Historisk arkiv

Nytt system for overføring av midlar til Kongehuset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 70/2001
Dato: 11.10.01

Kontaktperson:

Departementsråd Karin Moe Røisland, 2224 4608

Nytt system for overføring av midlar til Kongehuset

I statsbudsjettet for 2002 foreslår Regjeringa at Slottsforvaltninga sine oppgåver og tilsette blir overførte til høvesvis Statsbygg og Hofforvaltninga frå 01.01.2002. I tillegg blir det foreslått fleire tiltak som gir betre oversikt over dei samla løyvingane frå staten til Kongehuset.

- Ikkje minst takk vere eit positivt samarbeid med Hoffet og dei tilsette i Slottsforvaltninga, får vi nå eit oversiktleg system for overføring av midlar mellom staten og Kongehuset, seier fungerande arbeids- og administrasjonsminister Sylvia Brustad.

Forenkling

Frå og med 2002 blir dei statlege overføringane til Kongehuset løyvde over to kapittel; eitt for kongeparet og eitt for kronprinsparet. Under kongeparet sitt kapittel sorterer også Hofforvaltninga, der så godt som alle tilsette i Slottsforvaltninga vil inngå frå årsskiftet. Budsjettkapitla har ein eigen post for budsjettering av det ein kan kalle den reindyrka apanasjen. Andre midlar, som utgifter til stab og eigedomsdrift, blir løyvde på separat post. Samtidig med disse endringane blir det foreslått at det blir slutt på avgiftsfritaket for kongehuset. Dette er det kompensert for i budsjettforslaget. Vidare blir ansvaret for løyvinga til Kongehuset overført frå Finansdepartementet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Det blir laga tilpassa rapporteringsrutinar.

For 2002 blir det gjort framlegg om eit budsjett for Kongehuset på 87 millionar kroner. Beløpet skal blant anna dekkje apanasje til kongeparet og kronprinsparet, lønns- og driftsutgifter til Hofforvaltninga, samt indre vedlikehald ved Slottet, Bygdøy Kongsgard og Oscarshall.

Forvaltning av kongelege eigedommar

Statsbygg overtar ansvaret for drift, ytre vedlikehald og større innvendige arbeid når det gjeld dei statseigde kongelege eigedomane Slottet, Bygdøy Kongsgard og Oscarshall. Det er Slottsforvaltninga som har dette ansvaret i dag. Hofforvaltninga overtar ansvaret for løpande indre vedlikehald. Ansvarsfordelinga blir formalisert gjennom eigne forvaltningsavtalar. Under Statsbygg er det oppretta eit eige budsjettkapittel for statlege eigedomar som blir stilte til rådvelde for kongefamilien. I tillegg til dei tre eigedomane nemnde ovanfor, gjeld dette Gamlehaugen i Bergen og Stiftsgården i Trondheim.

Målsetjinga er eit klårare ansvarsforhold for eigedomsforvaltninga, der Statsbygg tar seg av staten si eigarrolle og Hofforvaltninga blir gitt ei klårt definert rolle som brukar av dei same eigedomane.

Løyvingar over andre kapittel

I tillegg til løyvingane over AADs budsjett, blir utgifter i samband med statsbesøk dekte under budsjettet til Utenriksdepartementet, utgifter til H.M Kongens adjutantstab og drift av kongeskipet under Forsvarsdepartementet sitt budsjett og utgifter i samband med politiet si eskorteteneste under budsjettet til Justisdepartementet.

Ei nærmare oversikt er gitt under programkategori 0001 Det kongelige hus i Arbeids- og administrasjonsdepartementet sin proposisjon.