4 Sjukepengar til uføre skal ikkje overstige fastsett inntekt etter uførleik – folketrygdlova § 8-50

4.1 Bakgrunn og gjeldande rett

4.1.1 Fribeløpet i uføretrygda

Frå 2026 kan uføre tene opp til 1 G utan reduksjon i uføretrygda. Denne auken i fribeløpet får konsekvensar for andre ytingar og tenester frå det offentlege, mellom anna for moglegheita til å få uføretrygd og sjukepengar samtidig. Endringa gjer det også økonomisk meir fordelaktig dersom uføregraden blir sett høgare enn arbeidsevna tilseier, ettersom ein kan ha ei ikkje ubetydeleg arbeidsinntekt utan avkorting i uføretrygda.

Personar som kombinerer uføretrygd med arbeid og tener meir enn 0,5 G, har rett til sjukepengar etter vanlege reglar. Auka fribeløp inneber at uføre kan kombinere uavkorta uføretrygd og arbeidsinntekt opp til 1 G. Per 1. mai 2026 er 1 G 136 549 kroner. Det fører samtidig til auka moglegheit til å få uavkorta uføretrygd og sjukepengar samtidig, for den same tapte inntektsevna. Dette gjer det meir attraktivt å få full uføretrygd og mindre attraktivt å få fastsett gradert uføretrygd med riktig uføregrad.

4.1.2 Uføretrygd og sjukepengar

Formålet med uføretrygd er å sikre inntekt for personar som har fått inntektsevna varig nedsett på grunn av sjukdom, skade eller lyte.

Når ein person får innvilga uføretrygd, blir det fastsett ein uføregrad som svarer til den delen av inntektsevna som er tapt, sjå folketrygdlova § 12-10 første ledd. Uføregraden blir fastsett ved å samanlikne inntektsevna før og etter uførleik. Personar som ikkje har noka restarbeidsevne, skal få innvilga full uføretrygd. Personar som har restarbeidsevne, skal få gradert uføretrygd, og uføregraden skal svare til den delen av inntektsevna som er tapt. I praksis blir det gjort ei konkret vurdering av om ein person har restarbeidsevne, og i tilfelle kor mykje. I mange tilfelle er restarbeidsevna i praksis vanskeleg å fastsette, og vurderinga inneheld stor grad av skjønn.

Inntekt før uførleik blir fastsett til den normale årsinntekta i full stilling før personen blei sjuk m.m. (uføretidspunktet), sjå § 12-9 første ledd.

Inntekt etter uførleik blir fastsett til den inntekta mottakaren av uføretrygd er venta å kunne skaffe seg ved å utnytte restarbeidsevna si, sjå § 12-9 tredje ledd.

Helsetilstanden og arbeids- og inntektsevna kan endre seg etter at uføregraden er fastsett – til det betre eller til det verre. Den uføregraden som er fastsett står ved lag om ikkje det blir fatta nytt vedtak. Dette gjeld sjølv om inntekta blir endra og den uføre har arbeidsinntekt ut over inntekt etter uførleik.

Reglane om reduksjon av uføretrygd på grunn av inntekt følger av § 12-14. Når ein person får innvilga uføretrygd, blir det fastsett eit botnfrådrag som svarer til inntekt etter uførleik pluss eit fribeløp. Tidlegare utgjorde fribeløpet 0,4 G per kalenderår. Med verknad frå 1. januar 2026 er dette endra. Dei første 24 månadene etter verknadstidspunktet for uføretrygd, eller etter verknadstidspunktet for auke av uføregraden, er fribeløpet framleis 0,4 G. Etter denne perioden aukar fribeløpet til 1 G.

Inntekt som er lågare enn botnfrådraget har ikkje betydning for kor høg uføretrygd mottakaren får utbetalt. Dersom den pensjonsgivande inntekta i eit kalenderår er høgare enn botnfrådraget, blir utbetalinga av uføretrygda redusert. Reglane for reduksjon er meint å gi eit samsvar mellom den delen av full uføretrygd som blir utbetalt, og den delen av inntektsevna som faktisk har falle bort. Reglane er også meint å sikre at det alltid lønner seg for uføre å jobbe så mykje dei har evne til, ettersom den uføre vil få høgare samla inntekt ved arbeid også etter avkorting av uføretrygda.

Formålet med sjukepengar er å gi kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive medlemmer som er arbeidsuføre på grunn av sjukdom eller skade. Trygda betaler sjukepengar viss inntektsgrunnlaget for sjukepengar utgjer minst 0,5 G, sjå folketrygdlova § 8-3 andre ledd. Til arbeidstakarar blir det ytt sjukepengar med 100 prosent av sjukepengegrunnlaget, sjå § 8-16 første ledd.

