Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fengslinga av Hu Jia og andre kinesiske menneskerettsforsvararar (28.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Etter å ha teke opp saka til den respekterte menneskerettsaktivisten Hu Jia med dei kinesiske styresmaktene nyleg, er Den europeiske unionen djupt uroa over at han framleis sit fengsla.

Etter å ha teke opp saka til den respekterte menneskerettsaktivisten Hu Jia med dei kinesiske styresmaktene nyleg, er Den europeiske unionen djupt uroa over at han framleis sit fengsla.

EU er kjend med at Hu Jia er skulda for å ”tilskunde undergraving av statsmakta” på grunnlag av at han har skrive artiklar og gjeve intervju der han stiller seg kritisk til den kinesiske regjeringa.

EU meiner at respekt for ytringsfridommen og andre menneskerettar, til dømes garanti mot vilkårleg fengsling, er avgjerande for langsiktig økonomisk framgang og sosial stabilitet, og dessutan rett i seg sjølv. EU støttar tilrådinga frå FN-arbeidsgruppa om vilkårleg fengsling (som gruppa formulerte i rapporten sin om Kina i 2004) om at lover som skal tryggje staten, ikkje må brukast til å undergrave desse rettane. EU meiner at skuldingar om ”undergraving” som følgje av fredeleg meiningsytring svekkjer den retten til ytringsfridom som er nedfelt både i den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og i grunnlova til Folkerepublikken Kina.

Med tilvising til menneskerettsdialogen mellom EU og Kina, EU-retningslinjene om menneskerettsforsvararar og alle nasjonale og internasjonale plikter som Kina har teke på seg når det gjeld menneskerettar og rettsstatleg styre, oppmodar difor EU dei kinesiske styresmaktene til å setje fri Hu Jia saman med alle andre forfattarar, journalistar og andre som sit fengsla for å ha rapportert om eller demonstrert mot brot på menneskerettane, og til ikkje å gjere bruk av slik fengsling i framtida.

I samband med dette ser EU positivt på den tidlege lauslatinga av journalistane Yu Huafeng og Ching Ceong. Yu Huafeng, den tidlegare leiaren for den Guangzhou-baserte avisa Nanfang Dushi Bao, blei sett fri 8. februar 2008 etter å ha sona fire år av ein fengselsdom på tolv år. Chiang Cheong, hovudkorrespondent for The Straits Times i Kina-spørsmål og busett i Hongkong, blei sett fri 5. februar 2008 etter å ha sona tre år av ein fengselsdom på fem år. I begge desse tilfella dreiv mange kinesiske journalistar lobbyverksemd for å få sett dei fengsla kollegane fri, noko som vitnar om engasjementet i det kinesiske sivilsamfunnet.

EU verdset desse tidlege lauslatingane, men oppmodar på ny dei kinesiske styresmaktene om å la Yu Huafeng få tilbake sine politiske rettar slik at han igjen kan medverke til vidareutviklinga av det kinesiske samfunnet.

EU vil understreke at fleire slike lauslatingar vil vise at Kina kjenner seg forplikta til rettsstaten og respekterer internasjonalt godtekne menneskerettsprinsipp slik dei mellom anna går fram av verdserklæringa om menneskerettane og den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.