Kvinners rettar og likestilling
Artikkel | Sist oppdatert: 25.09.2023 | Utanriksdepartementet
Kjernen i Noregs arbeid for likestilling er å auke jenters og kvinners handlingsrom, sjølvråderett og makt. Dette er grunnlaget for at jenter og gutar, kvinner og menn skal ha like rettar og like moglegheiter.
Den globale situasjonen for likestilling er eit bilete av motsetnader og paradoks. På den eine sida aukar motstand i enkelte land og regionar mot kvinners rettar. På den andre sida viser trenden at likestilling er på frammarsj, ved at styresmakter og kvinners eigen rettskamp målretta aukar kvinners moglegheit til å delta i samfunnet på alle plan på lik linje med menn. I kjernen av motsetnadene ligg ideologiar som reknar likestilling som ein trussel mot familiar, press for å bevare tradisjonelle kjønnsroller og dragkamp om retten til å bestemme over eigen kropp og seksualitet.
Respekt for menneskerettane ligg til grunn for det internasjonale engasjementet til regjeringa for kvinners rettar og likestilling. Ei rettferdig verd er òg ei likestilt verd.
Regjeringas likestillingsarbeid kviler på handlingsplanen frå FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995 og frå befolkningskonferansen i Kairo i 1994, FNs kvinnekonvensjon, menneskerettane og berekraftsmåla, under dette spesielt mål 5 om likestilling mellom kjønna. Likestilling skal varetakast i alle ledd av utanriks- og utviklingspolitikken. Det er derfor eit konkret måltal for likestilling i bistanden: Halvparten av all bilateral hjelp skal ha likestilling som hovud- eller delmål. Formålet er betre resultat av bistanden – for alle.
Covid-19-pandemien påverkar jenter, gutar, kvinner og menn på ulike måtar. Kvinner utgjer ein stor majoritet av den uformelle arbeidsmarknaden spesielt i fattige land. Desse kvinnene manglar forsikringar og pensjonar når inntektsgrunnlaget blir borte. Kvinner og jenter er meir utsette for vald i kriser og i isolasjon i heimen. Pandemien medfører auka risiko for tidleg graviditet og barneekteskap. Når tiltak og respons blir planlagd, må vi sørgje for at kvinner deltek på lik linje med menn.
Seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR)
Kvinners og jenters seksuelle og reproduktive helse og rettar (SRHR) er under press i mange land. Regjeringa jobbar aktivt for å verne om resultata og framgangen som er oppnådd og verne etablerte normer og rettar mot tilbakeslag.
Regjeringa vil derfor prioritere kvinners rett til å bestemme over eigen kropp i det internasjonale likestillingsarbeidet sitt. Regjeringa vil forsterke norsk innsats, etablere nye alliansar og auke støtta til seksualitetsundervisning, familieplanlegging, prevensjon og tryggje abortar. Å støtte opp om internasjonale tiltak for å få bukt med kjønnsbasert vald er òg ei viktig prioritering. Den nye rettleiaren til utanrikstenesta er laga for å styrkje arbeidet på området.
Seksuelle og reproduktiv helse og rettar er avgjerande for kvinners fridom, makt og moglegheiter. Viss ikkje kvinner sjølv kan bestemme over sin eigen kropp rammar det skulegang, arbeid og samfunnsdeltaking. Derfor er seksualitetsundervisning, tilgang på prevensjon, rett til trygg abort og fridom frå vald og skadelege skikkar grunnleggjande i likestillingskampen.
Retten til å bestemme over eigen kropp er kontroversiell i mange land. Presset på kvinners rettar generelt, og seksuell og reproduktiv helse og rettar spesielt, er aukande. Enkelte land som tidlegare har vore allierte og likesinna i kampen for SRHR, arbeider no for å svekkje globale normer på feltet. Noreg bruker derfor mykje tid og ressursar på å forsvare rettar som blei kjempa fram for fleire tiår sidan. Tilbakeslag vil ha store konsekvensar for jenters og kvinners liv og helse.
Samtidig finst det lyspunkt. Det internasjonale toppmøtet om befolkning og utvikling i Nairobi i 2019, som markerte 25 års jubileet for Kairo-konferansen om same tema, var ei viktig påminning om det. Fleire tusen deltakarar frå over 170 land møttest og mobiliserte milliardar av dollar og omfattande tiltak til arbeidet for SRHR i åra framover. I Nairobi forplikta den norske regjeringa seg til å halde oppe sin leiene globale rolle for å verne og fremje SRHR både politisk og finansielt.
Skadelege skikkar rammar jenter
Skadelege skikkar som barneekteskap og kjønnslemlesting er blant dei alvorlegaste utslaga av diskriminering av jenter. 33 000 jenter blir gifta bort kvar dag. Fire millionar jenter blir utsette for kjønnslemlesting kvart år.
Noreg jobbar for å få bukt med skadelege skikkar gjennom to hovudspor. Det eine sporet er å styrkje bistanden gjennom relevante globale program i regi av FN og integrere innsatsen mot skikkane i bistanden til utdanning, helse, likestilling og menneskerettar. Det andre sporet er å forsterke Noregs pådrivarrolle for kamp mot skadelege skikkar på internasjonale arenaer der normer og retningslinjer blir fastsette.
Kvinner, fred og tryggleik
Noreg arbeider for at fredsforhandlingar skal vere inkluderande, og at fredsavtalar varetek både kvinners og menns rettar, behov og prioriteringar. Det er framleis ein veg å gå. Framleis er det få fredsavtalar der kjønnsperspektivet er vareteke på ein tilfredsstillande måte. Noreg vil jobbe for å få fleire kvinner med i forhandlingsdelegasjonar, auke talet på kvinnelege meklarar, styrkje kvinners innverknad i fredsprosessar og arbeid for integrering av kjønnsperspektivet i fredsavtalar. Dette forpliktar vi oss til i handlingsplanen for Kvinner, fred og tryggleik 2019-2022. Les meir i Kvinners deltaking i fredsprosessar.