Den mest effektive måten å skape varig fred på er å sørgje for at fredsløysingar er inkluderande, og tek omsyn til heile prioriteringane og behova til befolkninga.

Krig og konflikt rammar kvinner og menn ulikt. Derfor skal kjønnsperspektivet integrerast i all innsats knytt til fred og tryggleik, det vil seie at kvinners og menns rettar, ulike makt, ressursar, behov og prioriteringar blir tekne omsyn til i planlegginga og gjennomføringa av program og tiltak.

Valdtekt og andre former for seksualisert vald i konflikt, overgrep som særleg rammar kvinner, har vorte trivialisert eller sett på som uunngåelege konsekvensar av krig og konflikt. Noreg jobbar for å endre dette, både i den nasjonale og internasjonale innsatsen vår for å fremje fred og tryggleik. Sidan 2000 har Tryggingsrådet vedteke ni resolusjonar om kvinner, fred og tryggleik.

Kvinner, fred og tryggleik var ein av fire prioriterte område for Noreg i tryggingsrådet 2021-2022. Erfaringane frå første nasjonale handlingsplan i 2006 til og med arbeidde i Tryggingsrådet er inkludert, i utarbeidinga av Noregs femte nasjonale handlingsplan (2023-2030). når Noreg lanserer sin 5. plan i 2023. 

Handlingsplanen legg eit grunnlag for den felles innsatsen til departementa for arbeidet med å gjennomføre ambisjonane i tryggingsrådsresolusjonane.

Sentrale partnarar i sivilt samfunn og akademia