Historisk arkiv

E134 langs Åkrafjorden: "Flaskehalsen" Rullestadjuvet skal bort!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

(11.10.2001)

Pressemelding

Nr.: 113/01
Dato: 11.10.2001

E134 langs Åkrafjorden: ”Flaskehalsen” Rullestadjuvet skal bort!

Regjeringa har gjort framlegg om å utvide eksisterande bompengeordning for E134 langs Åkrafjorden i Hordaland for å finansiere den planlagde utbetringa av E134 Rullestadjuvet.

Prosjektet Rullestadjuvet omfattar dels bygging av ny veg og dels utbetring av eksisterande veg på ei 7,5 kilometer lang strekning frå kommunegrensa mellom Odda og Etne ved Vintertun og fram til Rullestadvatn vest. I utbygginga inngår ein kort tunnel og ein om lag tre kilometer lang tunnel, med tre felt. Utbetringa av E134 gjennom Rullestadjuvet vil fjerne ein flaskehals for tungtrafikken på stamvegruta mellom Drammen og Haugesund. Det er lagt opp til at anleggsarbeidet skal ta til i 2003, og at den nye vegen skal opnast for trafikk i 2005.

Kostnadene for prosjektet er rekna til 290 millionar kroner. Halvparten av kostnadene skal, etter framlegget frå regjeringa, finansierast av bompengar.

Det er lagt til grunn til at innkrevjinga skal førast vidare med dei satsar og rabattordningar som gjeld i dag, justert for vanleg prisstigning, og at bompengeperioden skal utvidast med om lag 10 år.

Framlegget om å utvide den eksisterande bompengeordninga for å finansiere delar av kostnadene for prosjektet er tatt inn i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2002.