Bilde av Nato-utenriksministere sittende i sirkel på stoler før møtet.
Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvarets mediesenter

Sverige blei det hittil siste landet som slutta seg til Nato 7. mars 2024, mens Findland blei med i 2023. Nato har blitt utvida i fleire rundar tidlegare. Montenegro blei medlem av Nato i juni 2017. I april 2009 blei Nato utvida med to land – Albania og Kroatia. I april 2004 blei Nato utvida med sju land – Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia. Første utviding austover var i 1999 då Polen, Tsjekkia og Ungarn blei medlemmer. Noreg bidrog aktivt til at dei nye landa var best mogleg førebudde då dei blei medlemmer.

Under toppmøtet i Lisboa i november 2010 blei Nato-landa samde om eit nytt strategisk konsept for alliansen. Ved sida av Washington-traktaten frå 1949 er det strategiske konseptet det viktigaste grunnlagsdokumentet for alliansen. Konseptet definerer hovudpilarane i Nato-samarbeidet. Solidariteten allierte imellom, slik han er nedfelt i Atlanterhavspaktens artikkel 5, er sjølve kjernen i samarbeidet. Natos verdigrunnlag og forankringa i FN-charteret ligg fast. Alliansens hovudoppgåver i det strategiske  konseptet er følgjande:

  • Kollektivt forsvar
  • Krisehandtering
  • Tryggleik gjennom samarbeid

Krisehandtering

Ein krisehandteringsoperasjon er i Nato-samanheng ein militær operasjon som ikkje er avleidd av artikkel 5, dvs. operasjonar som ikkje er definerte som kollektivt forsvar etter angrep eller aggresjon mot eitt eller fleire av medlemmene i alliansen. Krisehandteringsoperasjonar inkluderer fredsbevarande og –handhevande operasjonar, men også konfliktførebyggjande og humanitære operasjonar (t.d. etter naturkatastrofar). 

Samarbeid med partnarland

Nato har eit omfattande samarbeid med partnarland i Europa, Kaukasus og Sentral-Asia gjennom Det euroatlantiske partnarskapsrådet og samarbeidsprogrammet Partnerskap for Fred (PfP). I tillegg samarbeider Nato med såkalla globale partnarar, som Australia, Japan, Sør-Korea og New Zealand, og med internasjonale og regionale organisasjonar, som FN og EU.

Meir om Nato