Historisk arkiv

Europaveg 39 Jektevik - Sandvikvåg: Opprusting og trafikksikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 57/2001
Dato: 11.05.01

Europaveg 39 Jektevik – Sandvikvåg: Opprusting og trafikksikring

Samferdselsdepartementet tar sikte på at ein i budsjettframlegget for 2002 skal leggje fram ei sak som gjeld bruk av bompengar for å finansiere opprusting av E 39 mellom Borevik (like sør for Jektevik) og Sandvikvåg på Stord i Hordaland. Bompengane skal etter planen krevjast inn på ferja Sandvikvåg – Halhjem.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som blei lagt fram i statsråd i dag, og som gjeld ein del saker på ansvarsområdet til Samferdselsdepartementet.

I orienteringa blir det vist til at det ligg føre søknad frå kommunane Stord og Fitjar om løyve til slik innkrevjing for å finansiere arbeidet på E 39-strekninga. Det står enno igjen noko førebuande arbeid lokalt, mellom anna planavklaring, kvalitetssikring av kostnadsoverslag og avklaring av framdriftsplan.

Sjå elles: St.prp. nr. 76 (2000-2001) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område.