5 Utvida rett til omsorgspengar skal kunne avgrensast i tid – folketrygdlova § 9-5

5.1 Bakgrunn

Rett til omsorgspengar (sjukt-barn-dagar) gjeld i utgangspunktet til og med det året barnet fyller tolv år. Når barnet er kronisk sjukt, langvarig sjukt eller funksjonshemma, og dette fører til markert høgare risiko for fråvær frå arbeidet for å ta seg av barnet, gjeld retten til omsorgspengar med tillegg på ti stønadsdagar, til og med det året barnet fyller 18 år. I desse tilfella fattar Arbeids- og velferdsetaten vedtak om utvida rett til omsorgspengar etter ei konkret vurdering. Retten gjeld altså både utvida aldersgrense og utvida tal på stønadsdagar.

På bakgrunn av innføringa av vilkåret om langvarig sjukdom i regelverket for omsorgspengar i 2023, har praktiseringa av føresegnene om utvida rett til omsorgspengar i Arbeids- og velferdsetaten blitt vanskelegare, særleg der barnet sin tilstand endrar seg over tid. Sjølv om Arbeids- og inkluderingsdepartementet meiner at vedtak om utvida rett til omsorgspengedagar i utgangspunktet kan bli gitt for ei avgrensa tid, ser departementet at det er ønskeleg å gi Arbeids- og velferdsetaten ein klar heimel til å tidsavgrense vedtak om utvida rett til omsorgspengar for å sikre at retten omfattar dei barna som fyller vilkåra over tid.

5.2 Gjeldande rett

Omsorgspengar (sjukt-barn-dagar) er regulert i kapittel 9 i lov om folketrygd 28. februar 1997 nr. 19 (folketrygdlova).

Yrkesaktive personar (arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande) som har omsorg for barn, kan få omsorgspengar dersom dei er borte frå arbeidet fordi barnet eller barnepassaren er sjuk, fordi barnet skal til lege e.l., eller fordi barnepassaren må ta vare på eit anna barn som er sjukt eller skal til lege e.l., jf. folketrygdlova § 9-5 første ledd.

Retten til omsorgspengar gjeld til og med det kalenderåret barnet fyller tolv år. Dersom barnet er kronisk eller langvarig sjukt eller funksjonshemma, og det fører til ein markert høgare risiko for fråvær frå arbeidet for å ta seg av barnet, gjeld retten til og med det året barnet fyller 18 år (utvida rett til omsorgspengar), jf. folketrygdlova § 9-5 tredje ledd.

Som hovudregel har ein arbeidstakar rett til omsorgspengar i opptil ti stønadsdagar for kvart kalenderår. Har vedkommande omsorg for meir enn to barn, blir det ytt omsorgspengar i opptil 15 stønadsdagar. Dersom eit barn er kronisk eller langvarig sjukt eller funksjonshemma, og det fører til ein markert høgare risiko for fråvær frå arbeidet for å ta seg av barnet, kan omsorgspengar bli innvilga med tillegg av ti stønadsdagar for kvart kronisk eller langvarig sjuke eller funksjonshemma barn, jf. folketrygdlova § 9-6 andre ledd. Når arbeidstakaren er aleine om omsorga, blir talet på dagar dobla, jf. folketrygdlova § 9-6 første og andre ledd.

For at arbeidstakaren skal få utvida rett til omsorgspengar etter § 9-6 andre ledd, må Arbeids- og velferdsetaten ha godtatt at barnet er kronisk eller langvarig sjukt eller funksjonshemma, og at dette fører til markert høgare risiko for fråvær frå arbeidet for å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 9-6 fjerde ledd. Da blir det fatta vedtak om utvida rett til omsorgspengar. Ti dagar med omsorgspengar blir dekte av arbeidsgivaren, jf. folketrygdlova § 9-8. Dersom arbeidstakaren har rett til meir enn ti dagar, kan arbeidsgivaren krevje å få refusjon for lønn utbetalt for det talet på dagar som overstig ti. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har ingen arbeidsgivar og må dekke dei ti første dagane sjølv (ventetid). Dersom dei har rett til meir enn ti dagar, kan dei krevje desse dagane dekte av folketrygda, jf. folketrygdlova § 9-9.

