogisk opplæring», som er meir treffande. I tillegg blir det tidlegare vilkåret «omsorg for» tatt inn igjen for å tydeleggjere kva som er gjeldande rett.
Sjå punkt 6.3.
9.2 Endringane i lov om pensjonsordning for oppdragstaker i beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem
Til § 6
Endringa i overskrifta og i andre ledd er ei følge av at offentleg avtalefesta pensjon (AFP) for dei som er fødde i 1963 eller seinare, er ei livsvarig yting. Ordet «tidligpensjon» blir erstatta av «avtalefestet pensjon» slik at det blir fastslått at oppdragstakarar har rett til AFP som i det statlege tariffområdet. For dei som er fødde i 1962 eller tidlegare er AFP ei tidsavgrensa yting i perioden mellom fylte 62 og 67 år.
Sjå punkt 7.1.
9.3 Endringane i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse
Til § 2
Første ledd innleiinga blir endra slik at verksemder som ikkje er omfatta av hovudtariffavtalen i staten ikkje lenger må ha ein eigen tariffavtale om avtalefesta pensjon (AFP). Det held med ein avtale om AFP med Statens pensjonskasse om tilsvarande AFP som etter hovudtariffavtalen i staten.
Sjå punkt 7.2.
Til § 3
Endringa i første ledd første punktum inneber at avtalefesta pensjon (AFP) skal bereknast etter reglane i hovudtariffavtalen i staten. Når det ikkje lenger er krav om tariffavtale for dei verksemdene som ikkje er omfatta av hovudtariffavtalen i staten, men berre ein avtale med Statens pensjonskasse om tilsvarande AFP som etter hovudtariffavtalen i staten, er det ikkje lenger nødvendig å vise til slike andre tariffavtalar.
Sjå punkt 7.2.
Til § 4
Endringa i første ledd første punktum har same grunngiving som for endringa i § 3.
Sjå punkt 7.2.
Til § 7
Endringa i første ledd første punktum har same grunngiving som for endringa i § 2.
Sjå punkt 7.2.
9.4 Føresegna om ikraftsetting
I del IV i forslaget til endringslov er det gitt føresegner om når lova tar til å gjelde. Det er lagt til grunn at dei endringane som berre inneber tydeleggjering av gjeldande praksis, i hovudsak tar til å gjelde straks.
Endringa av folketrygdlova § 7-3 trer i kraft 1. januar 2027 med verknad for tilfelle der dødsfallet skjer etter endringa tar til å gjelde, det vil seie ved dødsfall etter 31. desember 2026.
Endringa av folketrygdlova § 9-5 trer i kraft 1. januar 2027.
Endringa av folketrygdlova § 8-50 trer i kraft 1. april 2027 med verknad for saker som har skjeringstidspunkt frå og med tidspunktet for ikraftsetting. Endringa av folketrygdlova § 8-50 gjeld ikkje for saker etter folketrygdlova kapittel 14 når skjeringstidspunktet er før 1. oktober 2027.
For ytingar etter kapittel 8 er skjeringstidspunktet første dag med arbeidsuførleik på grunn av sjukdom eller skade. For ytingar etter kapittel 9 er skjeringstidspunktet første fråværsdag på grunn av omsorg for sjuke barn eller pleie av nærståande. For svangerskapspengar etter kapittel 14 er skjeringstidspunktet det tidspunktet som medlemmen må slutte i arbeid på grunn av graviditet, mens for foreldrepengar etter kapittel 14 er skjeringstidspunktet den dagen medlemmen begynner å ta ut foreldrepengar.