Vilkåret om at sjukepengegrunnlaget må overstige 0,5 G inneber at personar med lita inntekt frå f.eks. svært små deltidsstillingar og sporadisk arbeid, mellom anna uføretrygda med inntekt opp til det tidlegare fribeløpet på 0,4 G, ikkje har rett til sjukepengar frå trygda.

Før auken av fribeløpet stemte regelverket derfor i stor grad overeins med intensjonen om at personar som får full uføretrygd, altså kompensasjon for tap av all arbeidsevne, ikkje skal ha rett til sjukepengar i tillegg. Fullt uføre som tente meir enn 0,4 G fekk redusert uføretrygda i periodar med arbeidsinntekt. Fullt uføre som tente over 0,5 G og så blei sjukmelde frå arbeidet, fekk fulle sjukepengar for heile den tapte arbeidsinntekta og redusert uføretrygd. Reduksjonen i uføretrygda var den same når ein fekk sjukepengar som når ein fekk lønn. Etter auken i fribeløpet vil uføre som jobbar for lønn inntil 1 G og deretter blir sjukmelde frå arbeidet, få fulle sjukepengar i inntil eitt år utan avkorting i uføretrygda.

Stønad ved sjukdom hos barn og andre nærståande er regulert i folketrygdlova kapittel 9. Det går fram av § 9-9 og § 9-15 at trygda bereknar pleiepengar, opplæringspengar og omsorgspengar frå trygda etter dei same føresegnene som sjukepengar frå trygda. Mange av føresegnene i kapittel 8 skal derfor brukast også på stønader etter kapittel 9. Vidare blir mottak av sjukepengar likestilt med arbeid ved vurdering av om krava til oppteningstid i § 9-2 er oppfylte.

Ytingar ved svangerskap, fødsel og adopsjon er regulerte i folketrygdlova kapittel 14. Det går fram av § 14-4 og § 14-7 at høvesvis svangerskapspengar og foreldrepengar blir berekna etter dei same føresegnene som sjukepengar frå trygda. Vidare blir mottak av sjukepengar likestilt med yrkesaktivitet ved vurdering av om krava til oppteningstid i § 14-6 er oppfylte. Rett til foreldrepengar og svangerskapspengar kan tenast opp ved å vere yrkesaktiv i tillegg til å få uføretrygd. Etter gjeldande rett blir berekningsgrunnlaget for foreldrepengar og svangerskapspengar fastsett ut frå faktisk inntekt, ikkje arbeidsinntekta det er gått ut frå at mottakaren ville kunne fått ved å utnytte restarbeidsevna si.

Arbeidsgivarar som har tilsette med inntekt under 0,5 G, betaler sjukepengar i arbeidsgivarperioden sjølv om desse tilsette ikkje har rett til sjukepengar frå trygda. Arbeidsgivarane får da heller ikkje refundert utbetalte sjukepengar for tida etter arbeidsgivarperioden. Mange tariffavtalar sikrar dessutan full lønn ved sjukdom m.m.

4.1.3 Konsekvensar for sjukepengar av auka fribeløp

Når ein kan kombinere inntektserstatningsytingar frå folketrygda (her uføretrygd) med arbeidsinntekt utan at ytinga blir redusert, vil dei som mottar ytinga kunne få kompensasjon for eit inntektstap dei ikkje har. Jo høgare arbeidsinntekt ein kan ha før det får konsekvensar for ytinga, jo større er misforholdet mellom den faktisk tapte inntektsevna og kompensasjonen – i favør av mottakaren. Auken i fribeløpet frå 0,4 til 1 G forsterkar dette misforholdet for personar som er uføre.

Det oppstår ei ytterlegare utfordring viss tap av den ekstra arbeidsinntekta den uføre har ved sida av uføretrygda, også skal bli kompensert av ei anna yting (her sjukepengar). Mottakarane vil da kunne få dobbel kompensasjon frå trygda for delar av den tapte inntektsevna. Dette er allereie i dag tilfellet for uføretrygda som tener over 0,5 G. Dei får ikkje avkorta uføretrygda for inntekt under 0,4 G, men vil få sjukepengar som svarer til heile den tapte arbeidsinntekta ved sjukdom. Som følge av auken av fribeløpet, vil ein slik uheldig dobbeltkompensasjon bli større og gjelde fleire.

Ein auke av fribeløpet frå 0,4 G til 1 G vil i utgangspunktet innebere at uføretrygda som har inntekt mellom 0,5 og 1 G får rett til fulle sjukepengar frå trygda samtidig som dei får uavkorta uføretrygd. Dette kan for eksempel gjere det mogleg for fullt uføre som tente 4 G før dei blei uføre å jobbe i ei 25 prosent stilling samtidig som dei får utbetalt 100 prosent uføretrygd (altså uføretrygd for tap av heile inntektsevna). Etter å ha vore i arbeid i 26 veker samanhengande, vil dei kunne få sjukepengar for tap av heile arbeidsinntekta viss dei blir sjukmelde frå dette arbeidsforholdet, jf. folketrygdlova § 8-12. Dei vil altså kunne få ei samla yting tilsvarande full uføretrygd pluss fulle sjukepengar inntil 1 G i opptil 12 månader.