5.3 Høyringsnotatet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende 30. mai 2025 forslag til endringar i regelverket for sjukepengar og stønad ved barns sjukdom (folketrygdlova kapittel 8 og 9) på høyring. Høyringa gjaldt også forslaget som er omtalt i kapittel 6. Høyringa blei send til dei følgande høyringsinstansane og publisert på regjeringen.no:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Arbeidstilsynet

  • Barneombodet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Datatilsynet

  • Helsedirektoratet

  • Helsetilsynet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Pasient- og brukarombodet

  • Regjeringsadvokaten

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Trygderetten

  • Sametinget

  • Sivilombodet

  • Statsforvaltarane

  • Kommunane

  • Arbeidsforskningsinstituttet (AFI)

  • Dei regionale helseforetaka

  • Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser

  • Frischsenteret

  • Institutt for samfunnsforskning

  • Norsk senter for menneskerettigheter (UIO)

  • Statens pensjonskasse

  • Statlege høgskolar

  • Universiteta

  • AAP-aksjonen

  • Akademikerne

  • Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening (AAF)

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Arbeidssamvirkenes Landsforening (ASVL)

  • Autismeforeningen i Norge

  • Barnekreftforeningen

  • Cerebral Parese-foreningen (CP-foreningen)

  • Den norske advokatforening

  • Den norske jordmorforening

  • Den norske legeforening

  • Epilepsiforbundet

  • Fagforbundet

  • Fellesorganisasjonen

  • Finans Norge

  • Foreningen for hjertesyke barn

  • Forskningsstiftelsen Fafo

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • FØL Norge – For Økt Levestandard

  • Handikappede Barns Foreldreforening

  • Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)

  • Juristforbundet

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Kommunal Landspensjonskasse (KLP)

  • Kreftforeningen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • LO-Kommune

  • LO-Stat

  • Løvemammaene

  • ME-foreningen

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser (OUS)

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norsk barnelegeforening

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Norsk NCL-forening (tidligere Norsk Spielmeyer-Vogt Forening)

  • Norsk psykologforening

  • Norsk Sykepleierforbund (NSF)

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Norsk Tourette Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Organisasjonen for Uføres Rettigheter

  • Personskadeforbundet LTN

  • Personvernkommisjonen

  • Pårørendealliansen

  • Revmatikerforbundet

  • Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen (RH-foreningen)

  • Samarbeidsforumet Av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO)

  • Samfunnsøkonomene

  • Sanitetskvinnene

  • SMB Norge

  • Unio

  • Virke

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

5.4 Høyringsinstansane sitt syn

Departementet har fått inn 25 høyringssvar, irekna frå éin privatperson.

Følgande høyringsinstansar har uttalt at dei ikkje har merknader:

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Statens arbeidsmiljøinstitutt

  • Statistisk sentralbyrå

  • Følgande høyringsinstansar har merknader:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Autismeforeningen

  • Barnekreftforeningen

  • Barneombodet

  • Bergen kommune

  • Fellesorganisasjonen

  • FØL Norge – For Økt Levestandard

  • Harstad kommune

  • Helse Sør-Øst RHF

  • Løvemammaene

  • ME-foreldrene

  • Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser

  • Norsk barnelegeforening

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

  • Pasient- og brukarombodet

  • Pårørendealliansen

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

  • Éin privatperson

Fleire høyringsinstansar gir støtte til lovforslaget om å gi Arbeids- og velferdsetaten mogelegheit til å kunne tidsavgrense vedtak om utvida rett til omsorgspengar. Det gjeld blant andre Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barneombodet, Helse Sør-Øst RHF, Løvemammaene, Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Norsk tjenestemannslag og Pasient- og brukarombodet. Fleire ser at forslaget vil gi ryddigare forvaltning og betre treffe dei tilfella der vilkåra framleis er oppfylte. Nokre seier likevel at tidsavgrensinga ikkje må føre til unødvendige nye legeerklæringar eller søknadsrundar. Enkelte andre høyringsinstansar, som blant andre Pårørendealliansen, Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, Unio, YS og Barnekreftforeningen, er meir skeptiske til forslaget. Dei peiker nettopp på risikoen for auka dokumentasjonsbehov og administrativ belastning for familiar. Fleire instansar ber om at tidsavgrensa vedtak uansett må ha lang varigheit, og at Arbeids- og velferdsetaten må varsle eller ha dialog med familiane før vedtak løper ut. Nokre ser behov for gode rutinar for fornying av vedtak om utvida rett til omsorgspengar. Nokre legg også som føresetnad at forslaget ikkje skal minke rettane til familiane.

5.5 Departementet sine vurderingar

Når det føreligg vedtak om utvida rett til omsorgspengar, gjeld dette framover i tid. Arbeids- og velferdsetaten gjer i dag inga ny prøving av om vilkåra etter folketrygdlova § 9-6 andre ledd framleis er til stades. Det er heller ikkje rutine for å tidsavgrense på annan måte.

