Samarbeidet i Nato

Noreg har vore medlem av Nato sidan alliansen blei etablert i 1949. Nato skal garantere tryggleiken, fridommen og sjølvstendet til medlemmene, og dessutan fremje deira demokratiske verdiar og institusjonar. Etter den kalde krigen har Nato blitt utvida med ei rekkje land frå det tidlegare sentral- og Aust-Europa og utgjer i dag 30 medlemmer.

Bilde av Nato-utenriksministere sittende i sirkel på stoler før møtet.
Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvarets mediesenter

Finland blei det hittil siste landet som slutta seg til Nato 4. april 2023. Nato har blitt utvida i fleire rundar tidlegare. Montenegro blei medlem av Nato i juni 2017. I april 2009 blei Nato utvida med to land – Albania og Kroatia. I april 2004 blei Nato utvida med sju land – Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia. Første utviding austover var i 1999 då Polen, Tsjekkia og Ungarn blei medlemmer. Noreg bidrog aktivt til at dei nye landa var best mogleg førebudde då dei blei medlemmer.

Under toppmøtet i Lisboa i november 2010 blei Nato-landa samde om eit nytt strategisk konsept for alliansen. Ved sida av Washington-traktaten frå 1949 er det strategiske konseptet det viktigaste grunnlagsdokumentet for alliansen. Konseptet definerer hovudpilarane i Nato-samarbeidet. Solidariteten allierte imellom, slik han er nedfelt i Atlanterhavspaktens artikkel 5, er sjølve kjernen i samarbeidet. Natos verdigrunnlag og forankringa i FN-charteret ligg fast. Alliansens hovudoppgåver i det strategiske  konseptet er følgjande:

  • Kollektivt forsvar
  • Krisehandtering
  • Tryggleik gjennom samarbeid

Krisehandtering

Ein krisehandteringsoperasjon er i Nato-samanheng ein militær operasjon som ikkje er avleidd av artikkel 5, dvs. operasjonar som ikkje er definerte som kollektivt forsvar etter angrep eller aggresjon mot eitt eller fleire av medlemmene i alliansen. Krisehandteringsoperasjonar inkluderer fredsbevarande og –handhevande operasjonar, men også konfliktførebyggjande og humanitære operasjonar (t.d. etter naturkatastrofar). 

Samarbeid med partnarland

Nato har eit omfattande samarbeid med partnarland i Europa, Kaukasus og Sentral-Asia gjennom Det euroatlantiske partnarskapsrådet og samarbeidsprogrammet Partnerskap for Fred (PfP). I tillegg samarbeider Nato med såkalla globale partnarar, som Australia, Japan, Sør-Korea og New Zealand, og med internasjonale og regionale organisasjonar, som FN og EU.

Meir om Nato