Auken i fribeløpet inneber at det er økonomisk gunstigare å få fastsett 100 prosent uføregrad for deretter å jobbe med ei inntekt opp til 1 G, framfor å få fastsett 75 prosent uføregrad og jobbe tilsvarande mykje. Utan endringar i sjukepengeregelverket, vil dette insentivet bli forsterka viss ein pga. sjukdom ikkje klarer å stå i jobben.

Det auka fribeløpet, og dermed retten til sjukepengar for fleire uføretrygda, vil også få konsekvensar for feriepengar av sjukepengar til uføretrygda, da feriepengar blir ytte etter særlege føresegner til arbeidstakarar som har mottatt sjukepengar. Sjå omtale av økonomiske og administrative konsekvensar i punkt 4.5.

4.2 Høyringsnotatet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet publiserte 21. august 2026 forslag til endringar i folketrygdlova § 8-50 på regjeringen.no, og sende det samtidig på høyring til følgande instansar, med høyringsfrist 2. oktober 2026:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Arbeidstilsynet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Datatilsynet

  • Helsedirektoratet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Pasient- og brukarombodet

  • Regjeringsadvokaten

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

  • Statens helsetilsyn

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Sametinget

  • Sivilombodet

  • Statsforvaltarane

  • Trygderetten

  • Kommunane

  • Arbeidsforskningsinstituttet (AFI)

  • Frischsenteret

  • Institutt for samfunnsforskning

  • Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser

  • Statens pensjonskasse

  • Statlege høgskolar

  • Universiteta

  • AAP-aksjonen

  • Akademikerne

  • Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening (AAF)

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Arbeid & Inkludering i NHO Service og Handel

  • Autismeforeningen i Norge

  • Barnekreftforeningen

  • Cerebral Parese-foreningen (CP-foreningen)

  • Den norske advokatforening

  • Den norske jordmorforening

  • Den norske legeforening

  • Downs Syndrom Norge

  • Epilepsiforbundet

  • Fagforbundet

  • Fellesorganisasjonen

  • Finans Norge

  • Foreningen for hjertesyke barn

  • Foreningen for Intensiv Stimulering av Hjerneskadde (FISH)

  • Forskningsstiftelsen Fafo

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • FØL Norge – For Økt Levestandard

  • Handikappede Barns Foreldreforening

  • iArbeid

  • Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)

  • Juristforbundet

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • KA – Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter

  • Kommunal Landspensjonskasse (KLP)

  • Kreftforeningen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • LO-Kommune

  • LO-Stat

  • Løvemammaene

  • ME-foreldrene

  • ME-foreningen (Norges Myalgisk Encefalopati Forening)

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norsk barnekirurgisk forening

  • Norsk barnelegeforening

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Norsk psykologforening

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk NCL-forening (tidligere Norsk Spielmeyer-Vogt Forening)

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Norsk Sykepleierforbund (NSF)

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Norsk Tourette Forening

  • Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS)

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Organisasjonen For Uføres Rettigheter

  • Personskadeforbundet LTN

  • Pårørendealliansen

  • Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen (RH-foreningen)

  • Samarbeidsforumet Av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO)

  • Samfunnsøkonomene

  • SMB Norge

  • SMOFA – Interesseorganisasjon for Smerte og Fatigue

  • Unio

  • Virke

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Departementet har fått inn 59 høyringssvar, irekna frå 15 privatpersonar. Eit par høyringsinstansar har sendt inn fleire svar, nokre med ulikt innhald. Desse er likevel berre talde éin gong.

Følgande høyringsinstansar har uttalt at dei ikkje har merknader:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

  • Luster kommune

  • Tinn kommune

  • Østre Toten kommune

  • Fagforbundet

  • KLP – Kommunal Landspensjonskasse

  • Norsk barnelegeforening

  • Éin privatperson

Følgande høyringsinstansar har merknader til forslaget:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Horten kommune

  • Oslo kommune

  • Trondheim kommune

  • Ullensvang kommune

  • AAP-aksjonen

  • Akademikerne

  • ADHD Norge

  • Bedriftsklubben Oddaprodukt

  • Det sentrale rådet for personer med funksjonsnedsettelser i Oslo kommune

  • Fellesforbundet

  • Fellesforbundet avd. 5

  • Fellesforbundet avd. 16 Midtnorsk Transportarbeiderforbund

  • Fellesforbundet avd. 28 Steinkjer og Stjørdal fagforening

  • Fellesforbundet avd. 118 Hardanger/Sunnhordland og klubbane ved Odda produkt og Podlen verkstad på Stord