For å få utvida rett til omsorgspengar er eit av vilkåra at barnet er kronisk sjukt, langvarig sjukt eller funksjonshemma. Vilkåret om langvarig sjukdom kom nyleg inn i lova, i § 9-5 tredje ledd og § 9-6 andre ledd, med verknad frå 1. januar 2023, sjå Prop. 7 L (2022–2023). Langvarig blir i lovproposisjonen angitt til å vere «mer enn ett år». Det heng saman med at omgrepet skal bli forstått på same måte som tilsvarande omgrep i arbeidsmiljølova § 12-9 tredje ledd og folketrygdlova § 9-14 om opplæringspengar. Det er fast praksis i Arbeids- og velferdsetaten for at vilkåret om langvarig sjukdom inneber at sjukdommen må vare i meir enn eitt år frå da sjukdommen blei konstatert. Det er også eit krav for utvida rett til omsorgspengar at sjukdommen barnet har, fører til markert høgare risiko for fråvær frå arbeidet for å ta seg av barnet. Lovendringa i § 9-6 andre ledd om langvarig sjukdom har gjort det vanskelegare for etaten å vurdere kva for periodar dette vilkåret er oppfylt. Problemstillinga gjeld særleg når foreldra søker om utvida rett til omsorgspengar for barn som er sjuke i periodar, som f.eks. barn med astma eller «øyrebarn», som er sterkt plaga med gjentatte og tilbakevendande akutte mellomøyrebetennelsar. Felles for desse er at sjukdommane kan gi mykje fråvær i dei periodane barnet er ramma, men at det også finst god behandling som kan redusere plagene, og at barnet i mange tilfelle kan vekse av seg plagene. I tilfelle der det er grunn til å anta at risikoen for fråvær vil kunne endre seg over tid, vil det kunne vere hensiktsmessig for etaten å kunne tidsavgrense vedtaket til å gjelde den perioden dei medisinske opplysningane tilseier at det er sannsynleg at vilkåra om markert fråvær vil vere oppfylte.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det for 2025 var om lag 7 600 vedtak der utvida rett til omsorgspengar blei innvilga. Direktoratet har ikkje tal på kor mange omsorgspersonar eller barn dei innvilga sakene gjeld for. Sjølv om etaten har innvilga utvida rett til omsorgspengar, betyr det ikkje nødvendigvis at retten blir nytta.

Departementet forstår bekymringa til høyringsinstansane knytt til meir administrasjon, men meiner likevel at etaten må kunne tidsavgrense vedtak om utvida rett til omsorgspengar i dei tilfella det er sannsynleg at barnet blir friskt, eller at den markert høgare risikoen for fråvær frå arbeidet for å ta seg av barnet endrar seg med tida. Som nemnt over har dette særleg blitt aktuelt etter at vilkåret om langvarig sjukdom har gjort praktiseringa av føresegna meir krevjande. Departementet gjer merksam på at i dei tilfella der situasjonen til barnet framleis er slik at vilkåra for utvida rett til omsorgspengar er oppfylt sjølv om vedtaksperioden er over, kan omsorgspersonane søke på nytt. Departementet vil også presisere at forslaget er meint å gi etaten ei moglegheit til å tidsavgrense vedtak i dei tilfella det er forventa at vilkåra ikkje vil vere oppfylte til og med det året barnet fyller 18 år. Det betyr at ikkje alle saker vil bli tidsavgrensa. I saker der det er klart at vilkåra vil vere oppfylte til og med det året barnet fyller 18 år, skal vedtaka ikkje bli tidsavgrensa. Departementet vil også presisere at forslaget ikkje minskar rettane. Talet på dagar ein kan få utvida rett til omsorgspengar vil framleis vere ti, og forslaget endrar heller ikkje på kva for personar som den utvida retten gjeld for.

Departementet har tidlegare vurdert ei alternativ løysning for korleis etaten kunne ha revurdert den utvida retten til omsorgspengedagar. Dette er belyst i høyringsnotatet. Ingen av høyringsinstansane har hatt innspel til dette, og departementet adresserer derfor ikkje dette i proposisjonen her.

Departementet foreslår ei regulering der vedtak om utvida rett kan avgrensast i tid dersom vilkåra for utvida rett til omsorgspengar ikkje er forventa å vere oppfylte ut det kalenderåret barnet fyller 18 år. Departementet foreslår at lovendringa skal gjelde for nye saker og skal gjelde frå 1. januar 2027. I tredje ledd andre punktum blir også vilkåret «til og med det året barnet fyller 18 år» endra til «til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år». Dette er berre ei språkleg endring av omsyn til konsekvent språkbruk i paragrafen, og medfører inga materiell endring.

Sjå forslaget til endring i folketrygdlova § 9-5 tredje ledd.

5.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringa vil ikkje ha merkbare økonomiske konsekvensar da departementet reknar med at dei som tidsavgrensing av vedtak vil gjelde for, og som framleis treng ekstra dagar, vil søke på nytt. Dette er likevel usikkert. Forslaget vil krevje nokre mindre utviklingskostnader i Arbeids- og velferdsdirektoratet, som vil handterast innanfor gjeldande budsjettramme.