8 Forholdet til internasjonale forpliktingar

Departementet har ikkje identifisert EØS-rettslege forpliktingar eller andre internasjonale forpliktingar som dei foreslåtte endringane kan komme i konflikt med.

Forslaget til endringar i folketrygdlova § 8-50 om sjukepengar til uføretrygda er vurdert opp mot Noregs forpliktingar etter konvensjonen om rettigheiter til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), særleg artikkel 5 om likskap og ikkje-diskriminering og artikkel 27 om arbeid og sysselsetting. Departementet meiner den foreslåtte endringa i føresegna ikkje bryt med CRPD. Personar som mottar uføretrygd har ei inntektssikring frå staten. At dei ikkje skal få sjukepengar i tillegg, er ikkje diskriminering, men ein logisk konsekvens av formålet med trygda som inntektssikringssystem.