  • Fellesforbundets klubb Eskoleia

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • FØL Norge

  • Gullflyndra Verkstedklubb

  • iArbeid

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Jussformidlingen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • LHL, Landsforeningen for hjerte, lunge og hjerneslag

  • NHO

  • Norges astma- og allergiforbund

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Organisasjonen for Uføres Rettigheter

  • Pensjonistpartiet

  • Samfunnsviterne

  • Tekna

  • Unio

  • 14 privatpersonar

Nokre høyringsinstansar har innspel til forhold som ligg utanfor forslaget i høyringsnotatet. Departementet merker seg disse, men dei blir ikkje kommenterte i denne proposisjonen.

Nesten alle høyringsinstansane støttar prinsippet om at staten ikkje skal kompensere meir enn éin gong for det same inntektstapet. Samtidig er det fleire som er mot forslaget om å avgrense retten til sjukepengar til det som er anslått å vere restarbeidsevna. Dei viser til at helsa og arbeidsevna til uføre kan variere, og til at inntektstapet ved sjukdom er reelt, sjølv om ein mottar uføretrygd. Dei peiker på at inntekt etter uførleik blir fastsett ved skjønn, og at det kan vere lenge sidan denne fastsettinga blei gjort. Konsekvensane kan bli særleg store for uføre som har arbeidd i fleire år, og tilpassa forbruket til den høgare inntekta dette har gitt.

Fleire høyringsinstansar er uroa for at forslaget vil gjere det mindre attraktivt for uføre å arbeide, sidan retten til sjukepengar blir avgrensa.

KS, NHO og Virke er blant dei høyringsinstansane som meiner departementet burde undersøke konsekvensane for arbeidsgivarane sine kostnader til sjukepengar betre. Konsekvensen av endringa må ikkje bli at arbeidstakaren får høgare utbetaling enn lovforslaget legg opp til, fordi arbeidsgivar forskotterer, mens trygda ikkje refunderer.

Nokre høyringsinstansar, mellom anna Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), iArbeid, LO, Fellesforbundet og tillitsvalde i VTA-verksemder, er særleg opptatte av konsekvensane forslaget vil få for VTA-tilsette, og ber om unntak for denne gruppa.

Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og AAP-aksjonen er blant dei høyringsinstansane som problematiserer at uføre som har inntekt over 1 G, og som derfor får avkorta uføretrygd, vil komme svært dårleg ut dersom dei ikkje får sjukepengar. Ein må få enten uføretrygd eller sjukepengar, slik at når uføretrygda blir redusert på grunn av inntekt, må ein uføretrygda arbeidstakar ha rett på sjukepengar.

Bufdir, NFU og Oslo kommune meiner det bør komme tydelegare fram kva vurderingar som er gjorde av forslaget opp mot FNs konvensjon om rettigheiter til personar med funksjonsnedsettingar (CRPD). Dette er nå presisert i omtala av forholdet til internasjonale forpliktingar i kapittel 8.

Fleire høyringsinstansar, mellom andre ADHD-Norge, Akademikerne, NHO og Virke, meiner foreldrepengar og svangerskapspengar, samt pleiepengar, opplæringspengar og omsorgspengar, kan vurderast annleis enn sjukepengar. Dei fleste som har uttalt seg om det, meiner også at det bør vere ei overgangsordning i foreldrepengar og svangerskapspengar, for å unngå å råke personar som har innretta seg etter gjeldande reglar.

4.4 Departementet sine vurderingar

Innretninga av folketrygda sine ytingar ved uførleik skal først og fremst sikre at uføre får erstatning for varig tap av inntektsevne, basert på ein mest mogleg korrekt fastsett uføregrad. Innretninga skal vidare oppmuntre uføre til å teste ut om arbeidsevna er blitt betre etter at uføregraden blei fastsett, slik at dei kan jobbe noko, eller noko meir. Uføretrygda er derfor innretta på ein måte som inneber at det lønner seg å arbeide. Det er samtidig viktig at folketrygda ikkje kompenserer meir enn éin gong for inntektstap. Departementet meiner derfor det er nødvendig å gjere endringar i uføre sin rett til sjukepengar for å hindre utilsikta og negative konsekvensar av det auka fribeløpet.

Departementet meiner det er rimeleg at ein person som allereie får kompensasjon for tapt inntektsevne i form av uføretrygd, må falle tilbake på denne dersom ekstra inntekt ein har fått gjennom å prøve ut arbeidsevna, fell bort igjen.

Dette forslaget bygger på eit prinsipp om at tap av inntektsevne berre skal bli dekt éin gong av det offentlege. Gradert uføre, som gjennom dette har kompensasjon for delvis tap av inntektsevne, skal derfor kunne få sjukepengar for tap av inntektsevne som ikkje allereie er dekt av uføretrygd. Personar som får full uføretrygd, får kompensert for tap av heile arbeidsevna si, og skal ikkje få sjukepengar i tillegg til uføretrygd. Enkelte høyringsinstansar påpeiker at kompensasjonsgraden i uføretrygda er lågare enn i sjukepengeordninga, og meiner at det er urimeleg at den uføre dermed ikkje fullt ut får erstatta inntektsbortfallet. Departementet viser til at uføretrygd skal kompensere for varig bortfall av inntektsevne, i tråd med den uføregraden som er fastsett. At den uføre kan ha inntekt ved sidan av uføretrygda, bør etter departementets syn ikkje innebere at også ytinga ved fråvær frå arbeidet skal vere høgare enn den kompensasjonen som er fastsett i uføretrygda. Dette vil gjelde på same måte for dei andre ytingane som blir berekna som sjukepengar. Tilsvarande inneber forslaget at sjølvstendig næringsdrivande og andre som får berekna ytinga på grunnlag av sjukepengar, vil få kompensasjon for arbeidsinntekt inntil restinntektsevna rekna med dei særskilde reglane som gjeld for denne gruppa, tilsvarande som for ordinær inntekt, mens dei ikkje får kompensasjon for inntekt utover dette.

Når høyringsinstansane støttar prinsippet om at staten ikkje skal kompensere meir enn éin gong for det same inntektstapet, samtidig som dei er mot å avgrense retten til sjukepengar i forhold til det som er anslått å vere restarbeidsevna, må ein vurdere om det er andre måtar ein kan sikre at ingen blir kompensert meir enn éin gong. Departementet kan ikkje sjå at det er gode alternativ.

Eit alternativ er å gi full rett til sjukepengar, men å fjerne fribeløpet i uføretrygda, slik at uføretrygda blir redusert når ein har arbeidsinntekt eller sjukepengar mv. Dette vil vere til fordel for uføretrygda som blir sjukmelde samanlikna med forslaget, men det vil vere til ulempe for dei uføretrygda som faktisk er i arbeid og får lønn. Sidan uføretrygda ikkje blir avkorta krone for krone ved arbeidsinntekt og andre trygdeytingar, vil også mottakarane framleis få høgare kompensasjon for den delen dei ikkje kan jobbe, enn uføregraden tilseier. Eit anna alternativ er at fribeløpet gjeld lønn, men blir fjerna for sjukepengar og andre trygdeytingar. Ein vil da få fulle sjukepengar, men uføretrygda vil bli redusert når ein mottar andre trygdeytingar. Det vil gi full sjukepengedekning, men ein vil kunne få meir utbetalt med sjukepengar enn med lønn. Det ville også gjort regelverket meir komplisert enn det som blir foreslått her.

Uføretrygda som over lang tid arbeider og tener meir enn fastsett inntekt etter uførleik, enten det kjem av at helsa er betre, at dei får god tilrettelegging eller anna, kan be om revurdering av uføregraden i tråd med endringa i inntektsevna. Dei vil dermed få rett til (meir) sjukepengar.

Departementet understrekar at det framleis vil lønne seg å arbeide, både for fullt og gradert uføre. Inntekt opp til 1 G vil ikkje få konsekvensar for størrelsen på uføretrygda. Uføre vil framleis få kompensasjon for tap av all arbeidsevne, enten gjennom full uføretrygd eller gjennom gradert uføretrygd og sjukepengar for restarbeidsevna. Uføretrygd blir avkorta mot arbeidsinntekt utover fribeløpet og den fastsette restinntektsevna, men likevel slik at samla inntekt alltid blir høgare.

Forslaget vil gjere det økonomisk meir fordelaktig å vere gradert ufør heller enn heilt ufør dersom ein faktisk har noka restarbeidsevne. Personar som har rett til 100 prosent uføretrygd, og dermed får kompensasjon for tap av all inntektsevne, vil ikkje ha rett til sjukepengar i tillegg. Personar som har rett til gradert uføretrygd, vil derimot ha rett til sjukepengar for tap av den inntektsevna som ikkje allereie er kompensert med uføretrygd. Litt forenkla vil for eksempel personar med ei uføretrygd som er gradert til 70 prosent, ha rett til sjukepengar for inntekt frå ei 30-prosentstilling.

Uføretrygd skal erstatte varig tap av inntektsevne, mens sjukepengar skal erstatte midlertidig tap av inntektsevne. Forslaget understøttar dette utgangspunktet. Personar som har varierande restarbeidsevne, vil få gradert uføretrygd for det varige inntektstapet og sjukepengar for inntektstapet når dei er sjuke og ikkje kan utnytte restarbeidsevna. Personar som får fastsett ein uføregrad på 100 prosent sjølv om dei har ei viss restarbeidsevne som gjer at dei kan jobbe noko ved sida av ei uavkorta full uføretrygd, må derimot falle tilbake på uføretrygda dersom dei blir sjuke eller restarbeidsevna blir redusert. Forslaget inneber derfor at personar som har ulik fastsett «inntekt etter uførleik», vil kunne få ulik utbetaling av sjukepengar frå trygda, sjølv om inntektene dei har hatt frå arbeid er like store. Dette følger av at dei også får ulik uføretrygd. Forslaget betyr også at personar som får uføretrygd kan få lågare sjukepengeutbetaling enn personar som har hatt like høg arbeidsinntekt, men som ikkje har uføretrygd. Denne forskjellen er grunngitt med at den uføretrygda allereie får kompensert inntektstap frå trygda, mens andre berre har arbeidsinntekt. Likebehandling blir altså sikra ved at ingen får dobbel kompensasjon frå trygda. Personar med korrekt fastsett gradert uføretrygd vil, på same måte som personar som ikkje mottar uføretrygd, ha rett til sjukepengar viss dei blir sjukmelde frå arbeidet når dei utnyttar restinntektsevna si.

Forslaget bygger opp under prinsippet om at uføregraden skal bli fastsett mest mogleg riktig, og at ingen skal bli kompensert to gonger for same nedsette arbeidsevne. Samtidig vil det innebere at nokre får ein meir avgrensa rett til sjukepengar enn i dag. Det vil gjelde personar som har inntekt over 0,5 G ved sida av full uføretrygd og personar som har inntekt over 0,5 G og som i tillegg har høgare inntekt enn det som er fastsett som «inntekt etter uførleik» ved sida av gradert uføretrygd. Dette er ei avgrensa gruppe, og departementet anslår at om lag 0,6 prosent av alle sjukepengemottakarane vil få reduksjon i sjukepengane som følge av forslaget, fordi dei har arbeidsinntekt som overstig «inntekt etter uførleik». Reduksjonen er berekna til i gjennomsnitt om lag 0,62 G.

Fullt uføre som har inntekt over 1 G per år, får avkorta uføretrygda. Tilsvarande får gradert uføre avkorta uføretrygda dersom inntekta overstig fribeløpet og den fastsette restinntektsevna. Ein skal melde frå til Arbeids- og velferdsetaten om planlagd årsinntekt på førehand i den såkalla «Inntektsplanleggeren». Avkortinga blir jamt fordelt utover året, dvs. trekt med likt beløp i kvar månad ut frå årsinntekta. Dersom inntekta endrar seg i løpet av året, for eksempel ved langvarig sjukdom, kan ein endre den innrapporterte inntekta. Månadsytinga vil da bli omrekna, slik at ein får mindre, eventuelt null i trekk resten av året. Dersom ein aukar innrapportert inntekt igjen, vil ein få høgare trekk resten av året.

I utgangspunktet skjer omrekninga slik at ein skal rekke å korrigere for heile endringa i løpet av dei gjenverande månadene i det aktuelle året. Ein ufør arbeidstakar som blir sjuk og ikkje får sjukepengar etter arbeidsgivarperioden, kan altså rapportere inn lågare inntekt og få uføretrygda auka frå månaden etter. Det er derfor viktig at uføre melder frå til etaten om endringar i arbeidsinntekt, på same måte som ein melder frå til Skatteetaten. Dersom det i etteroppgjeret viser seg at årsinntekta har vore annleis enn berekna, får ein etterbetaling eller tilbakebetalingskrav.

Forslaget får ikkje konsekvensar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden. Arbeidsgivarar som har tilsette med inntekt under 0,5 G, betaler sjukepengar i arbeidsgivarperioden sjølv om desse tilsette ikkje har rett til sjukepengar frå trygda. Arbeidsgivarane får da heller ikkje refundert utbetalte sjukepengar for tida etter arbeidsgivarperioden. Forslaget kan føre til at det blir fleire slike tilfelle, da det også vil gjelde tilsette som har ei lønn som både er over 0,5 G og over fastsett inntekt etter uførleik. Departementet har ikkje data som gir grunnlag for å seie kor store beløp dette kan dreie seg om. Departementet forstår at det vil krevje ekstra administrasjon for arbeidsgivarar å vurdere om og i tilfelle kor mykje sjukepengar dei vil betale etter arbeidsgivarperioden til tilsette med uføretrygd, når dei ikkje er sikra refusjon frå folketrygda. Departementet legg til grunn at ein arbeidsgivar som veit at den tilsette har uføretrygd, vil stanse lønnsutbetalinga etter arbeidsgivarperioden og vise til at det ikkje føreligg rett til sjukepengar. Departementet vil følge med og vurdere tiltak dersom det kjem informasjon om at dette blir eit problem.

Forslaget vil ikkje få konsekvensar for personar som er 100 prosent uføre og faktisk ikkje har noka restarbeidsevne. Det vil heller ikkje røre ved uføre med inntekt under 0,5 G, fordi personar med så låg arbeidsinntekt uansett ikkje har rett til sjukepengar frå trygda.

Personar som har varig tilrettelagt arbeid (VTA) har i mange år hatt eit fribeløp på 1 G, også dei første to åra etter innvilga uføretrygd. Dei VTA-tilsette som tener mest har altså hatt fordelen av rett til dobbeltkompensasjon i fleire år. Departementet foreslår at dei får unntak frå den foreslåtte endringa, slik at dei får behalde den ordninga dei har i dag. Sjølv om dette inneber ulik behandling basert på tilsettingsform, meiner departementet at VTA-tilsette står i ein særleg posisjon. Fribeløpet på 1 G frå dag éin er vidareført for denne gruppa, mens det er ein ny fordel for andre etter ei ventetid på to år. Mange i denne gruppa blei uføre tidleg i livet, og deira moglegheiter i ordinært arbeidsliv er avgrensa og arbeidsinntekta er låg. Eit unntak vil i praksis gjelde få personar, da det er krav om inntekt over 0,5 G for å kvalifisere for sjukepengar.

I medhald av folketrygdlova § 9-9 og § 9-15 blir omsorgspengar frå trygda, pleiepengar og opplæringspengar berekna etter dei same føresegnene som sjukepengar frå trygda. Det er svært få personar som kombinerer uføretrygd med omsorgs-, pleie- eller opplæringspengar. I oktober 2024 var det 128 personar som både hadde uføretrygd og pleiepengar, ni personar med uføretrygd og omsorgspengar, samt ni personar med uføretrygd og opplæringspengar. Også her gjeld omsynet til at det skal vere ein fordel å få korrekt fastsett uføregrad, samt omsynet til at trygda ikkje skal erstatte inntektstap fleire gonger, sjå omtale ovanfor. Departementet foreslår derfor ikkje å innføre særlege regler for desse ytingane.

I medhald av folketrygdlova § 14-7 blir foreldrepengar berekna etter dei same reglane som sjukepengar frå trygda. Forslaget vil derfor også få konsekvensar for berekninga av foreldrepengar til uføretrygda. I april 2026 var det 180 personar som fekk uføretrygd og foreldrepengar samtidig. Forslaget vil føre til endringar i berekninga av foreldrepengegrunnlaget for dei som også mottar uføretrygd. Etter gjeldande regelverk blir foreldrepengane berekna ut frå faktisk inntekt, ikkje den fastsette inntekta etter uførleik. Som følge av dette forslaget vil foreldrepengegrunnlaget bli berekna ut frå kva som maksimalt er fastsett inntekt etter uførleik. Det inneber at personar med gradert uføretrygd vil få eit lågare berekningsgrunnlag for foreldrepengar viss dei har tent meir enn den fastsette inntekta etter uførleik. Forslaget vil på same måte påverke berekningsgrunnlaget for svangerskapspengar. Departementet meiner dette er ein ønskt verknad av forslaget. Dei som får berekna foreldrepengar eller svangerskapspengar basert på både uføretrygd og arbeidsinntekt, men som faktisk er i stand til å arbeide meir enn den fastsette inntekta etter uførleik, vil med forslaget få auka insentiv til å få fastsett riktig uføregrad.

Departementet foreslår på bakgrunn av dette at retten til å få utbetalt sjukepengar mv. frå trygda blir avgrensa for personar som mottar uføretrygd, slik at sjukepengane m.m. ikkje kan utgjere meir enn den arbeidsinntekta som etaten legg til grunn at medlemmen kan skaffe seg ved å utnytte restarbeidsevna si («inntekt etter uførleik», sjå folketrygdlova § 12-9 tredje ledd). Forslaget inneber at ingen kan få meir kompensasjon frå trygda enn uføretrygd pluss fastsett «inntekt etter uførleik», og løysinga ivaretar derfor både omsynet til at staten berre skal kompensere éin gong for tapt arbeids- og inntektsevne og til at det skal lønne seg å få fastsett riktig uføregrad. Ei slik innretning vil bidra til at det blir meir attraktivt for den enkelte å få fastsett riktig uføregrad, framfor høgast mogleg uføregrad. Reglane vil dermed bidra til å oppfylle oppmodingsvedtak nr. 82 (2025–2026) frå Stortinget om å legge til rette for auka bruk av gradering i uføretrygd og andre helserelaterte ytingar.

Endringane trer i kraft 1. april 2027. På innføringstidspunktet skal forslaget berre gjelde for nye tilfelle av sjukepengar, omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar, altså at endringane i lova får verknad for saker som har skjeringstidspunkt frå og med tidspunktet for ikraftsetting.

Til skilnad frå sjukepengar, er foreldrepengar ei yting der uttaket normalt vil vere kjent på førehand og kan planleggast. Mottakarar av denne ytinga kan derfor ha innretta seg etter gjeldande regelverk i tida før stønadsperioden. Departementet vil derfor legge opp til ein overgangsregel av omsyn til personar som allereie har planlagt arbeid og uttak av foreldrepengar på grunnlag av den faktiske inntekta dei har, men som etter planlegginga blir omfatta av regelendringa. Departementet vurderer at overgangsreglar i ein periode på seks månader er tilstrekkeleg. På bakgrunn av dette foreslår departementet ein overgangsregel med heimel i føresegna om ikraftsetting i lova. Regelen er utforma slik at endringa i folketrygdlova § 8-50 ikkje gjeld saker etter folketrygdlova kapittel 14 når skjeringspunktet er før 1. oktober 2027, det vil seie der den første uttaksdagen til foreldra er før dette tidspunktet. Dette vil bidra til å fange opp dei enkeltpersonane som har ei velgrunna forventning om foreldrepengar etter gjeldande regelverk. Overgangsregelen skal gjelde ytingar etter folketrygdlova kapittel 14, og vil også gjelde svangerskapspengar etter folketrygdlova § 14-4.

Sjå forslaget til endring i folketrygdlova § 8-50.

4.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringa i reglane om berekning av sjukepengar frå trygda til personar som mottar uføretrygd, får også konsekvensar for berekning av foreldrepengar, svangerskapspengar, pleiepengar, opplæringspengar og omsorgspengar til denne gruppa.

Forslaget vil medføre at arbeidsgivarar med tariffavtalar som sikrar full lønn under sjukdom, og arbeidsgivarar med tilsette som mottar uføretrygd og som har lønn over 0,5 G og over fastsett inntekt etter uførleik, kan få auka utgifter til sjukepengar for desse tilsette. Det er svært usikkert kor store slike effektar vil bli.

Det blir ytt feriepengar til arbeidstakarar som har fått sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, pleiepengar, omsorgspengar eller opplæringspengar. Reduksjonen i utgiftene til desse ytingane til uføre er anslått å redusere utgiftene til feriepengar frå trygda med 4,6 mill. kroner på heilårsbasis. Feriepengane blir utbetalte året etter utbetalinga av desse stønadene, slik at effekten for feriepengane oppstår eitt år etter effekten for stønadene.

Etter gjeldande regelverk blir sjukepengesaker som gjeld personar som mottar uføretrygd behandla på ordinær måte. Endringa som blir foreslått her inneber at regelverket blir noko meir komplisert å forvalte. Arbeids- og velferdsetaten må behandle fleire opplysningar ved søknad om sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, omsorgspengar, opplæringspengar og pleiepengar, mellom anna om søkaren mottar uføretrygd og kva som er fastsett «inntekt etter uførleik». Dette er informasjon som etaten har i sine system, så det vil ikkje vere nødvendig å innhente opplysningane frå brukaren. Sakene vil likevel krevje meir manuell saksbehandling og meir tid til samanstilling av informasjon, fram til eigna saksbehandlingssystem er utvikla. Det vil derfor vere nødvendig med noko auka saksbehandlingskapasitet.

Det er lagt til grunn ikraftsetting 1. april 2027 for å legge til rette for at Arbeids- og velferdsdirektoratet kan gjennomføre endringane for sjukepengar, svangerskapspengar, foreldrepengar, pleiepengar, opplæringspengar og omsorgspengar frå trygda.

Direktoratet anslår på usikkert grunnlag at løysinga vil krevje inntil 8 mill. kroner i utviklingskostnader (eingongskostnad) og om lag 15 mill. kroner på årsbasis i auka saksbehandlingskapasitet, gitt liten grad av automatisert behandling av desse sakene.

Budsjettverknadene av forslaget er irekna i Prop. 1 S (2026–2027). Forslaget om unntak frå endringa for deltakarar i arbeidsmarknadstiltaket Varig tilrettelagt arbeid gjer at innsparinga må antakast å bli noko lågare enn det som opphaveleg blei foreslått. Det er med betydeleg usikkerheit anslått at dette vil utgjere om lag 4 mill. kroner i 2027. Regjeringa vil komme med oppdaterte anslag for sjukepengeutgiftene i dei ordinære budsjettrundane.